Tema: Internasjonalt seminar Stad/dato:Fylkeshuset, Namn: (Stein) Runar Bergheim
Innhald Bakgrunn for prosjektet Etablering av partnarskap Prosjektinnhald Prosjektaktivitetar Resultat og vidareføring Lærdom frå Enable og ROADS
Bakgrunn for prosjektet Vart informert om Enable ”programmet” av Vestlandsforsking og Fylkeskommunen Næra botnlaus skepsis til moglegheitene for å finne nyttige prosjekt på kryss av samarbeidsregionane Idémyldring med to lokale einskildpersonføretak RKIT og SITLAS om mogleg felles framstøyt Prosjektidé: Sjå nærare på moglegheitene for å utnytte sanntids sensordata, saman med digitale kart, innan område som trafikkflyt/logistikk, turisme/reiseliv og vegvedlikehald ! ? ?
Etablering av partnarskap Enablesekretariatet ville bistå med å identifisere samarbeidspartnarar i dei andre regionane, men dette synte seg å vere vanskeleg Enda opp med å ”Google” etter ”gis sensors Kärnten Austria” og ”gis sensors Erfurt Deutschland”, og fann då Carinthia Tech Institute Klarte ikkje å finne høveleg prosjektpartner i Tyskland Eg ringde opp Geoinformatikkavdelinga ved Carinthia Tech Institute og framførte bodskapen to veker før fyrste søknadsfrist
...framhald... Menard hjå CTI trudde at vi var fullstendig frå vitet, og torde ikkje vere med på noko prosjektsøknad til fyrste runde Men… til andre runde var Menard blitt varm i trøya, og den tyske delen av Enablesekretariatet hadde føreslege ESW Thüringen som samarbeidspart i i Tyskland Ein kostnadsmessig nøktern kick-off vart gjennomført som telefonkonferanse på haltande Tysk/Engelsk i januar 2006 Eit svært gamalt bilete av Christian Menard som eg kopierte då eg stal førarkortet hans
Prosjektaktivitetar Workshop om sensorinfrastruktur og sensorteknologiar i Klagenfurt, april 2007 Workshop om bruksområde for sensorapplikasjonar i Sogn, september 2007 ”Weinachtsworkshop” – Juleverkstad – med seminar for eksterne partar i Erfurt, desember 2007
Prosjektinnhald Vedlikehaldstilstand og opplevingskvalitet i Thüringerskogen (m.a. Rennsteig) Folk med mobiltelefon og GPS som ”sensorar” Trafikkflyt i vegnettet i Klagenfurt for planleggings og opplysingsføremål Utprøving av automatisk logging og sanntidsanalyse av trafikkparameter ved hjelp mobile sensorar Overvakings- og åtgjerdsstøtte for vintervedlikehald av vegar på Vestlandet Sanntidsintegrasjon av data frå 60 sensorstasjonar i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland Peter Moos loggar opplevingskvalitet ein særs utriveleg dag på Rennsteig, nær Oberhof
Workshop om sensorinfrastruktur og sensorteknologiar 197 cm
...framhald...
Workshop om bruksområde for sensorapplikasjonar
...framhald...
”Weinachtsworkshop” og politikarseminar i Erfurt
...framhald...
Resultat og vidareføring Utvida kontaktnett og ny kompetanse for alle partar Operasjonelle løysingar som køyrer i alle regionane White-papers og rapportar frå dei ulike workshop’ane har danna grunnlag for nye prosjekt i ettertid Overvakar moglegheiter for nye samarbeidsprosjekt under andre program og har jamnleg kontakt..og ikkje minst: nye vener!
sensor station Sensor station locations >= 55
Wind speed & direction Air temp Road temperature Humidity Sensor station Communication device Ground radiation Rain fall* * = not on photo Photo* Surface condition Surface water salinity
Lærdom frå Enable og ROADS Viktig å kjenne til ”program” så tidleg som mogleg Nyttig å ha eit overordna nettverk til andre regionar som kan formidle kontakt mellom relevante samarbeidspartnarar basert på prosjektidéar Det går an å få til utruleg mykje nyttig utav noko vi i utgangspunktet hadde lite tru på Det er ikkje vanskeleg å skjøne korleis byråkratiet oppstod: overdimensjonert rapporteringssystem – meir slik det ofte er i større prosjekt Viktig å vere fleksibel, pragmatisk og tilpassningsdyktig - i dette tilfellet kunne vi ikkje nytte eksisterande kontaktane våre Ei utfordring å finne ut korleis ein kan gjere gode vener til god butikk Sogn og Fjordane, sett under eitt, har ein brukeleg CV når det kjem til deltaking i internasjonale prosjekt
Spørsmål? Stein Runar Bergheim