Setje tekstar i kulturhistorisk samanheng Langsvarsoppgåve 1 Sidemål, hausten 2018 Lenkje til oppgåva: https://sokeresultat.udir.no/eksamensoppgaver.html#?k=sidem%C3%A5l&start=1&r2=%C7%82%C7%82456b73616d656e736f70706761766572.

Slides:



Advertisements
Liknende presentasjoner
Skriveprosessen Fra tanke til tekst.
Advertisements

Nynorsk fagskriving Orden i teksta.
Vanlege nynorskfeil.
Eksempeltekst høst 2014 Når du skal svare på oppgaven:
Panorama Vg2 Basis Lesing Læreplanmål: Mål for undervisningen er at elevene skal kunne - vurdere og gi tilbakemelding på andres muntlige presentasjoner.
Mål og problemstillingar Digitale ferdigheiter Den digitale utviklinga har endra måten vi les, skriv, reknar og uttrykkjer oss på munnleg.
Læringsmål Fortelje kva holdningar har å seie for bruk av tobakk og rusmiddel, og kjenne til sentrale lover som gjeld bruk av slike stoff Fortelje om kva.
Å bruke og vurdere kilder  T: hvor troverdig er kilden?  O: Hvor objektiv er kilden?  N: Hvor nøyaktig er kilden?  E: Hvordan egner kilden seg til.
Munnleg kommunikasjon 2. Tre appellformer Appellform – korleis du appellerer til mottakaren for å få fram bodskapen din og overtyde han. Greske omgrep.
Å skrive meininga si Fempunktsmetoden. Skriv fem setningar: Fortel kva emne du vil skrive om. Skriv tre setningar om dette emnet. Skriv ei setning som.
Grammatikk. Ordklassane 1.Verb 2.Substantiv 3.Adjektiv 4.Pronomen 5.Determinativ 6.Preposisjonar 7.Konjunksjonar 8.Subjunksjonar 9.Interjeksjonar 10.Adverb.
LÆRINGSSTRATEGIER Holte skole, 9. trinn 2016/17.
OPPSUMMERINGSSAMLING ELEVVURDERING 28. april 2009 SKULEEIGARS TANKAR OM VEGEN VIDARE.
Bokmelding. Som ein artikkel Typisk i aviser, nettet, m.m. Hugs på to ting: Skrive om boka Vurdere boka.
| Lær lettare Studieteknikk for meir effektiv læring.
Norsk kapittel 4 Skrivekløe Kompetansemål: – Å trene på å skrive gode forteljingar – Å kjenne att språklege verkemiddel i forteljingar – Å trene på å bruke.
| Å argumentere å skrive argumenterande tekst. Å komme i gang Bestem tema Finn informasjon om saka. Sjå ein film, leit på Internett, les i aviser, fagbøker.
| Å argumentere å skrive argumenterende tekst. Å komme i gang Bestem tema Finn informasjon om saken. Se en film, let på Internett, les i aviser, fagbøker.
Retorikk og skriving. Omgrepskart litteratur skjønnlitteratur epikklyrikkdrama sakprosa.
| Å argumentere kjeldekritikk og nettvett. Bruk av kjelder i skriftlig arbeid.
Bokdykk for born og førskolelærarar – Kva skal vi lese?
Kap. 6 Tankar, tru og tvil i Bibelen
Opplæringsplan i basiskunnskap lesing og skriving
Leseprosjekt VG1.
Av Kari Bremnes og Frode Grytten
Refleksjon over egen læring har stor effekt
Skrivekurs Innhold: Analyse av oppgavetekst Begrepsavklaring
«Kommunikasjon og tekstskaping»
| Samansette tekstar.
Studieverkstedet v/ Grethe Moen Johansen
Massemedia.
Ekstern vurdering for kvalitetsutvikling i barnehagen
Hypotese og teori.
LESEKURS.
Retorikk og skriving.
| Munnleg kommunikasjon
| Samansette tekstar.
Munnleg kommunikasjon
| Å argumentere Å skrive argumenterande tekst.
Kap 9 Fordjupingsoppgåva
Retorikk og munnleg kommunikasjon
Vurdering for læring ”Eleven skal få råd og tilbakemeldingar som fortel korleis han/ho kan få auka lesefart og leseforståing” Mål for aksjonsperioden:
Å skrive novelle.
Om lyrikk.
Kort om implementering
SLIK VERT DU FLINK TIL Å FRAMFØRE FOR ANDRE
Fagartikkel Hvordan arbeide med et kapittel i Fabel. Anne-Grete Fostås
CLILprøvar og språkutvikling - resultat frå eit prosjekt på 7. trinn
VOLDA VIDAREGÅANDE SKULE
Lær å logge inn til offentlege tenester med BankID på mobil
Omgrepslæring B – Samarbeid
23.mai 2018 KOMPETANSE FOR MANGFALD
Vel digital postkasse på Noreg.no
Retorikk og munnleg kommunikasjon
Lær å oppdatere kontaktinformasjonen din i kontaktregisteret
| Lær lettare Studieteknikk for meir effektiv læring.
Munnleg kommunikasjon
j. Skriv om slik at setningene betyr omtrent det samme
| Å argumentere Å analysere argumenterende tekst.
| Å argumentere Kjeldekritikk og nettvett.
Kurs 9.3 s.384 Å analysere tekst Novelle
Synleggjer forståinga til elevane B – Samarbeid
Gjer forståinga til elevane synleg B – Samarbeid
Lesing i matematikkfaget
Gjør greie for nasjonalromantiske trekk
Sette tekster i kulturhistorisk sammenheng Langsvarsoppgave 1 Sidemål, høsten 2018 Lenke til oppgaven:
Gjere greie for hovudsyn og argumentasjon
Gjøre greie for hovedsyn og argumentasjon
Gjer greie for nasjonalromantiske trekk
Kapittel 5: Språket før og no Grammatiske særtrekk ved norsk språk
Utskrift av presentasjonen:

