Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

KORLEIS FÅ LOKALAVISA PÅ KROKEN. Vestnytt Seks tilsette i redaksjonen, fire på marknadsavdelinga, éin på abonnement Eigd av Bergens Tidende. Organisert.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "KORLEIS FÅ LOKALAVISA PÅ KROKEN. Vestnytt Seks tilsette i redaksjonen, fire på marknadsavdelinga, éin på abonnement Eigd av Bergens Tidende. Organisert."— Utskrift av presentasjonen:

1 KORLEIS FÅ LOKALAVISA PÅ KROKEN

2 Vestnytt

3 Seks tilsette i redaksjonen, fire på marknadsavdelinga, éin på abonnement Eigd av Bergens Tidende. Organisert under Lokalavisene AS saman med Askøyværingen, Strilen og Bygdanytt Dekkar Fjell, Sund og Øygarden, over 35.000 innbyggjarar Alle vil at vi skal skriva om dei Vi dekkar politikk, krim, sport, kultur, magasin, hendelsesnytt. Alle samfunnsfelt som innbyggjarane bryr seg om. Enormt sakstilfang. Vi må ofte droppa saker vi ønskjer å gjera noko på, men som vi ikkje har kapasitet til.

4 Korleis blir ei sak til? Tips, postjournalar, politiske møte, Facebook og andre sosiale media, eigne idear, kjeldenettverk Ein god journalist er alltid nysgjerrig Redaksjonsmøte. Diskusjon og gjennomgang, innspel Journalistane har mykje dei skulle sagt og stor innverknad både på prosess og innhald. Kjeldenettverket er viktig for journalisten. Går begge vegar. Til sjuande og sist bestemmer redaktøren

5 Smila, le, banna eller rista på hovudet Vårt mål er å engasjera og informera Bidra til lokal identitet og stolthet. Vera ein møteplass der folk i vår region kan lesa om kvarandre og bli inspirert, sint, glad, irritert, overraska Vaktbikkje «De må koma og skriva om oss, for det vi driv med, er så viktig» (Trur de at nokon meiner det dei driv med, ikkje er viktig?) «De må koma ut og skriva om noko positivt» (oss) «Eg har nett bestilt ei annonse hos dåke og tenkte det kunne vore fint med litt redaksjonell omtale» (Helst same dag)

6 Vær Varsom-plakaten: «Medienes troverdighet er avhengig av et klart skille mellom journalistisk materiale på den ene siden og reklame/sponsing/produktplassering og annet ikke- journalistisk materiale på den andre. Publikum skal være trygg på at det redaksjonelle stoffet springer ut av en selvstendig og uavhengig journalistisk vurdering, og at innhold og presentasjon er uten bindinger til utenforstående interesser. Tekstreklame oppstår når produkter og kommersielle interesser blir eksponert eller positivt omtalt på redaksjonell plass ut fra andre hensyn enn uavhengig og kildekritisk journalistikk.» Det viktigaste Vestnytt og andre aviser har, er tilliten lesarane har til oss. Dersom lesaren mistenkjer oss for å ha økonomiske eller andre vikarierande motiv for å omtala saker, er vi i trøbbel.

7 Kva, korleis, kvifor? På jakt etter historia Skal du nå gjennom i konkurransen om tida til journalisten (og lesaren), må du tenkja som ein lesar. Lausriv deg frå tanken om kva som er best for deg og di bedrift. Kva får deg til å smila, bli engasjert eller overraska når du les avisa? Vinkling! Tenk gjennom kva historie du har å fortelja. Prøv å sjå for deg ein tittel. «Noko positivt om Ågotnes» er verken ei historie eller ein tittel. Ver konkret. «Kom gjerne og skriv om eldrerådet». Jaha. Kva har de å fortelja? Trekk fram ei sak, til dømes arbeidet for å få på plass servicebuss, korleis bidrar seniorgruppa på frivilligsentralen, etc. Den digre sjekken. Blir du engasjert av eit bilde med menn i dress som held på ein sjekk med eine neven og brukar den andre neven til «tommel opp»? (Kven brukar forresten sjekk i dag?)

