Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Søkje på hjelpemiddel -frå NAV Hjelpemiddelsentral

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Søkje på hjelpemiddel -frå NAV Hjelpemiddelsentral"— Utskrift av presentasjonen:

1 Søkje på hjelpemiddel -frå NAV Hjelpemiddelsentral
Våren 2018 // NAV Hjelpemiddelsentral Sogn og Fjordane

2 Søkje på hjelpemiddel NAV Hjelpemiddelsentral ønskjer at våre brukarar og samarbeidspartar skal oppleve at dei får rett hjelpemiddel for å dekkje behovet sitt, og at søknadsprosessen skal vere rask og effektiv. For å få til dette, er vi avhengig av å få søknadar og tilmeldingsskjema som inneheld dei opplysningane vi treng. Då kan vi raskt behandle søknadane og finne rett hjelpemiddel til brukar.

3 Kartlegge behov Før du skal skrive søknad om hjelpemiddel, må du kartlegge behovet til brukar godt. Her kan du lære meir om formidling av hjelpemiddel og kartlegging av behovet til brukar.

4 Du finn søknadsskjema på www.nav.no
Vel aktuell hjelpemiddelgruppe Gå lenger ned på sida

5 Hjelp til vurdering/utprøving eller søknad?
Dersom du er sikker på kva hjelpemiddel brukar treng, veit at hjelpemiddelet vil vere tenleg, og har all nødvendig dokumentasjon og opplysningar vel du «Jeg vil søke om et hjelpemiddel»

6 Dokumentasjon og tilleggsskjema
Dersom du skal legge ved dokumentasjon frå fagperson, til dømes legeerklæring eller stadfesting frå PPT, hakar du har for «Jeg skal dokumentere helse og funksjonsnivå» Dette er ikkje nødvendig dersom du sjølv skal skildre brukar si funksjonsevne i søknadsskjemaet.

7 Dokumentasjon og tilleggsskjema
Tilleggsskjemaet kan hjelpe deg å kartlegge behovet til brukar. I tillegg gir det oss nødvendige opplysningar og mål for å vurdere søknaden og velje ut rett hjelpemiddel til brukar. Du må huke av for tilleggsskjema som er knytt til hjelpemiddelet du skal søkje på. Legg evt til meir informasjon om korleis fylle ut dei forskjellege tilleggsskjemaa.

8 Dokumentasjon og tilleggsskjema
Dersom du skal søkje på eit hjelpemiddel som skal fastmonterast, er det viktig at brukar skriv under på godkjenning for montering av trygdefinansiert utstyr, som du finn i det aktuelle tilleggsskjemaet. Underskrift berre på søknadsskjemaet eller fullmakt er ikkje tilstrekkeleg. Legg evt til meir informasjon om korleis fylle ut dei forskjellege tilleggsskjemaa.

9 Dokumentasjon og tilleggsskjema
Fyll ut namn på brukar og kva utstyr som skal monterast. Legg evt til meir informasjon om korleis fylle ut dei forskjellege tilleggsskjemaa.

10 Dokumentasjon og tilleggsskjema
Legg evt til meir informasjon om korleis fylle ut dei forskjellege tilleggsskjemaa. Både huseigar og brukar må skrive under på at dei godkjenner vilkåra for montering og demontering av utstyret.

11 Dokumentasjon og tilleggsskjema
Fullmakt kan nyttast dersom brukar ikkje kan skrive under på sjølve søknadsskjemaet, til dømes dersom søknaden vert fylt ut i etterkant av brukarmøte. Fullmakta må då ligge ved søknadsskjemaet, og den som har fått fullmakt må skrive under på søknadsskjemaet. Hugs at fullmakta må innehalde namn på den som får fullmakt oversikt over kva hjelpemiddel fullmakta gjeld for brukar si underskrift Les her for meir informasjon om gyldig underskrift.

12 Dokumentasjon og tilleggsskjema
Vedlegg som ikkje kan skannast kan vere ark som er større enn A3 storleik eller fotografi. Fotografi blir svært utydelege når dei vert skanna, og må sendast på andre måtar. Søknadar med vedlegg som ikkje kan skannast skal i utgangspunktet sendast direkte til Hjelpemiddelsentralen, men kan også etter avtale sendast på e-post. Bilete og planteikningar i bustadsaker

13 Bruk rett fødselsnummer
Det er viktig at du legg inn BRUKAR sitt fødselsnummer og poststad, for å sikre at søknaden blir registrert på rett person og sendt til rett hjelpemiddelsentral.

14 Framside Du må alltid skrive ut eiga framside til søknadsskjemaet.
Dersom du skal søkje på forskjellege typar hjelpemiddel, kan det i ein del høve vere nødvendig å fylle ut fleire søknadsskjema. Dette er mellom anna aktuelt dersom du skal søkje på nokre enkle hjelpemiddel, samt nokre meir kompliserte. hjelpemiddel tilhøyrande forskjellege fagområder, til dømes høyrsel, syn, rørsle. fastmonterte hjelpemiddel til bustad. tilskot til data, småhjelpemiddel eller tilskot i staden for rampe/heis. briller eller linser. Kvart søknadsskjema skal då ha eiga framside! Du må alltid skrive ut eiga framside til søknadsskjemaet.

