Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Modell for somatisk spesialisthelseteneste i Helse Førde Møte om Helse Førde HF 17.12.2010.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Modell for somatisk spesialisthelseteneste i Helse Førde Møte om Helse Førde HF 17.12.2010."— Utskrift av presentasjonen:

1 Modell for somatisk spesialisthelseteneste i Helse Førde Møte om Helse Førde HF 17.12.2010

2 Styrevedtak i Helse Førde HF Styret i Helse Førde HF har vedtatt ein framtidig modell for somatisk spesialisthelseteneste Modellen er basert på ein omfattande strategiprosess: Målbilete og modell for somatisk spesialisthelseteneste i Helse Førde HF mot 2020 Saka blei oversendt for vidare behandling i styret i Helse Vest RHF.

3 Handlingsrom Helse Vest RHF legg til grunn at modell 1 vedtatt av styret i Helse Førde ikkje er mogleg å gjennomføre i dag etter dei styringssignala som er mottatt gjennom oppdragsdokument og brev

4 Grupper som skal ha helsetenester Akutt helsehjelp Gravide/fødande Elektiv helsehjelp Kroniske, samansette tilstander

5 Grupper som skal ha helsetenester Akutt helsehjelp Gravide/fødande Elektiv helsehjelp Kroniske, samansette tilstander

6 Grupper som skal ha helsetenester Akutt helsehjelp Gravide/fødande Elektiv helsehjelp Kroniske, samansette tilstander Krev stabile, berekraftige fagmiljø

7 Viktige omsyn Det må vere eit overordna mål at tenestene er lett tilgjengelege både i tid og avstand Samstundes må tenester vere av god kvalitet både diagnostisk, behandling og rehabilitering Tenestene må også ytast på ein måte som gir ei effektiv utnytting av ressursane I høve til dei små sjukehusa er balansen mellom desse omsyna særs utfordrande.

8 Eit sterkt sentralsjukehus i Førde Brei semje om at sjukehuset i Førde òg i framtida skal ha eit meir spesialisert tilbod innan dei fagområda som befolkninga i Sogn og Fjordane har behov for i eit avklart samarbeid med Haukeland universitetssjukehus ha robuste kompetansemiljø som også tar i vare dei desentraliserte tilboda

9 Modellen Modellen som styret i Helse Vest har vedtatt inneber –vidareføring av lokalsjukehusa Nordfjord og Lærdal med tilbod for ei stor gruppe pasientar –tilbod til pasientar med samansette medisinske tilstander, og akutt forverring for eksempel hos eldre med fleire eller kroniske lidingar. –Sengepostane er vidareført for å kunne ta seg spesielt godt av den aukande gruppa av pasientar med kronisk sjukdom, også ved akutt forverring av sjukdomen.

10 Aktuelle pasientgrupper Samansette problemstillingar som innan aldersmedisin/geriatri Forverring av kroniske lidingar ofte prega av brå funksjonssvikt Oppfølging av cellegiftbehandlingar ved kreft, palliativ behandling og omsorg for døyande Dialysebehandling Opptrening/rehabilitering Enkle utgreiingar som krev innlegging Observasjon/behandling/førebuing før vidaresending innan dei ulike problemstillingane som oppstår akutt Opphald etter behandling i Førde og Bergen

11 Poliklinisk verksemd Fagområde som er aktuelle for lokalsjukehusa er: Øyre-nase-hals, inklusive audiologi auge pediatri hud nevrologi gynekologi

12 Økonomi Berekna årleg driftsresultat ved modell 2 vert på kr 1,9 mill. I tillegg kjem ekstrautgifter på kr 7,6 mill. til ortopeditilbodet i Lærdal i ein overgangsperiode Basert på noverande situasjon i Helse Førde med ca. 95 millionar kroner i avskrivingar, vil investeringskrafta vera tilsvarande på +/- 95 mill. kr årleg Dette gir ikkje eit så godt handlingsrom for Helse Førde HF som ein håpa på, men er vesentleg betre enn situasjonen i dag.