8 Tommelen opp. Not. Klassisk eksempel Krafttak mot kreft. Lett å gå i sjekkfella. Sartor og VNR ville gjerne ha omtale av Krafttak mot kreft. Ingen kan påstå at kampen mot kreft ikkje er viktig, eller at det ikkje engasjerer. Men blir du engasjert av dette bildet og denne inngangen? Må skiltet og log0en absolutt vera med på bildet? NEI! (Det tar reklamebyrået seg av) Tenk alternativt. Kva får deg engasjert i kreftsaka?

9 Engasjementet Vi treng å få møta dei det handlar omdei det handlar om Vi er alle menneske, og vi blir berørt av andre. Humor, medkjensle, sinne, glede Difor leitar journalisten ofte etter «caset» Vi leitar ofte etter det konkrete eksempelet som seier noko om samfunnet eller oss alle. Eller eksempelet som skiller seg ut og set ting i perspektiv, eller som får folk til å heva augebrynet.

10 Omtale er meir enn klassisk bedriftspresentasjon Saker i skjæringspunktet mellom politikk og næring er ofte gode nyhetssaker: http://www.vestnytt.no/aktuelt/Legg- firefelts-veg-Agjennom-golfbanen- 384880.html

11 Næringsmagasin Vi har tre-fire næringsmagasin årleg. Her kan ein lett gå i tekstreklamefella, noko verken vi eller næringslivet har godt av. Alle sakene i magasinet skal kunna stå på trykk i ei vanleg avis. http://www.vestnytt.no/aktuelt/Forti-ar- med-vekst-pa-Agotnes-216778.html

12 Personleg By på deg sjølv. I denne saka skriv vi om Live2Learn, kor viktig det er å skaffa seg kompetanse i arbeidslivet, med ei personleg vinkling som gjer at det vi fortel, ikkje berre blir ord. Også trykt i næringsmagasin. http://www.vestnytt.no/aktuelt/Fann-ein- ny-veg-i-ei-vanskeleg-tid-389386.html

13 Merkedagar Skjer det noko historisk? Første eller siste dagen av noko som skal vara lenge. http://www.vestnytt.no/aktuelt/No- stroymer-Edvard-AGrieg-mot-Sture- 398797.html

14 Denne vart vi tipsa om av ein sundsokning som jobbar på plattform. Vi kunne nok ha huska på datoen sjølv, men vi set pris på tips. Ofte trur folk at vi veit om alt, men vi er avhengige av at folk tipsar oss. http://www.vestnytt.no/aktuelt/Her-er- tre-mann-pa-jobb-376341.html

15 Open og direkte Er du open og tilgjengeleg også i saker som er mindre gledelege, byggjer du tillit både i forholdet til journalistane og lesarane. http://www.vestnytt.no/aktuelt/CCB-gar- mot-kraftig-nedbemanning-214141.html

16 Kommunikasjon Gjer deg tilgjengeleg, også når det er snakk om kritiske saker Er kritiske saker alltid negative? Vår oppgåve er å løfta fram tema og saker, slik at dei kan debatterast. Kanskje kan noko som fungerer dårleg, bli tatt tak i og gjort betre. Vårt mål er aldri å riva nokon ned. Det dummaste du gjer når avisa ringer, er å snakka usant. Det nest dummaste du gjer, er å seia «ingen kommentar». Er ein open og snakkar med journalisten, kjem ein som regel langt betre ut enn om ein er avvisande. Ver ærleg. Bruk eit språk som folk forstår.

17 Profesjonell Sjøfronten i Straumssundet har fått mykje omtale. Utfyllinga. Sjøfronten i Straumssundet I staden for å gjera seg utilgjengelege, har dei svart på spørsmål. Konstruktiv og profesjonell dialog set deg i posisjon til å få fram di side av saka. Du kjem betre ut, og artikkelen blir betre og meir balansert. Denne tilnærminga funkar dårleg: «Viss dette er det einaste de har å bruka tida dykkar på, står det jammen dårleg til med avisa…» Truslar

18 Aksepter at det er journalisten som til sjuande og sist lagar vinklinga. Journalisten sin jobb er først og fremst å laga den saka som blir best for lesaren, sjølv om det ikkje alltid blir akkurat som du hadde tenkt deg det. Kåring av Sotras finaste lastebilSotras finaste lastebil Humor er gull.

