Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Vurdering og klage på standpunkt

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Vurdering og klage på standpunkt"— Utskrift av presentasjonen:

1 Vurdering og klage på standpunkt
Molde 18. august

2 Om undervegsvurdering
Undervegsvurdering skal vere eit reiskap for å hjelpe eleven vidare i læreprosessen. Det skal vere kjent for eleven kva som er måla for opplæringa, og kva som blir vektlagt i vurderinga av kompetansen til eleven.

3 Elevane skal kjenne til kompetansemåla i læreplanane for fag, og også til kva læraren vektlegg når vedkomande vurderer ein prestasjon, og kva som kjenneteiknar ulike grader av kompetanse. Elevane skal vere med i vurderinga av eige arbeid, eigen kompetanse og eiga faglege utvikling.

4 Om sluttvurdering Sluttvurdering skal gi informasjon om kompetansen til eleven ved avslutninga av opplæringa i fag i læreplanverket. Standpunktkarakteren må baserast på eit breitt vurderingsgrunnlag som samla viser kompetansen eleven har i faget. Eleven skal ha høve til å betre kompetansen sin i faget inntil standpunktkarakteren er fastsett.

5 Eleven skal bli gjort kjent med kva det er lagt vekt på i fastsettinga av standpunktkarakteren.
I vurderinga i fag skal ikkje føresetnadane til den enkelte, fråvær, eller forhold knytt til orden og åtferd til eleven trekkjast inn.

6 Ikkje grunnlag for å setje karakter
Stort fråvær, manglande deltaking i planlagde vurderingssituasjonar eller andre særlege grunnar, kan føre til at grunnlaget for halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter manglar. Dersom det ikkje er grunnlag for å setje standpunktkarakter, så skal det gjerast enkeltvedtak om dette.

7 Det er tre typar klager som blir behandla:
Klager på standpunktkarakter Klager på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter Klager på karakter i orden og åtferd

8

9

10

11 Sentrale paragrafar i forskrift til opplæringslova
Kapittel 3 Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring Kapittel 5 Klage på vurdering §3-1 Rett til vurdering §3-2 Formålet med vurdering §3-3 Grunnlaget for vurdering i fag §3-4 Karakter i fag m.v. §3-7 Varsling §3-11 Undervegsvurdering §3-12 Eigenvurdering §3-13 Halvårsvurdering i fag for elevar §3-16 Kravet til dokumentering av undervegsvurdering §3-17 Sluttvurdering i fag §3-18 Standpunktkarakter i fag §3-39 Forsvarleg system for føring av karakter og fråvær §5-1 Kva det kan klagast på §5-2 Kven som kan klage §5-3 Avgjerd i klagesak §5-4 Saksgangen ved klage §5-5 Klagefristar §5-6 Formkrav §5-7 Rett til grunngiving §5-12 Klage på standpunktkarakter. Klageinstans og klagebehandling

12 Elevane får medhald Det er ikkje gitt systematisk og fortløpande undervegsvurdering (§ 3-11) Det går ikkje fram korleis undervegsvurdering er gitt, og når det er gitt slik vurdering (§ 3-11) Manglar uttale frå faglærer om korleis karakteren er fastsett (§ 3-11, § 3-18, § 3-16)

13 Fråsegn frå faglærar: Ei fråsegn skal vere konkret og må innehalde:
Grunnlaget for vurdering i faget Omtale av korleis eleven er informert om kompetansemala i faget og kjenneteikn på måloppnåing Korleis og når undervegsvurdering i faget er gitt Om reglane for varsling om ikkje vurdering eller nedsett orden og/ eller åtferdskarakter er følgde Informasjon om korleis det er lagt til rette for eleven si eigenvurdering i faget Svar på det som eleven eller foreldra peikar på i klaga Endres i topp-/bunntekst

14 Forts. Elevane får medhald
Faglærar har ikkje gitt brei nok vurdering av sluttkompetansen (§ 3-18) Eleven har ikkje fått moglegheit til å vise kompetansen sin etter at varsel er sendt (§ 3-7 og § 3-18) Avgjerande prøver/testar tidleg på våren, ikkje sagt noko om undervegsvurdering etter dette (§ 3-17)

15 Forts. Elevane får medhald
Manglar dokumentasjon på halvårsvurdering (§ 3-16) Karakter fastsett ut frå gjennomsnittsbetraktning (§ 3-2)

16 Forts. Elevene får medhald
Orden/Åtferd: Manglande varsel, eller at varsel er sendt for seint (§ 3-7) Det blir vist til at eleven har forbetra seg etter at varsel er sendt (§ 3-7 og § 3-18)

17

18 Endres i topp-/bunntekst

19 Eksamen og sensorarbeid
Sentralgitt og lokalgitt eksamen

20 Eksamen i vidaregåande skole
Utdanningsdirektoratet utarbeider sentralt gitte skriftlege eksamenar Fylkeskommunane utarbeider lokalt gitte eksamenar.

21 Eksamensordningane for faga finn du i læreplanane.
Endres i topp-/bunntekst

22 Munnleg eksamen Forslag fra Udir:
Elevane får beskjed om eksamenstrekk og melding om fag seinast 48 timer før eksamen. Eksamen gjennomførast med førebuingsdel for alle. Førebuingstida avgrensast til 24 timer I førebuingstida er alle hjelpemiddel tillate. Einaste tillate hjelpemiddel under eksaminasjonen, er eigne notatar Kunnskapsdepartementet tar sikte på å fastsette endringane i nær framtid Endres i topp-/bunntekst

23 Munnleg eksamen Administrative retningslinjer i M&R:
Faglærer har plikt til å utarbeide framlegg til eksamensoppgåver. Faglærar får beskjed frå rektor om trekk av fag 2 veker før eksamen. Seinast 10 dagar (kalenderdagar) før eksamen skal ekstern sensor ha motteke opplysningar frå eksamensskolen med eksamensopplegg, oppgåver og vurderingskriterier. Tida fram til eksamen må brukast til samarbeid mellom faglærer og sensor slik at eventuell usemje er avklara i god tid før eksamen. Endres i topp-/bunntekst

24 Endres i topp-/bunntekst

25 Gode grunnar til å bli sensor:
Du får auka kompetanse i vurdering Nyttige sensorkurs Du får kunnskap om læreplanmål og vurdering Kontakt med andre lærarar som har samme fag Du får ekstra inntekt

26 Det er eit aukande behov for nye sensorar i vidaregåande opplæring.
Sei frå til rektor dersom du ønskjer å bli sensor. Rektor vidareformidlar namnet ditt til fylkesmannen eller fylkeskommunen, som vel ut og har den formelle oppnemninga av sensorar.


Laste ned ppt "Vurdering og klage på standpunkt"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google