Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Gjer greie for nasjonalromantiske trekk

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Gjer greie for nasjonalromantiske trekk"— Utskrift av presentasjonen:

1 Gjer greie for nasjonalromantiske trekk
Kortsvarsoppgåve Hovudmål, hausten 2018 Lenkje til oppgåva:

2 Kortsvarsoppgåve Vedlegg:
«Seterliv under Skagatølstindene» av Johannes Flintoe, måleri frå 1833 «Veiviseren synger» av Johan Sebastian Welhaven, dikt frå 1845 Gjer greie for nasjonalromantiske trekk i diktet og måleriet. Bruk døme frå tekstvedlegga i svaret ditt. Kommentar: Du skal vise gjennom døme frå diktet og måleriet at du har kunnskap om nasjonalromantikken.

3 Slik strukturerer du svaret ditt
I innleiinga skal du presentere måleriet og diktet. Du kan også seie noko om nasjonalromantiske trekk. Skriv omtrent 50 ord. I hovuddelen skal du vise kva for nasjonalromantiske trekk du finn. I denne delen skal du vise fagkunnskap. Skriv omtrent 150 ord – eitt avsnitt om biletet og eitt avsnitt om diktet. Du kan også skrive eitt avsnitt per nasjonalromantiske trekk. Finn ut kva som fungerer best. I avslutninga skal du runde av teksten. Du kan til dømes samanfatte funna dine, helst med nye formuleringar. Skriv omtrent 50 ord.

4 Kva ber oppgåva om? I svaret ditt skal du vise at du har kunnskap om nasjonalromantikken. Dette skal du vise ved å gje døme frå diktet og måleriet. Det er gjennom bruk av døme du viser kunnskap og forståing. Du skal vise fagkunnskap. Då kan det vere naturleg å bruke kjelder. Slå opp i læreboka dersom du lurer på korleis du fører kjelder undervegs i teksten, og korleis du lagar kjeldelista til slutt.

5 Førskrivingsaktivitet
Kva hugsar du om nasjonalromantikken? Jobb saman med ein medelev og lag eit tankekart over det de hugsar frå nasjonalromantikken. ©NTBscanpix

6 Les med pennen og systematiser
Les tekstane på nytt med penn! Strek under og marker nasjonalromantiske trekk. Lag ei liste over nasjonalromantiske trekk du har funne i diktet og måleriet. Avgjer kor mange avsnitt du skal ha i hovuddelen. Er det fornuftig med eitt avsnitt for biletet og eitt for måleriet, eller passar det best med eitt avsnitt per nasjonalromantiske trekk? Lag temasetningar til kvart avsnitt i hovuddelen. Ei temasetning fortel kva som skal skje i avsnittet. Til dømes: «Stereotypisk framstilling av bondekulturen kjenneteiknar nasjonalromantikken.»

7 Gå saman i par Samanlikn det de har funnet. Sjå på stikkorda og notata til kvarandre. Diskuter kva som er lurast å ta med. Diskuter kva for kjelder som kan vere nyttige. Dersom de har funne andre kjelder, kva for nokre av dei kan vere nyttige? NDLA? SNL?

8 Skriv innleiinga Hugs at dette må med:
«Seterliv under Skagatølstindene» av Johannes Flintoe, måleri fra 1833 «Veiviseren synger» av Johan Sebastian Welhaven, dikt frå 1845 Og dette: - «nasjonalromantiske trekk» ©NTBscanpix

9 Gå saman i par Les innleiinga høgt for kvarandre.
Hjelp kvarandre med å sjekke at de har fått med det de skal i ei innleiing. Kva kjenneteiknar den innleiinga som fungerer best av dei to? Juster innleiinga di etter samtalen med medeleven.

10 Skriv hovuddelen Hugs éin eller fleire gode temasetningar:
Stereotypisk framstilling av bondekulturen kjenneteiknar nasjonalromantikken. Hugs å vise til døme: På biletet har menneska på seg bunad, og mennene har nissehue. Hugs å vise fagkunnskap: Ein ønskte å framheve den norske naturen med høge fjell og djupe dalar ettersom dette landskapet stod i kontrast til det flate danske landskapet. Hugs å vise til kjelda dersom du siterer eller parafraserer: Grip teksten fortel om eit nytt medvit i Noreg om at ein hadde ein rik kulturskatt (Dahl mfl., 2014, s. 115).

11 Gå saman i grupper på 3–4 Les temasetningane høgt for kvarandre.
Diskuter kva som er ei god temasetning. Revider din eigen tekst etter møtet med gruppa.

12 Skriv avslutninga Hugs at avslutninga skal vere ein tydeleg konklusjon på kortsvaret ditt. Lesaren skal ikkje vere i tvil om at teksten er ferdig. Dersom du vel å samanfatte, bør du passe på at språket i kortsvaret er variert, slik at avslutninga ikkje blir ei gjentaking av det du har skrive i hovuddelen.

13 Gå saman i grupper på 3–4 Les avslutninga for kvarandre. Hjelp kvarandre med å vurdere avslutninga å sjekke at språket er variert å sjekke at språket er korrekt (teiknsetjing, rettskriving) å sjekke at de siterer korrekt å sjekke at de har brukt faglege omgrep

14 Sjå over Er det tydeleg for lesaren kva for tekstar du skriv om, og kva som er temaet i svaret ditt? Sjekk at du har gjort det du skal, i innleiinga. Er språket variert? Det er viktig i eit kortsvar at du ikkje brukar dei same formuleringane fleire gonger. I eit kortsvar har du få ord, så du må bruke dei godt! Sjekk at du har unngått formuleringar som «i denne teksten skal eg» og «som tidlegare nemnt». Sjekk at du har brukt fagspråk. Les korrektur. Gjer ditt beste for å unngå skrive- og teiknsetjingsfeil. Sjekk at du svarar på det oppgåva ber om, og ikkje skriv utanfor oppgåva.

15 Skriveramme for kortsvar
Overskrift: Vel ei passande overskrift. Avsnitt 1: I innleiinga skal du presentere temaet og tekstane du seinare skal analysere eller kommentere. Nasjonalromantikken var ein periode som prega tida etter unionsoppløysinga med Danmark i Det nasjonale kom til uttrykk i fleire tekstar, mellom anna i … Avsnitt 2 og ev. 3 I hovuddelen skal du vise kva du kan om temaet, og at du kan bruke det du kan, i møte med tekstar. Del gjerne hovuddelen inn i to eller tre avsnitt. Kvart avsnitt bør ta føre seg eit bestemt moment og vere på om lag 50–70 ord. Her må du svare på det oppgåva spør om. Hugs døme. Forslag: eitt avsnitt om biletet og eitt om diktet? eitt avsnitt om bondekulturen, eitt om mytar/førestillingar og eitt om naturen? Avsnitt 3 og ev. 4: Då har du om lag 50 ord att til avslutninga. Her samanfattar eller konkluderer du med utgangspunkt i oppgåveformuleringa. Sjekk at du har svart på oppgåva.


Laste ned ppt "Gjer greie for nasjonalromantiske trekk"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google