Velkommen til ei interaktiv forteljing, ei forteljing der du sjølv er med på å avgjere kva som skal skje. Ved å klikke på dei ulike svaralternativa som.

Slides:



Advertisements
Liknende presentasjoner
Velkommen til Barnas gudstjeneste!
Advertisements

Ei dramatisering Mathias– fritt etter Johan Herman Wessel
Kapittel 14 På tur i skogen
Gudstjeneste med Skattejakt.
Les meilleures photos de L'année 2005 D'après NBC Livet fortjener virkelig en kjærlig omtale, slik at vi strekker oss mot himmelen, ser hvor godt vi har.
Et bekymringsløst liv – er det mulig? Matteus 6,23-34
Kapittel 7 Johanne har ingen klær.
Med sekken full av penger!
DRAMMEN Les og svar på oppgaver
På vei til ingeniør ? Eit tilpassa utdanningsløp, lokalt og for fagfolk Er det mulig ? Elisabeth og Turid.
Velkommen til lysmesse
EQS prosessteikning Rettleiing for deg som skal bruke prosesskart-editor i EQS.
Kapittel 19 Hva er klokka? Vet du hvor mye klokka er? Har du klokke?
Jesu Kristi Gud Ef 1,17 Jeg ber om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlighetens Far, må la dere få den Ånd som gir visdom og åpenbaring, så dere lærer Gud.
STILLE BØNN Takk Gud, Han som er din Far
De 222 mest brukte ordene i det norske språket..
Minoritetsspråklige søkere til videregående opplæring skoleåret
Introduksjon I tillegg til autentisering, bør/skal også ein sikker kanal tilby garanti for meldings- integritet og konfidensialitet.
Laga av:Kamilla,Ivar,Kristian,Madeleine. *Det skader kroppen *Du kan bli avhengig *Vis du byrja tidelig er sjansen større for og byrja med sterkare stoff.
Nynorsk fagskriving Orden i teksta.
Vanlege nynorskfeil.
Frå eitt medium til eit anna
1 H AR ME GLØYMT KULTUREN ? Magnhild Meltveit Kleppa, 29. april 2015.
VELKOMMEN TIL LONE SKULE. SKULESTART INFORMASJON OM SKULEN GODE RÅD TIL FORELDRE FØR SKULESTART.
Eksempeltekst høst 2014 Når du skal svare på oppgaven:
Fakultetsoppgåve Obligasjonsrett II vår 2015 Gjennomgang Ola Mestad Professor dr. juris Senter for europarett og Avdeling for petroleumsrett 29. april.
Tema Vg1, kap 4.
Kapittel 4 Skriving av klasser. 4.1 Anatomien til ein klasse Så langt har vi brukt ferdige klasser frå klassebiblioteket i Java Vi lagar objekt og brukar.
Kunnskapsløftet og kroppsøvingsfaget v/ Reidun Nerhus Fretland Konferanse i Loen mars 2006.
Nærmiljø og samfunn Ein barnehagekvardag med mangfald Med vekt på det fleirkulturelle i barnehagen og vindauge mot verda Kultur på tvers UBUNTU- ”min identitet.
LMS i en læringskontekst Svein Ove Lysne Høgskolen Stord/Haugesund
Kapittel 10 Exceptions Handtering av exceptions Ein exception er eit objekt som representerer ein feil eller eit unntak Exceptions blir kasta av.
Leksjon 03 IKT i tilrettelegging av pedagogisk materiale 3.
Hvem er jeg? 1.
Kap 4 og 5 i Eva Maagerø: Språket som mening
