Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Lær å logge inn til offentlege tenester med MinID

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Lær å logge inn til offentlege tenester med MinID"— Utskrift av presentasjonen:

1 Lær å logge inn til offentlege tenester med MinID
Dette kurset viser deg korleis du logger inn til offentlege tenester med MinID. Ynskjer de at kurset skal vere eit praktisk kurs i innlogging til offentlege tenester med MinID, må deltakarane ha skaffa seg PIN-kodar og oppretta MinID før kurset. Under teksten Manus for læraren: Denne informasjonen skal læraren bruke for å tydeleggjere informasjonen i lysbilda. Under teksten «Bakgrunnsinformasjon til læraren:» Dette er KUN bakgrunnsinformasjon til læraren, dersom det kjem spørsmål, og for at lærar skal ha noko meir kjennskap til MinID.

2 Kva er å logge inn på nett?
å legitimere deg elektronisk å komme inn til opplysningar om deg Eksempel på digitale tenester frå det offentlege: skattemelding frå skatteetaten vedtak frå Husbanken sende meldekort til NAV Bakgrunnsinformasjon til læraren: Å logge inn er ein framgangsmåte for å komme inn til tenester frå det offentlege. Når du er logga inn kan du få informasjon som det offentlege har registrert om deg. Eksempel: Kva bilar er registrert på deg, informasjon om eigedommane dine eller innbetalte eigendeler. Når du er logga inn kan du sende inn skjema. Stat og kommune er då sikker på at det er du som sender inn. Døme: Søke om namneendring, søke om alderspensjon, melde flytting og ny adresse. MinID har nest høgaste sikkerheitsnivå. Du treng høgaste sikkerheitsnivå for å logge inn til tenester med sensitive informasjon, slik som helseopplysningar. Du treng og høgaste sikkerheitsnivå for å opprette digital postkasse.

3 Korleis legitimere seg elektronisk på nett?
Ved personleg frammøte legitimerer du deg med pass, førarkort eller bankkort med bilde. På nettet må du legitimere deg med ein personleg elektronisk legitimasjon, som for eksempel MinID. Manus for læraren: På nettet er det ikkje nok å skrive kven du er med ord, for å få tilgang til opplysningar knytt til deg. Du må bevise med ein personleg elektronisk legitimasjon, at du er du. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Det er innbyggar sjølv som må skaffe seg elektronisk legitimasjon for å bruke på nettet. Det finst fleire elektroniske legitimasjonar når du skal logge inn. Informasjon om elektronisk ID:

4 Logge inn til offentlege tenester med MinID MinID er samansett av tre deler:
Kode frå SMS eller PIN-kodebrev Manus for læraren: For å logge inn til ei teneste frå stat eller kommune, gå til nettstaden til verksemda eller kommunen du vil logge inn til. Sjå etter om dei har tenester du kan logge inn til. Klikk på logg inn. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Du må ha ein stad å logge INN TIL, difor må du starte frå ‘Logg inn’ på ei offentleg nettside eller frå ei verksemd på Norge.no. Fødselsnummer Eige passord + +

5 Slik loggar du inn til tenester frå Nav
Klikk på «LOGG INN» Skriv inn i adresselinja i nettlesaren Manus for læraren: For å logge inn til ei offentleg teneste, skriv inn nettadressa til ei statleg verksemd eller ein kommune i adresselinja på den nettlesaren du brukar. Sjå etter om verksemda har ei teneste du kan logge inn til. Klikk på logg inn. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Du kan og søke opp nettsider frå det offentlege i søkemotorar, eller på Norge.no.

6 Frå logg inn kjem du til ID-porten
ID-porten er inngangen til tenester frå det offentlege der du må logge inn. Manus for læraren: ID-porten viser at du kjem til ei sikker innloggingsteneste frå stat eller kommune. ID-porten er ei samling av alle elektroniske ID-ane du kan bruke for å logge inn til ei teneste. Her skal du velje MinID. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Det er 6 godkjende elektroniske ID-ar i ID-porten. Du kan ha fleire av desse, og kan du velje kva elektronisk ID du vil bruke. Det er to sikkerheitsnivå. MinID har mellomhøgt sikkerheitsnivå, medan dei andre har høgaste sikkerheitsnivå. Får du ikkje opp MinID som val I ID-porten, er tenesta du vil logge inn til på høgaste sikkerheitsnivå. Dette er oftast helseopplysningar. 3,4 millioner brukarar MinID. NAV-logoen øvst i ID-porten, viser at du har valt å logge inn til ei teneste hjå NAV. Klikk på MinID

