A1: Kjartan Fløgstads Dalen Portland 1. november 2004

Slides:



Advertisements
Liknende presentasjoner
Skjønnlitteratur FANTASI og VIRKELIGHET Kpt 7, Kontekst Basisbok
Advertisements

Skjønnlitterær fortelling
Den digitale dimensjonen i Samfunnsfag i grunnskolen Nå kommer vi og tar deg!
Vi har to typer tekster i fagplanen i norsk.
VG3 – norsk: Pensum og lærebok
Novelle En novelle er en skjønnlitterær fortelling.
Litterære virkemidler
Tolkning og analyse Sigrun Eckhoff rev jan 2009.
EPISK DIKTNING inkl novelle
Eventyr som litterær sjanger
Roman- og novelleanalyse
Kunsten å lese skjønnlitteratur
Om Mikael Niemis Populärmusik från Vittula (2000)
Kapittel 2: Episk diktning
En historie om folkediktning og eventyr
Litterære virkemidler
BUKKANE BRUSE PÅ BADELAND
Fortelling Novelle Roman
Litteraturhistorie
Strukturell analyse -a short introduction
Kap 8: Litterære utviklingsliner
Skriving av monolog, Bikubesong
Nynorsk fagskriving Orden i teksta.
Vanlege nynorskfeil.
LYRIKK Ordet lyrikk kommer opprinnelig fra det greske ordet lyra – ”dikt sunget til lyrespill” Utarbeidet av Sissel Vestre.
Frå eitt medium til eit anna
Eksempeltekst høst 2014 Når du skal svare på oppgaven:
Tema Vg1, kap 4.
Kapittel 4 Skriving av klasser. 4.1 Anatomien til ein klasse Så langt har vi brukt ferdige klasser frå klassebiblioteket i Java Vi lagar objekt og brukar.
Moderne samtidsromaner 1 – tendenser på og 1980-tallet
Nærmiljø og samfunn Ein barnehagekvardag med mangfald Med vekt på det fleirkulturelle i barnehagen og vindauge mot verda Kultur på tvers UBUNTU- ”min identitet.
Kapittel 10 Exceptions Handtering av exceptions Ein exception er eit objekt som representerer ein feil eller eit unntak Exceptions blir kasta av.
Mikkel, Knut, Kari Mette, Anne Lise & Guro
Loen 23. og 24. mars Anne K F Midtbø Barnehagen som læringsarena Utfordringar i ny rammeplan for barnehagen sett frå kommune- administrasjon Anne.
Kulturstien Om fag og praksis i førskulelærarutdanning og barnehage.
Sjangerlære Husk A-bok, 8. klasse og B-bok 10. klasse.
Kap 4 og 5 i Eva Maagerø: Språket som mening
Problemløsning.
Ove Eide VEGAR INN I FILM. Forteljingar: ei grunnleggande kommunikasjonsform - munnleg - skriftleg - film - tv -
Kappløpet om Afrika. Imperialisme har eksistert til alle tider og i alle verdsdelar. Imperialisme inneber at statar eller samfunn skaffar seg kontroll.
Nynorskkurs - Substantiv.
Soria Moria Slott Et norsk folkeeventyr. Halvor.
Litteraturen fra 1945 til Etterkrigstid Gjenreising av Vest- Europa og Norge Velstandsvekst og framtidsoptimisme Kald krig.
Kapittel 7 Analyse Å analysere noveller SG- design/Fotolia.
Forteljing. Samlenemning Munnleg - skriftleg Sanne - oppdikta Korte - lange oppdikta = fiksjon.
Litteraturen frå 1900 til 1945 Ei oversikt. Inn i eit nytt hundreår Brytningstid mellom gamle og nye verdiar Allmenn stemmerett Sentralisering. Folk flyttar.
Litteraturen etter Det globaliserte samfunnet Vekst, velstand og marknadsøkonomi Varer, kapital og idear kryssar grenser Kunnskap og teknologi blir.
Førestillina om det norske Frå slutten av 1700-talet til 1870-åra.
Kapittel 9 Postmodernisme og realisme – 1980 til i dag.
1600-talet: Barokken Ein reaksjon mot renessansen.
HISTORISK- BIOGRAFISK METODE. Mer moderat forhold mellom litteratur og historie. Også her er man opptatt av kontekst, men i form av avsender og forfatter.
Kapittel 2 Tekstane rundt oss Birgid Allig/Stone/Getty Images.
Å skrive meininga si Fempunktsmetoden. Skriv fem setningar: Fortel kva emne du vil skrive om. Skriv tre setningar om dette emnet. Skriv ei setning som.
Bokmelding. Som ein artikkel Typisk i aviser, nettet, m.m. Hugs på to ting: Skrive om boka Vurdere boka.
Litteraturen frå 1945 til Etterkrigstid Gjenreising av Vest- Europa og Noreg Velstandsvekst og framtidsoptimisme Kald krig.
Norsk kapittel 4 Skrivekløe Kompetansemål: – Å trene på å skrive gode forteljingar – Å kjenne att språklege verkemiddel i forteljingar – Å trene på å bruke.
Panorama Vg1 Kapittel 12 Grammatiske særtrekk ved norsk språk Læreplanmål: Mål for undervisningen er at elevene skal kunne -forklare grammatiske særtrekk.
Retorikk og skriving. Omgrepskart litteratur skjønnlitteratur epikklyrikkdrama sakprosa.
Panorama Vg1 Kapittel 4 Sjangrer Del 2: Skjønnlitteratur, episk diktning Læreplanmål: Mål for undervisningen er at elevene skal kunne -gjøre rede for mangfoldet.
Bokdykk for born og førskolelærarar – Kva skal vi lese?
Novelleanalyse Oppgaver S.S. EUS 2017.
Retorikk og skriving.
Dramatiske sjangrar Skodespel og film
800 – 1350: Norrøn litteratur.
Litteraturen frå 1945 til 1980.
Om folkedikting Eventyr, segn og folkeviser
Å skrive novelle.
Punkt og linjer Panorama Vg3 Heltar i litteraturen Læreplanmål
Kurs 9.3 s.384 Å analysere tekst Novelle
SG- design/Fotolia Kapittel 7 Analyse Å analysere noveller.
Utskrift av presentasjonen:

A1: Kjartan Fløgstads Dalen Portland 1. november 2004

På programmet Litteraturhistorisk plassering av Dalen Portland Ein litterær analyse og tolkning av Dalen Portland

Kort om Kjartan Fløgstad Fødd 1944 i Sauda, Ryfylke; bur i Oslo Forteljetalent, språkartist, samfunnsanalytikar Kombinerer kritisk realisme frå Europa med fantastisk realisme frå Latin-Amerika Sosialmodernisme, magisk realisme Heimstaddiktar frå Sauda, omskapt til ”Lovra” Om sjøfolk og industriarbeidarar Industrisamfunn, industrikultur, arbeidarkultur Anti-romanar: Ordspel, vitsar, parodiar, digresjonar, forteljarkommentarar, undergrev fiksjonen Blanding av ”høg”- og ”låg”-kultur Allusjonar til annan litteratur, filmar og musikk Språklege og sjangermessige tradisjons- og normbrot

Litteraturhistorisk introduksjon Debuterer med lyrikk: Valfart, 1968 Seremoniar, 1969 Kortprosa Den hemmelege jubel, 1970 Fangliner, (noveller) 1972 Essays Loven vest for Pecos, 1981 Ordlyden, 1983 Tyrannosaurus Text, 1988 Antipoder, 1996 Dei ytterste ting. Nødvendighetsartikler, 1998 Drama Evig varer lengst, 2000

Romanar Rasmus, 1974 Døden ikke heller, 1975 (pseud. K. Villum) Ein for alle, 1976 (pseud. K. Villun) Dalen Portland, 1977 Fyr og flamme, 1980 U3, 1983 Det 7. klima, 1986 Kniven på strupen, 1991 Fimbul, 1994 Kron og mynt. Eit Veddemål, 1998 Paradis på jord, 2002