Digital kompetanse Presentasjon basert på essayet ”Den sjette kompetansen” Jostein Tvedte.
Reinsing av vatn på Leikanger. Om oss. Me er fire elevar i 10a på Leikanger Ungdomsskule. Gruppa består av Halvard, Amalie, Hans Christer og Astrid. Me.
Gjere for å lære Kvernsteinsparken i Hyllestad
Visjon: Sikt høgare! Kjerneverdiar: Kompetent Aktiv Tett på.
Kapittel 13 I begravelse.
Naaman Ein dag sa jenta til matmor si: «Om berre husbonden kunne koma til profeten i Samaria, skulle nok han fri han frå hudsjukdomen.» 2.Kongebok.
Kurs for valfunksjonærar Kyrkjevalet Innhald Velkomen til kurs! Nytt ved kyrkjevalet i 2015 Kursmateriell: Valhandbok Røysting på valtinget  Utstyr.
Kappløpet om Afrika. Imperialisme har eksistert til alle tider og i alle verdsdelar. Imperialisme inneber at statar eller samfunn skaffar seg kontroll.
Nynorskkurs - Substantiv.
Soria Moria Slott Et norsk folkeeventyr. Halvor.
Forteljing. Samlenemning Munnleg - skriftleg Sanne - oppdikta Korte - lange oppdikta = fiksjon.
EFFEKT 1.Kva er måleininga for effekt? 2.Kva er effekt eit mål på? 3.Korleis kan vi rekne ut effekt?
Å vere jøde. Den som er fødd av ei jødisk mor, er jøde. I dag er det 14 millionar jødar. Dei er spreidde over heile verda, dei fleste i USA og Israel.
Å skrive meininga si Fempunktsmetoden. Skriv fem setningar: Fortel kva emne du vil skrive om. Skriv tre setningar om dette emnet. Skriv ei setning som.
Sykkylven Næringsutvikling AS - Etablering av nye næringar - Bruk av tomme industribygg - Støtteordningar og politiske virkemiddel Presentasjon på Rotarymøtet.
Norsk kapittel 4 Skrivekløe Kompetansemål: – Å trene på å skrive gode forteljingar – Å kjenne att språklege verkemiddel i forteljingar – Å trene på å bruke.
Arbeid på skulen Norsk Tekstskaping, finskrift, grammatikk. Vekas mål: - Vurdera og samanlikne eigne og andre sine tekstar. -Beskriva språk og språkbruk,
| Å argumentere kjeldekritikk og nettvett. Bruk av kjelder i skriftlig arbeid.
100 høgfrekvente ord nynorsk 2 sekunder1 sekundBlink Pål Monstad, Pedagogisk senter Haugesund oktober
Presentasjon v/Vegard Tjørhom – journalist og kommunikasjonsrådgiver i Kirkens Nødhjelp: Dette er mine foreldre, som bur høgt oppi fjellet på sørvestlandet,
Vel digital postkasse på Noreg.no
Tverrfaglege og yrkesretta oppgåver – etisk dilemma
Munnleg kommunikasjon
Lær å logge inn til offentlege tenester med BankID på mobil
Dramatiske sjangrar Skodespel og film
Presentasjonstittel(Bunntekst)
Velkommen til 2. klasse si morgonsamling
Kort om implementering
Lær å logge inn til offentlege tenester med BankID
Lær å logge inn til offentlege tenester med MinID
Lær å opprette den elektroniske ID-en MinID
| Å argumentere Kjeldekritikk og nettvett.
Vel digital postkasse på Noreg.no
Sjølvbilete og sjølvtillit
FORELDREMØTE 5B Sagstad skule hausten 2019.
Utskrift av presentasjonen:

Velkommen til ei interaktiv forteljing, ei forteljing der du sjølv er med på å avgjere kva som skal skje. Ved å klikke på dei ulike svaralternativa som dukkar opp, blir du ført vidare til eit nytt lysark i Powerpoint-forteljinga. Klikk på den blå sirkelen nedanfor for å komme til startsida.

Du sit og blar i eit gammalt fotoalbum. På eit av bileta ser du oldefaren din, som skal ha levd på eit lite småbruk langt nord i landet. Du bestemmer deg for å finne ut mest mogleg om oldefaren din. Kva gjer du? Dei bortkomne dagbøkene Du tek første og beste fly til Tromsø. Du finn fram slektstreet ditt. Du ringjer til bestemora di.

Bankkontoen din inneheld akkurat nok pengar til at du kjem deg med fly til Tromsø. Der viser du fram fotoalbumet til dei tilsette på flyplassen, men ingen kan kjenne att oldefaren din på biletet. Kva gjer du no? Du ringjer heim og seier at du er i Tromsø utan pengar. Du dreg inn til byen for å fortsetje leitinga der. Du set deg ned i ventehallen og håpar på eit under.

Da du ringjer faren din for å forklare kvar du er, blir han forbanna og ber deg komme heim att så raskt som mogleg. Han klandrar deg for å ha brukt så mykje pengar på å reise til Tromsø, for oldefaren din voks opp utanfor Bodø – ikkje utanfor Tromsø. Du skjønner at du har dumma deg ut, og gir opp å finne ut meir om oldefaren din. SLUTT Klikk på den blå sirkelen for å prøve på nytt.

Ettersom du er pengelens, vel du å haike inn til sentrum av Tromsø. Dessverre er ingen av bilistane interesserte i å ta med seg nokon haikar. Du skiftar taktikk. I staden for å smile pent til bilistane går du ut i vegbanen og veivar med armane. Ein lastebil nærmar seg i stor fart, og han har ingen sjanse til å stanse i tide. Du blir overkøyrd og mistar livet – utan å finne ut noko meir om oldefaren din. SLUTT Klikk på den blå sirkelen for å prøve på nytt.

Mens du sit i ventehallen, kjem onkel Gustav forbi. Han fortel at det ikkje er verdt å finne ut meir om oldefaren din, for han var ein inneslutta mann som aldri delte tankane sine med nokon. Onkel Gustav foreslår at du heller blir med til Aspmyra for å sjå Tromsø spele mot Brann. På tribunen treffer du gamlekjærasten din, som flytta til Tromsø for fem år sidan. De tek opp att forholdet, og du gløymer oldefar. SLUTT Klikk på den blå sirkelen for å prøve på nytt.

Ein gong fekk du høyre at oldefaren som du søkjer opplysningar om, er kalla opp etter ein norsk konge. Kva for ein oldefar skal du finne ut meir om? Simen Lie Sverre Tryti Geir Ove Mo Sveinung Mo Morten MoGunvor Lie Anna TrytiOla MoSandra GiskeJakob Lie Palma Vik (ukjend) Gro Straume Simen Lie Jorunn Mustad Sverre Tryti Pia Grønn Geir Ove Mo

I tre dagar til ende prøver du å finne ut meir om denne oldefaren, men til slutt oppdagar du at fornamnet hans slett ikkje er namnet på ein tidlegare norsk konge. Du har funne fram informasjon om feil person... SLUTT Klikk på den blå sirkelen for å prøve på nytt.

Da du ser namnet til Sverre, kjem du på at du har sett eit gammalt bilete i eit fotoalbum. Du finn fram albumet og les teksten som står under biletet: «Sverre var ein inneslutta mann som snakka lite med folk, men det blei sagt at han skreiv langt og godt i dagbøkene sine. Både presten og ordføraren meinte at Sverre burde gi ut tekstane sine i bokform, for han skreiv så godt at han stilte både Ibsen, Bjørnson og Lie i skuggen. Dessverre gøymde han dagbøkene så godt at ingen har funne dei …» Klikk på den blå sirkelen for å lese meir.

Bestemora di blir veldig glad da du ringjer, men blir sint da du fortel at du ønskjer å finne ut meir om oldefaren din. Ho ber deg slutte med å grave i fortida. «Bry deg heller om kva framtida vil føre med seg,» ber ho, og tilbyr deg ein tusenlapp for å slutte å leite etter opplysningar. Du takkar ja til tilbodet – men da du femti år seinare ligg for døden, angrar du djupt. SLUTT Klikk på den blå sirkelen for å prøve på nytt.

