Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

1 Tema vg1, kap 11. Del 2: Seks språk – seks ulike system Læreplanen seier at du skal kunne forklare grammatiske særtrekk ved norsk språk, samanlikna.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "1 Tema vg1, kap 11. Del 2: Seks språk – seks ulike system Læreplanen seier at du skal kunne forklare grammatiske særtrekk ved norsk språk, samanlikna."— Utskrift av presentasjonen:

1 1 Tema vg1, kap 11

2 Del 2: Seks språk – seks ulike system Læreplanen seier at du skal kunne forklare grammatiske særtrekk ved norsk språk, samanlikna med andre språk 2 Tema vg1, kap 11

3 Engelsk ‒ statistikk over brukarar 300 millionar førstespråkbrukarar på verdsbasis 55 millionar i Storbritannia over 500 millionar brukarar på verdsbasis når andrespråkbrukarar er tekne med 3 Tema vg1, kap 11

4 Engelsk ‒ språklege særtrekk samanlikna med norsk Fråver av grammatisk kjønn gir ei enklare substantivbøying. Person- og talbøying av verb gir ei meir komplisert verbbøying. Samtidsform på -ing må uttrykkjast med omskriving på norsk. Konsonantar som þ (i thing) og ð (i that) fanst i norsk tidlegare. 4 Tema vg1, kap 11

5 Engelsk ‒ samband med Noreg: språk og kultur Kulturpåverknaden frå den engelsktalande verda er enorm. Store mengder engelske lånord er tekne inn i norsk. I eldre tid gjekk språkpåverknaden også andre vegen. Døme: pronomenet they 5 Tema vg1, kap 11 John Constable ( ): Høyvogna

6 Tysk ‒ statistikk over brukarar over 90 millionar førstespråkbrukarar i Europa 75 millionar i Tyskland 6 Tema vg1, kap 11

7 Tysk ‒ språklege særtrekk samanlikna med norsk Mykje er felles i ordforrådet. Vi finn dei same tre grammatiske kjønna, men med ei litt anna fordeling av orda enn i norsk. Person- og talbøying av verb gir ei meir komplisert verbbøying. Kasusbøying av substantiv, slik også norsk hadde før. Dialektforskjellane er mykje større enn i norsk. 7 Tema vg1, kap 11

8 Tysk ‒ samband med Noreg: språk og kultur Talet på andrespråkbrukarar har gått ned, både i Noreg og i Europa elles. Det blir likevel omsett fleire norske bøker til tysk enn til engelsk. 8 Tema vg1, kap 11

9 Fransk ‒ statistikk over brukarar vel 60 millionar førstespråkbrukarar på verdsbasis vel 50 millionar i Frankrike 9 Tema vg1, kap 11

10 Fransk ‒ språklege særtrekk samanlikna med norsk Ordforrådet ligg nærmare latin enn i dei germanske språka. Franske substantiv har to kjønn: hankjønn og hokjønn. Person- og talbøying av verb gir ei meir komplisert verbbøying. Fransk skil skarpt mellom skrift og tale. Skriftbiletet og uttalen fell ofte ikkje saman. Nokre av vokalane i lydsystemet er nasale. 10 Tema vg1, kap 11

11 Fransk ‒ samband med Noreg: språk og kultur Engelsk har teke over på mange område der fransk var viktig tidlegare: i diplomatiet, i akademiske samanhengar, i poststellet. Likevel har norsk halde på ein del franske lånord. 11 Tema vg1, kap 11

12 Spansk ‒ statistikk over brukarar over 300 millionar førstespråkbrukarar på verdsbasis (like mange som engelsk) rundt 28 millionar i Spania i tillegg 60 millionar andrespråkbrukarar på verdsbasis 12 Tema vg1, kap 11

13 Spansk ‒ språklege særtrekk samanlikna med norsk Ordforrådet ligg nærmare latin enn i dei germanske språka. Spanske substantiv har to kjønn: hankjønn og hokjønn. Person- og talbøying av verb gir ei mer komplisert verbbøying. Det er mykje betre samsvar mellom skriftbiletet og uttalen enn i fransk. Spansk har berre fem vokalar i lydsystemet. 13 Tema vg1, kap 11

14 Spansk ‒ samband med Noreg: språk og kultur Mange nordmenn reiser til spansktalande område, noko som aukar behovet for kunnskap om spansk. Stadig fleire spansktalande innvandrarar kjem til Noreg. Ein del lånord som vi har teke inn gjennom engelsk, er i røynda spanske. I USA finst det store område der spansk rår grunnen som førstespråk. 14 Tema vg1, kap 11

15 Japansk ‒ statistikk over brukarar over 120 millionar førstespråkbrukarar, dei aller fleste i Japan relativt få andrespråkbrukarar (rundt 1 million) 15 Tema vg1, kap 11

16 Japansk ‒ språklege særtrekk samanlikna med norsk Japansk er ikkje eit indoeuropeisk språk, og ordforrådet har svært lite til felles med norsk. Substantiva blir ikkje inndelte etter grammatisk kjønn. Substantiva kan ikkje bøyast, heller ikkje i eintal og fleirtal. Krav til danning og omgangsformer speglar seg i språksystemet, mellom anna i eigne høflege former av verba. Talsystemet er ekstremt komplisert, med ulike talord alt etter kva som skal teljast. Lydsystemet tillèt få konsonantgrupper. 16 Tema vg1, kap 11

17 Japansk ‒ samband med Noreg: språk og kultur Tradisjonelt har det vore lite samkvem mellom Japan og Noreg. Det finst svært få japanske lånord i norsk, og svært få ord er felles i dei to språka. 17 Tema vg1, kap 11 Torii Kiyomine: Ei jente i ferd med å gjere seg ferdig med eit brev

18 Side 1: ©DDB Oslo/Getty Images Side 5: Scanpix/Corbis Side 17: Scanpix/Corbis/Bettmann Bildeliste 18 Tema Vg1, kap 11


Laste ned ppt "1 Tema vg1, kap 11. Del 2: Seks språk – seks ulike system Læreplanen seier at du skal kunne forklare grammatiske særtrekk ved norsk språk, samanlikna."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google