Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Fascisme og nazisme Italia Tyskland. Mange likheitstrekk: Italia: Etter 1.verdskrig: Svake regjeringar, høg arbeidsløyse, aksjonar mot bedriftseigarane,

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Fascisme og nazisme Italia Tyskland. Mange likheitstrekk: Italia: Etter 1.verdskrig: Svake regjeringar, høg arbeidsløyse, aksjonar mot bedriftseigarane,"— Utskrift av presentasjonen:

1 Fascisme og nazisme Italia Tyskland

2 Mange likheitstrekk: Italia: Etter 1.verdskrig: Svake regjeringar, høg arbeidsløyse, aksjonar mot bedriftseigarane, jordlause landarbeidarar okkuperte jorda til rike bønder, uro og uvisse. Benito Mussolino skipa Det nasjonale fascistparti, ville attreise eit mektig Italia. Ville rydde opp og slå hardt ned uro, mot sosialistar og kommunistar. Tyskland: Etter 1. verdskrig: Svake regjeringar stor arbeidsløyse, enorm inflasjon, mindretalsregjeringar fekk ikkje gjort noko, misnøye og uro. Adolf Hitler frå Austerrike mislukkast som kunstmålar, bitter, hata overklassen, kommunistar og jødar. Flytta til Tyskland i 1913, medlem i Det nasjonale sosialistiske tyske arbeidarparti (NSDAP). God talar, raskt vald til leiar.

3 Italia Mussolini tok makta med våpen i hand og ein hær på 25000 mann(militærkupp) Endra lovene i landet og fekk diktatorisk makt. Vart kalla Il Duce- tyder føraren. Politiske motstandarar fengsla, sensur, vald og terror prega landet. Samarbeidde med Hitler. Tyskland Hitler grunnla ideologien nazismen med sterk nasjonalisme, og tanken om at nokre menneske er betre enn andre. Freista å ta makta ved kupp i 1923, mislukkast, vart fengsla. Skreiv boka Mein Kampf i fengselet. Tankar om framtida til Tyskland og jødehat sentralt i boka. Fekk makta i 1933, Der Fuhrer, nytta vald og terror, hissa til åtak på jødar, sigøynarar, homofile og kommunistar.

4 Kjenneteikn på fascismen: Nasjonalistisk, ville skape eit mektig Italia. Herleggjorde styrke, forakta det å vere svak. Nytta sensur, vald og terror mot motstandarar. Udemokratisk, endra lovene slik at Mussolini fekk diktatorisk makt. Motstandar av sosialisme og kommunisme. Kjenneteikn på nazismen: Nasjonalistisme og imperialisme, ville ta landområde og skape eit stor-Tyskland. Dyrka det germanske folket, den «ariske rasen». Skulle herske over andre. Vald, terror og konsentrasjons-leirar. Rasisme, spesielt jødehat som enda med holocaust-jødeutryddinga. Ville også fjerne funksjonshemma og homofile (rasehygiene). Sterk velferdsstat, alle i arbeid, betre pengesystem. Motstandar av sosialisme og kommunisme.

5 Noreg i mellomkrigstida: Økonomisk krise: Bedriftene produserte meir enn dei fekk selt- konkursar- arbeidsløyse! Kamp mellom arbeidsgivarar og arbeidarar, streik og lockout. Menstadslaget 1931- Norsk Hydro ved Menstad, streikebrytarar møtte på jobb, streikande protesterte, møtt av politiet, slostkamp! Regjeringa sette inn soldatar og krigsskip! Nye politiske parti: Bondepartiet 1920, Kristeleg folkeparti 1933, Nasjonal Samling 1927(norsk naziparti)

6 Kjelder: J H Nomedal og S Bråthen, Kosmos 9, Forlaget fag og kultur, 2007 https://snl.no/Nasjonal_Samling https://snl.no/Vladimir_Lenin https://snl.no/Benito_Mussolini https://snl.no/Adolf_Hitler http://www.allverdenshistorie.no/artikler/menstadslaget-1931/


Laste ned ppt "Fascisme og nazisme Italia Tyskland. Mange likheitstrekk: Italia: Etter 1.verdskrig: Svake regjeringar, høg arbeidsløyse, aksjonar mot bedriftseigarane,"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google