Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Kort om implementering

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Kort om implementering"— Utskrift av presentasjonen:

1 Kort om implementering
Før oppstarten av arbeidet med kompetanseutviklingspakken er det viktig at vi snakkar litt om implementering – og plassen til heile personalgruppa i denne prosessen. Målet er at alle tilsette i barnehagen skal ha kunnskap om og erfaring med språk- og leseaktivitetar. Kompetanseutviklingspakken inneheld filmar, tekstar og oppgåver som vi skal jobbe med. Oppgåvene handlar om å reflektere – det vil seie tenkje saman og diskutere – i personalgruppa rundt nye måtar å lese saman med barna på. Desse får vi kjennskap til gjennom tekstar og filmar. Gjennom oppdrag skal vi øve på dei ulike lesemåtane og i etterkant reflektere saman rundt erfaringar. Å tenkje saman, diskutere, øve og erfare saman er viktig for å lukkast med språk- og leseaktivitetar. Fixens implementeringsmodell er eit godt utgangspunkt for å forklare kvifor det er viktig at alle er med på arbeidet og kva dette betyr for arbeidet i personalgruppa.

2 Rammeverk for implementering
Implementering handlar om å setje i verk og gjennomføre eit endringsarbeid. Denne modellen visualiserer prosessane som skjer i implementeringsarbeid. Desse prosessane må vi vere oppmerksame på. Kjelda (gul rubrikk) er det som skal implementerast, det vil seie kompetanseutviklingspakken ”Språk- og leseaktivitetar”. Språklæring, Ulike måtar å lese på og Lesing for alle er kjernen av innhaldet i pakken, og desse kallar vi for kjernekomponentane i pakken. Kjernekomponentane summerer opp det innhaldet som skal gjerast om til praksis. Kommunikasjonssambandet (raud rubrikk) handlar om gjennomføringa, altså korleis vi skal jobbe for å gjere innhaldet til en del av vårt arbeid i barnehagen: Arbeidet med kjernekomponentane er organisert i økter. Pakken inneheld tilrådde arbeidsformer for korleis vi kan arbeide med kjernekomponentane i fellesskap. IGP, oppdrag og erfaringsutveksling er valde fordi heile personalet er viktige for å etablere nye arbeidsformer – ny praksis. Dersom ikkje alle deltek, endar vi opp med nokre få privatpraktiserande, og arbeidet blir sårbart. Destinasjon (blå firkant) viser til barnehagen og praksisen til dei tilsette. Er det for eksempel berre éin av dykk som les saman med barna, eller har alle leselyst? Når vi har jobba oss gjennom kompetanseutviklingspakken, vil nettopp dette seie noko om kor godt vi har lukkast med implementeringa. I denne kompetansehevingspakken er destinasjonen alle de som er tilsette, og til slutt skal arbeidet også nå barna og foreldra. Som de ser, står desse tre firkantane i samanheng. For å få kjelda (peik på gul firkant) over i destinasjonen (peik på blå) må vi gjennom kommunikasjonssambandet (dra fingeren frå gul til raud til blå). Kommunikasjonssambandet er altså kjempeviktig! Og dykkar deltaking, arbeid og innsats er avgjerande for resultatet i destinasjonen! Det vil seie at dersom alle tek ansvaret for å delta i oppgåvene vi skal jobbe med i fellesskap, så vil vi klare å vere ein barnehage som jobbar saman om å utvikle kunnskap og ”arbeide” kunnskapen inn i vår felles praksis. For å kunne lukkast med å få kjelda over til destinasjonen krevst det at - vi trener nok på kjernekomponentane - vi får nok rettleiing og støtte eller ros og merksemd til å halde oppe motivasjonen - vi har hatt sterk nok leiing til at arbeidet blir drive frå byrjing til slutt Fig. 1 Rammeverk for implementering Fixsen m.fl. (2005) oversatt og presentert av Pål Roland i Roland, P. & Westergård, E. (2015) * Modellen er gjengitt med tillatelse av forfatterne

3 IGP-arbeid Individuelt (1 min): Gå gjennom modellen kvar for dykk
Refleksjon i gruppe (5 min): Forklar modellen for kvarandre to og to, og reflekter om kvifor det at alle deltek, er viktig for at arbeidet skal lukkast. Gjennomgang i plenum (10 min): Kvar gruppe legg fram sine refleksjonar om kvifor det er viktig at alle deltek. IGP-arbeid er ei av arbeidsformene vi møter i ”Språk- og leseaktivitetar”. IGP er refleksjonar: først Individuelt, så i Grupper, og til slutt skal refleksjonane delast i Plenum = IGP. Kor mykje utbytte de får av å øve eller delta i refleksjonar, er avhengig av oss alle. Vi må saman byggje kunnskapen inn i barnehagen! Vi må derfor alle ta ansvar og delta i prosessane som gir tilgang til fellesskapserfaringar. Alle må jobbe aktivt for å leggje til rette for ein arena der det å dele kunnskap og erfaringar med kvarandre er viktig og kjennest naturleg. Nå skal de få prøve ut IGP-arbeid. IGP-ARBEID: sjå PP-bilete Nå har de fått prøvd ut eit IGP-arbeid; individuell-, gruppe- og plenumsrefleksjon – som er éi av arbeidsformene vi skal jobbe med i kompetanseutviklingspakken. Gjennom arbeidet vil vi møte fagstoff presentert gjennom tekstar og filmar, vi skal ta stilling til fagstoffet – vurdere, prioritere og drøfte – og slik blir kompetansen i personalet bygd. Bevisstgjering er eit nøkkelord! Det er desse prosessane vi sjølve skal leie 


Laste ned ppt "Kort om implementering"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google