Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Kappløpet om Afrika. Imperialisme har eksistert til alle tider og i alle verdsdelar. Imperialisme inneber at statar eller samfunn skaffar seg kontroll.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Kappløpet om Afrika. Imperialisme har eksistert til alle tider og i alle verdsdelar. Imperialisme inneber at statar eller samfunn skaffar seg kontroll."— Utskrift av presentasjonen:

1 Kappløpet om Afrika

2 Imperialisme har eksistert til alle tider og i alle verdsdelar. Imperialisme inneber at statar eller samfunn skaffar seg kontroll over andre folk og landområde. Den europeiske imperialismen nådde eit høgdepunkt i åra mellom 1870 og 1914.

3 Kappløpet om Afrika På midten av 1800-talet etablerte europearane få nye koloniar på framande kontinent. Mange av dei gamle koloniane var blitt uavhengige. Mykje tydde på at det europeiske herredømmet i andre verdsdelar var i ferd med å forsvinne.

4 Kappløpet om Afrika Europa anno 1850 var ein verdsdel i rask vekst. Folkeauken var stor. Industrien sørgde for at produksjonen var god. Militæret hadde moderne våpen. I Europa var nasjonalismen aukande. Mange meinte at eins eigen nasjon skulle stå i fremste rekkje på alle område.

5 Kappløpet om Afrika I Afrika var forholda ganske annleis enn i Europa. Her fanst i liten grad nasjonalisme og statar. Dei fleste afrikanarar levde i små samfunn der det ein produserte gjekk til eiget forbruk. I Afrika var slavehandel meir utbreidd enn i andre verdsdelar.

6 Kappløpet om Afrika Mange europearar meinte at kvite menneske stod over andre folk med tanke på utvikling. Det var europearane si plikt å sivilisere andre folkeslag. Europearar hadde noko å lære bort når det kom til teknologi, vitskap, kultur, religion og samfunnsstyring.

7 Kappløpet om Afrika Storbritannia var den leiande industrinasjonen i verda på 1800- talet. For britane var det viktig å få tilgang til marknader og råvarer. I 1858 blei India ein britisk koloni. Britane fekk dermed tilgang til ei rekkje billige råvarer og ein av dei største marknadene i verda.

8 Kappløpet om Afrika I 1869 stod Suezkanalen ferdig. No slapp ein å reise rundt Afrika dersom ein skulle til India. Kanalen var ått av egyptarar og franskmenn. I 1875 kjøpte britane seg inn i selskapet som åtte Suezkanalen. Nokre år seinare tok Storbritannia kontroll over den viktige kanalen. Ill: YolanC

9 Kappløpet om Afrika No starta eit kappløp mellom fleire europeiske land. I løpet av ein periode på førti år blei nesten heile Afrika underlagt europeisk kontroll. Koloniseringa var ei erobringsbølgje som ein ikkje har sett maken til verken før eller seinare. Kartet viser Afrika i 1870. Berre ein liten del av kontinentet var på denne tida kolonisert av europeiske land.

10 Kappløpet om Afrika I nord og sør kom britane med dei militære styrkane sine. Frankrike ønskte seg eit kolonirike som strakte seg frå aust til vest. Også Belgia og Tyskland skaffa seg store landområde i Afrika. Biletet viser ein trefning mellom britar og afrikanarar i 1879.

11 Kappløpet om Afrika Mange frykta at kolonikappløpet skulle føre til krig mellom dei europeiske landa. I 1884 innkalla ein til ein konferanse i Berlin. No blei ein einige om korleis resten av Afrika skulle delast opp. Ingen afrikanarar deltok på konferansen i Berlin. Berlinavtalen betydde slutten på sjølvstende for det meste av Afrika.

12 Kappløpet om Afrika I åra som følgde blei det meste av Afrika underlagt europeisk styre. Fleire land tok del i koloniseringa. Frankrike Belgia Storbritannia Portugal Italia Spania Tyskland Uavhengige land

13 Kappløpet om Afrika Berre to afrikanske land klarde å halde seg sjølvstendige. Liberia var verna av USA som eit land for heimvende slavar. Etiopia klarde å stå imot dei italienske forsøka på å kolonisere landet.