19 Fleire eksempel http://www.vestnytt.no/kultur/Noe-nytt_-gammelt_-lant-og-blatt-379008.html http://www.vestnytt.no/aktuelt/Sender-tungtransporten-til-sjos-259012.html http://www.vestnytt.no/aktuelt/Pengestotte-til-Biomega-409348.html http://www.vestnytt.no/aktuelt/Dette-royret-skal-spara-millionar-376141.html http://www.vestnytt.no/aktuelt/Svanesong-for-katedralen-i-berget-149206.html

20 Fagspråk? Niks. Fagspråk er presist, men også kjedelig. Bruk eit språk som folk forstår. Styr unna svada, tomme ord og programerklæringar Detaljar? Hald deg til essensen. Mykje av det du seier, kjem ikkje med i artikkelen.

21 Vestnytt er lokalavis. Lokal vinkling For ei lokalavis nyttar det ikkje å skriva om dei store spørsmåla dersom vi ikkje viser den lokale relevansen. Forsikringsselskapa under sprengkulden: I den første e-posten åtvara selskapet bilistar mot å la bilen stå i gong og defrosta medan ein sjølv er inne i huset eller på kontoret. Viktig og interessant, men kor er den lokale vinklinga? Den sletta eg med ein gong. Det andre selskapet hadde løyst det på denne måten: «Nå er det sprengkaldt på Sotra og mange parkerer bilen, uten å låse og med motoren i gang. For mange kan dette bli en kostbar opplevelse.» Han siste hadde forstått korleis lokalavisa tenkjer, men det blir strengt tatt ikkje meir lokalt å skriva Sotra når det er like kaldt på heile Vestlandet. Eg spurte om han hadde ein case, nokon frå vår region som hadde opplevd å bli fråstolen bilen i ein slik situasjon. Får vi lesa om dei det gjeld, nokon vi kan identifisera oss med, kanskje til og med naboen, blir det ei sak for lokalavisa.

22 Kvifor får dei omtale og ikkje vi? Vi har lågare terskel for å skriva om ein butikk på Forland i Sund eller Hellesøy i Øygarden. Butikken på Forland er viktigare for lokalsamfunnet der ute enn den fjerde eller femte matbutikken på Straume. http://www.vestnytt.no/aktuelt/Handelsmannen-takkar-for-seg-261732.html http://www.vestnytt.no/aktuelt/--Dette-var-kjempeflott_-Kjetil-386654.html http://www.vestnytt.no/aktuelt/Rusta-opnar-i-Sartorparken-412615.html Skikkelig Mat (lokale gründerar som satsar, lite og spesielt, skiller seg ut) versus Egon (stor kjede, godt kjent)

23 Tips, tips, tips Gjekk sjukefråværet ned frå åtte til to prosent etter at du innførte pålegg om schnaps før morgonmøte? Ring oss. Skjer det noko spennande med bedrifta, send oss ein e-post eller ring. Har du ein kollega som driv med noko spesielt, om ho sjonglerer med sverd på fritida eller ho samlar på He-Man-figurar, tips oss. Sjølv om bedrifta ikkje ein gong blir nevnt, handlar artikkelen om ein av dine. Kva tid henvender du deg? Gi oss gjerne tips i god tid. Ringer du Vestnytt ein time før deadline, er det truleg vanskeleg å nå nokon som har tid til å høyra godt etter. redaksjon@vestnytt.no, marit@vestnytt.no redaksjon@vestnytt.nomarit@vestnytt.no Telefon 56 33 65 00 Mobil: 99 63 20 62


Laste ned ppt "KORLEIS FÅ LOKALAVISA PÅ KROKEN. Vestnytt Seks tilsette i redaksjonen, fire på marknadsavdelinga, éin på abonnement Eigd av Bergens Tidende. Organisert."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google