Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Årsrekneskap 2003 Ein presentasjon av Sparebanken Hardanger Utne, 1. mars 2004.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Årsrekneskap 2003 Ein presentasjon av Sparebanken Hardanger Utne, 1. mars 2004."— Utskrift av presentasjonen:

1 Årsrekneskap 2003 Ein presentasjon av Sparebanken Hardanger Utne, 1. mars 2004

2 Sparebanken Hardanger i korte trekk –Forretningsidés. 3 –Mål for drifta og strategiars. 4 –Geografisk forankrings. 6 Årsrekneskapen 2003 –Hovudtrekk for året s. 8 –Resultat og balanses. 9 –Utvalde nøkkeltal med kommentarars. 11 –Forventningar for komande års. 22 Annan informasjon –Samarbeidspartnarar og leverandørars. 24 –Kontaktinformasjons. 25 Innhald

3 Forretningsidé Sparebanken Hardanger skal vera ein sjølvstendig og solid bank, bygd på tillit Sparebanken Hardanger skal ha sterk lokal forankring og medverka til å skapa livskraftige bygder i Hardanger Sparebanken Hardanger skal vera ein profesjonell fullservicebank for privatfolk, næringsliv og kommunar. Bankhandverket skal vera av høg kvalitet Sparebanken Hardanger skal vera enkel å bruka for alle Sparebanken Hardanger skal ha konkurransedyktige produkt. Banken skal kjenneteiknast ved ærleg framferd, høg kompetanse og tenestevillege medarbeidarar

4 Mål for drifta Overordna mål Soliditet: -Kapitaldekninga skal vera minst 16% Økonomisk avkastning: -Eigenkapitalavkastninga etter skatt skal vera minst tre prosenteiningar over langsiktig risikofri rente Finansiering: -Likviditetsrisikoen skal vera låg, ved at minst 90% av bankens illikvide eigenlutar til ei kvar tid er langsiktig finansiert Marknad: -I primærområdet skal banken vera den dominerande aktøren -I nærområdet skal banken bli kjent som eit naturleg alternativ både for private og næringsliv Personal: -Banken skal vera ein god arbeidsgjevar som tek vare på medarbeidarane -Lønnsnivået skal vera konkurransedyktig i distriktet banken tilhøyrer -Dei tilsette skal kunna påverka eigen løn gjennom aktiv innsats, utdanning og fagleg utvikling

5 Overordna strategiar for å oppnå mål Personmarknad: -Aktiv satsing på nye og gamle kundar i primær- og nærområdet. -Fjernkundar er velkomne Næringslivsmarknaden: -Aktiv satsing på nye og gamle kundar i primær- og nærområdet Distribusjonskanalar: -Godt utbygd kontornett i satsingsområdet -Telefon og nettbank -Prising skal avspegla distribusjonskostnad Vekst: -Vekst må tilpassast mål om langsiktig finansiering og økonomisk avkastning -Innskotsdekninga skal aukast Kostnadseffektivisering: -Driftskostnader må tilpassast mål om økonomisk avkastning og omsynet til forsvarleg vekst -Kostnadsrett prising skal påverka kundane til rimelege distribusjonskanalar Kompetanse: -Riktig og framtidsretta kompetanse skal sikrast gjennom vidareutdanning -Kompetanseutvikling både på bankprodukt og relevante teknologiske produkt

6 Geografisk forankring Primærområdet omfattar kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Ullensvang og Ulvik Nærområdet Voss Odda Kvam Sparebanken Hardanger har ei sterk lokal forankring: –Banken har kontor i alle kommunane som utgjer primær- og nærområdet, det vil seia alle Hardanger- kommunane og på Voss –80 prosent av innskota og 60 prosent av utlåna er knytt til kundar i primær- og nærområdet –Det vert berre unntaksvis løyvd kreditt til næringslivskundar utanfor primær- og nærområdet

7 Sparebanken Hardanger i korte trekk –Forretningsidés. 3 –Mål for drifta og strategiars. 4 –Geografisk forankrings. 6 Årsrekneskapen 2003 –Hovudtrekk for årets. 8 –Resultat og balanses. 9 –Utvalde nøkkeltal med kommentarar:s. 11 Utlåns- og innskotsveksts. 12 Geografisk fordeling av utlån og innskots. 13 Utlån fordelt etter nærings. 15 Netto renteinntekters. 16 Resultatutviklings. 17 Tapsutviklings. 19 Kapitaldeknings. 20 Betalingsformidlings. 21 –Forventningar for komande års. 22 Annan informasjon –Samarbeidspartnarar og leverandørars. 24 –Kontaktinformasjons. 25 Innhald

