Laste ned presentasjonen
Presentasjon lastes. Vennligst vent
1
STORFORELDREMØTE
2
Litt om oss dette skuleåret:
145 elevar 17 ulike nasjonalitetar 19 pedagogar (inkl. administrasjonen) 6 assistentar og 1 lærling
3
GAUPNE SKULE SINE SATSINGSOMRÅDE
Språk Psykisk helse/Læringsmiljø IKT/digitale ferdigheiter
4
Språk Språkkommune 2017-2018 Nasjonal satsing
Gjeld både barnehage og skule Einaste kommune i Sogn Tilskot til kompetanseheving og nettverk Skal utarbeida kommunal lese- og skriveplan Alle lærarar er lese- og skrivelærarar Sentrale tema: Språkutvikling, overgangar, språkvanskar, norsk som andrespråk, gutar og lesing
5
Psykisk helse/Læringsmiljø
Implementering av "Regional plan for arbeidet for god psykisk helse hjå barn og unge" Alle tilsette skal delta i eit prosjekt som heiter KLAPP, eit kurs som omhandlar kompetanse i arbeid med positiv psykisk helse i læringsmiljøet. Me vil ha fleire samlingar og mellomliggjande arbeid. I samband med at den nye §9a i Opplæringslova, kjem me også til å jobbe særskilt med å sikre at alle elevane våre har eit godt og trygt skulemiljø. Det er ein føresetnad for at læring skal kunne skje.
6
DIGITALE FERDIGHEITER - IKT
Iktplan.no Office One note Surface STL+ Digitale lærebøker
7
SAMARBEID HEIM - SKULE Heimesida Visma Flyt skole System for utviklingssamtalar (førebuing Visma) Søknad om skulefri Oppfølging av elevfråvær 48-timars regelen
8
SAMARBEID HEIM – SKULE forts.
Ordensreglar for elevar i grunnskulen i Luster Ordensreglar for elevar ved Gaupne skule FAU/SU/SMU
9
§ 9a i Opplæringslova Elevane sitt skulemiljø
Alle elevar har rett til ein trygg og god skulekvardag utan mobbing og plaging Frå 1. august trer nye reglar i kraft for elevane sin rett til eit trygt og godt skulemiljø. §9A i opplæringslova er elevane si arbeidsmiljølov. Alle barn har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse og trivsel. Dette vil alle tilsette på skulen ha ansvar for.
10
Det vert no tydelegare krav og forventningar til kva skulen skal gjera, og at reglane skal gjelda både i leksehjelpsordninga, i SFO og på skulevegen. Det er lovfesta nulltoleranse mot mobbing. På denne måten seier regjeringa klart ifrå om at mobbing ikkje skal skje og at det skal nytta å seia ifrå. Dersom elev eller føresette seier frå om at eleven ikkje har det bra på skulen, må skulen laga ein skriftleg plan som seier kva som skal skje for at eleven skal få det trygt og godt. Denne planen har de som føresette lov å påverka.
11
Dersom det ikkje har skjedd noko innan ei veke, kan eleven eller foreldra kontakta fylkesmannen. Fylkesmannen vil då avgjera om skulen har gjort det dei skal. Viss ikkje kan fylkesmannen bestemma kva skulen skal gjera for å sikra elevane sine rettar. Elevar og føresette kan klaga, men kommunen som skuleeigar har ikkje klagerett. Viss skulen ikkje gjer det dei skal, kan kommunen få dagbøter.
12
Aktivitetsplikta
13
OLWEUSARBEIDET VED GAUPNE SKULE
Olweus-årshjul: mål for bolken, sosiale læringsmål Klassereglane: Me skal ikkje mobbe andre Me skal hjelpe dei som vert mobba Me skal vere saman med dei som lett vert åleine Me skal melde frå dersom me veit at nokon vert mobba Kvalitetssikringssystemet Olweus-tavla, plakatar
14
INFORMASJON OM TVERRFAGLEG SAMARBEID OG SKULEHELSETENESTA
Skal delta med å fremje eit godt fysisk og psykososialt miljø ved skulen Helsesyster, Anne Helen Strandabø, kontortid på skulen tysdagar frå kl (15) Fysioterapeut, Carla Navarro, etter behov Lege, Sofie Rosager, etter behov HSP-team (skule, PPT, helsestasjon, barnevern) PIS-grupper
15
Annan informasjon: Eineståande foreldre, kontaktperson Anita Kjørlaug, Barnefattigdomsprosjektet, prosjektleiar Linda Huseby Trafikktryggingsmidlar, dugnad
Liknende presentasjoner
© 2024 SlidePlayer.no Inc.
All rights reserved.