Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Årsrekneskapen 2006 Ein presentasjon av Sparebanken Hardanger Utne, 28. februar 2007.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Årsrekneskapen 2006 Ein presentasjon av Sparebanken Hardanger Utne, 28. februar 2007."— Utskrift av presentasjonen:

1 Årsrekneskapen 2006 Ein presentasjon av Sparebanken Hardanger Utne, 28. februar 2007

2 Innhald Sparebanken Hardanger i korte trekk Forretningsidés. 3 Mål for drifta og strategiars. 4 Geografisk forankrings. 7 Sparebank1s. 8 Årsrekneskapen 2006 Hovudtrekk for årets. 10 Resultat og balanses. 11 Utvalde nøkkeltal med kommentarars. 15 Utsikter for komande års. 25 Annan informasjon Samarbeidspartnarars. 27 Kontaktinformasjons. 28

3 Forretningsidé Sparebanken Hardanger skal vera ein sjølvstendig og solid bank, bygd på tillit Sparebanken Hardanger skal ha sterk lokal forankring og medverka til å skapa livskraftige bygder i Hardanger Sparebanken Hardanger skal vera ein profesjonell fullservicebank for privatfolk, næringsliv og kommunar. Bankhandverket skal vera av høg kvalitet Sparebanken Hardanger skal vera enkel å bruka for alle Sparebanken Hardanger skal ha konkurransedyktige produkt. Banken skal kjenneteiknast ved ærleg framferd, høg kompetanse og tenestevillege medarbeidarar

4 Mål for drifta Overordna mål Soliditet: -Kapitaldekninga skal vera minst 16% Finansiering: -Likviditetsrisikoen skal vera låg, ved at minst 95% av banken sine illikvide eignelutar til ei kvar tid er langsiktig finansiert Marknad: -I primærområdet skal banken vera den dominerande aktøren -I nærområdet skal banken bli kjent som eit naturleg alternativ både for private og næringsliv Personal: -Banken skal vera ein god arbeidsgjevar som tek vare på medarbeidarane -Lønnsnivået skal vera konkurransedyktig i distriktet banken tilhøyrer -Dei tilsette skal kunna påverka eigen løn gjennom aktiv innsats, utdanning og fagleg utvikling

5 Mål for drifta Mål for økonomisk resultat Årleg utlånsvekst skal vera mellom 6% og 12% Eigenkapitalavkastning etter skatt (eks goodwillavskrivingar) skal vera minst 5 prosenteiningar høgare enn langsiktig statsrente Kostnadsprosenten (eks kursvinstar og goodwillavskrivingar) skal ikkje vera høgare enn 50% når det norske kortsiktige rentenivået er på eit normalnivå Innskotsveksten i kroner skal minst utgjera 50% av kroneveksten i utlån

6 Overordna strategiar for å oppnå mål Personmarknad: -Aktiv satsing på nye og gamle kundar i primær- og nærområdet. -Fjernkundar er velkomne Næringslivsmarknaden: -Aktiv satsing på nye og gamle kundar i primær- og nærområdet Distribusjonskanalar: -Godt utbygd kontornett i satsingsområdet -Telefon og nettbank -Prising skal avspegla distribusjonskostnad Kostnadseffektivisering: -Driftskostnader må tilpassast mål om økonomisk avkastning og omsynet til forsvarleg vekst -Kostnadsrett prising skal påverka kundane til rimelege distribusjonskanalar Kompetanse: -Riktig og framtidsretta kompetanse skal sikrast gjennom vidareutdanning -Kompetanseutvikling både på bankprodukt og relevante teknologiske produkt

7 Geografisk forankring Sparebanken Hardanger har ei sterk lokal forankring: –Banken har til saman 8 kontor i Hardanger og på Voss –81 prosent av innskota og 60 prosent av utlåna er knytt til kundar i primær- og nærområdet –Det vert berre unntaksvis løyvd kreditt til næringslivskundar utanfor primær- og nærområdet Primærområdet omfattar kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Ullensvang og Ulvik Nærområdet Voss Odda Kvam

8 Sparebank1 Sparebanken Hardanger kjøpte i oktober /18 av aksjane i Samarbeidande Sparebanker AS, og vart med det indirekte medeigar i Sparebank 1 Gruppen AS og ein del av Sparebank 1 –alliansen. Banken kjem til å satsa hardt på sal av forsikrings- og spareprodukt frå dei ulike selskapa i Sparebank 1 Gruppen, og vonar gjennom denne satsinga å auka andre inntekter enn rentemarginen, som har vore under sterkt press dei siste åra. Banken vonar også å nyta godt av alliansesamarbeidet på andre område i åra som kjem, mellom anna når det gjeld stordriftsfordelar på teknologisida, marknadsføring og kompetanseutvikling.

