Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Sjølvbilete og sjølvtillit

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Sjølvbilete og sjølvtillit"— Utskrift av presentasjonen:

1 Sjølvbilete og sjølvtillit

2 Kva er sjølvtillit?

3 Kva er sjølvtillit? Tru på meg sjølv Tru på at eg får ting til
Gjer at me tør å prøva Gjer at me prøver igjen sjølv om eg gjer feil eller det ikkje gjekk så bra sist Eg kan vera god sjølv om eg ikkje set personleg rekord kvar gong Sjølvtillit kan variera frå dag til dag Eg kan ha dårlig sjølvtillit på noko, middels på noko og god sjølvtillit på noko

4 Kva er sjølvbilete?

5 Kva er sjølvbilete? Kva eg tenker om meg sjølv
Korleis eg ser meg sjølv Om eg føler at eg har verdi Eg er god nok akkurat som eg er Det kan handla om utsjånad og om personlegdom Kanskje endå meir personlig og sårt enn sjølvtillit

6 Øving Me skriv ned ein negative ting me kan seia til oss sjølv (anonymt). Vaksne gjer det òg. Vaksne samlar inn lappane, blandar og deler ut ein lapp til kvar. Me rollespeler at me seier den negative tingen på lappen til ein anna person (den som sit til venstre for meg i ringen).

7 Det er ikkje greitt å seia negative ting til andre
Det er ikkje greitt å seia negative ting til andre. Er det då greitt å seia negative ting til oss sjølv?

8 Korleis kan eg få betre sjølvtillit og sjølvbilete?

9 Korleis kan eg få betre sjølvtillit og sjølvbilete?
Snakk med nokon. Ein person du stoler på og har tillit til. Be om hjelp viss du lever i ein vanskelig situasjon. Du kan hjelpa deg sjølv til å tenka annleis viss du synes ei oppgåve er for stor eller for vanskelig. Då kan du tenka gjennom kva som skal til for å gjera ho overkommelig. For eksempel: Kven kan vera til hjelp eller korleis kan eg dela oppgåva opp i mindre bitar? Her kan psykologisk førstehjelp (hjelpehanda) vera eit godt verkty å bruka

10 Korleis kan eg få betre sjølvtillit og sjølvbilete?
I staden for å samanlikna deg med andre kan du heller vurdera di eiga utvikling. Då kan du sjå at du får til noko, f.eks. noko du har strevd med eller øvd på. Øv deg på å seia noko positivt til deg sjølv eller be ein ven om å seia noko positivt om deg. Skriv ned positive ord om deg sjølv på ei liste og la ho veksa seg lang. Når du les lista hjelper du deg sjølv til å hugsa på at du er mykje meir enn berre det du føler når du er langt nede. Positive ord kan for eksempel vera: omsorgsfull, morsom, snill søster/bror, god i engelsk.

11 Øving Alle skal skriva ein positiv kommentar til kvarandre.
Alle får utdelt eit ark, som dei skal skriva namnet sitt på. Alle heng arket sitt på veggen. Alle skriv ein positiv kommentar på alle arka. Me ønsker òg at du skriv ein positiv kommentar til deg sjølv, på arket med ditt namn.

12 Kven kan du snakka med? Vener Foreldre Lærarar
Hege-Marte (avdelingsleiar) Lars (rektor) Kristina (Skulepsykolog) Eva(Helsesøster) Fastlege Psykologisk poliklinikk for barn og unge (ved UiB) Psykisk helsevern for barn og unge (BUP)

13 Kven kan du snakka med? Kors på halsen (Røde kors). Tlf.: korspahalsen.no. Samtaletilbud for alle under 18 år. Ring, chat eller send e-post med vaksne som har teieplikt. Måndag - fredag: (telefon og chat). Mental helse. Tlf mentalhelse.no. Telefon- og netteneste for alle som treng nokon å snakka eller skriva med. Døgnopen teneste. Alarmtelefonen. Tlf no. Gratis nødtelefon for barn og unge. Måndag-fredag fra kl til kl neste morgon. I helgene er telefonen open heile døgnet. Frå utlandet: tlf ung.no. Gå til ung.no Er du ungdom og har eit vanskelig spørsmål? På ung.no finn du svar på det meste, og du kan sjølv spørja gratis og anonymt. Voksne for barn. Tlf Bekymringstjenesten. Teneste for deg med spørsmål eller bekymring om barn og unge. Åpningstider: måndag-fredag kl (telefon)

14 Nettsider om sjølvtillit og sjølvbilete
Ung.no: Helsenorge.no:


Laste ned ppt "Sjølvbilete og sjølvtillit"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google