7 Slik går du fram for å logge inn med MinID
Skriv inn fødselsnummeret ditt Skriv inn ditt sjølv laga passord Trykk NESTE Manus for læraren: Du skriv heile fødselsnummeret ditt på 11 siffer utan mellomrom. Skriv deretter det personlege passordet du laga deg då du oppretta MinID som personleg elektronisk ID. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Har du gløymt passordet ditt, kan du lage nytt sjølv. Du må då gå inn via: ‘Gløymt passord?’. Du vil då få kode tilsendt til mobilnummeret du registrerte og kode til epostadressa du registrerte då du oppretta din elektroniske ID MinID. Deretter kan du lage nytt passord sjølv.

8 Du får kode som SMS til mobilen din
Skriv inn eingongskoden du får på SMS Manus for læraren: Skrive inn koden du får tilsendt som ei SMS melding til mobiltelefonen din. Trykk på neste eller trykk på enterknappen på tastaturet ditt. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Har du valt å ikkje få kode til mobil, får du beskjed om å bruke kode frå PIN-kodebrevet. Når du opprettar MinID, er det laga som eit automatisk val å få kode på SMS til mobil.

9 Du er no logga inn til Nav sine tenester
Dine personlege saker hjå NAV Manus for læraren: Når du har logga inn til NAV sine tenester, vil namnet ditt komme fram. Ser du namnet ditt i tenesta du søker, veit du at du er logga inn. Hugs å logge ut. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Spesielt viktig å logge ut, om du loggar inn på ei maskin hjå andre. Lukk også heile nettsida du var logga inn på. Du kan låne maskin til innlogging på NAV-kontora, og på biblioteka. Er du logga inn på ei teneste frå det offentlege, kan du gå til ei anna teneste hjå ei anna verksemd, utan å logge inn på nytt.

10 Kontroll av kontaktinformasjonen din
Med jamne mellomrom får du spørsmål om å kontrollere kontaktinformasjonen din. Du kan også endre selv fra: Stadfest eller rett opp; Klikk på blyanten Klikk på Lagre Manus for læraren: ID-porten sender ut denne påminninga automatisk. Du må stadfeste eller rette eigen kontaktinformasjon. Det er viktig at kontaktinformasjonen din er rett. Kontaktinformasjonen din i Det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret skal nyttast av stat og kommune om dei vil kontakte deg. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Det skal vere berre her du treng å endre mobilnummer eller epostadressa di om du får ny. Du skal sleppe å kontakte alle offentlege verksemdene om dette. Om stat eller kommune treng å kontakte deg, gjeld det gjerne påminning frå sjukehus og legesenter om timen du har fått. Du kan få påminning frå kommunen om at du må koke vatnet eller flytte bilen din for at gata di skal bli brøyta.

11 Finn offentlege tenester på www.norge.no
Skriv inn i adresselinja i nettlesaren Manus for læraren: Noreg.no har samla mange tenester frå stat og kommune som du kan logge inn til. Du kan leite opp ei konkret teneste, du kan finne ei teneste ut frå livssituasjonen du er i, og du kan søke etter tenester på Noreg.no Bakgrunnsinformasjon til læraren: På Noreg.no kan du logge inn og endre kontaktinformasjonen din som statlege og kommunale verksemder kan nå deg på. Du finn og informasjon om digital postkasse og kan velje kva digital postkasse du vil ha for offentleg post.

12 Du finn hjelp til innlogging på Noreg.no
Manus for læraren: Hjelp til innlogging: Du kan og komme til hjelpesidene for ID-porten nedst på nettsida til Noreg.no. I innloggingsbilda kan du klikke på teksten: ‘Hjelp til innlogging’ Bakgrunnsinformasjon til læraren: Du kan lese sjølv på hjelpesidene, sende epost eller opne ein nettprat med brukerstøtte frå hjelpesidene. Du kan ringe brukarstøtte i opningstida – Nettadressa til hjelpesidene til ID-porten: . Brukerstøtte for innlogging

13


Laste ned ppt "Lær å logge inn til offentlege tenester med MinID"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google