Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Kunnskapsløftet og kroppsøvingsfaget v/ Reidun Nerhus Fretland Konferanse i Loen 23.-24.mars 2006.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Kunnskapsløftet og kroppsøvingsfaget v/ Reidun Nerhus Fretland Konferanse i Loen 23.-24.mars 2006."— Utskrift av presentasjonen:

1 Kunnskapsløftet og kroppsøvingsfaget v/ Reidun Nerhus Fretland Konferanse i Loen 23.-24.mars 2006

2  I grunnutdanningane: –B1 idrett Idrettsdidaktikk Aktivitetslære –B2 friluftsliv friluftslivpedagogikk –PPU fagdidaktikk Idrett/kroppsøving Friluftsliv  I vidareutdanningane: –Leik, dans og drama 1 Idrettsseksjonen si ”kopling” til Kunnskapsløftet

3 Kva følgjer får Kunnskapsløftet for innhald og organisering av didaktikkopplæringa i kroppsøving/idrett?

4 Kva konsekvensar bør ny læreplan tilføre didaktikkopplæringa vår?  Fokusere meir på: –Læreplanen som styringsdokument Bør ein her legge ekstra vekt på ”Føremålet med faget”  ”Kompetansemål i faget”? Kva med dei grunnleggande ferdigheitene? –Tilpassa opplæring Betre samsvar mellom teori og praksis?

5 Kompetansemåla i kroppsøving  Færre, mindre detaljert, gjeld over fleire år  Større krav til å kunne operasjonalisere og lage delmål ..som igjen stiller større krav om fagkompetanse!  ”…eleven skal kunne”, altså kompetansemål som er gjennomsyra av meistring  Meistring eit ”utvatna” omgrep som krev større bevisstgjering i høve bruk og kva ein legg i det

6 ...men hugse på at….  Operasjonaliseringa av kompetansemåla må gjenspegle føremålet med faget  Kroppsøving er eit praktisk opplevingsfag der målet går gjennom glede i bevegelse

7 Kroppsøvingsfaget

8  Kroppsøvingsfaget, ein stad å lukkast!?  Eit fag der ALLE skal få brukt HEILE seg!?  DET er idealet, men korleis lukkast med det og kva er realiteten?

9 Tilpassa opplæring  Auka fokus på den tilpassa opplæringas kva, korleis, kvifor  Bevisstgjering i høve –Arbeidsmåtar –Organisering –Læringsstrategiar

10 Tilpassa opplæring  Lettare sagt enn gjort - for: –Er me eigentleg gode nok på tilpassa opplæring i praksis? –Er der godt nok samsvar mellom kva me seier og kva me gjer? –Snakkar me om tilpassa opplæring i teorien, samtidig som me er gamaldagse og tradisjonelle i vår praktiske undervisning ?

11 Ei avsluttande tankerekke... Men kjem innføringa av ny læreplan eigentleg til å medføre nokon særleg endring i praksis skal tru?

12 Sjølvsagt blir det endringar når me har tema som t.d. ”arbeid med gjeldande læreplan”. Men likevel trur eg Kunnskapsløftet får relativt små følgjer for idrettsseksjonen si didaktiske opplæring – i alle fall på kort sikt. Mykje av det me alt gjer er nemleg bra. Me er gode på å gi studentane matnyttige reiskapar for eigen instruksjon og eiga utprøving. Dette kan samtidig lett bli ei kvilepute. For har me eigentleg lov til å vere fornøgde så lenge der er forbetringspotensiale? Bør ikkje til dømes ein auka fokus på tilpassa opplæring føre til endring av vår undervisningspraksis?

13 Eg trur det ligg forbetringspotensiale og kvalitet i å løfte den didaktiske diskusjonen opp frå personnivå til seksjonsnivå. Me treng ei felles bevisstgjering av vår eigen praksisteori. Ved å setje den didaktiske samtalen på dagsorden vil ein og betre kunne få oversikt over og koordinere arbeidsmåtar og metodar som blir nytta i vår praktiske undervisning. På den måten vil me kunne betre kvaliteten på vår didaktiske opplæring samla sett.

14 Er me så villige til å prioritere dette og setje vår undervisningspraksis på dagsorden? Er me interesserte nok eller kjem det i konflikt med anna ”viktigare” fagkunnskap? Og er det rett og slett freistande å ”legge skulda” på det evig tilbakevendande argumentet; ”-Jammen, me har så lite ressursar”!!

15 Ja visst – det er eit problem, men er det berre der det ligg?

16 Kor prega er me eigentleg av vår eiga doble førsosialisering i høve eigen erfaringsbakgrunn frå ”tradisjonell” kroppsøvingsundervisning, i både eigen skulegang og utdanning, og som aktive idrettsutøvarar? Altså erfaringar frå eit fag og ei ”verden” på fritida som me stort sett har trivast og følt oss heime i.

17 I tillegg møter me i vår undervisning ei studentgruppe som har ein relativt lik erfaringsbakgrunn. Korleis påverkar denne erfaringsbakgrunnen vårt syn på til dømes omgrep som ferdigheiter, meistring, prestasjon og tilpassa opplæring? Auka bevisstgjering på det området vil vere positivt, både for oss sjølv som ”lærar-lærarar” og våre framtidige kroppsøvingslærarar!

18 ”Konklusjon” Er kunnskapsløftet spenstig nok til å gi didaktikk- opplæringa vår noko løft???


Laste ned ppt "Kunnskapsløftet og kroppsøvingsfaget v/ Reidun Nerhus Fretland Konferanse i Loen 23.-24.mars 2006."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google