Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Lær å logge inn til offentlege tenester med BankID på mobil

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Lær å logge inn til offentlege tenester med BankID på mobil"— Utskrift av presentasjonen:

1 Lær å logge inn til offentlege tenester med BankID på mobil
Dette kurset er laga for dei som vil vite korleis innlogging til offentlege tenester med BankID på mobil fungerer. Ynskjer de at kurset skal vere eit praktisk kurs i innlogging til offentlege tenester, må deltakarane ha skaffa seg BankID på mobil frå banken sin før kurset. Under teksten: «Manus for læraren:» Denne informasjonen skal læraren bruke for å tydeleggjere informasjonen i lysbilda. Under teksten: «Bakgrunnsinformasjon til læraren: Dette er KUN bakgrunnsinformasjon til læraren dersom det kjem spørsmål, og for at lærar skal ha noko meir kjennskap til BankID på mobil.

2 Kva er å logge inn på nett?
å legitimere seg elektronisk å komme inn til opplysningar om seg sjølv Eksempel på offentlege tenester på nett: skattemelding frå skatteetaten reseptane dine på Helsenorge pensjonen din frå NAV Manus for læraren: Å logge inn er ein framgangsmåte for å komme inn til offentlege tenester. Når du er logga inn kan du få informasjon som det offentlege har registrert om deg. Eksempel: Er du medlem i Kyrkja den norske, informasjon om eigedommane dine eller innbetalte eigendeler for helsetenester. Når du er logga inn kan du sende inn skjema, då veit stat og kommune at det er du som sender inn. Døme: Søke om namneendring, søke om alderspensjon, melde flytting og ny adresse.

3 Korleis legitimere seg på nett?
Ved personleg frammøte legitimerer du deg med pass, førarkort eller bankkort med bilde. På nettet må du legitimere deg med ein personleg elektronisk legitimasjon, som for eksempel BankID på mobil. Manus for læraren: På nettet er det ikkje nok å skrive kven du er med ord, for å få tilgang til opplysningar knytt til deg. Du må bevise med ein personleg elektronisk legitimasjon, at du er du. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Det er innbyggar sjølv som må skaffe seg elektronisk legitimasjon for å bruke på nettet. Det finst fleire elektroniske legitimasjonar.

4 Kva er BankID på mobil? BankID på mobil er ein personleg elektronisk legitimasjon Manus for læraren: Elektronisk legitimasjon har fleire nemningar, men betyr det same: elektronisk legitimasjon på nett, elektronisk identitet, elektronisk identifikasjon, elektronisk ID eller e-ID. Bakgrunnsinformasjon til læraren: BankID på mobil blir levert og drifta av bankane. Du må først skaffe deg BankID. Når du har BankID kan du logge deg inn i nettbanken din og aktivere BankID på mobil der sjølv, dersom mobilen din stettar krava. Bankane bestemmer kven som kan få BankID. Du kan få BankID frå du er 15 år, men kvar enkelt bank har sine aldersgrenser. Du må legitimere deg i banken for å få BankID. Bankane avgjer om personar med D-nummer kan få BankID. BankID er ein av fleire elektroniske legitimasjonar du kan velje mellom BankID på mobil har høgste sikkerheitsnivå. Fleire av dei andre eID-ene har også høgste sikkerheitsnivå.

5 Korleis skaffe seg BankID på mobil?
Ta kontakt med banken din og be om BankID Banken sender deg ein kodebrikke Logg inn i nettbanken din med BankID og aktiver BankID på mobil Manus for læraren: Dersom du alt har skaffa deg BankID, kan du sjølv aktivere BankID på mobil i nettbanken din. Ønsker du å bestille BankID på mobil, spør du etter BankID med kodebrikke (nokre har kodekort) i banken din først. Frå banken si nettside registrerer du din personlege bankbrikke/kodekort som er registrert på deg og ditt fødselsnummer. Når du er innlogga i nettbanken din med BankID, aktiverer du BankID på mobil. Banken hjelper deg å logge inn i nettbanken DIN, registrere kodebrikke/kodekortet og aktivere BankID på mobil, dersom du ikkje klarar dette sjølv. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Du må ha eit kundeforhold i en bank for å få BankID. Banken sender deg ein kodebrikke/kodekort som er knytta berre til deg og ditt fødselsnummer. Fleire i familien kan ha same kodebrikke for innlogging i nettbanken. For elektronisk ID, må du ha din personlege kodebrikke. Eldre mobilar kan ikkje bruke BankID på mobil. Nokre mobilar må få nytt SIM-kort. Ikke alle mobiloperatørar støttar BankID på mobil. Sjekk frå nettbanken din om mobilen din kan bruke BankID på mobil.

