Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Aktivitetsnivå, saker og kommunikasjon

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Aktivitetsnivå, saker og kommunikasjon"— Utskrift av presentasjonen:

1 Aktivitetsnivå, saker og kommunikasjon
Klubbarbeidet Aktivitetsnivå, saker og kommunikasjon

2 Kven utgjer klubben på ein arbeidsplass?
Frå vedtektene § 69, Klubbar i Utdanningsforbundet § 69.1: Utdanningsforbundet sine medlemmer på ein arbeidsplass utgjer ein klubb. Der det er ønskeleg eller mogeleg, kan to eller fleire arbeidsplassar utgjere ein klubb. § 69.3: Der forholda ligg til rette for det, og i alle klubbar med minst 10 medlemmer, skal det til vanleg veljast eit klubbstyre, som blir leia av den tillitsvalde. Alle i klubben er ansvarlege for å «få mer fart på klubbarbeidet», ikkje berre den som er klubbleiar! Men: Klubbleiar kan med enkle grep medverke til at klubben blir eit viktig forum for klubbmedlemmene. I denne økta skal vi sjå på kva ATV kan gjere i ein startfase for å skape meir medvit blant alle medlemmene rundt klubbarbeidet. Om § 69.1: NB! Husk at alle medlemmer på arbeidsplassen er medlemmer i klubben, også leiar(ar). Snakk med leiar om korleis leiar si tilknyting til klubben kan ivaretakast. Dette er eit naturleg tema på eit tidleg drøftingsmøte. Det er viktig at klubbleiar og leiar på arbeidsplass har ei felles forståing av korleis forholdet mellom leiar og klubb skal handterast. I vedtektene § 71 står det: 71.1: Alle medlemmer i klubben har rett til å delta på klubbmøte 71.2: Medlemmer i stilling som representant for arbeidsgivar er med i klubben, unntatt i behandling av saker som er førebuing til møte etter medbestemmingsdelen i hovudavtalane. Dette betyr at leiar ikkje skal delta på handsaming av klubbsaker som også er tema i drøftingsmøte på arbeidsplassen. Om § 69.3: Klubbstyre: Etabler eit klubbstyre om det er mogleg. Gjerne med styremedlemmer frå ulike avdelingar/trinn. Klubbstyremedlemmene kan vere eit bindeledd mellom deg som klubbleiar og medlemmene. Med klubbstyret kan du diskutere saker før handsaming i klubben. De kan saman presentere diverse problemstillingar for klubben. ATV-ar på arbeidsplassar med klubbstyre opplever dette som nyttig. Eit klubbstyre er ein svært nyttig samarbeidsarena for ein klubb. Det kan vere vanskeleg å etablere eit styre på små arbeidsplassar, men i større klubbar (for eksempel 10 medlemmer eller fleire), er det å tilråde. Med eit klubbstyre kan oppgåver fordelast. Om du ikkje har eit klubbstyre bør oppgåvefordeling diskuterast i klubben. (Eks.: Kven skriv referat frå klubbmøte, kven kan ta ansvar for sosiale tiltak/enkel servering på klubbmøte, og så vidare). Gjere klubbmedlemmene ansvarlege så du ikkje «blir klubben». Diskuter med klubben kva medlemmene vil klubben skal vere. Tilrår alle å gjere noko anna enn å berre ha møte. For eksempel ei sosial samkome ein gong i året, og på enkelte klubbmøte gjerne litt enkel servering. Høyr med lokallaget kva dei eventuelt dekker av utgifter. (Andre paragrafar i §69 Klubbar i Utdanningsforbundet som ikkje er skrive på lysbildet: § 69.2: Namnet på klubben er normalt Utdanningsforbundet [namn på arbeidsplassen]. § 69.4: Strukturen og verksemda til klubben er fastsette i vedtektene og i retningslinjer vedtekne av sentralstyret.

