Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Nærmiljø og samfunn Ein barnehagekvardag med mangfald Med vekt på det fleirkulturelle i barnehagen og vindauge mot verda Kultur på tvers UBUNTU- ”min identitet.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Nærmiljø og samfunn Ein barnehagekvardag med mangfald Med vekt på det fleirkulturelle i barnehagen og vindauge mot verda Kultur på tvers UBUNTU- ”min identitet."— Utskrift av presentasjonen:

1 Nærmiljø og samfunn Ein barnehagekvardag med mangfald Med vekt på det fleirkulturelle i barnehagen og vindauge mot verda Kultur på tvers UBUNTU- ”min identitet blir til i møte med andre menneske” Gjensidig utvikling og læring

2 Nærmiljø og samfunn-med vekt på det fleirkulturelle Nokon seier:Ein felles fiende verkar samlande Vår påstand: Felles vener samlar meir! Det er viktigare for oss å fokusere på det vi har felles enn å fokusere på det som skil oss. RESPEKT er nøkkelen.-Eit omgrep den nye rammeplanen fokuserer mykje meir på enn den gamle Omgrepa ”oss” og ”dei andre” må vike Eg misser ikkje meg sjølv ved å møte deg. Eg blir derimot forsterka

3 DESSE BARN AV SAME JORD EIN FRÅ SØR OG EI FRÅ NORD SKILNADEN ER IKKJE STOR EIN BLIR FAR OG EI BLIR MOR KVAR SI STEMME I EIT KOR EIN ER MØRK OG EI ER LYS ”VERN OSS SÅ VI IKKJE FRYS!” Vi to MEN;

4 Nærmiljø og samfunn – med vekt på det fleirkulturelle Utgangspunkt for vår barnehage: *Små og store menneske med etnisk bakgrunn frå 10 ulike nasjonar- samla under same tak *Ynskje om styrking og utvikling av fellesskap Mål: *Auka forståing for kvar enkelt sitt ryggsekkinnhald *Bli trygg på vårt eige samtidig som vi får utvida horisonten *Gjensidig inspirasjon og læring

5 Nærmiljø og samfunn- med vekt på det fleirkulturelle Kva seier rammeplanen? *borna skal: utvikle tillit til eiga deltaking i og påverknad av fellesskapet *erfare at alle menneske, uansett alder og føresetnader, inngår i og bidreg til barnehagen sitt fellesskap *utvikle forståing for ulike tradisjonar og levesett Personalet: *arbeide for at barn får erfare at dei er verdfulle og viktige i fellessakpet *sørge for at borna får erfare at deira val og handlingar kan påverke situasjonen både for dei sjølve og andre *gje borna startkunnskap om betydninga av menneskerettane, særleg barnekonvensjonen *sørge for at barn utvidar si forståing om kulturelle likskapar og ulikskapar og arbeide for inkluderande miljø som motverkar mobbing og rasisme

6 Nærmiljø og samfunn-med vekt på det fleirkulturelle Kva har vi gjort? Kva vil vi gjere? Vi har arbeidd innanfor ulike fagområde, men tenkt tverrfagleg. Her er nokre erfaringar vi vil ta med oss inn i den nye rammeplankvardagen:

7 Nærmiljø og samfunn-med vekt på det fleirkulturelle 1.søyle: Finn eit interkulturelt tema innanfor matkultur.Involvèr heimane med deira oppskrifter. Tips: BRØD Lag brød frå alle verdens kantar. 2.søyle: Finn eit interkulturelt tema og skap bilde. Finn ein venskapsbarnehage og la borna uttrykke sitt bilde utifrå tema. Tips:SINNSSTEMNING Mål sinnsstemningar sett med auge frå nord og sør. Eg er glad, trist, sint, forundra……. Og det fins fleire søyler….

8 Nærmiljø og samfunn – med vekt på det fleirkulturelle Inntrykk og uttrykk Kjensler her og der Vi målar sinnsstemningar Utveksling av kunst mellom Tonning barnehage og Chiquicolloprosjektet i Bolivia

9 Nærmiljø og samfunn – med vekt på det fleirkulturelle Vennskapstankar blir vennskapshandlingar Miriam fortel: ”Det var veldig spennande å sjå bilde frå Bolivia. Eg trur dei er redde for andre ting enn vi. Dei er kanskje redde for at det skal kome bomber og krig eller at det skal kome røvarar inn i barnehagen deira og stele leikane.Eller at det skal kome krokodiller. Dei teikna ikkje heilt slik som vi, men dei teikna fint. Eg trur det er fint for ungar som har mist hunden sin å kome i barnehagen og teikne at dei er triste. ”

10 Nærmiljø og samfunn-med vekt på det fleirkulturelle Muhubu og Abdiaziz blir våre lærarar….

11 Nærmiljø og samfunn- med vekt på det fleirkulturelle Det ”unike norske” fann vi att i mange av dei ulike etniske kulturane som er representert i barnehagen. Verken steinovnsbakt brød eller åttebladrosa er typisk norsk!

12 Nærmiljø og samfunn-med vekt på det fleirkulturelle Kva ventar vi oss av dei nyutdanna i samband med dette temaet? *Reflekterte haldningar *Kunnskap om kultur og samfunn *Ein viss porsjon interkulturell forståing *Tryggleik på eigen ståstad og openheit i høve til nye tankar Dette kan høgskulane bidra til!

13 Nærmiljø og samfunn-med vekt på det fleirkulturelle EG BLIR TIL MEG I MØTE MED DEG…


Laste ned ppt "Nærmiljø og samfunn Ein barnehagekvardag med mangfald Med vekt på det fleirkulturelle i barnehagen og vindauge mot verda Kultur på tvers UBUNTU- ”min identitet."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google