SPRÅKLØYPER Ein introduksjon

Slides:



Advertisements
Liknende presentasjoner
Ungdomstrinn i utvikling Ole Johansen Utviklingsveileder Nordkapp, Måsøy, Kvalsund, Hammerfest, Hasvik, Loppa og Alta.
Advertisements

Ungdomstrinn i utvikling
KVA FOR KONSEKVENSAR VIL DEN NYE RAMMEPLANEN HA FOR INNHALD, ORGANISERING OG UNDERVISNING I F Ø RSKULEL Æ RARUTDANNINGA? Sett fr å : - kommuneadministrasjonen.
Trondheim 14. april 2016 Tilgang til livet … Maria og Iris.
-Ein tydeleg medspelar Psykisk helse og fråfall i vgo Geirangerkonferansen 20. – 21. april 2016Jorunn Dahle.
Systematisk Observasjon av Lesing.  Ei prosjektgruppe har utarbeidd eit verktøy for systematisk kartleggjing av kvar den einskilde eleven er i leseutviklinga.
Språkløyper Nasjonal strategi for språk, lesing og skriving sprakloyper.no.
Tom Rune Kongelf Ny rammeplan for barnehagar kvar står vi? Styrarnettverket 4.november 2015.
FORELDREKONTAKT MØTE ENGASJEMENT - kan ikkje velje det vekk, med du kan velje grad Mitt barn – følje opp lekse, interessere seg for.
Munnleg kommunikasjon 2. Tre appellformer Appellform – korleis du appellerer til mottakaren for å få fram bodskapen din og overtyde han. Greske omgrep.
BRATTEBERG SKULE ● Ein lærande organisasjon i utvikling ● Prosjektskule
OPPSUMMERINGSSAMLING ELEVVURDERING 28. april 2009 SKULEEIGARS TANKAR OM VEGEN VIDARE.
IKT OG SKULELEIING Eit samarbeids- prosjekt mellom kommunene Rauma, Vestnes, Nesset, Norsk Nettskole og HVO.
Egil Hartberg-læringsleiing og vurdering for læring Bør starte med å vise elevane kvar dei skal kunne til slutt. Løfte blikket og sjå på den lange kompetansereisa.
Systematisk Observasjon av Lesing.  Ei prosjektgruppe i Gjesdal kommune har utarbeidd eit verktøy for systematisk kartleggjing av kvar den einskilde.
Bratteberg skule- ein pedagogisk organisasjon i utvikling 1.-7.årssteg ca.40 tilsette “Fra ord til handling”, Lesing og SOL Læring på alle nivå.
Opplæringsplan i basiskunnskap lesing og skriving
Regionsmøte hausten 2013 Samhandling mellom PPT og VGO
Bremanger utan utanforskap
Velkomen til nytt skule- og barnehageår 2015/16
Velkommen til foreldremøte 19. september 2017
Vikemarka skule i Ørsta.
Kunnskapsutvikling gjennom samtaler
Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR)
Prosjekt Betre Læringsresultat
Brukarundersøkjing Fokusområder:
Velkommen til foreldremøte
Kap 9 Fordjupingsoppgåva
STORFORELDREMØTE
Vurdering for læring ”Eleven skal få råd og tilbakemeldingar som fortel korleis han/ho kan få auka lesefart og leseforståing” Mål for aksjonsperioden:
Endring i opplæringslova § 3-1
Foreldremøte i Eikehauge Side. Foreldremøte i Eikehauge Side.
Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa
Kort om implementering
SLIK VERT DU FLINK TIL Å FRAMFØRE FOR ANDRE
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
Omgrepslæring B – Samarbeid
Den nasjonale studentundersøkinga om studiekvalitet
Språkløyper - nasjonal strategi for språk, lesing og skriving
23.mai 2018 KOMPETANSE FOR MANGFALD
Samtaletrekk B – Samarbeid
Skolens utviklingsplan B – Samarbeid
Vel digital postkasse på Noreg.no
Utforskende undervisning A – Forarbeid
alle barna sin rett til god omsorg
Samtaletrekk B – Samarbeid
Modul 2 – Undersøke skolens vurderings- og oppfølgingspraksis
Skolens utviklingsplan B – Samarbeid
Lær å oppdatere kontaktinformasjonen din i kontaktregisteret
Misoppfatninger knyttet til tallregning B – Samarbeid
Læringsmiljø §9a: Handlingsplikt Bedre læringsmiljø
Rapport, forslag til vedtak og vidare arbeid
Kvikkbilde 2 Distributiv egenskap A – Forarbeid
Diskusjonsframlegg frå styret
Kvikkbilde 1 Kommutativ egenskap A – Forarbeid
® Utallege møter - tverrfaglige mange dyre timeverk
Lesing i matematikkfaget
Overordna del – verdiar og prinsipp i grunnopplæringa
Oppgavestreng 4 · 256 A – Forarbeid
Egenvurdering i matematikk B – Samarbeid
Overgangen barnetrinn - ungdomstrinn B – Samarbeid
Dybdelæring – regneark B – Samarbeid
Inkluderande barnehage- og skulemiljø
Matematikklæreres profesjonelle utvikling B – Samarbeid
Modul 3 – La deg inspirere til å inkludere
Modul 4 – Dynamisk kartlegging
Systematisk arbeid for eit trygt og godt miljø for alle
Modul 3 – Intensiv opplæring
Modul 4 – Dynamisk kartlegging
Modul 2 – Observere elevenes strategier
Utskrift av presentasjonen:

SPRÅKLØYPER Ein introduksjon Denne presentasjonen er tenkt som eit utgangspunkt for rektor/ styringsgruppe når Språkløyper skal presenterast for personalet. Før ein går gjennom denne på møte med dei tilsette bør styringsgruppa på skulen ha gjort nokre tankar om korleis dei ser for seg at arbeidet skal organiserast lokalt på eigen skule, slik at ein er førebudd på å svare på spørsmål om dette. Det kan også hende ein ønskjer å føye til eigne lysark som presenterer plan for arbeidet lokalt, eller refleksjonsspørsmål som er tilpassa skulen sine eigne planar for utviklingsarbeidet. Vi anbefaler også at den som skal gjennomføre presentasjonen har lese dokumenta som er lagt ut under ”Les mer” på framsida av nettsida, då desse gjer ei grundigare innføring i grunnlaget for strategien. I tillegg ligg det nokre kommentarar i notatfelta som kan vere ei støtte undervegs i presentasjonen.

Nasjonal strategi for språk, lesing og skriving (2016-2019) ”Gode språklege ferdigheiter er avgjerande – for leik og læring i barnehagen, for lesing, skriving og læring i skulealder, og for moglegheitene den enkelte har til å nå måla sine og utvikle potensialet sitt.” Sitatet er innleiinga på strategidokumentet til Språkløyper. For første gong vert det satsa systematisk både på barnehage og alle trinn i grunnskole og vidaregåande skole i same strategi. Gjennom arbeidet med Språkløyper skal skole- og barnehagepersonalet få styrka kompetanse i å tilpasse det pedagogiske tilbodet til alle og å identifisere barn og unge med språk-, lese- og skrivevanskar. Strategien skal styrke språk- og tekstkompetansen til alle barn og elevar. Det er Lesesenteret som har fått oppdraget frå utdanningsmyndigheitene å leie satsinga. Skrivesenteret deltek også i utvikling og styring av satsinga, og andre nasjonale senter er involverte i utforming av det faglege innhaldet.

