Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

VELFERD OG VELSTAND. Velferd og velstand KOMPETANSEMÅL  gjere greie for framveksten av velferdsstaten og beskrive trekk ved Noreg i dag  finne døme.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "VELFERD OG VELSTAND. Velferd og velstand KOMPETANSEMÅL  gjere greie for framveksten av velferdsstaten og beskrive trekk ved Noreg i dag  finne døme."— Utskrift av presentasjonen:

1 VELFERD OG VELSTAND

2 Velferd og velstand KOMPETANSEMÅL  gjere greie for framveksten av velferdsstaten og beskrive trekk ved Noreg i dag  finne døme på hendingar som har vore med på å forme dagens Noreg, og diskutere korleis samfunnet kunne ha vorte dersom desse hendingane hadde utvikla seg annleis  presentere hovudtrekk ved historia og kulturen til samane frå midt på 1800- talet til i dag og konsekvensar av fornorskingspolitikken og samanes kamp for rettane sine

3 Etter andre verdskrigen  Svak økonomi og mange stadar materielle øydeleggingar (særleg Nord-Noreg)  Ikkje økonomisk krise – folk hadde arbeid  Okkupasjonstida hadde skapt eit samhald, m.a. i politikken  Einar Gerhardsen (AP) var statsminister i ca 20 år – vart kalla Landsfaderen – AP hadde den politiske styringa fram til overgangen mellom seksti- og syttiåra  Han stod i spissen for Fellesprogrammet – reguleringspolitikk - målet var å få fart på industriproduksjon og eksport  Allereie i 1947 hadde landet like stor eksport som før krigen Einar Gerhardsen om fellesskap: http://www.nrk.no/skole/?mediaId=10642&page=search&q=velferdsstaten, lasta ned 24.04.16 http://www.nrk.no/skole/?mediaId=10642&page=search&q=velferdsstaten

4 Marshallhjelpa  1948-1952: landet fekk 400 millionar frå USA  USA trong eit marknad for å selje sine varer, og dei ynskte å hindre at kommunismen fekk gjennomslag i fleire land  For å få Marshallhjelpa måtte ein bli med i OEEC  AP var usikre på om dei skulle ta imot hjelpa – meinte landet trong planøkonomi - valde likevel å ta imot hjelpa  Berre Finland og land i Aust-Europa takka nei til Marshallhjelp  Noreg sitt økonomiske system vart blandingsøkonomi

5 Økonomiske system  Planøkonomi: staten eig og driv alle bedrifter og/eller alle offentlege tilbod, som eldreomsorg, helsestell og politikk. Planøkonomi var vanleg i Aust-Europa og Sovjetunionen fram til byrjinga av 1990-talet. I dag er Nord-Korea og Kina to av få land som framleis har dette økonomiske systemet  Marknadsøkonomi: private eig og driv bedrifter. Staten eig og driv svært få av dei tilboda som finst i samfunnet; eksempel er forsvar og politi. I dag er USA eit av få land som har dette økonomiske systemet  Blandingsøkonomi: det offentlege og private deler på å styre og eige bedrifter og tilbod i samfunnet. Private styrer og eig bedrifter, medan staten styrer og eig helsestell, skule og politi. Staten eig også nokre store bedrifter og ein del kommunikasjonsmiddel. Blandingsøkonomi er vanleg i Vest-Europa

6 Noreg vel Vesten  «Aldri meir 9.april» - rettferdiggjorde at ein kunne bruke meir pengar på forsvaret og på å byggje alliansar i FN  Brubyggingspolitikk – vart vanskeleg under den kalde krigen  Med Sovjetunionen som nabo, redsla for at Noreg si plassering skulle gjere landet til ei slagmark i ein krig og grunna dei sterke banda mot USA meinte mange at Noreg skulle gå inn i NATO  Andre meinte at sidan Sovjetunionen hadde hjelpt Noreg i kampen mot nazistane, skulle ein ikkje framprovosere eit uvennskap  Gerhardsen kom til at det var rett å gå inn i NATO, mellom anna grunna Sovjetunionen si brutale framferd i Tsjekkoslovakia og andre i Aust-Europa  Noreg med i NATO frå oppstart i 1949

7 Noreg – ein moderne velferdsstat  Dei første tiåra etter andre verdskrigen: AP sitt politiske prosjekt var å skape ein sterk stat, som med klare mål skulle planleggje og styre samfunnsutviklinga  Etter andre verdskrigen – offentleg helsetilbod til alle  Sjukehuslov 1969 – staten, gjennom Folketrygda, betalte for å bygge sjukehus  Opplysningsarbeid for eit sunt liv  Alle skulle få rett til utdanning – offentleg utdaningstilbod  1947: Statens lånekasse for utdanning