15 Du kan sende fleire søknadar i same konvolutt, men kvar søknad skal ligge bak si framside

16 Brukar sine personopplysningar
Fyll ut fullstendig namn, fødselsnummer, adresse, telefonnummer og e-post til brukar Hjelpemidla blir i utgangspunktet levert til kommunalt lager i kommunen. Har kommunen fleire leveringsadresser, er det særleg viktig å opplyse om kva adresse hjelpemidla skal leverast til.

17 Den som fyller ut søknaden skal førast opp som fagleg kontaktperson
Fyll ut fullstendig adresse og kontaktinformasjon, slik at vi kan kontakte deg ved behov.

18 Oppfølgings- og opplæringsansvarleg
For elektromedisinske hjelpemiddel som krev godkjend formidlar, må denne personen vere oppført både som fagleg kontaktperson og som oppfølgings- og opplæringsansvarleg. Dersom fagleg kontaktperson også skal ha oppfølgingsansvar, treng du berre å fylle inn namnet ditt her. Er det andre som skal følgje opp hjelpemiddelet i etterkant, må du fylle inn fullt namn og kontaktinformasjon.

19 Inngangsvilkår for å få stønad til hjelpemiddel
Den som har varig og vesentleg nedsett funksjonsevne grunna sjukdom, skade eller lyte, kan få stønad til hjelpemiddel som er nødvendig og tenleg for å betre funksjonsevna i dagleglivet og i arbeidslivet. Varig og vesentleg nedsett funksjonsevne betyr at funksjonsevna truleg vil vere nedsett i meir enn to år, og at det har eit slikt omfang at oppgåver blir vanskelege å utføre. Vi kan berre gi stønad til nødvendige hjelpemiddel, ikkje til optimale løysingar. Dette inneber at det må vurderast om behovet kan dekkjast på rimelegare eller enklare måte. For at hjelpemiddelet skal vere tenleg for brukar, må brukar vere i stand til å ta i bruk hjelpemiddelet, og få nødvendig oppfølging og opplæring.

20 Behov og hensikt Du må alltid skildre:
Kva sjukdom, skade eller lyte har brukar? Varigheit? Korleis er funksjonsevna? Er den «vesentleg» nedsett? Kva skal hjelpemiddelet nyttast til? Kva er vanskeleg å gjere? Kva behov skal hjelpemiddelet avhjelpe Kva gjer at hjelpemiddelet er nødvendig? Er andre rimelegare tiltak vurdert? Kvar bur søkjaren? Eigen heim? Omsorgsbustad? Institusjon? Kvar skal hjelpemiddelet nyttast? Heime, på skule/barnehage, arbeidsplass, fritid, anna? Kven skal gi opplæring og følgje opp at hjelpemidlet blir brukt rett? Hugs at oppfølgingspersonen må få opplysningar om kva ansvar den har fått.

21 Hjelpemiddel med hjelpemiddelnummer
Fyll ut lista over nødvendige hjelpemiddel Fyll alltid inn rett hjelpemiddelnummer. Dette hjelper oss til raskt å finne rett hjelpemiddel til brukar. Du må alltid vurdere hjelpemiddel på rammeavtale før du eventuelt vel hjelpemiddel som ikkje er på avtale. Dersom du vel hjelpemiddel som er rangert lågare enn 1. plass i ein rammeavatale, må du alltid grunngi kvifor dette hjelpemiddelet er nødvendig, og kvifor du ikkje kan nytte høgare rangerte hjelpemiddel.

22 Hjelpemiddel med hjelpemiddelnummer
På finn du meir informasjon om hjelpemiddel, hjelpemiddelnummer og rammeavtalar.

23 Underskrift på søknad Opne dokumentet for å lese meir om kva som vert rekna som gyldig underskrift Brukar må alltid skrive under på søknadsskjemaet for å samtykke til vilkåra for å få stønad til hjelpemiddel. Dersom det er nytta fullmakt, må den som har fått fullmakta skrive under på søknadsskjemaet. Meir info om gyldig underskrift!

24 Søknaden må sendast i posten
Send søknaden med vedlegg til adressa på førstesida.

25 Kort oppsummering Du må fylle ut og sende inn rett førsteside, søknadsskjema og nødvendige vedlegg. Fyll ut rett kontaktinformasjon på brukar, fagleg kontaktperson og oppfølgingsansvarleg. Beskriv funksjonen til brukar og behovet for hjelpemiddel. Opne dokumentet for å få ei oversikt over kva grunngivinga må innehalde. Før opp hjelpemidla brukar treng med rett hjelpemiddelnummer. Hugs rett underskrift på søknaden.


Laste ned ppt "Søkje på hjelpemiddel -frå NAV Hjelpemiddelsentral"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google