Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

FORELDREKONTAKT MØTE 25.08.2016 1. 2 3 ENGASJEMENT - kan ikkje velje det vekk, med du kan velje grad Mitt barn – følje opp lekse, interessere seg for.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "FORELDREKONTAKT MØTE 25.08.2016 1. 2 3 ENGASJEMENT - kan ikkje velje det vekk, med du kan velje grad Mitt barn – følje opp lekse, interessere seg for."— Utskrift av presentasjonen:

1 FORELDREKONTAKT MØTE 25.08.2016 1

2 2

3 3 ENGASJEMENT - kan ikkje velje det vekk, med du kan velje grad Mitt barn – følje opp lekse, interessere seg for korleis dei har det på skulen, delta på foreldremøte og sosialt i klassen. Foreldrekontakt – du vil engasjere deg litt meir enn i bare ditt barn, men i heile gruppa /klassen. Du bidra til skape positive relasjonar mellom elevane og dei rundt dei (foreldre og lærarar), arbeider for at alle i klassen skal ha det greitt og ha gode opplevingar saman. FAU-representant – graden av engasjement auka, du tenkjer ikkje bare trivsel på klassenivå, men for heile skulen og er i enda større grad eit talerør for foreldra. Du har innflytelse gjennom arbeid og drøftingar i eit formelt organ som rektor må forholda seg til. Graden av engasjementet kan ein utvide vidare til leder av FAU, delta i KFU eller å sitte i driftstyret.

4 4 Å VERA FORELDREKONTAKT Foreldrekontaktfunksjonen er viktig. Foreldrekontaktane arbeider på gruppe-/klassenivået i skulen, og det er der grunnlaget for samarbeid mellom hei­men og skulen blir lagt. Foreldrekontakten er bindeledd mellom foreldra/klassen og skulen, og mellom foreldra/klassen og FAU. Foreldrekontakten skal samarbeide med kontaktlæraren og dei andre læra­rane om å skape eit godt miljø der elevane trivst, og der det er gode føresetnader for læring. Samarbeide med lærarane om å planleggje/gjennomføre foreldremøte. Lage eit årshjul saman med lærarane, som blant anna skal innehalde ein plan for det sosiale arbeidet i klassen som foreldra skal bidra med.

5 5 VENNEGRUPPER FAU har bestemt at me på Tu skule skal ha vennegrupper i 1.-3. klasse. På dei eldre trinna er det kontaktlærarar og klassekontaktane som saman bestemmer om ein skal ha vennegrupper i klassen. Har ein ikkje vennegrupper, så bør det settes opp eit godt sosialt tilbod for klassen gjennom fleire andre felles og inkluderande aktivitetar som byggjer opp om det sosiale og trivselen i klassen. Ulike måtar å gjere dette på om ein ønskje å ha vennegrupper på 4.-7.trinn

6 6 Nye elevar på skulen? Foreldrekontakt tek kontakt med heimen. Skulen sender/ringer om telefonnr. til foreldrekontakt Ønskjer velkommen. Seier litt om nærmiljø og presenterer seg. Ta kontakt på foreldremøte i haust. Lågterskel

7 7 FAU Består av ein representant frå kvart trinn og SFO, rektor deltek med informasjon og saker frå skulen Har møte den fyrste tysdagen i kvar månad, og meld gjerne inn saker til oss via FAU- representant på trinnet. Fint om FAU-representanten i kvar klasse kan informere foreldra på foreldremøtet om sitt verv og at dei kan ta kontakt om dei har synspunkt/saker som dei tenkjer kan angå og ha verdi for mange elevar/foreldre ….og derfor bør tas vidare til FAU. Meir info om FAU kan de lesa i foreldrekontaktpermen, FAU på skulen si heimeside og www.fug.no ….eller ta kontakt med leiar av FAU www.fug.no

8 8 Foreldrerådet/årsmøte i februar. Alle foreldre er medlem av foreldrerådet. Foreldrerådet har eit arbeidsutval – FAU - som er samansett av ein representant frå kvart trinn. Desse medlemma vert valde for to år om gongen. Foreldrerådet arbeider for å byggja opp samhaldet mellom heim og skule/barnehage, legg tilhøva til rette slik at borna kan trivast og utvikla seg og skapa god kontakt mellom skulen/barnehagen og lokalsamfunnet.

9 9 Teieplikt i skulen Teieplikta gjeld i skulesamanheng personlege forhold og omfattar opplysningar både om elevar, foreldra, personalet på skulen og heimeforholda deira. Opplæringslova § 15-1 slår fast at forvaltingslova § 13-13e om teieplikt gjeld for skulen og for alle som kjem i kontakt med opplysningar i samband med arbeid eller teneste. Teieplikta gjeld både for dei tilsette i skulen og for medlemmer av utval og råd, som samarbeidsutvalet og FAU. Teieplikta gjeld ikkje dersom det er foreldra og ikkje skulen som er arrangør… I utgangspunktet skal ikkje FAU ta opp saker som er teiepliktige, men dersom dei får denne typen informasjon, er det viktig at dei ikkje bringar han vidare.

10 10 Hovudutvalet i Klepp har bestemt at me skal bli betre på heim – skule samarbeid

11 9 punkt for utvikling av samhandling med heimane. Dette arbeida ein med i førre skuleår. Tek det vidare inn i 2016/2017 – auka engasjement på mobbing 1. Kvar skule gjennomfører skuleåret 2015/2016 tiltak for å betra skulen sine resultat i foreldreundersøkinga. Rektor sikrar saman med FAU-leiar at både foreldre og tilsette blir involverte. 2. Kvar skule skal tilby foreldrekurs i oppfølging av lekser og læring. 11

12 12 3. Kvar skule skal sikra at alle foreldre får opplæring i bruk av It`s learning. 4. Kommunalsjefen tek initiativ for, saman med flyktningetenesta/språkstasjonen/rettleiar i fleirkulturelt arbeid, å utforma og prøva ut opplegg for foreldresamarbeid med foreldre som ikkje snakkar norsk.

13 13 5. Kommunalsjefen tek initiativ slik at minst to skular prøver ut opplegg for heimebasert foreldresamarbeid med grupper som vanlegvis ikkje kjem på foreldremøta. 6. FAU som ber om det, får tilbod om opplæring av foreldrekontaktane. 7. Kvart FAU blir oppmoda til å drøfta korleis ein kan knyta kontakt for å læra av andre FAU, t.d. innan anti - mobbearbeid.

14 14 8. Kvart samarbeidsutval/driftstyre gjennomfører hausten 2015 ei eigavurdering av korleis samarbeidet heim - skule fungerer og finn saman fram til område som kan betrast. 9. Kvart samarbeidsutval/driftsstyre gjennomfører vinteren 2015/2016 ei vurdering av mogleg skifte av styringsform.

15 15

16 Det å vere FAU-representant og klassekontakt er som å vere eit verneombod for elevane. Vit at du er ein ressurs for skulen, og andre har noko å lære av dine synspunkt og meiningar! Foreldrekontaktane skriv referat frå foreldrekontaktmøte og foreldremøte i haust. Årshjul som klassekontaktane saman med kontaktlærarar lagar vert lagt fram på foreldremøte i haust og sendt ut til foreldra etterpå saman med referat frå møtet. 16

17 17


Laste ned ppt "FORELDREKONTAKT MØTE 25.08.2016 1. 2 3 ENGASJEMENT - kan ikkje velje det vekk, med du kan velje grad Mitt barn – følje opp lekse, interessere seg for."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google