8 Folketrygda  Fleire store trygdeordningar: skulle sikre alle eit verdig liv – frå vogge il grav  1946: den første store trygdeordninga – barnetrygda  1953: sjuketrygd for alle lønnstakarar  1956: sjuketrygd for heile folket  1957: alderstrygd  1958: yrkesskadetrygd  1959: arbeidsløysetrygd for alle lønnstakarar  1961: uføretrygd  Folketrygda vart fellesnamnet på alle trygdene – vedteken i 1966  Folketrygda er eit spleiselag mellom staten, arbeidstakarar og arbeidsgivarar

9 Modernisering av heimen  Mellomkrigstida – nokre elektriske hjelpemiddel, som strykejern, men berre for dei få  1960-talet: dei fleste heimar fekk innlagt straum og vatn sjå også: Dei første kraftverka i Luster: http://www.allkunne.no/framside/fylkesleksikon/kommunar-i-sogn-og- fjordane/luster/dei-forste-kraftverka-i-luster/1922/79400/ http://www.allkunne.no/framside/fylkesleksikon/kommunar-i-sogn-og- fjordane/luster/dei-forste-kraftverka-i-luster/1922/79400/  1||Industrien produserte stadig fleire og billigare hjelpemiddel, som vaskemaskin, kjøleskap og støvsugar  Folk flest fekk betre råd  Starten på bruk-og-kast-mentaliteten

10 Noko nytt, men noko var som før….  1960-åra: dei fleste fekk fjernsyn  Ein tv-kanal  1960: slutt på rasjonering på bil  Nye vegar, parkeringsplassar, bensinstasjonar og verkstadar  Kome seg raskt il arbeidsstaden, mindre bunden tilnærmiljøet  Nye ferievanar  Kjønnsrollar – på tross av moderne hjelpemiddel nytta kvinna meir tid på husarbeide

11 Industri  Utover på 1950-talet opplevde Noreg vekst i industrien  Private investerte i m.a. aluminiumsverk, jernverk og treforeldingsfabrikkar  Fossekraft gav landet eit fortrinn - mykje ny industri på Vestlandet  Eksport gav landet store inntekter  Auka handel gav behov for fleire og større skip – vekst i skipsindustrien  Vekst gav nye arbeidsplassar – auka handel av forbruksvarer  Sterk auke i BNP  Skatteinntekter vart nytta til å vidareutvikle velferdsstaten

12 Olje  1969: oljefunn i Nordsjøen – Ekofisk  Midtlinja (sjå kart) gav Noreg viktige oljeressursar  Mange utanlandske selskap ville investere i oljeindustrien  Styresmaktene ville ha kontroll på inntektene innan oljeverksemda – vedtok i 1971 at det skulle byggjast opp ein norsk oljeindustri – Statoil vart etablert  Utanlandske selskap fekk delta, men dei måtte dele funna sine med Noreg og dei måtte bruke norske selskap når dei trong utstyr  Mange nye funn – Ekofisk, Balder, Statfjord, Frigg  1986: Petroleumsfondet = Oljefondet  Pengane plassert i fond – skal brukast til å sikre framtida for framtidige generasjonar  1973: oljekrisa Handlingsregelen: http://www.nrk.no/skole/?mediaId=19722&page=objectives&subject=samfunnsokonomi&ob jective=K290, lasta ned 24.04.16 http://www.nrk.no/skole/?mediaId=19722&page=objectives&subject=samfunnsokonomi&ob jective=K290

13 Jappetida  1980-åra  Bankane lånte ut pengar til folk – konkurrerte om å gje dei beste tilboda  Lånepengane vart nytta til luksusvarer  1986 - ny oljekrise – produsert for mykje olje  Fall i oljeprisane – Noreg tente mindre pengar og bedrifter fekk økonomiske vanskar – bedrifter gjekk konkurs –mange vart arbeidslause – fekk problem med å betale tilbake låna sine til bankane Jappetida : http://www.nrk.no/skole/?mediaId=12965&page=search&q=jappetida, lasta ned 24.02.16 http://www.nrk.no/skole/?mediaId=12965&page=search&q=jappetida

14 Rikdom – med problem  Var auka forbruk sjølve målet med livet og samfunnet?  På slutten av 1960-talet spreidde tvilen seg  Mange unge valde alternative livsstilar  Ungdommen gav foreldregenerasjonen skulda for samfunnspørsmål som krig, undertrykking og forureining  For mange vart Vietnam-krigen beviset på at USA og Vesten hadd skulda for krig og naud i verda  Sekstiåttegenerasjonen: starta med demontrasjonar på eit fransk universitet -, spreidde seg til andre delar av verda