9 Innhald Sparebanken Hardanger i korte trekk Forretningsidés. 3 Mål for drifta og strategiars. 4 Geografisk forankrings. 7 Sparebank1s. 8 Årsrekneskapen 2006 Hovudtrekk for årets. 10 Resultat og balanses. 11 Utvalde nøkkeltal med kommentarar Utlåns- og innskotsveksts. 15 Geografisk fordeling av utlån og innskots. 16 Utlån fordelt etter nærings. 18 Netto renteinntekters. 19 Resultatutvikling Kostnadsprosent s. 20 s. 22 Tapsutviklings. 23 Kapitaldeknings. 24 Utsikter for komande års. 25 Annan informasjon Andre samarbeidspartnarars. 27 Kontaktinformasjons. 28

10 Sparebanken Hardanger oppnådde eit resultat før skatt på 33,4 mill kr i 2006, som er ein auke på 11,9% frå året før. Rentenettoen auka med 2,2 mill kr, noko som skuldast vekst i forvaltningskapitalen. Sum andre driftsinntekter auka med 3,6 mill kr, medan sum driftskostnader auka med 2,3 mill kr. Inkludert i driftskostnadane er ei avsetjing på 2,5 mill kroner til omstrukturerings- kostnader i samband med føreståande skifte av teknologisk plattform. Det betyr at den ordinære drifta i 2006 vart litt billegare enn året før. Banken sine tap på utlån var også i 2006 svært låge, med ein bokført kostnad på 0,4 mill kroner. Dette utgjer 0,02% av brutto utlån. Moderat risiko i utlånsporteføljen, saman med det låge rentenivået, er med på å forklara dei låge tapa i Utlånsveksten i 2006 var på 6,3%, fordelt på 6,0% i personmarknaden og 7,0% i næringslivsmarknaden. Innskotsveksten var på 7,8%. Banken sin forvaltningskapital var ved utgangen av året mill kr, etter ein auke på 4,9% frå året før. Hovudtrekk, året 2006

11 Resultatrekneskap

12 Resultatrekneskap - % av GFK

13 Balanse - eignelutar

14 Balanse - gjeld og eigenkapital

15 Utlåns- og innskotsvekst Utlåns- og innskots- veksten i 2006 var høvesvis 6,3% og 7,8% Utlånsveksten er låg samanlikna med gjennomsnittet for norske bankar, men likevel innanfor banken si målsetjing. Sidan den prosentvise innskotsveksten var høgare enn utlånsveksten, auka innskotsdekninga frå 67% i 2005 til 68% i 2006

16 Geografisk fordeling av utlån Den geografiske fordelinga av utlån har halde seg rimeleg stabil dei siste åra Frå 2005 til 2006 har antal utlånskroner auka innanfor alle dei fire geografiske områda Samla brutto utlån auka frå mill kr i 2005 til mill kr i I heile perioden frå 2001 til 2006 har talet auka med mill kr Primærområde: Eidfjord, Granvin, Jondal, Ullensvang, Ulvik Nærområde: Kvam, Odda, Voss

17 Geografisk fordeling av innskot Over to tredjedelar av banken sine innskot kjem frå kundar i primærområdet, og den relative andelen vaks litt frå 2005 til Innskot frå Hordaland elles vart redusert med 53 mill kr frå 2005 til 2006 Samla innskot auka frå mill kr i 2005 til mill kr i I heile perioden frå 2001 til 2006 har talet auka med 769 mill kr. Primærområde: Eidfjord, Granvin, Jondal, Ullensvang, Ulvik Nærområde: Kvam, Odda, Voss

18 Brutto utlån fordelt etter næring Det har vore små endringar i utlåna si fordeling på næringar dei siste åra Den største veksten i kroner, dersom ein ser bort frå lønstakarar, finn ein i næringane "Bygg og anlegg" og "Eigedomsdrift". I gruppa "Jord/skog/ fiske/fangst" har det vore ein kronemessig nedgang frå 2005 til * Anna næringsdrift inkluderar varehandel/hotell/restaurant, transport og eigedoms-/forretningsdrift

19 Netto renteinntekter Rentenettoen har auka jamt dei siste åra, og enda på 63,3 mill kr i 2006 Målt i prosent av gjennomsnittleg forvaltnings-kapital (GFK) ser me likevel ein negativ trend som har halde fram i 2006 Hard konkurranse om kundane, som igjen fører til lågare marginar, er hovudgrunnen til dette Det låge rentenivået har og ført til lågare avkastning på banken sin rentefrie kapital

