Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Retorikk og munnleg kommunikasjon

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Retorikk og munnleg kommunikasjon"— Utskrift av presentasjonen:

1 Retorikk og munnleg kommunikasjon
Fem fasar som er viktig for ei munnleg framføring: 1. Inventio: Finne moment, bestemme seg for innhaldet 2. Dispositio: Lage disposisjon 3. Elocutio: Formulere argumenta, finne ein stil 4. Memoria: Hugse, lære seg talen 5. Actio: Framføre

2 Inventio Finne argument som passar til innhaldet og vil verke overtydande. Fakta? Sitat? Samanlikningar? Døme?

3 Dispositio 1. Byrjinga. Innleiinga. Skape kontakt med tilhøyraren. Gi eit positivt inntrykk. 2. Midten. Hovudtankane. Bodskapen må kome klart fram. Viktige moment først. 3. Avslutninga. Konklusjonen. Oppsummering, oppfordring, vise til innleiinga.

4 Elocutio Formulere slik at du får den verknaden du ønskjer.
Kva hugsar du frå retorikken? 1. Etos. Tillit. Dersom nokon skal tru på deg. 2. Logos. Fornuft. Argument som er haldbare. 3. Patos. Kjensler. Tilhøyraren blir kjenslemessig engasjert. 4. Aptum. Velje stil. Formell? Humoristisk? Alvorleg? 5. Kairos. Samanhengen som talen eller føredraget skal framførast i.

5 Memoria Det viktigaste hjelpemiddelet mot nervøsitet: Å vite kva du skal seie. Lausriv deg frå teksten. Få kontakt med tilhøyrarane. Pugg innleiinga.

6 Actio Korleis bodskapen blir framført. Talen: Stemma, kroppsspråk.
Føredrag: Fleire verkemiddel. Viktig med aksepterande miljø i klassen.

7 Gode råd for framføringa
Varier stemmebruken. Alle må høyre, men volumet kan varierast. Roleg tempo. Pauser Augekontakt. Viktig for kommunikasjonen. Kroppsspråket. Hendene. Kleda. Hjelpemiddel. Synleggjer og poengterer det du snakkar om.

8 Bruk av presentasjonsverktøy
Du er den viktigaste Stikkord som skal utdjupast Unngå skrivefeil Bileta må vise eit poeng Maks sju punkt pr lysbilete Avgrens talet på lysbilete. 10? Alle skal sjå kva du vil vise

9 Vurdering av ei framføring
Stemmebruk? Augekontakt? Kunne personen manus? Truverdig? Kunne emnet? Hjelpemidla – understreka dei bodskapen? Blei publikum engasjert?

10 Vurdering av innhald Raud tråd? Tydeleg disposisjon?
Var innhaldet tilpassa publikum? Fekk publikum meir kunnskap? Kva appellformer prega føredraget?


Laste ned ppt "Retorikk og munnleg kommunikasjon"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google