15 Den grøne bølja  Veksten i produksjon og forbruk hadde ei negativ side – miljøøydeleggingar  Den industrielle revolusjonen var starten  Forskingsrapportar  1960- og 1970-åra: folk flest vart opptekne av miljøvern  Den økonomiske veksten vart sett opp mot verda si toleevne  Naturvernorganisasjonar – sivil ulydnad  1970: naturvernlova – nokre områder skal vere verneområde Sivil ulydnad: politisk verkemiddel som blir brukt for å markere motstand mot ei spesiell politisk sak. Det inneber å bryte lova Velstand og protest på 1960-talet: http://www.nrk.no/skole/?mediaId=12959&page=search&q=folketrygda, lasta ned 24.04.16 http://www.nrk.no/skole/?mediaId=12959&page=search&q=folketrygda

16 EF-striden  1957; Vest-Tyskland, Frankrike, Italia, Belgia, Nederland og Luxembourg danna EF – auka handel og samarbeid over landegrensene for å sikre medlemslanda økonomisk vekst og fredeleg sameksistens  Folk i Noreg skulle gjennom folkeavrøysting bestemme om Noreg skulle bli med eller ikkje  1972 – knapt fleirtal for nei (53,5%)

17 Kvinnesak  Kvinnerørsla på 1800-talet kjempa for røysterett for kvinner – 1913  Samfunnsutviklinga på 1960- og 1970-talet gjorde at fleire kvinner tok høgare utdanning og deltok meir i arbeidslivet  Kvinnerørsla på 1970-talet kjempa for likelønn, sjølvbestemt abort, utbygging av barnehageplassar og at menn tok sin del av husarbeidet  Demonstrasjonar – etter kvart tok dei politiske partia desse sakene inn i programma sine  1978: lova for sjølvbestemt abort  1978: likestillingslova og det vart oppretta eit likestillingsombod

18 Samane sine rettar  Frå siste halvdel av 1800-talet: fornorskingspolitikken – samane skulle tilpasse seg den norske kulturen/levesettet  FN (oppretta 1945): minoritetar må respekterast som likeverdige og sjølvstendige folk  Styresmaktene diskuterte korleis dei skulle gjere det betre for det samiske folket  Samiske radio og tv-sendingar  1967: opplæring på samisk i grunnskulen  Framleis negative haldningar overfor samar frå folk  Samar organiserte seg for å kjempe for eigne interesser, som språk og kultur  Alta-Kautokeino-opprøret (1979-1981)  1988: tillegg i Grunnlova  1989: val til Sametinget Alta-Kautokeino-opprøret: http://www.nrk.no/skole/?mediaId=17265&page=search&q=samar%20alta, lasta ned 24.94.16http://www.nrk.no/skole/?mediaId=17265&page=search&q=samar%20alta

19 Kjeldeliste  Matriks 10, historie: s.46-71  1980-talet: http://www.nrk.no/skole/?mediaId=12964&page=search&q=jappetida, lasta ned 16.04.16 http://www.nrk.no/skole/?mediaId=12964&page=search&q=jappetida Ekstra  Økonomisk historie (siste delen): http://www.nrk.no/dokumentar/xl/okonomisk-historie-1.12380158, lasta ned 24.04.16 http://www.nrk.no/dokumentar/xl/okonomisk-historie-1.12380158  Oljeprisar 2016:

20 Kjeldeliste  Matriks 10, historie: s.46-71  Frå saga til CD 10A: s. 110-120 Ekstra  Økonomisk historie (siste delen): http://www.nrk.no/dokumentar/xl/okonomisk-historie-1.12380158, lasta ned 24.04.16 http://www.nrk.no/dokumentar/xl/okonomisk-historie-1.12380158  OLJEPRISAR 2016: http://www.nrk.no/skole/?page=objectives&subject=samfunnsokonomi&o bjective=K290&mediaId=21394, lasta ned 24.04.16 http://www.nrk.no/skole/?page=objectives&subject=samfunnsokonomi&o bjective=K290&mediaId=21394

21 VURDERING  Prøve tysdag 3.mai  Spørsmåla – sjå kompetansemåla VURDERINGSKRITERIE Låg måloppnåingMiddels måloppnåingHøg måloppnåing  gir att delar av relevant innhald i faglege framstillingar  brukar nokre fagomgrep  beskriv nokre forskjellar og likskapar knytte til faglege tema  gir att delar av andre sin argumentasjon og gir uttrykk for eigne meiningar  gir att relevant innhald i faglege framstillingar  brukar fagomgrep  beskriv sentrale forskjellar og likskapar knytte til faglege tema  gir att hovudtrekk i andre sin argumentasjon og grunngir eigne meiningar  gir att relevant og sentralt innhald i faglege framstillingar  brukar og forklarar faglege omgrep  beskriv sentrale forskjellar og likskapar knytt til fagleg tema på ein presis og nyansert måte  argumentere og vurdere ut frå forståing av komplekse årsaks- og verknadsforhold


Laste ned ppt "VELFERD OG VELSTAND. Velferd og velstand KOMPETANSEMÅL  gjere greie for framveksten av velferdsstaten og beskrive trekk ved Noreg i dag  finne døme."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google