Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Årsrekneskapen 2007 Ein presentasjon av Sparebanken Hardanger Utne, 27. februar 2008.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Årsrekneskapen 2007 Ein presentasjon av Sparebanken Hardanger Utne, 27. februar 2008."— Utskrift av presentasjonen:

1 Årsrekneskapen 2007 Ein presentasjon av Sparebanken Hardanger Utne, 27. februar 2008

2 Innhald Sparebanken Hardanger i korte trekk Forretningsidés. 3 Mål for drifta og strategiars. 4 Geografisk forankrings. 7 Sparebank1s. 8 Årsrekneskapen 2007 Hovudtrekk for årets. 10 Resultat og balanses. 11 Utvalde nøkkeltal med kommentarars. 15 Utsikter for komande års. 25 Annan informasjon Samarbeidspartnarars. 27 Kontaktinformasjons. 28

3 Forretningsidé Sparebanken Hardanger skal vera ein sjølvstendig og solid bank, bygd på tillit Sparebanken Hardanger skal ha sterk lokal forankring og medverka til å skapa livskraftige bygder i Hardanger Sparebanken Hardanger skal vera ein profesjonell fullservicebank for privatfolk, næringsliv og kommunar. Bankhandverket skal vera av høg kvalitet Sparebanken Hardanger skal vera enkel å bruka for alle Sparebanken Hardanger skal ha konkurransedyktige produkt. Banken skal kjenneteiknast ved ærleg framferd, høg kompetanse og tenestevillege medarbeidarar

4 Mål for drifta Overordna mål Soliditet: -Kapitaldekninga skal vera minst 16% Finansiering: -Likviditetsrisikoen skal vera låg, ved at minst 95% av banken sine illikvide eignelutar til ei kvar tid er langsiktig finansiert Marknad: -I primærområdet skal banken vera den dominerande aktøren -I nærområdet skal banken bli kjent som eit naturleg alternativ både for private og næringsliv Personal: -Banken skal vera ein god arbeidsgjevar som tek vare på medarbeidarane -Lønnsnivået skal vera konkurransedyktig i distriktet banken tilhøyrer -Dei tilsette skal kunna påverka eigen løn gjennom aktiv innsats, utdanning og fagleg utvikling

5 Mål for drifta Mål for økonomisk resultat Årleg utlånsvekst skal vera mellom 6% og 12% Eigenkapitalavkastning etter skatt (eks goodwillavskrivingar) skal vera minst 5 prosenteiningar høgare enn langsiktig statsrente Kostnadsprosenten (eks kursvinstar og goodwillavskrivingar) skal ikkje vera høgare enn 50% når det norske kortsiktige rentenivået er på eit normalnivå Innskotsveksten i kroner skal minst utgjera 50% av kroneveksten i utlån

6 Overordna strategiar for å oppnå mål Personmarknad: -Aktiv satsing på nye og gamle kundar i primær- og nærområdet. -Fjernkundar er velkomne Næringslivsmarknaden: -Aktiv satsing på nye og gamle kundar i primær- og nærområdet Distribusjonskanalar: -Godt utbygd kontornett i satsingsområdet -Telefon og nettbank -Prising skal avspegla distribusjonskostnad Kostnadseffektivisering: -Driftskostnader må tilpassast mål om økonomisk avkastning og omsynet til forsvarleg vekst -Kostnadsrett prising skal påverka kundane til rimelege distribusjonskanalar Kompetanse: -Riktig og framtidsretta kompetanse skal sikrast gjennom vidareutdanning -Kompetanseutvikling både på bankprodukt og relevante teknologiske produkt

7 Geografisk forankring Sparebanken Hardanger har ei sterk lokal forankring: –Banken har til saman 8 kontor i Hardanger og på Voss –79 prosent av innskota og 61 prosent av utlåna er knytt til kundar i primær- og nærområdet –Det vert berre unntaksvis løyvd kreditt til næringslivskundar utanfor primær- og nærområdet Primærområdet omfattar kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Ullensvang og Ulvik Nærområdet Voss Odda Kvam

8 Sparebank1 Sparebanken Hardanger kjøpte i oktober /18 av aksjane i Samarbeidande Sparebanker AS, og vart med det indirekte medeigar i Sparebank 1 Gruppen AS og ein del av Sparebank 1 –alliansen. Banken kjem til å satsa hardt på sal av forsikrings- og spareprodukt frå dei ulike selskapa i Sparebank 1 Gruppen, og vonar gjennom denne satsinga å auka andre inntekter enn rentemarginen, som har vore under sterkt press dei siste åra. Banken vonar også å nyta godt av alliansesamarbeidet på andre område i åra som kjem, mellom anna når det gjeld stordriftsfordelar på teknologisida, marknadsføring og kompetanseutvikling.