Du får lyst til å finne dagbøkene og overtyder faren din om å reise til heimstaden til oldefar. Kva gjer de når de kjem fram til huset? De bryt dykk inn i huset. De ber om hjelp i nabohuset. De luskar rundt på eigedommen.

De tek fram eit brekkjern frå bagasjerommet og bryt dykk inn i huset. Dessverre har naboen heile tida observert dykk, og ho ringjer straks lensmannen da ho ser dykk med brekkjernet. Før de har rokke å gjennomsøkje huset, blir de tekne av lensmannen. Dei noverande eigarane av huset ber dykk om å ryke og reise. Dagbøkene til oldefar finn de aldri. SLUTT Klikk på den blå sirkelen for å prøve på nytt.

Naboen tek imot dykk med opne armar og set fram heimelaga mat frå kjøleskapet. Ho fortel mykje om oldefaren din, samtidig som ho passar på at de får nok å ete. Idet ho skal til å fortelje om dagbøkene til oldefar, blir du uvel. Også faren din blir sjuk, og de får ein sterk mistanke om at de har vorte matforgifta. Den snille naboen seier ho skal ringje etter ambulanse, men han rekk ikkje fram i tide... SLUTT Klikk på den blå sirkelen for å prøve på nytt.

De oppdagar ein gammal potetkjellar. Kva gjer du? Du nektar å gå inn i noko som liknar på ei hobbithole. Du går inn i potetkjellaren. Du ber faren din om å gå inn i potetkjellaren.

Du fortel faren din at potetkjellaren liknar på dei holene som hobbitane bur i. Faren din seier at han aldri har høyrt om hobbitar, så du fortel han om dei fantastiske bøkene til den engelske forfattaren J.R.R. Tolkien. Ettersom de begge liker å lese bøker, finn de ut at de skal besøkje det lokale biblioteket for å låne alle Tolkien- bøkene. De har hellet med dykk, og snart har de heilt gløymt dagbøkene til oldefar... SLUTT Klikk på den blå sirkelen for å prøve på nytt.

I potetkjellaren er det så mørkt at du nesten ikkje ser nokon ting. Du mistar balansen og dett mot ei skjult dør. Døra opnar seg, og du famlar deg fram til ein koffert som du ber med deg ut. Da de opnar kofferten, finn de elleve av dagbøkene til oldefar. Og det er sant at dagbøkene er ekstremt velskrivne... Klikk på den blå sirkelen for å lese vidare.

Naboen tek imot dykk med opne armar og set fram heimelaga mat frå kjøleskapet. Ho fortel mykje om oldefaren din, samtidig som ho passar på at de får nok å ete. Idet ho skal til å fortelje om dagbøkene til oldefar, blir du uvel. Også faren din blir sjuk, og de får ein sterk mistanke om at de har vorte matforgifta. Den snille naboen seier ho skal ringje etter ambulanse, men han rekk ikkje fram i tide... SLUTT Klikk på den blå sirkelen for å prøve på nytt.

Da de kjem heim, kontaktar de eit forlag for å få dagbøkene utgitt. Hellet er framleis med dykk. Bøkene blir bestseljarar, både i Noreg og i utlandet. GRATULERER!!!

Lysark 2 START Lysark 3Lysark 11 Lysark 7 Lysark 4 SLUTT Lysark 6 SLUTT Lysark 5 SLUTT Lysark 8 SLUTT Lysark 9 Lysark 10 SLUTT Lysark 12 SLUTT Lysark 14 Lysark 13 SLUTT Lysark 17 SLUTT Lysark 18 MÅL Lysark 15 SLUTT Lysark 16 Dette diagrammet viser korleis forteljinga er bygd opp!