Setje tekstar i kulturhistorisk samanheng Langsvarsoppgåve 1 Sidemål, hausten 2018 Lenkje til oppgåva: https://sokeresultat.udir.no/eksamensoppgaver.html#?k=sidem%C3%A5l&start=1&r2=%C7%82%C7%82456b73616d656e736f70706761766572 &r2val=Eksamensoppgaver&r3=%C7%82%C7%82323031382d32&r3val=H%C3%B8st%202018&openedmodalwindow=1

Oppgåva Vedlegg: – «Herre Gud, ditt dyre navn og ære» av Petter Dass frå Norsk salmebok 2013, forkorta versjon av ein salme frå 1698 – «Ragnarok» av Gaute M. Sortland frå Korte meisterverk, 2017 Samanlikn dei to tekstane, og set dei inn i ein kulturhistorisk samanheng. Kommentar: Du skal skrive om både form og innhald i dei to tekstane og bruke konkrete døme. Du skal bruke relevant fagspråk. Når du set tekstane inn i ein kulturhistorisk samanheng, skal du vise kunnskap om tida tekstane er skrivne i.

Kvifor bør du velje denne oppgåvetypen? Oppgåva er konkret. Du kan vise at du kan bruke kjelder. Du kan vise at du har kunnskap om kulturhistoria. Du kan vise at du kan bruke fagspråk. Du kan finne mykje informasjon i lærebøkene. NB! Dersom du vel ei slik oppgåve, må du passe på at du viser at du klarer å finne trekk i tekstane som illustrerer den aktuelle kulturhistoriske perioden. Her blir det målt både fagkunnskap og lesekompetanse. Du må unngå oppramsing av stoff frå læreboka.

Før du les tekstane – les oppgåva endå litt nøyare 1698 – barokken? «Ragnarok» – norrøn mytologi, mellomalder? Men 2017 – postmodernisme? «Herre Gud, ditt dyre navn og ære» av Petter Dass frå Norsk salmebok 2013, forkorta versjon av ein salme frå 1698 «Ragnarok» av Gaute M. Sortland frå Korte meisterverk, 2017 Samanlikn dei to tekstane, og set dei inn i ein kulturhistorisk samanheng. Kommentar: Du skal skrive om både form og innhald i dei to tekstane og bruke konkrete døme. Du skal bruke relevant fagspråk. Når du set tekstane inn i ein kulturhistorisk samanheng, skal du vise kunnskap om tida tekstane er skrivne i. Kva vil det seie at du skal skrive om FORM og INNHALD? Kva kan RELEVANT FAGSPRÅK vere? Kvar i boka bør du slå opp?

