Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

SLIK VERT DU FLINK TIL Å FRAMFØRE FOR ANDRE

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "SLIK VERT DU FLINK TIL Å FRAMFØRE FOR ANDRE"— Utskrift av presentasjonen:

1 SLIK VERT DU FLINK TIL Å FRAMFØRE FOR ANDRE

2 Råd når det gjeld kroppsspråk
Trekk pusten djupt nokre gongar, gå fram med ryggen rett og hovudet heva. Opprett augekontakt med eit smil med ein gong. Stå med vekta fordelt på begge beina. Då vil du ta deg betre ut og lyde meir overtydande. La ansiktet vise engasjement, snakk med innleving og energi. Fordel augekontakten på alle i romet då blir det lettare å følgje med og halde interessa for bodskapen din. Bruk handrørsler for å understreke bodskapen. Ikkje bli oppslukt av eigne notat eller teknisk utstyr. Presenter deg og det du skal snakke om først. Unngå å bli gravalvorleg eller på annan måte vise at du mislikar det du held på med.

3 Stemmebruk- passe volum og tempo!
Snakk slik at alle høyrer, men utan å rope. Ta det med ro, ikkje snakk for fort då dett publikum av. Legg inn pausar. Øv deg på ord du er usikker på. Unngå å seie same ordet mange gongar, elller ehhhhh… Are Kalvø parodi Obama

4 Å førebu ein presentasjon
Les oppgåva nøye. Kva skal du gjere, kven skal du snakke til? Start med å fortelje kva du skal snakke om, slik vert tilhøyrarane budde på det som kjem. Ein god PowerPoint har tekst i korte punkt og bilde/illustrasjonar som høver. Forklar vanskelege ord. Arbeid med å få til ei god avslutning, gjerne med refleksjonar kring det du har jobba med. Hugs å bruke presentasjonen undervegs, peik på bilde og forklar.

5 Bruke manus eller snakke fritt?
Å lære eit manus utanåt kan gjere at framføringa vert kunstig og stiv. Det same skjer om du les opp frå eit manus. Når du snakkar fritt, viser du at du kan stoffet; det sit i hovudet, ikkje berre på eit papir… Snakkar du fritt, verkar framføringa elegant og imponerande, men det krev øving. Bu deg godt og bruk gjerne nokre stikkord på eit ark då får sagt alt i rett rekkjefølgje. Øv på deg på å halde den tida du har fått til disposisjon. Kort ned om framføringa er for lang. Få andre til å høyre på deg og gi deg tilbakemelding på stemme- bruk, kroppsspråk og fagleg innhald.


Laste ned ppt "SLIK VERT DU FLINK TIL Å FRAMFØRE FOR ANDRE"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google