Ullensvang herad Heradet har omlag innbyggjarar. Dei fleste bur på kvar side av Sørfjorden, på aust- og vestsida. Våre viktigaste næringar er fruktdyrking og reiseliv. Me har store utfordringar når det gjeld kommunikasjonar, særleg innad i heradet.
Pleie og omsorgstenesta Pleie og omsorg er organisert i to einingar, omsorgstenesta vest og omsorgstenesta aust. Heimesjukepleie og heimehjelp er integrert i tenesta, ei samordna tenesta innanfor same eining. Pleie- og omsorgsleiarane er einingsleiarar, og har fått vide fullmakter og rapporterer direkte til rådmannen.
Ønsketurnus Omsorgstenesta vest søkte i 2002 om å få prøva ut ei ny organisering av turnustenesta, ønsketurnus. Søknaden vart grunngjeven med: - betring av arbeidsmiljøet - fleksibilitet for både arbeidstakar og arbeidsgjevar
Inkluderande arbeidsliv Januar 2003 tegna Ullensvang herad avtale om IA med trygdeetaten. Gjennom IA-avtalen fekk me tilgang til nye verktøy: Tilrettelegging for tilsette med nedsett funksjonsevne (bruk av tilretteleggingstilskudd) Forebygging Samarbeid med bedriftshelsetenesta Bedre oppfylgjing av langtidssjukemelde
Resultat me ser no: Tilfredse medarbeidarar som tek ansvar Medarbeidarar som samarbeider betre Me kan gje tilbod om fleksibel arbeidstid (etter ny arbeidsmiljølov § 10-2 pkt.3), også for turnusteneste Meir tilfredse brukarar Nedgang i sjukefråværet.
Kva er ønsketurnus?
Grunnturnus (arbeidsplan) ligg i botnen, denne er gjennomsnittsberekna med arbeidstid over 6 veker, fordelt på vakter og i høve lover og avtaleverk. I ønsketurnus får kvar tilsett setja opp ønske om eigen vaktplan ( i høve stillingsprosenten) for dei neste 6 vekene.
Korleis koma i gang med ønsketurnus Leiaren si rolle: Einkvar leiar med personalansvar er nøkkelperson for at ordninga med fleksible arbeidstidsordningar/ønsketurnus skal bli vellukka. Leiaren må sjå at oppgåvene endrar seg, ein gir frå seg ansvar for turnusarbeidet og dermed makta som ligg i dette. Å stola på sine tilsette er heilt avgjerande for å starte med fleksible arbeidstidsordningar.
Leiaren Leiaren må sjå at andre leiarfunksjonar trer fram. T.d. rettleiing, fagutvikling, teamutvikling, medarbeidarsamtalar, planarbeid m.m. Når tilsette får denne utfordringa og ansvaret, tek dei og ansvar på andre område. Å stola på sine tilsette er heilt avgjerande for å ta i bruk fleksible arbeidstidsordningar.
Tillitsvalde si rolle Samarbeid og samhandling med tillitsvalde er sentralt. I nokre høve kan den tillitsvalde få meir ansvar med dei fleksible arbeidstidsordningane, med å fylgja opp reglar og retningsliner, leggja langtidsplan jf. høgtider/feriar. Felles forståing mellom leiing og tillitsvalde er sentralt for at ein får henta ut gevinst ved ordningane.
Eldsjeler Det er alltid nokon i eit arbeidslag som er eldsjeler. Leit dei fram og gje dei ei hovudrolle i å motivere for at nye, fleksible arbeidstidsordningar skal innførast!
Tilsette Alle vil få ei endra rolle med innføring av fleksible arbeidstidsordningar. Lettare å få auka opp stillingar Medbestemmelse / medansvar Alle må gje og få
Arbeidstakar /arbeidsgjevar si erfaring etter arbeidsmiljøprisen. Arbeidstakarane er bedrifta sin viktigaste ressurs: - Positiv omtale avlar positivt miljø. - Alle må ta ansvar for arbeidsmiljøet. - Arbeidsgjevar saman med arbeidstakar må leggja til rette slik at ein når måla samtidig som lov- og avtaleverk og kvalitet vert ivareteke? - Me må heile tida arbeide for å ivareta/vedlikehalde eit godt arbeidsmiljø
Kva oppnår arbeidsplassen med innføring av ønsketurnus og IA? Betring av arbeidsmiljøet Samhald Bebuarar og pårørande haustar av personalet sin trivsel på arbeidsplassen Nedgang i sjukefråværet
Arbeidstakarane Friheit i høve turnusen. Får ansvar – tek ansvar Moro Betre bruk av ressursane Positiv bruk av arbeidskraft / energi Lågare sjukefråvær
Kva oppnår arbeidsgjevar / leiarane? Lågare sjukefråvær Brukar mindre tid på innleige av ekstravakter Får meir fornøgde arbeidstakarar Stabilitet i personalet
Utfordringar Nytta ønsketurnus betre i høve brukarane Justering av avtalar og skjema Samarbeid med sentrale arbeidstakarorganisasjonar Endringar i IA-avtalen, kva verknad får dette for Omsorgstenesta vest?