20 Utvikling inntekter, kostnader og resultat Det har vore ein rimeleg jamn auke i sum netto driftsinntekter dei siste åra Auken i sum driftskostnader frå 2002 til 2003 må ein sjå i samanheng med kjøpet av Fokus-filialane i Odda og på Lofthus (fleire tilsette, avskrivingar på goodwill) Tap på utlån har vore svært låge dei siste åra

21 Resultat og avkastning på EK Resultatet til banken er 3,5 mill kroner høgare i 2006 enn i 2005, og det har vore ein jamn auke dei siste fire åra Avkastninga på eigenkapitalen var i ,5% Samanlikna med mange andre bankar, har Sparebanken Hardanger høg eigenkapital i forhold til totalkapitalen

22 Kostnadsprosent Kostnadsprosenten er definert som sum driftskostnader dividert på sum driftsinntekter Kostnadsprosenten har vore svakt fallande dei siste tre åra Dersom ein ser bort frå kursvinstar og avskrivingar på goodwill, er kostnads-prosenten rimeleg stabil i heile perioden frå 2003 til 2006 Det låge rentenivået er med på å trekkja kostnadsprosenten opp

23 Tapsutvikling Banken hadde ein netto bokført tapskostnad på 0,4 mill kroner i 2006 Tapa fordeler seg med netto tap på 0,7 mill kroner i næringslivs- marknaden, og netto inngang på 0,3 mill kroner i privatmarknaden Banken sine tap har vore låge i heile perioden frå 2002 til 2006

24 Kapitaldekning Kapitaldekninga ved utgangen av 2006 var 17,34%, mot 16,94% året før Eigenkapitalen har auka jamt dei siste åra, frå 228 mill kr i 2002 til 318 mill kr i 2006 Reduksjonen i netto ansvarleg kapital frå 2002 til 2003 skuldast frådrag for goodwill på 23 mill kr etter kjøpet av Fokuskontora

25 Rentenivået vil truleg halda seg relativt lågt, men marknadsaktørane legg til grunn at dei korte pengemarknadsrentene vil stiga med 1 – 1,5 prosenteiningar i løpet av 2007 Det er heller ikkje i 2007 grunn til å venta serleg vekst i den lokale økonomien Netto renteinntekter i prosent av forvaltningskapital er venta å falla vidare Relativt låge renter gjer det lettare for kundane å betala låneterminane sine, slik at tap på utlån truleg vil halda seg låge, om ikkje like låge som i perioden frå 2004 til 2006 Rekneskapen vil også i 2007 verta belasta med goodwillavskrivingar etter kjøpet av Fokusavdelingane Utsikter for komande år Alt i alt reknar styret med stabil drift vidare, men grunna ekstra kostnader i samband med skifte av bankallianse kan ein venta eit noko svakare driftsresultat enn i 2006

26 Innhald Sparebanken Hardanger i korte trekk Forretningsidés. 3 Mål for drifta og strategiars. 4 Geografisk forankrings. 7 Sparebank1s. 8 Årsrekneskapen 2006 Hovudtrekk for årets. 10 Resultat og balanses. 11 Utvalde nøkkeltal med kommentarars. 15 Utsikter for komande års. 25 Annan informasjon Samarbeidspartnarars. 27 Kontaktinformasjons. 28

27 Samarbeidspartnarar Sparebanken Hardanger sine kjernesystem vert utvikla og drifta av Edb. Dette inkluderar reskontro-, rekneskap-, budsjett- og rapporteringssystem. Sparebanken Hardanger tilbyr, i tillegg til Odin, heile fondsspekteret til SKAGEN Fondene som spare- og plasseringsalternativ for kundane. Sparebanken Hardanger samarbeidar med VPS Investortjenester for å kunne gje eit tilbod til kundar som ynskjer direkte handel med verdipapir. Sparebanken Hardanger tilbyr forsikrings-, spare-, og plasseringsprodukt frå selskapa i Sparebank1 Gruppen. Desse selskapa er Sparebank1 Skadeforsikring, Sparebank1 Livs- og Fondsforsikring, Odin forvaltning og First Securities.

28 Kontaktinformasjon Internett: –Årsmeldingar og delårsrapportar i pdf-format finn ein på heimesida til banken E-post: Telefon sentralbord Kontaktpersonar: –Adm. banksjef Oddmund Teigland: Direkte telefon –Økonomisjef Greta Lothe Direkte telefon


Laste ned ppt "Årsrekneskapen 2006 Ein presentasjon av Sparebanken Hardanger Utne, 28. februar 2007."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google