13 Samhandlingsreforma Redusere press på helsetenestene gjennom satsing på helsefremmande og førebyggande arbeid Dempa vekst i bruk av sjukehustenester ved at ein større del av tenestene ytes av kommunehelsetenesta Meir heilskaplege og koordinerte tenester Å sikre ei berekraftig utvikling av helsesektoren gjennom effektiv bruk av ressursane

14 Mål med samhandlingsreforma Styrke den kommunale helse- og omsorgstenesta Omstilling i spesialisthelsetenesta Utgreiing og behandling av hyppig førekommande tilstander skal desentraliserast der dette er mogleg Utgreiing og behandling av sjeldan førekommande sjukdommar skal sentraliserast der dette er nødvendig for å sikre god kvalitet og god ressursutnytting

15 Organisering Betre balanse mellom spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta Pleie- og omsorgstenesta i kommunane skal vidareutviklast for å ivareta større oppgåver Rask og god akuttmedisinsk hjelp; frå hendinga oppstår til pasienten er på sjukehuset Heilskaplege tenester; spesielt for kronisk sjuke, rehabilitering, psykisk helse og rus

16 Reservebilder

17 Samarbeid om fødetilbod i Volda vil gi eit meir robust tilbod særleg når det gjeld rekruttering av gynekologar I dag er 2 faste gynekologar ved kvart av dei to sjukehusa. Nye kvalitetskrav krev 8-12. Dette er urealistisk å få til, også med omsyn til behovet for gynekologar ved kvinneklinikkane i regionen, der 90 % av fødslane i regionen skjer

18 Fødetilbodet i Lærdal Tilbodet for dei fødande i Indre Sogn blir etter dette ved Førde sentralsjukehus og ved fødeavdelinga på Voss. For kvinnene i Årdal og Lærdal kommunar må det takast særskilt stilling til fødestad, noko kommunane må inviterast til å vere med å bestemme. Det er lagt opp til poliklinisk tilbod for gravide i Lærdal.

19 Polikliniske tilbodet Det polikliniske tilbodet innan ortopedi er planlagt å bestå ved at spesialistar ambulerar frå FSS til Eid/Lærdal. ta i bruk ny teknologi som videokonsultasjonar.

20 Styrevedtak i Helse Vest RHF 1.Styret i Helse Vest sluttar seg til organisering av spesialisthelsetenesta i Helse Førde HF i samsvar med modell 2 slik den er beskrive i saksframlegget. 2.Det vil vere sengepostar med indremedisinsk tilbod både på sjukehuset i Lærdal og i Nordfjordeid. Sengepostane er vidareført for å kunne ta seg spesielt godt av den aukande gruppa av pasientar med kronisk sjukdom, også ved akutt forverring av sjukdomen. Helse Førde må sjølv vurdere kva samansetting og kva medisinsk kompetanse som er naudsynt på personalet for å ivareta pasientgruppa, samt etablering av nye desentraliserte tilbod ved sjukehusa. 3.Det blir etablert ein felles fødeavdeling mellom Nordfjordeid og Volda, lokalisert i Volda, med poliklinisk tilbod for gravide ved Nordfjord sjukehus. Dersom kommunane i Nordfjordregionen samla ber om ei jordmorstyrt fødestove, og denne gruppa vert samde med Helse Førde om det, er Helse Vest innstilt på å legge til rette for dette. Dette må avklarast innan 1. februar 2011. 4.Styret i Helse Vest vil be føretaksmøte i Helse Vest om at tidlegare vedtak i føretaksmøte knytt til fødetilbodet i Lærdal dagsett 18. juni 2003 og spesialisthelsetenester i Florø dagsett 15. februar 2008 blir oppheva, og at organisering av det framtidige tilbodet i Lærdal og i Florø blir endra i tråd med modell 2. 5.Helse Vest vil be Helse Førde ta kontakt med kommunane i Indre Sogn og kommunane i Nordfjordregionen for å vurdere samarbeidsløysingar knytt til legevakt og kommunal/interkommunal sengepost lokalisert til lokalsjukehusa.

21 Lokalsjukehustilbod ved alle tre sjukehusa Sengepostar med indremedisinsk tilbod for pasientar med kronisk sjukdom både på sjukehuset i Lærdal, i Eid og i Førde Legevakt og interkommunal sengepost lokalisert til sjukehusa i Lærdal, Eid og i Førde


Laste ned ppt "Modell for somatisk spesialisthelseteneste i Helse Førde Møte om Helse Førde HF 17.12.2010."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google