Finn nokre knaggar! Dersom oppgåva ber deg setje tekstane inn i ein kulturhistorisk samanheng, tyder det at du skal forklare samanhengen mellom tekstane og tida dei har blitt til i. Då er det nyttig å sjå etter hint i tekstane som kan fortelje oss meir om kvar vi bør leite. Petter Dass og barokken – Vg2-boka eller Vg3-boka? Finn du noko om salmen «Herre Gud, ditt dyre navn og ære»? Kva er ragnarok? Litteratur etter 1980 – Vg2-boka eller Vg3-boka? Diskuter funna dine med ein medelev.

Lag eit tankekart eller noter stikkord. Les med pennen «Herre Gud, ditt dyre navn og ære» «Ragnarok» Du har funne ut litt om barokken, litteraturen på 1600-talet og Petter Dass. Kva bør du no sjå etter i teksten? Hugs at du skal seie noko om form (sjanger, verkemiddel) og om innhald (tema og bodskap). Korleis passar funna dine med det du veit om den litterære perioden? Du fann i stad ut kva ragnarok var. Korleis passar det med innhaldet i denne teksten? Kva kan du seie om FORMA (sjanger, oppbygging, verkemiddel) og INNHALDET (tema og bodskap) i denne teksten? Korleis passar teksten med det du las om nyare litteratur?

Stikkordsnotat – samanlikning Herre Gud, ditt dyre navn og ære Ragnarok FORM Bruk FAGSPRÅK. Døme på det kan vere metafor, sjanger. Pass på å få med døme. Rim (fast rytme) Gjentaking: «Gud er Gud …» Kontrast: «dal» og «fjell» Samanlikning: Guds rike er som solen Salme Gjentaking: «Det vil komme» Brot: «Så vil havet stige» Gjentaking til slutt, «om» – uvisse. Kortprosa? Prosadikt? INNHALD Bruk FAGSPRÅK. Døme på det kan vere tema, motiv og bodskap. Lengt etter himmelen Gud er Gud for alle Religion Undergang Vi veit ikkje kva som skjer etter at jorda går under. Diktet viser kor likegyldige menneska er fram til det er for seint.

Stikkordsnotat – kulturhistorisk samanheng «Herre Gud, ditt dyre navn og ære» «Ragnarok» Sidetal i boka / andre kjelder Kva kjenneteiknar perioden? Du skal setje tekstane inn i ein kulturhistorisk samanheng – og samtidig skal du vise kunnskap om tida tekstane er skrivne i. Lag eit notatark eller tankekart om dette. Samanlikn stikkorda/tankekartet med ein medelev.

Struktur I innleiinga skal du presentere tekstane, forfattarane og når tekstane er skrivne. Du kan også gjerne kome med ei kulturhistorisk plassering allereie her. I hovuddelen må du finne ut om du først skal seie noko om form og innhald i den eine teksten, før du skriv om den andre, eller om du vil samanlikne innhaldet i begge før du gjer det same med form. Du må finne ut om du skal samanlikne undervegs eller i eit eige avsnitt. Du må også tenkje over om du vil plassere tekstane kulturhistorisk undervegs eller til slutt.

To forslag til struktur Samanlikning undervegs Samanlikning til slutt Innhald i «Herre Gud» Innhald i «Ragnarok» der du også samanliknar med «Herre Gud» Form i «Herre Gud» Form i «Ragnarok» der du også samanliknar med «Herre Gud» Kulturhistorisk plassering av «Herre Gud» Kulturhistorisk plassering av «Ragnarok» Konklusjon Form og innhald i «Herre Gud» Form og innhald i «Ragnarok» Samanlikne form og innhald i begge tekstane Kulturhistorisk plassering av tekstane. NB! Det er viktig at du ikkje gløymer å samanlikne – det er faktisk det eine av dei to verba i oppgåveformuleringa!