8 Sparebanken Hardanger oppnådde eit resultat på 25,0 mill kr i 2003, som er ein liten nedgang frå 26,8 mill kr i rekordåret 2002 Rentenettoen auka med 4,3 mill kr frå året før, medan sum andre driftsinntekter auka med 2,6 mill kr 27. april overtok Sparebanken Hardanger kontora til Fokus Bank ASA på Lofthus og i Odda. Gjennom denne overtakinga fekk banken tilført seks nye tilsette, ca nye kundar, 275 mill kr i lån og 165 mill kr i innskot. Rekneskapen for 2003 er belasta med 3,48 mill kr i avskrivingar på goodwill frå Fokuskjøpet, noko som saman med auka lønskostnader er med på å forklara veksten i sum driftskostnader på 9,2 mill i høve til Banken sine tap på utlån var også i 2003 svært låge (0,05 % av brutto utlån) Utlånsveksten i 2003 var på 27,7%, medan innskotsvekst var på 22,1%. Korrigert for Fokuskjøpet er utlånsveksten berekna til 8,7% og innskotsveksten til 5,6%. Banken sin forvaltningskapital var ved utgangen av året mill kr, etter ein auke på 28,5% frå året før. Den kraftige auken skuldast i stor grad overtakinga av Fokus-kontora. Hovudtrekk, året 2003

9 Resultatrekneskap

10 Balanse - eignelutar

11 Balanse - gjeld og eigenkapital

12 Utlåns- og innskotsvekst Innskots- og utlånsveksten i 2003 var høvesvis 22,1% og 27,7% Dersom ein korrigerar for oppkjøpet av Fokus sine filialar i Odda og Lofthus har banken hatt ein nedgang i både innskots- og utlånsveksten sidan i fjor Innskotsveksten er igjen lågare enn utlånsveksten, slik han har vore dei siste åra, dersom ein ser bort frå 2002

13 Geografisk fordeling av utlån Utlånsveksten i primærområdet har vore lågare enn elles i landet dei siste åra. Ei forklaring på dette kan vera tilbakegangen i folketalet i kommunane som utgjer primærområdet Den geografiske fordelinga har likevel stabilisert seg frå 2002 til 2003 Samla brutto utlån auka frå mill kr i 2002 til mill kr i I heile perioden frå 1998 til 2003 har talet auka med 986 mill kr. Primærområde: Eidfjord, Granvin, Jondal, Ullensvang, Ulvik Nærområde: Kvam, Odda, Voss

14 Geografisk fordeling av innskot Storparten av banken sine innskot kjem frå kundar i Primærområdet, sjølv om den relative andelen har vorte redusert dei siste åra Frå 2002 til 2003 har derimot innskotsveksten vore høgare i primærområdet enn elles i landet Samla innskot auka frå mill kr i 2002 til mill kr i I heile perioden frå 1998 til 2003 har talet auka med 504 mill kr. Primærområde: Eidfjord, Granvin, Jondal, Ullensvang, Ulvik Nærområde: Kvam, Odda, Voss

15 Brutto utlån fordelt etter næring Storparten av banken sine utlån er til lønstakarar Det har vore utlånsvekst i alle næringar dei siste åra, men veksten har vore størst for lønstakarar Ein viktig grunn til dette er at andelen fjernkundar har auka, og desse er berre unntaksvis næringsdrivande * Anna næringsdrift inkluderar varehandel/hotell/restaurant, transport og eigedoms-/forretningsdrift

16 Netto renteinntekter Rentenettoen har auka jamt dei siste åra, og enda på over 58 mill kr i 2003 Målt i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK) ser me likevel ein negativ trend som forsterka seg i 2003 Hard konkurranse om kundane, som igjen fører til lågare marginar, kan vera ein grunn til dette Det låge rentenivået har og ført til lågare avkastning på banken sin rentefrie kapital

17 Utvikling inntekter, kostnader og resultat Det har vore ein jamn auke i sum netto driftsinntekter dei siste åra Auken i sum driftskostnader frå 2002 til 2003 må ein sjå i samanheng med kjøpet av Fokus-filialane: –Seks nye tilsette –3,5 mill kr i avskrivingar på goodwill Tap på utlån er igjen låge. I 2003 utgjorde dei 0,05% av brutto utlån (mot 0,09% i 2002)

