Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Læringskultur i ditt klasserom -Avhengig av deg som leiar -Korleis du brukar mogelegheitene til å skape ein kultur som støttar og oppmuntrar til læring.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Læringskultur i ditt klasserom -Avhengig av deg som leiar -Korleis du brukar mogelegheitene til å skape ein kultur som støttar og oppmuntrar til læring."— Utskrift av presentasjonen:

1 Læringskultur i ditt klasserom -Avhengig av deg som leiar -Korleis du brukar mogelegheitene til å skape ein kultur som støttar og oppmuntrar til læring

2 Klassa – eit sosialt system I alle klasser utviklar det seg normer for kva som er viktig, dette startar med ein gong klassa treff kvarandre første gong… Sosiale strukturar og mønster for samhandling vert skapt, desse vil påverke elevane sin konsentrasjon, merksemd og deltaking Normene avgjer korleis ein skal oppføre seg i høve til medelevar, deg som lærar, og kva slags arbeidsinnsats ein kan forvente eller akseptere Det som skjer er offentleg og avgjer posisjonen til den enkelte og forståinga av kva som er viktig «hos oss» i vår klasse Du som leiar av klassen, vil med dine val og handlingar ha sterk påvirkning på utviklinga av normer og verdiar i ditt klasserom Di oppgåve er å leie klassa slik at det fremjar læring, helse og trivsel og bidreg til at elevane opplever tryggleik og sosialt tilhøyre

3 Den gode leiar Veit at den faglege og sosiale læringa går hand i hand Veit at eigne val vil påverke elevane si forståing av deg som lærar, av medelevar, av arbeidet i klassen og i det heile kor viktig læring er Vil leite etter og nytte høve til å ta val som understrekar den læringskulturen ein ønsker å fremje. Ved å på førehand motivere og snakke om kva vi skal lære, kvifor skal vi lære dette, korleis vi har det når vi lærer dette best – rose etterpå Vil vise grupper og enkeltelevar respekt og anerkjenning, og samtidig beskytte dei som treng det Veit at for å vere ein slik leiar må ein ha elevane sin tillit, den får ein ved å ivareta enkeltelevar og meistre situasjonar i klasserommet

4 Tenkjeskriving Korleis er læringskulturen når den er optimal i ei klasse? Deling Kva gjer du for å få til dette? Deling

5 Kva slags elevar vil du ha? Entusiastiske Interesserte Glade Fornøyde Nysgjerrige Stolte Slappe Uinteresserte Frustrerte Triste Engstelege Prega av skamkjensle og sjølvbebreiding

6 Korleis skape ein positiv og støttande læringskultur? Tenk igjennom og førebu deg godt ikkje berre fagleg, men også på arbeidsmåten og det sosiale du vil elevane skal lære Vere proaktiv, snakke om kva ein skal lære, arbeidsmåte og kva som er forventa åtferd på førehand, dette skaper høve til å rose!! Ver ekstra nøye første gongen du gjer noko, då du legg grunnlaget! Skap høve til å reflektere kring eiga læring, som klasse, gruppe og åleine Tilbakemelding på arbeid er motiverande for elevane og viser dei at det er viktig Arbeid med å få til ein god dialog med elevane i klasseromet og ha fokus på å få med alle Forventningar til alle

7 Lekse til neste gong: «Samarbeid» Ei viktig satsing i ungdomstrinn i utvikling, er at elevane skal verte flinkare på å samarbeide Til neste gong skal du leggje opp til ei oppgåve i ein time der elevar skal samarbeide. På førehand skal de ha ein samtale i klassa der de diskuterer og kjem fram til kva som kjenneteiknar godt samarbeid. Etterpå skal de ha ein samtale om korleis dette gjekk. Vi delar erfaringar neste gong!


Laste ned ppt "Læringskultur i ditt klasserom -Avhengig av deg som leiar -Korleis du brukar mogelegheitene til å skape ein kultur som støttar og oppmuntrar til læring."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google