Nokre litteraturvitskaplege begrep Sjanger Forteller Perspektiv Synsvinkel: hvem ser vi med Fokus: hva ser vi på? Framstillingsmåte: Personal eller Autoral Hendelser og tidsforløp Karakterisering og persontegning Miljøskildring Komposisjon og struktur Intertekstualitet, metatekstualitet Språk og stil: språklige bilder Målform og stil (høy, lav, normal, muntlig, skriftlig) Setninger Ord Ordformer Motiv, tema, norm

Analyse av Dalen Portland Harde fakta: Utgitt i 1977 Skriven av Kjartan Fløgstad Målform: Nynorsk Sjanger: Roman Omfang: 213 sider 6 hovudbolkar Om lag 60 mindre kapittel Omslag med måleri av Goya Dikt på baksida Tekstutdrag både før og etter hovudteksten Prosa, men med innslag av dikt i bunden form

Baksidediktet

Kart

Komposisjon og struktur Livshistoriene til tre personar frå Sauda 6 hovudbolkar 1 om Selmer 1 om Arnold 4 om Rasmus Stader: Sauda, sjøen, Nord-, Sør og Mellom-Amerika, Oslo Opning: In medias res: ”Ho plantar hælane i støypen og står” Brå og open slutt: Rasmus vandrar ut av soga

Komposisjon og struktur Kontrast: Arnold og Rasmus Kontrast: Realisme og fantastikk Veksling mellom prosa og dikt Veksling av forteljing om hovudpersonar og miljøet deira og ulike digresjonar, sidespor, om mange ulike emne. Hovudspor gjentar element frå sidespor og omvendt Ulik grad av spenning og framdrift: Selmer og Arnold: lite spenning – ender i rutineskildring Rasmus: både høg spenning og mindre spenning, uventa (anti)klimaks mot slutten Konfliktar? Indre konfliktar, identitet, kontrastar

Tema Utviklinga av arbeidarklassen i Noreg og det sosialdemokratiske velferdssamfunnet i perioden 1935-1975 Korleis industriarbeidarar og sjøfolk blir deltakarar i ein internasjonal økonomi

Hovudpersonane: Selmer Selmer (ca. 1915) – bondeguten som blir industriarbeider ”Fascinert av det faktiske” Gift m. Alvhild, barn: Hadle (døyr) og Arnold Staut arbeidskar, går på fagforeiningsmøta, men kjenner seg som bonde Går på ungdomslaget og røystar Senterpartiet Selmer er først og fremst ein representant, ein type

Arnold Arnold (ca. 1942) – sonen til Selmer – andre generasjons industriarbeidar Trygg og overbeskytta oppvekst Lærling på fabrikken Gift med Ingunn: Fire barn Fagarbeidar, kjenner seg heime på fabrikken Røystar Arbeidarpartiet Går på kino og Folkets hus Stivnar i den grå kvardagen Arnold er litt rundare enn Selmer, men også han er mest ”industriarbeidaren Arnold H. frå Sauda”

Hovudpersonane, (forts.) Rasmus (ca. 1941), fetter til Arnold Son av Durdei Steine og ein ukjend elskar Veks opp med Durdei og Johan Jørgensen i Lovra og Ålvik, Hardanger Gløgg gut, tar gymnas, kjem inn på NHH i Bergen Kjenner seg ikkje heime blant ”dei fine”, dreg til sjøs Mange år på sjøen Dramatisk og fantastisk reise i Sør- og Mellomamerika Går i land – til Oslo, blir radikal student og marxist, og sambuar med overklassejenta Ulla Rasmus er ein rund figur, men også ein representant for miljøet han kjem frå.