3 Kva er eit rimeleg aktivitetsnivå i ein klubb?
Ingen fasit – nokon periodar er travle, andre periodar rolegare Tommelfingerregel: Sjå klubbmøta i samanheng med drøftingsmøta med leiar Ein bør minimum ha eit møte annankvar månad Snakkeemne til kvart punkt: INGEN FASIT: Ikkje lurt å låse seg fast i ein møtefrekvens. Klubbmøte må gjennomførast ved behov. Ein måte å gjere dette på er å sette opp eit årshjul med for eksempel faste saker. Det som er viktig, er at dette vert diskutert på første klubbmøte. Kva vil klubbmedlemmene med klubben? Eksempel på travle periodar er for eksempel ved tariffoppgjer, ei lokal sak som treff medlemmene i vesentleg grad (for eksempel prosessar med lokal arbeidstidsavtale i skuleverket). SJÅ KLUBBMØTE I SAMMENHENG MED DRØFTINGSMØTE MED REKTOR Det er lurt å ha klubbmøte før og/eller rett etter drøftingsmøte med leiar. Du får då eit best mogleg mandat frå klubben, som du saman med leiar kan arbeide ut frå. Som tillitsvald representerer du medlemmene på arbeidsplassen din. Då er det alltid viktig å vite kva klubben heilt konkret meiner om det som er tema i drøftingsmøte. Samtidig vert det tilrådd å ha møte etter drøftingsmøte dersom det er noko som må avklarast med klubben. EIN BØR MINIMUM HA EIT MØTE ANNANKVAR MÅNAD Nokre stadar vil det vere naturleg å gjennomføre klubbmøte oftare. Dette er avhengig av fleire faktorar, som for eksempel kor lett det er å kalle saman klubben til møte? Nokre arbeidsplassar har klubbar fordelt på fleire hus, andre klubbar må legge møta til etter arbeidstid og så vidare. Arbeidsplassane er svært ulike. Det viktigaste er å planlegge (ref. årshjulet). Hugs: Aktivitetsnivået i klubben vert ikkje berre bestemt av klubbmøte. Erfaringar viser at arbeidsplasstillitsvalde har god erfaring med å arrangere andre aktivitetar enn berre møte for klubben, f eks ei sosial samkome. Diskuter med klubben, eventuelt klubbstyret. Planlegg ut frå medlemmene sine behov.

4 Kva saker tek vi opp i klubben?
Kva skal klubben vere? Prosessar rundt lokal arbeidstidsavtale Profesjonsfaglege spørsmål Arbeidsmiljø Barnehagedagen Tilsettingsprosessar Rutinar ved ekskursjonar og leirskuleopphald Saker frå drøftingsmøte med leiar Informasjon frå forbundet Tariffoppgjer Først: Denne lista viser eksempel på saker ein kan diskutere i klubben. Den må tilpassast til type arbeidsplass. De treng IKKJE å gå gjennom alle punkta i oversikten, men de kan gje eksempel på nokre av dei. KVA SKAL KLUBBEN VERE? Dette bør du ta med klubben så tidleg som mogleg. Klubben er ein møteplass for ALLE medlemmene på arbeidsplassen. Kva vil medlemmene med klubben? Medlemmene bør spele inn saker til handsaming på klubbmøte. Viktig å gjere medlemmene ansvarlege. Sjølv om du er klubbleiar er det alle medlemmene sitt ansvar at klubben fungerer på eigen arbeidsplass. På bakgrunn av det er det også viktig at det ikkje berre blir du som skal finne på saker til klubbmøta. Gjer klubben til noko meir enn ein møtearena. Ei sosial samkome ein gong i året ein annan stad enn på arbeidsplassen, kan tilrådast. Av og til kan du servere noko enkelt (pizza, frukt, fingermat, sjokolade, kjeks etc). Snakk med lokallaget ditt om det er ordningar der dei støttar klubbar økonomisk. PROSESS RUNDT LOKAL ARBEIDSTIDSAVTALE Skule. Viktig å førebu seg på dette tidleg slik at klubben kan bli ein aktiv premissleverandør i heile prosessen, i staden for å vere på etterskot og i større grad vere prisgjeven motparten. PROFESJONSFAGLEGE SPØRSMÅL Diskuter profesjonsfaglege saker med klubben. Bruk eigen arbeidsplass som kjelde, evt Utdanningsforbundet sine nettsider og andre nettadresser. ARBEIDSMILJØ Korleis trivst medlemmene på jobb? Kva kan klubben foreslå av trivselsfremmande tiltak? Vere aktiv når det gjeld planlegging og oppfølging av medarbeidarundersøking/trivselsundersøking BARNEHAGEDAGEN Noko klubben kan bidra med? Vere pådrivar for at barnehagen markerer dagen. TILSETTINGSPROSESSAR Kartlegging av eksisterande kompetanse, behov for ny kompetanse, utlysing av ledige stillingar, vidare prosessar. Dette bør vere tema i klubbmøte når det skal tilsettast arbeidskraft. Viktig å starte dette arbeidet i god tid slik at ein ikkje kjem på etterskot; eller startar for seint til at ein kan bli ein drøftingspart. RUTINAR VED EKSKURSJONAR – LEIRSKULEOPPHALD Løn til medlemmer som dreg på tur. Andre relevante forhold, som f eks tryggleik – fagleg opplegg etc. SAKER FRÅ DRØFTINGSMØTE MED LEIAR Orienter klubben din om møte du har med leiar. Bruk også klubben til å førebu deg til drøftingsmøte. Be om argument og innspel på saker du veit vil komme. Diskuter gjerne strategi i ulike saker. INFORMASJON FRÅ FORBUNDET Utdanningsforbundet sender ut mykje informasjon. Kva er relevant for medlemmene på din arbeidsplass? TARIFFOPPGJER I perioden for tariffoppgjera er det svært viktig å halde tett kontakt med klubben og halde klubbmøte ofte. Hugs også å starte tidleg med klubbarbeidet når det gjeld tariffspørsmål. Gje respons på tariffhøyringar som forbundet sender ut. Sørg for at din klubb er med og set farge på det som kjem frå medlemsnivået! VIKARORDNING Korleis meiner klubben at arbeidsplassen skal dekke opp for planlagt og uventa fråvær? Finansiering BUDSJETTARBEID OG REKNESKAP Som arbeidsplasstillitsvald er dette saker du skal drøfte med arbeidsgjevar. Få innspel frå klubben!! TIPS: Systematiser klubbarbeidet. Mange har gode erfaringar med å lage årshjul for aktivitetane i klubben. Sjå lenka til årshjul for klubbarbeid som Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane har laga. (lenke manglar) KAN OGSÅ NEMNE: Bemanningsplanar –ferieplanar Innkjøp Anna Vikarordning Budsjett og rekneskap