3 grunnar til å satse på lesing og skriving Skrift i kvardagen Organisere livet Personleg kommunikasjon Private interesser, glede og personleg utvikling Skrift i samfunnet Å delta i demokratiet Å ivareta rettane sine Skrift i utdanning og arbeidsliv Å lære seg fagets skriftkultur er ein viktig del av utdanninga Lesing og skriving er viktig i alle yrke i dag Språkleg kompetanse er avgjerande for eit arbeidsliv i stadig endring og utvikling Tilgang til skrift er grunnleggjande for eigne liv, for deltaking i samfunnet og for utdanning og arbeidsliv. Utan grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving aukar faren for å hamne utanfor arbeidslivet dramatisk. Tilgang til skrift handlar om å lære å lese, finne meining i tekstane ein les og kunne kommunisere med andre. Som eit eksempel på korleis gode ferdigheiter i lesing og skriving er ein føresetnad for å lukkast i arbeidslivet presenterer vi eit døme på teksthandlingar ein truckførar vil møte i det følgjande lysarket, som ei påminning om kor tekstbasert samfunnet i dag har blitt:

Ein truckførar Kjelde VOX

Målet med strategien: Arbeidet med å styrke språkmiljøet i barnehagen skal forsterkast Det skal vere samanheng mellom språkarbeidet i barnehagen og skulen Kompetansen til lærarar innan språk, lesing og skriving skal styrkast Barn og elevar som strever med språk, lesing og skriving, skal raskt bli identifisert og følgde opp med effektive tiltak Talet på elevar med svake lese- og skriveferdigheiter skal reduserast Talet på elevar med svært gode lese- og skriveferdigheiter skal aukast Høgt presterande elevar skal få dei utfordringane og den støtta dei treng

Frå mandatet for Språkløyper: Kompetanseutviklingspakkene skal brukast i barnehagar og skolar som ei støtte i lokalt utviklingsarbeid Kompetanseutviklingspakkene skal bidra til lokale læringsprosessar i skolar og barnehagar og føre til ei utvikling i den enkelte sin praksis

Sentrale tema i Språkløyper Språkutvikling og lese- og språkstimulerande aktivitetar i barnehagen Samanheng mellom språkarbeidet i barnehagen og i skolen Den første lese- og skriveopplæringa Lesing og skriving i alle fag Digitale teknologiar i lese- og skriveopplæringa Det vil kome ei pakke for overgangen barnehage-skole. I første omgang er det prioritert å utvikle mest innhald retta mot barnehage, begynneropplæring og mellomtrinnet: - fordi grunnopplæringa er svært viktig - tidleg innsats gir resultater - fordi satsingar på ungdomstrinn og vidaregåande har fått mykje merksemd dei seinare åra, slik at barnetrinnet, og ikkje minst begynneropplæringa, har kome meir i bakgrunnen når det gjeld satsingar.  

Målgrupper for Språkløyper Alle barn og elevar, men særleg fokus på: barn og elevar med språkvanskar elevar med lese- og skrivevanskar gutar minoritetsspråklege barn og elevar høgt presterande elevar Vi har prioritert å lage pakker for det vi kan kalle generelt god undervisning i lesing og skriving først, sidan god lese- og skriveopplæring er førebyggande og kjem alle elevar til gode. Det vil kome fleire økter etterkvart som rettar seg meir mot særskilde målgrupper frå hausten 2016.

Tiltak Introduksjonssamlingar for barnehagar og skolar 2015 sentralt 2016 – 2019 desentralisert Gratis nettbaserte kompetanseutviklingspakker Lokalt utviklingsarbeid, lagbygging Fagleg fordjuping Fagtekstar, eksempelfilmar, videoforelesingar, refleksjonsspørsmål og oppgåver Pedagogiske ressursar ligg tilgjengelege på nett. Ressursane er sett inn i ein barnehage- og skolebasert utviklingssamanheng og kan takast i bruk av styrarar og leiarar i utviklingsarbeidet

Til bruk i fellesskap Lokalt på den einskilde arbeidsplassen I fellestid – med tid til refleksjon i fellestid og i mellom 45 – 60 minutt (med unnatak) Heile skolar, team eller faggrupper Over lang tid (spreidd over eitt år) Mellomarbeid viktig Anbefaler oppstart januar 2016 Det er viktig at ein følgjer anbefalingane om korleis pakkene skal gjennomførast. Det er særleg viktig at det vert arbeidd godt og grundig med refleksjonsspørsmåla, planlegging av mellomarbeid og erfaringsdeling.

sprakloyper.uis.no Dersom de ønskjer å gå inn og vise sjølve nettsida under presentasjonen ligg det lenke her.