Bipersonar Mange, men få er sentrale Mannsdominert miljø Dei fleste er typar med få individuelle særtrekk jf. innleiinga ”Barn og fulle folk”: I kjellardøra stoppar ho og blir ståande dørgande roleg mot sola utanfor, som ein mørk eindimensjonal og symmetrisk figur, klipt ut av historia og lagd på lys rektangulær bakgrunn for kontrast (s 13) Alfhild, Ingunn (anonyme) Durdei, Ulla, faren (fortel litt) Åge Holte (fortel delar av livshistoria si) Johan Jørgensen (fortel delar av livshistoria si)

Tidstilhøve Bolk Om Frå Til Ca.tid #sider Harde tak Selmer blir industriarbeidar 1935 1950 15 år 25 Av Grunnen Rasmus: Oppvekst og sjøfart 1941 1970 30 år 30 Død og pine Livshistoria til Arnold 1949 1977 28 år 44 El dorado Rasmus på eventyrferd 1971 6 mnd 21 Fersk gjerning Rasmus på eventyrferd 2 mnd 40 Demringa i Norge Rasmus i Oslo 6 år

Tidstilhøve Stort sett kronologisk framstilling innafor bolkane Nokre frampeik, f.eks. om Hadles død Retrospeksjon når Rasmus fortel livssoga si Ellipse – tidshol når Rasmus flyktar frå slaveleiren Lang tid – berre utvalde hendingar, sjeldan årsakssamanhengar som bind saman teksten Veikare kronoologi når personane kjem inn i faste rutinar EL DORADO OG FERSK GJERNING skil seg ut som ei samanhengande historie. Høgt forteljetempo – Dalen Portland handlar mest om eit samfunn og ein periode: ”Soga om vår levetid”.

Frekvens Repetisjon: Hadles død både i Harde tak og Død og pine Iterativ forteljing: Presensforteljinga om Selmer og Arnold på fabrikken understrekar rutina og gjentakingane Mest singulativ framstilling, f.eks. i historia om reisa til Rasmus.

Perspektiv og forteljarar Ekstern og allvitande tredjepersonsforteljar fortel om Selmer og Arnold Eg-forteljar (Rasmus) i Av Grunnen, og det meste av El dorado. Tredjepersonsforteljar i resten, men med lange innskot av eg-forteljingar. Mykje presensforteljing Perspektivvariasjon, frå Arnold til olympisk Kinesiske esker: Rasmus skriv sjølvbiografi (Romanen bit seg sjølv i halen!) Rasmus fortel om Åge som fortel om ein tyskar som fortel om koloniseringa av Sør-Amerika på 15-1600-talet Teksten tematiserer forteljing og forteljarar: Verbale heltar: Dei gode forteljarane Teksten peiker på seg sjølv som konstruksjon.

Miljø Forankra i historisk og geografisk røynd Mange referansar til historiske personar og hendingar i form av stikkord Mange skildringar, f.eks. natur- og arbeidslivsskildringar Konkrete referansar til historie, kulturprodukt, teknikk, økonomi, geografi osv. Overdrivingar og fantastiske innslag ikkje om samfunnet, men knytt til einskildpersonar Fantastiske innslag og skrøner har med forteljestil å gjere, ikkje med skildring av ei fantasiverd. Karneval som metafor for heile boka: groteske overdrivingar, symbolsk framstilling, humor, parodi, latterleggjering av autoritetar osv.

Språk og stil Mest nynorsk, men ikkje heilt etter offisielle normer Ikkje gammaldags høgnorsk, men industriarbeidarnynorsk Mykje faguttrykk og sjargong, framandord Stilblanding: nokre i talemålsstil, nokre essay, lyriske skildringar av vestlandsnaturen, dikt i bunden form, tekniske utgreiingar, kriminallitteraturspråk osv... Språkleg leik: ordspel, tvitydige uttrykksmåtar Forfattaren sjølv i teksten undersøkjer språket (s. 90)

Kriminalstil: Flukta og Åge Holtes død Metaforrikt språk, typisk for kriminallitteratur: Han hadde tygd blodpilla... Ein augneblink var alt stille. Ei støtte av togn på ei grav av gløymsle. To geværløp kasta gule roser på grava Høysand var vakker og uovervinneleg som dei gode handlingane sine Der tok han sats og stupte som ein stor kvit fugl ut i mørkret. (s. 159)

