Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Barnas Vel 1.08.2012 Foreldremøte Onsdag 15.2.2012.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Barnas Vel 1.08.2012 Foreldremøte Onsdag 15.2.2012."— Utskrift av presentasjonen:

1 Barnas Vel 1.08.2012 Foreldremøte Onsdag 15.2.2012

2 Sakliste: 1. Presentasjon av nybygget og avdelingane frå 1.08. 2. Retningslinjer for fordeling av barnegruppene 3. Litt informasjon om korleis det er tenkt i høve personalgruppene 4. Andre ting som foreldre måtte vere opptekne av i høve samorganiseringa 5. Innflyttingsdugnad 6. Eventuelt

3 Barnas Vel skipa 11.04.1945 Kort historikk (Henta frå jubileumsskriftet Barnas Vel 1945-1995 av G. Ellingsen) ” Ein del unge mødre og andre interesserte skipa onsdag 11.april 1945 ei foreining kalla ”Barnas vel” som skal arbeide for å få barnepark til småborni i Ørstavik. ”

4 ” Som det no hev vore, så hev ikkje borna noko anna enn gata å leike seg i” Initiativtakarar var Agnes Ose saman med ein del andre unge mødre og andre interesserte. Behovet for ein barnepark: Det er eit brennande aktuelt spursmål i dag, alle ser kor vanskeleg det er for mødre i sentrum som har små born. Åleine er dei utan stand til å skaffe seg hjelp, og borni må ut. Dei hev ingen stad anna enn gata å leike i. Me meinar difor å få i stand ein barnepark med ei parktante, slik at mødrene trykt kan sende småborna sine ut i frisk luft og på fri mark ( ikkje ut i dumbe og sterk trafikk)…”

5 Laget si oppgåve ” Laget si uppgåve er å gjere det so gildt for borna som råd er.” Etter skipinga begynte dei på arbeidet med å finne ein høveleg plass til barneparken. Etter skipinga begynte dei på arbeidet med å finne ein høveleg plass til barneparken. ”Det gjeld difor no å skaffe borna ein høveleg leikeplass – der dei under tilsyn kan få boltre seg fritt… Me hev i fyrste omgong sett på utstillingsplassen ovanfor kyrkja..” Me hev i fyrste omgong sett på utstillingsplassen ovanfor kyrkja..” (Sitat frå brevet til Ørsta Heradsting, då dei meinte det var ei kommunesak å hjelpe dei så godt som råd med å skaffe eit område til barneparken) (Sitat frå brevet til Ørsta Heradsting, då dei meinte det var ei kommunesak å hjelpe dei så godt som råd med å skaffe eit område til barneparken)

6 Foreninga Barnas Vel møtte mykje motgong, men dei ga aldri opp: Dei søkte hjelp med ordførar Otto N. Øye, som nyst hadde kome tilbake i ordførarstolen etter at heradstinget, som hadde fungert under krigsutbrotet, vart bytt ut med Heradsstyret. Han fekk fort føling med Agnes Ose og Barnas Vel- slik han uttrykte det i eit brev til Agnes Ose i oktober same året: Dei søkte hjelp med ordførar Otto N. Øye, som nyst hadde kome tilbake i ordførarstolen etter at heradstinget, som hadde fungert under krigsutbrotet, vart bytt ut med Heradsstyret. Han fekk fort føling med Agnes Ose og Barnas Vel- slik han uttrykte det i eit brev til Agnes Ose i oktober same året: ”Det var vel andre dagen eg fungerte som ordførar at eg fekk vitjing på kontoret av Dykk og disponent Albertsen med krav om leikeplass! Ja, sant og segja: Eg meinte og meiner i dag at fyrst faar ein ta dei mest viktige ting, og deretter mindre viktige ting….” ”Det var vel andre dagen eg fungerte som ordførar at eg fekk vitjing på kontoret av Dykk og disponent Albertsen med krav om leikeplass! Ja, sant og segja: Eg meinte og meiner i dag at fyrst faar ein ta dei mest viktige ting, og deretter mindre viktige ting….”