9 Innhald Sparebanken Hardanger i korte trekk Forretningsidés. 3 Mål for drifta og strategiars. 4 Geografisk forankrings. 7 Sparebank1s. 8 Årsrekneskapen 2007 Hovudtrekk for årets. 10 Resultat og balanses. 11 Utvalde nøkkeltal med kommentarar Utlåns- og innskotsveksts. 15 Geografisk fordeling av utlån og innskots. 16 Utlån fordelt etter nærings. 18 Netto renteinntekters. 19 Resultatutvikling Kostnadsprosent s. 20 s. 22 Tapsutviklings. 23 Kapitaldeknings. 24 Utsikter for komande års. 25 Annan informasjon Andre samarbeidspartnarars. 27 Kontaktinformasjons. 28

10 Sparebanken Hardanger oppn å dde eit resultat f ø r skatt p å 24,3 mill kr i 2007, som er ein nedgang p å 27,2% fr å å ret f ø r. Rentenettoen auka med 3,6 mill kr, noko som skuldast vekst i forvaltningskapitalen. Sum andre driftsinntekter minka med 2,9 mill kr, medan sum driftskostnader auka med 11,3 mill kr. Inkludert i driftskostnadane er eingongskostnader p å 4,4 mill kroner til datakonverteringsprosjektet i samband med skifte av teknologisk plattform. Det har i 2007 vore ein auke i talet p å å rsverk, noko som er med og forklarer auken i driftskostnader. Banken sine tap p å utl å n viser i 2007 ei bokf ø rt inntekt p å 1,8 mill kroner. Dette skuldast inntektsf ø ring av tidlegare bokf ø rte tap. Utl å nsveksten i 2007 var p å 14,9%, fordelt p å 10,8% i personmarknaden og 30,0% i n æ ringslivsmarknaden. Innskotsveksten var p å 12,2%. Banken sin forvaltningskapital var ved utgangen av å ret mill kr, etter ein auke p å 11,3% fr å å ret f ø r. Hovudtrekk, året 2007

11 Resultatrekneskap

12 Resultatrekneskap - % av GFK

13 Balanse - eignelutar

14 Balanse - gjeld og eigenkapital

15 Utlåns- og innskotsvekst Utlåns- og innskots-veksten i 2007 var høvesvis 14,9% og 12,2 % Utlånsveksten ligg over måltal vedteke av styret, men er om lag som gjennomsnittet for norske bankar. Innskotsveksten ligg litt under gjennomsnittet, men er innanfor styret sitt måltal.

16 Geografisk fordeling av utlån Den geografiske fordelinga av utlån har halde seg rimeleg stabil dei siste åra Frå 2006 til 2007 har antal utlånskroner auka innanfor alle dei fire geografiske områda Samla brutto utlån auka frå mill kr i 2006 til mill kr i 2007 I heile perioden frå 2003 til 2007 har utlån auka med 834 mill kr Primærområde: Eidfjord, Granvin, Jondal, Ullensvang, Ulvik Nærområde: Kvam, Odda, Voss

17 Geografisk fordeling av innskot Omlag to tredjedelar av banken sine innskot kjem frå kundar i primærområdet. Det er ein liten nedgang i den relative andelen frå 2006 til 2007 Frå 2006 til 2007 har antal innskotskroner auka innanfor alle dei fire geografiske områda Samla innskot auka frå mill kr i 2006 til mill kr i I heile perioden frå 2003 til 2007 har talet auka med 630 mill kr Primærområde: Eidfjord, Granvin, Jondal, Ullensvang, Ulvik Nærområde: Kvam, Odda, Voss

18 Brutto utlån fordelt etter næring Det har vore små endringar i utlåna si fordeling på næringar dei siste åra Det har frå 2006 til 2007 vore ein kronemessig vekst i utlån innanfor alle grupper av næringar Den største veksten i kroner, bortsett frå lønstakarar, finn ein i næringane "Bygg og anlegg", "Eigedomsdrift" og "Varehandel" * Anna næringsdrift inkluderar varehandel/hotell/restaurant, transport og eigedoms-/forretningsdrift

19 Netto renteinntekter Rentenettoen har auka jamt dei siste åra, og enda på 66,9 mill kr i 2007 Målt i prosent av gjennomsnittleg forvaltnings-kapital (GFK) ser me likevel ein negativ trend som har halde fram i 2007 Hard konkurranse om kundane, som igjen fører til lågare marginar, er hovudgrunnen til dette Det låge rentenivået har og ført til lågare avkastning på banken sin rentefrie kapital