Symbolikk Dalen Portland Dalen i Telemark og Portland i Oregon, USA? Sement, bygge-, konstruksjonsmateriale, kan formast, kan stivne Rasmus – kan tyde: hav, sjø Høysand og Ile d´Ouessant – ein som krysser ei grense mellom: Det kjende og det ukjende Det trivielle og det eventyrlege Det trygge og det farefulle

Intertekstualitet og metatekstualitet Slumpetreff – jf. ”Slumpelukko” av Per Sivle Rasmus som marxist – jf. Arild Asnes av Dag Solstad Sjangerparodi på kriminallitteratur og parodi på Sigurd Hoels Syndere i sommersol. Litteraturreferansar til filosofar som Kant, Wittgenstein og Marx. Litteraturreferansar til vitsar, regler, film, triviallitteratur Pikaresklitteratur, karnevalslitteratur, digresjonslitteratur: Diverse spanske, franske og engelske forfattarar og Rabelais og Laurence Sterne. Rasmus sjølv blir bibliotekar og spesialist på pikaresklitteratur. -> Litteratur og andre kulturprodukt er med på å forme medvitet til både personar og grupper.

Motiv Frihet vs. trygghet Språk Karneval Framandkjensle og einsemd Internasjonalisering, eksotisme og utferdstrang Manndomsprøver som ender med fiasko Sport, fotball Popmusikk, populærkultur, triviallitteratur Folkelege forteljetradisjonar, verbale heltar Medvitsformer, mentalitetsutvikling

Sitat om mentalitetsutvikling Her må det i parentes, og i all rettferds namn leggjast til at Høysands eventyrlyst og eksotisme, som for det meste har ført han opp i alle desse vanskelege og umulige situasjonane, ikkje berre er eit individuelt særtrekk ved hans ringe person, men eit langt vidare og meir sosialt fenomen, som særleg kjenneteiknar ideala og fridomsdraumane til den ungdommen som er vaksen opp ved bedriftsportane til Stavanger Elektro Staalverk, Electric Furnace Products Company Limited, Det Norske Zinkkompani, Tyssedal DNN Aluminium, Odda Smelteverk, A/S Bjølvefossen, Årdal og Sunndal Verk, Bremanger Smelteverk, Norsk Hydro, og blitt bleike og hardføre av røyken frå dei same industriverksemdene, noko t.d. den såkalla «Årdalsundersøkinga», utført av det høgt ansette og respekterte Universitetet i Oslo til fulle kan stadfesta. Sitat om mentalitetsutvikling

Tema og verknorm Utviklinga av arbeidarklassen i Noreg og det sosialdemokratiske velferdssamfunnet Korleis industriarbeidarar og sjøfolk blir deltakarar i ein internasjonal økonomi Norm i verket – implisitt forfattar Solidarisk med hovudpersonane og miljøet dei representerar Kritisk, anti-kapitalistisk samfunnssyn Representerer både folket og den intellektuelle eliten Både den ”høge” og den ”låge” kulturen har verdi Folkeleg språk og forteljingar har verdi og skaper identitet

Meir om Dalen Portland og Kjartan Fløgstad Nettressursar om Kjartan Fløgstad Frå Kulturby Bergen 2000 http://www.literature2000.org/bergen/no/ Frå Bergen bibliotek http://www.bergen.folkebibl.no/vestlandsforfattere/forfat/flogstad.html Utvalde tidsskriftartiklar om Dalen Portland Høystad, Ole Martin (1979). ”Ein dialogisk karnevalsroman. Dalen Portland av Kjartan Fløgstad”. I Norsk Litterær Årbok 1979:167-176 Kittang, Atle (1977). ”Mellom fiksjonar og realitetar. Kjartan Fløgstad og Dalen Portland”. I Syn og Segn 83 (1977/9):514-525 Obrestad, Tor (1977) ”Dalen Portland” I Syn og Segn 83 (1977/9):526-533 Stegane, Idar (1978) ”Kjartan Fløgstads nye roman”. I Vinduet 32 (1978/1):42-46