14 Kappløpet om Afrika Koloniseringa medverka til at det blei slutt på slavehandelen i Afrika. Afrikanarane fekk tilgang til betre teknologi, medisinar og jordbruksmetodar. Kvardagen blei tryggare for mange menneske. Ikkje alle europearane som kom til Afrika hadde like edle føremål. Somme såg fyrst og fremst på kontinentet som eit høve til å skaffe seg rikdom.

15 Kappløpet om Afrika Det verste eksempelet på europeisk undertrykking fann stad i Kongo. Landet var den belgiske kong Leopold sin private koloni. Her blei befolkninga utsett for slavearbeid, terror, tortur og massakrar. Kong Leopold tente store pengesummar på å plyndre Kongo for gull, elfenbein, kopar og gummi.

16 Kappløpet om Afrika Kva tente dei europeiske landa på å kolonisere Afrika? Det gav prestisje å kontrollere andre land, men det økonomiske utbyttet var ganske lite.

17 Kappløpet om Afrika Bilete:Lenkje:Rettar: Forsidehttp://commons.wikimedia.org/wiki/File:Berliner_kongress.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/public_domain Rhodeshttp://no.wikipedia.org/wiki/Fil:Punch_Rhodes_Colossus.pnghttp://en.wikipedia.org/wiki/public_domain Uavhengig http://en.wikipedia.org/wiki/File:Declaration_independence.jpg http://en.wikipedia.org/wiki/public_domain Livingstonehttp://commons.wikimedia.org/wiki/File:Stanley_-_Comment%E2%80%A6_11.pnghttp://en.wikipedia.org/wiki/public_domain Slvaerhttp://commons.wikimedia.org/wiki/File:Slaves_in_chains.pnghttp://en.wikipedia.org/wiki/public_domain Industrihttp://commons.wikimedia.org/wiki/File:Bild_Maschinenhalle_Escher_Wyss_1875.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/public_domain Keiserinnehttp://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/b/b1/Victoria_empress_india1.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/public_domain Slaverhttp://commons.wikimedia.org/wiki/File:Slave_boat1869.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/public_domain Suezhttp://commons.wikimedia.org/wiki/File:Suezkanal1869.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/public_domain Karthttp://commons.wikimedia.org/wiki/File:Canal_de_Suez.jpghttp://creativecommons.org/licenses/by/2.5/ Karthttp://commons.wikimedia.org/wiki/File:Africa_topography_map.pnghttp://en.wikipedia.org/wiki/Text_of_the_GNU_Free_Documentation_License Krighttp://commons.wikimedia.org/wiki/File:D%C3%A9fense_de_Rorke%27s_Drift.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/public_domain Berlinhttp://de.wikipedia.org/w/index.php?title=Datei:Kongokonferenz.jpg&filetimestamp=20080622145050http://en.wikipedia.org/wiki/public_domain Karthttp://no.wikipedia.org/wiki/Fil:Colonial_Africa_1913_map.svghttp://en.wikipedia.org/wiki/Text_of_the_GNU_Free_Documentation_License Liberiahttp://commons.wikimedia.org/wiki/File:Liberiawomen1910.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/public_domain Menelikhttp://commons.wikimedia.org/wiki/File:Etiopia-menelik.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/public_domain Kongohttp://en.wikipedia.org/wiki/File:MutilatedChildrenFromCongo.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/public_domain Skiphttp://commons.wikimedia.org/wiki/File:Peace_congoship.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/public_domain Arbeidhttp://commons.wikimedia.org/wiki/File:Bundesarchiv_Bild_137-034473,_Kamerun,_bei_Tiko,_Bananen-Verladung.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/public_domain Rohttp://commons.wikimedia.org/wiki/File:CI-GdBassam-Jeunes_Filles.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/public_domain Bæreshttp://commons.wikimedia.org/wiki/File:Bundesarchiv_Bild_146-1984-041-07,_Deutsch-Ostafrika,_Reise_Bernhard_Dernburg.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/public_domain


Laste ned ppt "Kappløpet om Afrika. Imperialisme har eksistert til alle tider og i alle verdsdelar. Imperialisme inneber at statar eller samfunn skaffar seg kontroll."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google