Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Endring i opplæringslova § 3-1

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Endring i opplæringslova § 3-1"— Utskrift av presentasjonen:

1 Endring i opplæringslova § 3-1
Rett til vidaregåande opplæring

2 Tidlegare opplæringslova § 3-1, 1. og 4. ledd:
Ungdom som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har etter søknad rett til tre års heiltids vidaregåande opplæring……. Heile retten må takast ut i løpet av ein samanhengande periode på fem år, eller seks år når opplæringa heilt eller delvis blir gitt i lærebedrft, og innan utgangen av det året vedkommande fyller 24 år. 4. ledd: Retten til vidaregåande opplæring blir etter søknad om omval utvida med inntil eitt opplæringsår

3 Ny opplæringslova § 3-1, 1. og 4. ledd:
Ungdom som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har etter søknad rett til tre års heiltids vidaregåande opplæring. Dette gjeld og dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjend opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg…… 4. ledd: Retten til vidaregåande opplæring gjeld ut det skoleåret som tek til det året ein fyller 24 år. Elevar har rett til å gjere eitt omval, og får då rett til utvida tid så dei kan fullføre opplæringa.

4 Tidlegare § 3-1, 10. ledd Ungdom med rett til vidaregåande opplæring etter paragrafen her kan, etter søknad og når det ligg føre særlege grunnar, i staden få vidaregåande opplæring etter § 4A-3.

5 Ny - § 3-1, 10. ledd Ungdom med rett til vidaregåande opplæring etter paragrafen her kan, etter søknad og når det ligg føre særlege grunnar, i staden få vidaregåande opplæring etter § 4A-3. Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter første ledd andre punktum, har etter søknad rett til å få vidaregåande opplæring etter 4A-3 i staden. Grunnen til dette er at nokre berre manglar nokon få fag før dei er i mål med opplæringa si, og då er det greit at dei ikkje treng å starte på nytt og bruke eitt eller fleire skoleår på å oppnå studie- eller yrkeskompetanse.

6 Med ny § 3-1 er fristen for å ta ut retten fjerna
Med ny § 3-1 er fristen for å ta ut retten fjerna. Tidlegare måtte ungdom som hadde brukt opp fristen til å ta ut ungdomsretten vente til det året dei var 25 år før dei fikk vaksenrett. No er overgangen frå ungdomsrett til vaksenrett borte. Paragrafen vil ha tilbakevirkande kraft, slik at ungdom som er mellom 21 og 24 år, og har brukt opp fristen til å ta ut retten, men ikkje sjølve ungdomsretten, vil få igjen retten sin frå og med skoleåret 2018/2019.


Laste ned ppt "Endring i opplæringslova § 3-1"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google