Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Naaman Ein dag sa jenta til matmor si: «Om berre husbonden kunne koma til profeten i Samaria, skulle nok han fri han frå hudsjukdomen.» 2.Kongebok.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Naaman Ein dag sa jenta til matmor si: «Om berre husbonden kunne koma til profeten i Samaria, skulle nok han fri han frå hudsjukdomen.» 2.Kongebok."— Utskrift av presentasjonen:

1

2

3 Naaman

4

5

6 Ein dag sa jenta til matmor si: «Om berre husbonden kunne koma til profeten i Samaria, skulle nok han fri han frå hudsjukdomen.» 2.Kongebok 5,3:

7

8

9 Då sa aramearkongen: «Dra du! Eg vil senda med deg eit brev til kongen i Israel.» Så drog han og tok med seg ti talentar sølv, seks tusen sjekel gull og ti klesskift. 2.Kongebok 5,5:

10

11

12

13

14 Naaman leverte brevet til kongen i Israel. Der stod: «Når du får dette brevet, ser du at eg har sendt Naaman, tenaren min, til deg for at du skal fri han frå den hudsjukdomen han lid av.» 2.Kongebok 5,6:

15 Då Israels-kongen hadde lese brevet, reiv han sund kleda sine og sa: «Er eg Gud så eg rår for liv og død, sidan han sender bod til meg og vil at eg skal fri ein mann frå hudsjukdomen hans? No kan de sjå og skjøna at han vil yppa strid med meg.» 2.Kongebok 5,7:

16 Men då gudsmannen Elisja fekk høyra at kongen hadde rive sund kleda sine, sende han bod til han og sa: «Kvifor har du rive sund kleda dine? Lat mannen koma til meg, så skal han få sanna at det finst ein profet i Israel.» 2.Kongebok 5,8:

17

18

19 Slå opp i Bibelen:  2. Kongebok 5,10  Det gamle testamentet  2.Kongebok  Kapittel 5 (store tal)  Vers 10 (små tal)

20 Elisja sende ut ein mann for å seia: «Gå ned og vask deg sju gonger i Jordan! Så skal kroppen din bli frisk og du bli rein.» 2.Kongebok 5,10:

21 11 Då vart Naaman sint og fór sin veg. Han sa: «Eg trudde han sjølv ville koma ut til meg, stå fram og kalla på Herren sin Guds namn, føra handa att og fram over den sjuke staden og fri meg frå sjukdomen. 12 Er ikkje Abana og Parpar, elvane ved Damaskus, like gode som alle vassdrag i Israel? Kunne eg ikkje lauga meg i dei og bli rein?» Så snudde han og fór bort i fullt sinne. 2.Kongebok 5, 11-12:

22

23 «Far, hadde profeten lagt på deg noko vanskeleg, ville du ikkje då ha gjort det? Kor mykje meir no, når han berre seier til deg at du skal vaska deg og bli rein!» 2.Kongebok 5, 13:

24 Så gjekk Naaman ned til Jordan og dukka seg sju gonger i elva, som gudsmannen hadde sagt. Då vart kroppen hans frisk att som kroppen til ein liten gut, og han vart rein. 2.Kongebok 5,14:

25

26 Så vende han attende til gudsmannen med heile følgjet sitt. Då han kom dit, gjekk han fram for profeten og sa: «No veit eg at det ikkje finst nokon Gud på heile jorda utan i Israel. 2.Kongebok 5,15:

27

28 41 Jesus fekk inderleg medkjensle med han, rette ut handa og rørte ved han. «Eg vil», sa han. «Bli rein!» 42 Med det same var sjukdomen borte, og mannen vart rein. Markus 1, 41-42:

29

30 Synd

31 Kvifor treng vi å bli rensa for synd?

32 Kvifor treng vi å bli rensa for synd?  Fordi Gud ikkje tåler synd

33 Korleis blir vi rensa for synd?

34 Korleis blir vi rensa for synd?

35 5 For Gud er éin, og éin mellommann er det mellom Gud og menneske, mennesket Kristus Jesus, 6 han som gav seg sjølv som løysepenge for alle. 2.Timoteus 2, 5-6:

36 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Johannes 3,16:

37 Slå opp i Bibelen:  1.Johannesbrev 1,9  Det nye testamentet  Johannes’ første brev  Kapittel 1 (store tal)  Vers 9 (små tal)

38 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 1.Johannesbrev 1,9:

39


Laste ned ppt "Naaman Ein dag sa jenta til matmor si: «Om berre husbonden kunne koma til profeten i Samaria, skulle nok han fri han frå hudsjukdomen.» 2.Kongebok."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google