20 Utvikling inntekter, kostnader og resultat Det har vore ein nokså jamn auke i sum netto driftsinntekter dei siste åra. Auken frå 2006 til 2007 har vore mindre enn åra føre Det har vore ein relativ stor auke i sum driftskostnader frå 2006 til Dette skuldast m.a. kostnader i samband med overgang til Sparebank 1 Alliansen, og auke i talet på tilsette Tap på utlån har vore svært låge dei siste åra

21 Resultat og avkastning på EK Resultatet til banken er 7,3 mill kroner lågare i 2007 enn i 2006 Avkastninga på eigenkapitalen var i ,6% Samanlikna med mange andre bankar, har Sparebanken Hardanger høg eigenkapital i forhold til totalkapitalen

22 Kostnadsprosent Kostnadsprosenten er definert som sum driftskostnader dividert på sum driftsinntekter Kostnadsprosenten var svakt fallande i perioden fram til 2006, men har vist ein vesentleg auke i 2007 Det låge rentenivået store delar av perioden er med på å trekkja kostnadsprosenten opp Store kostnader med konvertering, og auke i talet på tilsette er hovudårsakene til det høge kostnadsnivået i 2007

23 Tapsutvikling Banken hadde ein netto bokført inntekt relatert til tap på 1,8 mill kroner i 2007 Tapa fordeler seg med netto tap på 0,9 mill kroner i privatmarknaden, og netto inngang på 2,7 mill kroner i næringslivsmarknaden Banken sine tap har vore låge i heile perioden frå 2003 til 2007

24 Kapitaldekning Kapitaldekninga var ved utgangen av ,89%, mot 17,34% året før Eigenkapitalen har auka jamt dei siste åra, frå 245 mill kr i 2003 til 335 mill kr i 2007

25 Rentenivået vil truleg fortsetja å auka, men marknadsaktørane legg til grunn at dei korte pengemarknadsrentene har nådd toppen Det er heller ikkje i 2008 grunn til å venta serleg vekst i den lokale økonomien Netto renteinntekter i prosent av forvaltningskapital er venta å falla vidare Styret reknar med eit klart betre driftsresultat i 2008 enn i 2007, m.a. av di det meste av goodwillavskrivingane og ekstrakostnadene med datakonverteringa vil falla bort Banken reknar med at tapa vil bli små også i 2008, men er budd på at dei etter kvart vil stiga til eit normalnivå på ca 0,1%-0,2% av brutto utlån Utsikter for komande år Alt i alt reknar styret med stabil drift vidare, og eit klart betre driftsresultat i 2008 enn i 2007

26 Innhald Sparebanken Hardanger i korte trekk Forretningsidés. 3 Mål for drifta og strategiars. 4 Geografisk forankrings. 7 Sparebank1s. 8 Årsrekneskapen 2007 Hovudtrekk for årets. 10 Resultat og balanses. 11 Utvalde nøkkeltal med kommentarars. 15 Utsikter for komande års. 25 Annan informasjon Samarbeidspartnarars. 27 Kontaktinformasjons. 28

27 Samarbeidspartnarar Sparebanken Hardanger sine kjernesystem vert utvikla og drifta av Edb. Dette inkluderar reskontro-, rekneskap-, budsjett- og rapporteringssystem. Sparebanken Hardanger tilbyr, i tillegg til Odin, heile fondsspekteret til SKAGEN Fondene som spare- og plasseringsalternativ for kundane. Sparebanken Hardanger samarbeidar med VPS Investortjenester for å kunne gje eit tilbod til kundar som ynskjer direkte handel med verdipapir. Sparebanken Hardanger tilbyr forsikrings-, spare-, og plasseringsprodukt frå selskapa i Sparebank1 Gruppen. Desse selskapa er Sparebank1 Skadeforsikring, Sparebank1 Livs- og Fondsforsikring, Odin forvaltning og First Securities.

28 Kontaktinformasjon Internett: –Årsmeldingar og delårsrapportar i pdf-format finn ein på heimesida til banken E-post: Telefon sentralbord Kontaktpersonar: –Adm. banksjef Oddmund Teigland Direkte telefon –Ass. banksjef Anne Maria Langeland (Adm. banksjef frå ) Direkte telefon –Økonomisjef Greta Lothe Direkte telefon


Laste ned ppt "Årsrekneskapen 2007 Ein presentasjon av Sparebanken Hardanger Utne, 27. februar 2008."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google