Lag ein disposisjon Lag ein plan for rekkjefølgja av elementa. Det kan vere lurt å lage temasetningar for dei ulike avsnitta. Døme: «Herre Gud, ditt dyre navn og ære» er skriven i den kulturhistoriske perioden barokken. (Temasetning for avsnitt om kulturhistorisk plassering av «Herre Gud, ditt dyre navn og ære».) eller: Fleire hundreår skil salmen og den vesle teksten «Ragnarok», som begge har verdas undergang som motiv. (Temasetning for avsnitt om kulturhistorisk plassering av begge tekstane.)

Skriv hovuddelen Du har no samla mykje stoff som du skal skrive om, og du har tenkt på struktur og temasetningar. Vi ventar litt med innleiinga. Start no med hovuddelen. Skriv to–tre avsnitt. ©NTBscanpix

Vurder i grupper Gå saman i grupper på 3–4. Alle på gruppa vel ut eitt avsnitt i sin eigen tekst som dei ikkje er heilt fornøgde med. Les det høgt og fortel gruppa di kva du strevar med. Alle på gruppa prøver å bidra med råd. Alle på gruppa deler tankar om korleis dei har tenkt å strukturere teksten sin. Diskuter kva som er den beste løysinga. Skriv deretter vidare på teksten din.

Skriv innleiinga I innleiinga skal du presentere tekstane i eksamensheftet. Desse detaljane må med: – «Herre Gud, ditt dyre navn og ære» av Petter Dass frå Norsk salmebok 2013, forkorta versjon av ein salme frå 1698 – «Ragnarok» av Gaute M. Sortland frå Korte meisterverk, 2017 Du treng ikkje begynne med tekstpresentasjonen, men han må vere med i det første avsnittet. Du kan til dømes innleie med noko om temaet i tekstane noko om skilnaden mellom 1600-talet og i dag

Vurder innleiinga Gå saman i grupper på 3–4. Les innleiingane høgt for kvarandre. Vurder kva for ei innleiing som fungerer best, og forklar kvifor ho fungerer så godt. Gå tilbake til teksten din og juster innleiinga.

Skriv avslutninga I avslutninga må du trekkje det heile saman. Du må ikkje komme med nokon nye funn. Du kan likevel gjerne aktualisere. Dersom du samanfattar, må du bruke andre ord – bruk gjerne synonymfunksjonen i Word for å variere språket. Vis refleksjon, slik at lesaren forstår at du har tenkt sjølv. Døme på refleksjon: Mennesket har vore oppteke av endetidstankar til alle tider. Det å tenkje seg ein start og ein slutt for det heile er så stort og uforståeleg. I norrøn tid snakka ein om ragnarok, og på 1600-talet snakka ein om himmel og helvete. Det har verka fjernt for oss. Men med klimautfordringane vi står overfor i dag, har tanken på at det heile faktisk kan slutte ein gong, blitt verkeleg. Kva skjer dersom vi ikkje sluttar å fly? Kva skjer dersom vi ikkje når togradarsmålet? Kva skjer dersom insekta forsvinn?

Sjekkliste Sjekk at du har fått med alle detaljane i innleiinga. Sjekk at kursiv og hermeteikn er brukt på korrekt måte. Sjekk at du siterer korrekt. Sjekk at du svarer på alle delane av oppgåva. Sjekk at du underbyggjer med sitat /parafraserer artikkelen når du analyserer argumentasjonen. Sjekk at du brukar fagspråk. Sjekk at du varierer språket ditt. Bruk gjerne Ctrl + H for å sjekke kor ofte du brukar dei orda du trur du brukar mykje. Bruk synonymfunksjonen. Sjekk at du har gode temasetningar og samanbinding mellom avsnitta. Bruk tekstbindarar! Sjekk at det ikkje er skrivefeil og teiknsetjingsfeil i svaret ditt. Sjekk at konklusjonen verkeleg rundar av svaret ditt. Sjekk at kjeldelista er korrekt, og at du har ført opp kjelder på ein korrekt måte.