Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Ove Eide VEGAR INN I FILM. Forteljingar: ei grunnleggande kommunikasjonsform - munnleg - skriftleg - film - tv -

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Ove Eide VEGAR INN I FILM. Forteljingar: ei grunnleggande kommunikasjonsform - munnleg - skriftleg - film - tv -"— Utskrift av presentasjonen:

1 Ove Eide VEGAR INN I FILM

2 Forteljingar: ei grunnleggande kommunikasjonsform - munnleg - skriftleg - film - tv -

3 Tre grunnleggande forteljingar: 1: den progressive forteljinga – ei positiv utvikling: vanskane vert løyste, målet vert nådd – trass i motgang og vanskar

4 2: den regressive forteljinga – handlinga går i negativ lei (Om mus og menn) 3: den stilleståande forteljinga – forventningar om løysing blir ikkje innfridde

5 Tre hovudtema (på tvers av kulturar, generasjonar): 1: relasjonar – frå sorg til glede eller omvendt, om kjærleik, venskap, familie…KJENSLER 2: helten tek ansvar: stor fare, noko(n) må bergast 3: offeret – den som ofrar seg: den kristne grunnforteljinga, Terje Vigen, Villanden

6 I Hollywood-film: Gjerne eit personleg prosjekt ved sida av hovudhandlinga (romantisk prosjekt)

7 Kjernescener: avgjerande for handlinga Komplementære scener: utdjupande scener, miljøskildringar

8 Utfordringar for skulen: -sosiale skilnader, konsevensar i/for skulen - bygge bru fritid – skule - motivere for anna syn på tekst enn fritidsbruken - utvikle didaktiske perspektiv som er tilpassa notida og elevane

9 MÅL 1: Frå estetisk til RETORISK teksttilnærming 2: Utvikle LITERACY – eit metaspråk om tekstar (evna til å tolke/forstå kommunikasjon + kunne nå fram til andre med bodskap)

10 Skulen må tematisere språk, form, retorikk – ikkje fascinasjon, innlevinga (men gjerne ta utgangspunkt her). I fritida kan vi gripast, i skulen skal vi finne ut noko om kvifor Elevane må få innsikt i det språket som formidlar verda til dei: gjennom film, skjønnlitteratur, sakprosa.

11 PRIMÆRDISKURS: det primære språket, heimen – i stor grad narrativ (forteljande): subjektiv, lineær, rettferdiggjerande. Elevane kjem til skulen med ulike språk som ballast (ulike primærdiskursar): nokre er godt fortrulege med skulens måte å snakke om tekst på (metaforar, «djupare meining», metaspråk). (Tileigna – lærde ferdigheiter)

12 Nyare forsking om tekstlesing: skiljet går ikkje mellom norske elevar og innvandrarar, men mellom elevar med ulike forhold til skulens normer og språk. Elevane møter skulen med ei forforståing, med ulike holdningar til dei tekstane skulen tek opp.

13 Nokre elevar har med seg motivasjon heimanfrå: den klassiske litteraturen / kunsten sin verdi og deler verdiar med læraren Hugs: Malene frå Folldalen

14 Spissformulert: Nokre elevar har sans for spelet – andre er ikkje interesserte i å følgje reglane: dei legg vekt på at tekstane skal innehalde spenning, underhaldning, kjensler – VERE GØY. Handlings- og personorienterte lesemåtar. Desse elevane sitt språk skil ikkje mellom kvardagsspråket og skulespråket. Den populærkulturelle lesemåten vert brukt på alle tekstar.

15 Elevane i ei kasse har: - ulik motivasjon/ ulike primærdiskursar - ulik grad av metaspråklege strategiar (literacy) - ulik grad av kompetanse i symboltolking (literacy)

16 Ei utfordring: Korleis bygge bru(er) mellom populærkulturen (kjensler, gøy) og kunsttekstar (vinne erkjenning, refleksjon) Ei løysing: lese populærtekstar for å trene på refleksjon

17 Elevane må lære om form, alle kulturuttrykk er meining formidla i form = retoriske lesingar

18 Tre nivå i arbeidet med film – eller andre opplevingar 1.Spontan oppleving – personleg, umiddelbart, der og då – som vi kan uttrykke overfor kvarandre

19 2. Fagleg: med kunnskapar og ferdigheiter – for å kunne setje ord på opplevingane → ANALYSE OG TOLKING

20 3. Refleksjonar, sette opplevinga (1) inn i større samanhengar: etisk, samfunnsmessig, historisk

21 2: Kva slags filmkunnskap? - film som forteljing: oppbygnad (dramaturgi), konfliktar, personleg prosjekt og samfunnsprosjekt - verkemiddel: perspektiv (fugl, normal, frosk), bildeutsnitt, klipp, casting, kamerarørsler, musikken -filmhistorie: referansar, sitat -sjanger

22 3: Refleksjonar, ettertankar - vurdering av filmen - moral, bodskap - sambandet film- tid (Kvifor er Harry Potter populær, Ringenes herre, reality-seriar? Korleis var tid og samfunn då filmen var laga?)


Laste ned ppt "Ove Eide VEGAR INN I FILM. Forteljingar: ei grunnleggande kommunikasjonsform - munnleg - skriftleg - film - tv -"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google