7 ” Namnet er umogeleg og unorsk” Folk flest såg vel positivt på at det var skipa eit lag som skulle arbeide til gagn for borna i bygda, noko som sikkert Einar Arne, som var rektor på Møre Folkehøgskule, også gjorde, men: Folk flest såg vel positivt på at det var skipa eit lag som skulle arbeide til gagn for borna i bygda, noko som sikkert Einar Arne, som var rektor på Møre Folkehøgskule, også gjorde, men: ” Tiltaket med Barnas Vel er visseleg ein god tanke. Men namnet er umogeleg! ” Tiltaket med Barnas Vel er visseleg ein god tanke. Men namnet er umogeleg! Barnas Vel er so unorsk og ubrukande eit namn at det må verta ei praktisk hindring for arbeidet i laget. Det vil søma seg for gode folk som tek upp nytt ideelt arbeid våren 1945 at dei gjev laget sitt eit godt norsk namn. Noko anna sømer seg ikkje! ” ( Møre - Nytt 15.juni 1945) Barnas Vel er so unorsk og ubrukande eit namn at det må verta ei praktisk hindring for arbeidet i laget. Det vil søma seg for gode folk som tek upp nytt ideelt arbeid våren 1945 at dei gjev laget sitt eit godt norsk namn. Noko anna sømer seg ikkje! ” ( Møre - Nytt 15.juni 1945)

8 Leikeplassen Barnas Vel fekk imidlertid løyve til å nytte den gamle utstillingsplassen vest for kyrkjegarden til leikeplass. Dei sette i gong kakeutloddning for å skaffe midlar til istandsetjing av plassen, og lodda ut 5 kaker kvar laurdag i 5 veker. Det gav 525 kjærkomne kroner. Russiske krigsfangar som budde på folkehøgskulen, var med å lage til leikeapparata. For dette arbeidet fekk dei 1 l mjølk pr. dag i løn.

9 Jonsokmoro med Barnas Vel Jonsokafta i 1945: Barneparken vart ferdig til jonsokafta 1945 Det vart jonsok feiring med tog gjennom vik med brudepar, blomsterjenter, Ørsta Hornmusikk og utkledde barn og vaksne. Frå tidleg morgon hadde det vore tombola i Brødr. Gjerdes fiskematforretning, og dei over 1000 gevinstane var borte i løpet av få timar. Det vart bestemt at jonsokafta for ettertida skulle vere BARNAS DAG i Ørsta – og slik har det vore og alltid med borna,foreldra og personalet i Barnas Vel som arrangør.

10 Frå leikeplassen i 1945

11 1957: Herre i eige hus Frå 1945-1957 var Barnas Vel ein barnepark som heldt til på den gamle utstillingsplassen attmed kyrkjegarden. Det vart i løpet av desse åra mykje fram og tilbake med kommuna for å finne ein høveleg plass for ein heilårsopen barnehage. I 1957 nådde dei omsider målet: Dei fekk bygt sitt eige barnehagehus i Holmane. Som den fyrste barnehagen i bygda, har Barnas Vel vore ein banebrytar for barnehagearbeidet i Ørsta kommune.

12 Barn frå fyrste barnehagekullet i Holmegata.

13 I 1995 overtok Ørsta kommune Barnas Vel Kommunestyret vedtok i K-sak 16/94 at” Barnehagedrift skal anten vere reint kommunal eller privat…” Kommunestyret vedtok i K-sak 16/94 at” Barnehagedrift skal anten vere reint kommunal eller privat…” Foreldrerådet i Barnas Vel vedtok derfor 21.mars 1994 å søkje om kommunal overtaking, under føresetnad av at dei fast tilsette fekk behalde stillingar og ansiennitet, og at byggninga også for framtida vart nytta til barnehage. Foreldrerådet i Barnas Vel vedtok derfor 21.mars 1994 å søkje om kommunal overtaking, under føresetnad av at dei fast tilsette fekk behalde stillingar og ansiennitet, og at byggninga også for framtida vart nytta til barnehage. …og at foreldra i Barnas Vel også for framtida skal arrangere den tradisjonelle jonsokfeiringa i sentrum…” …og at foreldra i Barnas Vel også for framtida skal arrangere den tradisjonelle jonsokfeiringa i sentrum…” (Bilete er frå 50-års jubileet i 1995. Vi fekk besøk av Aase Rise, fyrste barnehagelæraren i Barnas Vel 1945)

14 Barnas Vel 2011-2012 Barnas Vel er i dag ein 3 avd. barnehage: Avd. Klatremus: 24 plassar for aldersgruppa 3-5 år. Avd. Brumlemann: (Oppretta i 2008) 9 plassar for aldersgruppa 0-2 år. Avd. Ripateigane (Oppretta hausten 2010) 12 plassar for aldersgruppa 0-2 år

15 Glimt frå jonsokmoro med Barnas Vel i dag. Jonsoktradisjonen med Barnas Vel er ein kulturarv som det er viktig å vidareføre.


Laste ned ppt "Barnas Vel 1.08.2012 Foreldremøte Onsdag 15.2.2012."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google