18 Resultat og avkastning på EK Resultatet til banken er noko lågare i 2003 enn i rekordåret 2002 Avkastning på eigenkapitalen varierar i takt med resultatet Samanlikna med andre bankar, har Sparebanken Hardanger høg eigenkapital i forhold til totalkapitalen

19 Tapsutvikling Netto tap på lån og garantiar er svært låge, med i overkant av 1 mill kr i 2003 Banken bokførte 4,7 mill kr i nye tap i 2003, og auka avsetjingar til uspesifiserte tap til 3,0 mill kr 6,2 mill kr av tidlegare spesifiserte avsetjingar er tilbakeført, og 0,5 mill kr av tidlegare konstaterte tap er inngått Dei store tapa i 1999 skuldast i hovudsak eit enkelt kredittengasjement

20 Kapitaldekning Kapitaldekninga ved utgangen av 2003 var 16,92%, mot 21,86% året før Eigenkapitalen har auka jamt dei siste åra, frå 180 mill kr i 1999 til 245 mill kr i 2003 Reduksjonen i netto ansvarleg kapital frå 2002 til 2003 skuldast frådrag for goodwill på 23 mill kr etter kjøpet av Fokuskontora Reduksjonen i netto ansvarleg kapital, saman med auka sum eignelutar, forklarar den reduserte kapitaldekninga frå 2002 til 2003

21 Betalingsformidling Betalingsformidling krev store ressursar for banken Gjennom målretta bruk av prismekansimen har kundane vorte påverka til å velja billege løysingar Dette har gjeve gode resultat, og i desember 2003 utgjorde elektroniske girooverføringar 67% av samla tal giroar. Det tilsvarande talet var 59% på same tid i 2002

22 Rentenivået vil sannsynlegvis halda seg lågt, med moglegheit for ein viss stigning mot slutten av året Det er heller ikkje i 2004 grunn til å venta serleg vekst i den lokale økonomien Netto renteinntekter i prosent av forvaltningskapital vil verta redusert ytterlegare Låge renter gjer det lettare for kundane å betala låneterminane sine, slik at tap på utlån truleg vil halda seg låge Rekneskapen vil også i 2004 verta belasta med goodwill-avskrivingar etter kjøpet av Fokus-avdelingane Utsikter for komande år Alt i alt reknar styret med stabil drift vidare, men med moglegheit for eit noko svakare driftsresultat i 2004

23 Sparebanken Hardanger i korte trekk –Forretningsidés. 3 –Mål for drifta og strategiars. 4 –Geografisk forankrings. 6 Årsrekneskapen 2003 –Hovudtrekk for året s. 8 –Resultat og balanses. 9 –Utvalde nøkkeltal med kommentarars. 11 –Forventningar for komande års. 21 Annan informasjon –Samarbeidspartnarar og leverandørars. 24 –Kontaktinformasjons. 25 Innhald

24 Samarbeidspartnarar Gjennom grupperinga samarbeidande sparebankar har Sparebanken Hardanger, saman med 15 andre lokale og regionale sparebankar, inngått ein samarbeidsavtale med DnBNOR. Avtalen omfattar IT, produktutvikling, elektroniske distribusjonskanalar, kort, innkjøp og engrostenester. Formålet med avtalen er å tilføra alle partar stordriftsfordelar og kostnadsinnsparingar. Marknadsmessig samarbeid er ikkje inkludert i avtalen. Sparebanken Hardanger sine kjernesystem vert utvikla og drifta av Edb. Dette inkluderar reskontro-, rekneskap-, budsjett- og rapporteringssystem. Sparebanken Hardanger brukar GjensidigeNOR Forsikring som leverandør av forsikringsprodukt. Forsikringsprodukta banken sel er avgrensa til barne- og ungdomsforsikring, gjeldsforsikring og kontoforsikring. Sparebanken Hardanger tilbyr heile fondsspekteret til Avanse som eit spare- og plasseringsalternativ for kundane. Sparebenken Hardanger samarbeider med VPS Investortjenester for å kunne gje eit tilbod til kundar som ynskjer direkte handel med verdipapir.

25 Kontaktinformasjon Internett: –Årsmeldingar og delårsrapportar i pdf-format finn ein på heimesida til banken E-post: Telefon sentralbord Kontaktpersonar: –Adm. banksjef Oddmund Teigland: Direkte telefon –Økonomisjef Caroline Jondahl Direkte telefon


Laste ned ppt "Årsrekneskap 2003 Ein presentasjon av Sparebanken Hardanger Utne, 1. mars 2004."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google