Samarbeid om god helse og livskvalitet Avtale mellom Pensjonistforbundet, Møre og Romsdal fylkeskommune og Molde kommune Sigri J. Spjelkavik og Paula Næss Skår, Kulturavdelinga
Bakgrunn og forankring av avtalen Fylkestinget vedtok i 2012 å lage ei regional delplan for folkehelse. Våren 2013 arrangerte vi arbeidsverkstader med brei medverknad i Molde og Ålesund - Pensjonistforbundet var til stades og gav innspel
Bakgrunn og forankring av avtalen Regional delplan for folkehelse vart vedteke i desember 2013 Eit av seks satsingsområde i planen er: Samfunn som fremmar aktiv, trygg og frisk alderdom Hovudmål: Legge til rette for at dei eldre kan meistre eige liv, kjenne seg trygge, inkludert, verdsett og som ein ressurs i lokalmiljøet
Bakgrunn og forankring av avtalen Resultatmål: I samarbeid mellom kommunar, frivillige organisasjonar og lokale eldreråd utforme samarbeidsavtalar om involvering av eldre som ressurs - Planen er fylgt opp gjennom årlege handlingsprogram Samarbeidsavtalen er også forankra i: Kommuneplanen sin samfunnsdel i Molde kommune (2013-2022) Pensjonistforbundet sitt eldrepolitiske handlingsprogram
Helseutfordring for mange: Manglende mestring Ensomhet Hvordan skape møteplasser for aktivitet, mestring, mening og fellesskap?
2. Formål Avtalen skal vere eit verkemiddel for å kunne planlegge og forplikte partane til å gjennomføre nærare definerte aktivitetar der partane bidreg på ein måte som gir trivsel og auka livskvalitet for alle.
3. Oppgåver og ansvar for partane i avtalen Partane i denne avtalen forpliktar seg følgjande oppgåver/ansvar: Molde kommune: Molde kommune v/Frivilligsentralen skal vere kontaktpunktet for dei ulike aktivitetane I samarbeid med Pensjonistforeininga utvikle relevante samarbeidsprosjekt/møteplassar Informere om avtalen i sine aktuelle fora
3. Oppgåver og ansvar for partane i avtalen Pensjonistforbundet: Søke om eksterne midlar til relevante samarbeidsprosjekt Delta i relevant møteverksemd, stille seg til disposisjon i aktuelle styringsgrupper og liknande innanfor prosjekter og tiltak innan frivilligheta. Stimulere og mobilisere sine medlemmar til å delta i dei aktuelle tiltaka
3. Oppgåver og ansvar for partane i avtalen Møre og Romsdal fylkeskommune: Ha ei koordinerande rolle i utviklingsfasen av samarbeidet mellom partane
3. Oppgåver og ansvar for partane i avtalen Samarbeidsforum: Det blir etablert eit Samarbeidsforum mellom partane som møtes minst 2 gonger i året for å drøfte, vidareutvikle og evaluere samhandlinga mellom partane