6 For å bruke BankID på mobil treng du:
Mobil med godkjent SIM-kort Manus for læraren: For å bruke tenesta BankID på mobil, må du ha ein mobil som støttar denne tenesta. Dette kan du sjekke frå nettbanken din. Dei fleste mobilar nyare enn 4 år kan bruke godkjende SIM-kort for BankID på mobil-tenesta. Du vel sjølv ein kode som du må bruke på mobilen din når du skal logge inn med BankID på mobil. Koden registrerar du når du opprettar tenesta i nettbanken din. Vi skal vidare vise deg stega for å logge inn med BankID på mobil. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Du må alltid bruke DIN personlege kodebrikke/kodekort for å logge inn og aktivere BankID på mobil. Du må vanlegvis logge inn hjå banken som ga deg kodebrikken, dersom du har bytt bank seinare. Din eigen kode for BankID på mobil

7 Slik loggar du inn til tenester frå Nav
Finn og klikk på «LOGG INN» Skriv inn i adresselinja i nettlesaren Manus for læraren: For å komme til ei teneste frå det offentlege, skriv inn nettadressa til ei statlig verksemd eller ein kommune i adresselinja på den nettlesaren du brukar. Sjå etter om verksemda har ei teneste du kan logge inn til. Klikk på logg inn. Vi brukar NAV som eksempel her. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Du kan og søke opp nettsider frå det offentlege i søkemotorar.

8 ID-porten– innlogging til offentlege tenester
Vel din ID via ID-porten Manus for læraren: For å logge inn til offentlege tenester, må du logge inn via ID-porten. Når du trykker på ‘Logg inn’ kjem du til ID-porten. ID-porten fortel at du er komen til ei innloggingsteneste frå stat eller kommune. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Det er 6 godkjende elektroniske ID-ar i ID-porten. Du kan ha fleire av desse, og kan velje kven av dei elektroniske ID-ane du vil bruke. Det er to sikkerhetsnivå. MinID har sikkerhetsnivå 3, dei andre har sikkerhetsnivå 4.

9 Start innlogging med BankID på mobil
Klikk på BankID på mobil Manus for læraren: Klikk på BankID på mobil som val i ID-porten. Brukar du BankID på mobil, har du tilgang til alle tenestene via ID-porten. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Nokre tenester krev høgste sikkerheitsnivå (f.eks. helseopplysningar) for å få tilgang. BankID på mobil har høgste sikkerheitsnivå.

10 Skriv inn mobilnummer og fødselsdato
Skriv inn mobilnummeret ditt Skriv inn fødselsdato Klikk på knappen NESTE Manus for læraren: Skriv inn mobilnummeret ditt, utan mellomrom. Skriv inn fødselsdatoen din, utan mellomrom, vanligvis 6 siffer. Klikk på NESTE eller klikk på enterknappen på tastaturet ditt. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Har du D-nummer, kan du ikkje bruke BankID på mobil.

11 Sjekk at teksten på mobil og innlogging er lik
Manus for læraren: Du skal få lik tekst på mobilen og i innloggingsbildet ditt. Klikk «Godta» på mobilen , dersom teksten er lik. Du får så opp eit tastatur på mobilen din. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Kontakt banken din om du har problem med innlogging med BankID på mobil. Du kan logge inn både frå datamaskin, nettbrett eller frå mobilen din, framgangsmåten er den same. Klikk «godta» på mobilen dersom teksten stemmer

12 Skriv inn den personlege talkoden din
«Tast ID-PIN», talkoden du har laga Klikk på «Send» Manus for læraren: Skriv talkoden i tastaturet som kjem opp på mobilen din. Talkoden er den du laga for BankID på mobilen då du registrerte tenesta i nettbanken. Klikk på «Send» på mobilen din. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Taster du feil passord fleire gonger og blir sperra, må du kontakte banken din.

13 Du er no innlogga til Nav sine tenester
Tenester for deg hjå NAV Manus for læraren: Du har nå logga inn til NAV sine tenester og namnet ditt kjem fram. Du kan finne informasjon om deg sjølv, endre opplysningar eller sende inn skjema som du finn her. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Dersom du registrerer deg som arbeidssøkar hjå NAV når du har logga inn, veit NAV at det er du som registrerer deg. Dersom du ikke loggar ut, kan du gå til andre offentlege nettstader utan å måtte logge inn på nytt.

14 Finn statlege og kommunale tenester på www.noreg.no
Skriv inn i adresselinja i nettlesaren Manus for læraren: Noreg.no har samla mange tenester frå stat og kommune som du kan logge inn til. Du kan leite opp ei konkret teneste, du kan finne ei teneste ut frå livssituasjonen du er i, og du kan søke etter tenester på Noreg.no Bakgrunnsinformasjon til læraren: På Noreg.no kan du logge inn og endre kontaktinformasjonen din som statlege og kommunale verksemder kan nå deg på. Du finn òg informasjon om digital postkasse.

15 Du finn hjelp til innlogging via Noreg.no
Manus for læraren: Treng du hjelp til innlogging kan du finne hjelp frå nettsida til Noreg.no. Du kan lese sjølv på hjelpesidene, sende e-post eller opne ein nettprat med brukerstøtte frå hjelpesidene. Du kan ringe brukerstøtte på nr i opningstida, – Bakgrunnsinformasjon til læraren: Nettadresse direkte til hjelpesidene: . På hjelpesidene er det spørsmål og svar om alle dei elektroniske ID-ane. Brukerstøtte kan ikkje svare på alt, men kan vise deg vidare til rett instans. Brukarstøtte til innlogging

16


Laste ned ppt "Lær å logge inn til offentlege tenester med BankID på mobil"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google