Å delta i utprøvinga Gi tilbakemelding på: Kva som kan forbetrast Kva som manglar Kva som verkar Tema de spesielt ønskjer at vi skal prioritere i 2016 Svare på spørjeskjema og bruke kommentarfelt Elles: post@lesesenteret.no Som deltakarar i utprøvinga av Språkløyper er de viktige samarbeidspartnarar for oss. Det er fint om alle lærararne også vert informerte om at det vil kome spørjeskjema til alle i april/mai og i desember 2016. Informasjonen som kjem inn i spørjeskjema vil brukast til intern rapportskriving og til å utarbeide ein artikkel.

Fullskala 2016 - 2019 Vår 2016: fleire introduksjonssamlingar Oppstart haust 2016 Arbeidet med Språkløyper vil bli forska på Det kjem fleire økter og kompetanseutviklingspakker etterkvart

Skulebasert kompetanseutvikling Skolebasert kompetanseutvikling innebærer at skolen, med ledelsen og alle ansatte, deltar i en utviklingsprosess på egen arbeidsplass. Hensikten er å utvide skolens samlede kunnskap, holdninger og ferdigheter når det gjelder læring, undervisning og samarbeid (Udir 2012) God samarbeidskultur Forskande tilnærming Felles visjonar Kollektivt ansvar for elevane si læring (Helstad 2014) Læringsfellesskap, lærarsamarbeid og refleksjon er både mål og verkemiddel i Språkløyper Udir sin definisjon av skulebasert kompetanseutvikling bygger på erfaringar frå fleire statlege satsingar på skuleutvikling, og det vi veit frå organisasjonteori om faktorar som fremjar utvikling. Godt fungerande profesjonsfellesskap skaper god opplæring for elevane. Lærarar som samarbeidar kan oppnå meir i fellesskap enn om dei jobbar aleine. Skolar som fremjar læring mellom lærarar, systematisk og målretta utviklingsarbeid, observasjon og refleksjon over undervising er skulane med beste føresetnadar for utvikling. Målet er at Språkløyper kan bidra til fagleg lagbygging: det faglege fokuset skal vere på lesing og skriving, men også på å arbeide saman i kollegiet, i faggrupper og i team.

Tema for barnetrinn Dei følgjande lysarka presenterer ingressar og ”Dette lærer du” for dei ulike pakkane som så langt er lagt ut under dei ulike tema Lesing, Skriving, Begynneropplæring og Når lesing og skriving blir utfordrende. Styringsgruppa får vurdere om dette er noko de ønskjer å gå gjennom i plenum, eller om de ønskjer at alle skal orientere seg på sidene på eiga hand. Fordelen med å gå gjennom i samla personale er at dette kan danne eit fint utgangspunkt for ein avsluttande refleksjon, der analyse av nåverande praksis samt lærarane sine ønskjer for utvikling kan bidra i valet fram mot kva pakke skulen vil starte utviklingsarbeidet med.

Kartlegging av eksisterande praksis: Refleksjon i grupper: Korleis arbeider vi med lesing og skriving i våre fag i dag? Kva område ønsker vi å utvikle vidare? Det kan vere ein god ide å ha ein avsluttande refleksjon etter første presentasjon av Språkløyper. Spørsmåla ein diskuterer kan dreie seg om å identifisere og finne utviklingsbehov i fellesskap. Kartlegging av eksisterande praksis kan vere ein innfallsvinkel, eller ein kan velje å formulere eigne, lokalt tilpassa spørsmål.