5 Gjennomføring av klubbmøte
Følg ei saksliste! Då vil det vere lettare å få nyttige innspel frå medlemmene Send ut innkalling med saksliste til medlemmene i god tid før kvart møte Det er viktig med systematikk rundt klubbmøte for å fange opp relevante saker frå medlemmene, i staden for at klubbmøte blir eit forum der enkeltmedlemmer kan ta ut frustrasjonen sin på den tillitsvalde. Av og til kan slike frustrasjonar vere nyttige, men om det er det som pregar klubbkulturen, vil det vere vanskeleg å gjere ein god jobb som klubbleiar. EKSEMPEL SAKSLISTE: Saker frå drøftingsmøte med leiar: Gå gjennom innkallingar og referat frå drøftingsmøta som er gjennomførte sidan førre klubbmøte. Kva skal du informere klubben om? Har du saker du vil ta opp i framtidige drøftingsmøte, og som du vil ha klubben sine synspunkt på? Har klubben saker dei vil skal takast opp i drøftingsmøta? Saker frå driftsstyret: Dette punktet er aktuelt for private verksemder. Ofte er saker oppe i fleire organ. Kva har for eksempel skjedd med saker i drøftingsmøte som også har vore handsama i driftsstyret? Saker frå organisasjonen: Informer om kva som skjer på lokallagsnivået. For kommunale verksemder: Skjer det noko aktuelt i kommunen som vil ha konsekvens for medlemmene sin arbeidsdag? Nytt frå fylkeslaget? Nytt frå sentralplan? Utdanningsforbundet ynskjer ofte respons på ulike saker gjennom heile året. Eventuelt: Dette bør alltid være eit fast punkt. Viktig å ha tid til det på møtet. Oppmod medlemmene til å melde saker til eventuelt på førehand.

6 Kommunikasjon mellom klubbmøta?
Snakk med medlemmene! E-post Oppslagstavle Materiell frå forbundet Snakkeemne til kvart punkt: SNAKK MED MEDLEMMENE: Både enkeltmedlemmer og grupper. Hald deg informert om kva som er viktig for medlemmene til ei kvar tid. Dette er det viktigaste verktøyet ditt for å halde deg orientert. Det fører også til at medlemmene vil oppleve deg som ein nysgjerrig og aktiv klubbleiar som «ser» medlemmene. NB! Snakk også med dei som ikkje er medlemmer. Fortel om organisasjonen og kvifor dei bør melde seg inn. E-POST: Lag ei e-postgruppe med alle medlemmene i. Send dei relevant informasjon om arbeidsplassen som dei treng å vite om. Vidaresend også relevant informasjon frå lokallaget. Ver selektiv i kva og kor mykje du sender til medlemmene på e-post. Sender du dei for mykje, kan det hende at det ikkje blir lese. Ver bevisst på dette. E-post er også viktig for kommunikasjon med medlemmen. Her kan dei sende deg forslag til tema på klubbmøte eller andre ting som bør formulerast skriftleg. Vanskelege saker frå enkeltmedlemmer bør du be om å få konkretisert i ein e-post. OPPSLAGSTAVLE Kvar klubb må ha si eiga oppslagstavle på ein eigna stad på arbeidsplassen. Her heng du opp informasjon frå organisasjonen, kunngjeringar til årsmøte i lokallaget, påminning om neste klubbmøte, invitasjon til eventuelle sosiale samkomer i klubben, og så vidare. Det er du og klubben som bestemmer korleis oppslagstavla skal brukast. MATERIELL FRÅ FORBUNDET Forbundsnytt, Utdanning, publikasjonar, rapportar, etc. Utdanningsforbundet gjev ut mykje, dette bør vere tilgjengeleg der medlemmene ferdast på arbeidsplassen.


Laste ned ppt "Aktivitetsnivå, saker og kommunikasjon"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google