Avdeling for ingeniørutdanning Hovudprosjekt våren 2002. Avdeling for ingeniørutdanning Datalinja 3DA/3DB Sven Olai Høyland (utgpkt: opplegg av K.O. Nummedal)
Formelle krav 32 vektal frå dei to første studieåra (eigentleg etter kontinuasjon hausten 2001, men det vil vere tilstrekkeleg etter sensur i januar) Mulig å søke dekan om dispensasjon via studieleiar. Frist tirsdag 15. januar Ved særlege forhold har studentar fått ta prosjekt om hausten
Fagside Er laga ei side under www.hib.no/ai/data/fag Her blir info lagt ut Spesielt blir lagt ut ein mal på fagsida for korleis sluttrapporten kan byggjast opp
Gruppeinndeling/val av oppgåver Vi ønskjer at 2 (3) studentar jobbar i lag Gruppeinndeling skal vere ferdig 18. januar Det blir trekt ei rekkefølgje som viser korleis gruppene får velje blant opp-gåvene som er levert til seksjonen Val av oppgåver
Plan for januar 15. januar: Orientering, oversikt over innkomne oppgåver (Sven Olai Høyland) 18. januar: Innlevering av grupperegistrering og eigne oppgåver 22. januar: Presentasjon av enkelte oppgåver, offentleggjering av valrekkefølgje for gruppene 25. januar:Innlevering av prioriterte ønskje frå gruppene 29. januar: Val av oppgåver
Fellesaktivitetar i april 11. og 18. april: Orientering om forprosjekt. Rapportskriving og prosjektarbeid. 24. – 26. april: Presentasjonar av forprosjekt
Kvar gruppe vil få ein kontaktperson ved HiB Denne har ansvar for : Motta og registrere delrapportar og hovudrapport. Diskutere rapportane og aktuelle problem med gruppa og med kontaktperson hos brukar. Halde kontakt med hovudprosjekt-koordinator. Evaluere hovudprosjektet.
Tidsfristar 1. mars : Formelt møte med oppdragsgjevar der også kontaktperson ved HiB er med. Møtereferat skal leverast begge. 23. mai: Levere statusrapport 14. juni: Innlevering av rapport 10. - 14. juni: Munnleg presentasjon
Munnlege presentasjonar Gruppene skal presentere munnleg for klassen forprosjekt (firma, spesifisering av oppgåve, utstyr og metodar, arbeids-og framdriftsplan etc.) Presentasjon av sluttrapport
Skriftleg dokumentasjon Kravspesifikasjon Tidsplan Statusrapportar Sluttrapport web-side med kort og enkel info om gruppa, oppgåva, framdrift etc. De finn ein god del på fagsida frå i fjor, men det bør bli ein del betre i år.
Kravspesifikasjon Bakgrunn for oppgåva Grov beskrivelse Brukarar / grensesnitt mot brukar Utstyr og programvare som skal nyttast Forbindelse til andre system
Tidsplan Oppdeling i delprosjekt og aktivitetar Bemanning Milepælplan Opplæring av brukarar
Rapportskriving Kårdal og Butenschøn: ”Om oppsett og utforming av rapporter, hovedoppgaver og lignende” (1997).
Sluttrapporten Kva skal rapporten innehalde? Omslag (informasjon, blikkfang) Tittelblad (nøyaktig informasjon, kort sammandrag av hovudpoeng (maks 1/4 side)). Dette er eit standardskjema som blir lagt ut på nettet. Forord (hensikten med rapporten, målgruppe, personar, bedrifter) Innhaldsliste (overskriftene i rapporten, sidetal) Sammandrag(problemstillingen, arbeidet som er gjort for å løyse problemet, kva konklusjonar ein er komen fram til) Innleiing (nærare problempresiseringar, føresetnader for prosjektet, risikofaktorar og korleis hovudkapitla er disponerte) Hovudkapitla Hovudkonklusjon Litteraturliste (forfattar, tittel, forlag, utgjevarstadstad og år) (Stikkordsliste) Eventuelle vedlegg
Avslutning Innlevering av sluttrapport: 14. juni. Munnleg presentasjon 10. - 14. juni (hovudpunkt i prosjektet, resultat, evaluering av arbeidet i gruppa etc.) om lag 40 min per gruppe
Evaluering Prosjektrapporten og eventuelt ferdige programsystem med dokumentasjon/ brukarrettleiing blir vurdert av ekstern sensor og kontaktperson ved høg-skolen. Munnleg presentasjon av hovudprosjektet og resultatet. Karakter bestått / ikkje bestått.