Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Tom Rune Kongelf Ny rammeplan for barnehagar kvar står vi? Styrarnettverket 4.november 2015.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Tom Rune Kongelf Ny rammeplan for barnehagar kvar står vi? Styrarnettverket 4.november 2015."— Utskrift av presentasjonen:

1 Tom Rune Kongelf www.hisf.no Ny rammeplan for barnehagar kvar står vi? Styrarnettverket 4.november 2015

2 Tom Rune Kongelf Prosessen Prosessen er utsett Revidert rammeplan vert etter planen innført i 2017 Årsak: Samkøyre arbeidet med ein gjennomgang av barnehagelova Regjeringa har bestemt at det skal lagast ei stortingsmelding om kvalitet i barnehagen Meldinga skal gje grunnlag for revidering av Rammeplan Revidert rammeplan skal gjelde frå hausten 2017

3 Tom Rune Kongelf Prosessen til no 2013: Ei arbeidsgruppe fekk i oppdrag å lage eit utkast til revidert rammeplan for barnehagen, del 1 og 2 Del tre (planlegging, dokumentasjon, vurdering, tverrfagleg samarbeid) er ikkje del av revideringa − Dette fordi innhaldet i denne delen vil henge saman med planlagde endringar i barnehagelova Det tredje forslaget frå rammeplangruppa til revidert del 1 og 2 av rammeplanen vart publisert på Udir.no 19. februar 2014

4 Tom Rune Kongelf Pressemelding våren 2014 Regjeringa vil samkøyre arbeidet med den nye rammeplanen og den planlagde gjennomgangen av barnehagelova. Målet er betre kvalitet i barnehagane Målet er å sikre alle barn ein god start

5 Tom Rune Kongelf Stortingsmelding om barnehagar Nytt frå KD Juni 2015: Regjeringa har bestemt at det skal lagast ei stortingsmelding om kvaliteten i barnehagen. Målet er å sikre alle barn ein god start. Røe Isaksen: «Sidan det store barnehageforliket har vi vore mest opptekne av å byggje nok barnehagar. No må vi byggje kvalitet og innhald slik at alle barn får eit godt tilbod med leik og læring…i dag har 98% av alle barn gått i barnehage før dei byrja på skulen. Då må vi også sørgje for at barna får eit så godt tilbod som mogeleg»

6 Tom Rune Kongelf Stor skilnad Hovudutfordringar: Skilnad i bemanning og for mange tilsette utan kompetanse − Gir utslag på kvalitet og innhaldet i tilbodet − Barnehagespeilet 2015 (udir): 60% har relevant utdanning Den nye stortingsmeldinga vil gripe tak i dette og setje ord på korleis vi skal auke kvaliteten i barnehagen

7 Tom Rune Kongelf Ny meld.st: Læring, utvikling og språk Meldinga skal sjå nærare på korleis barnehagane arbeider med barn si læring, utvikling og språk Best mogeleg overgang barnehage-skule Korleis barnehagane best kan identifisere og følgje opp barn som treng ekstra merksemd og hjelp Legge grunnlag for å sluttføre arbeidet med revidering av rammeplanen for innhaldet og oppgåvene i barnehagen Meldinga skal etter planen leggjast fram våren 2016

8 Tom Rune Kongelf www.hisf.no «Språkløyper» Eit heilskapleg løft for språk, lesing og skriving 2016 – 2019 Utprøving av ny strategi for språk, lesing og skriving

9 Tom Rune Kongelf Bakgrunn 16% av norske 15-åringar ligg på eit lesenivå som i følgje PISA er «under kritisk grense». Dei går truleg ut av grunnskulen med for dårlege skriftspråkferdigheiter. I dag vert altfor mykje av spesialundervisinga sett inn hjå dei eldste elevane Vi må jobbe meir for å løfte språk,- lese- og skrivekompetansen hjå alle barn og elevar Skal satsast breiare enn grunnskulen, også i barnehagen

10 Tom Rune Kongelf Utprøving av Språkløyper Torsdag 29. Oktober lanserer KD utprøving av Språkløyper – ein nasjonal strategi som skal styrke norske elevar sitt språk, lesing og skriving I løpet av fire år skal alle norske barnehagar og skular nåast Lesesenteret har fått ansvar for å drive denne strategien

11 Tom Rune Kongelf Språkløyper Det unike er at barnehagen vert inkludert som ein del av læringsløpet Tiltaka omfattar stimulering av språk, lesing og skriving for alle Det viktigaste er å nå barn og elevar som treng ekstra hjelp, så tidleg som muleg Styrke alle barns og elevars språk- og tekstkompetanse, og gjere personalet i betre stand til å identifisere og leggje til rette for dei med språk-, lese-, og skrivevanskar.

12 Tom Rune Kongelf Framh. Språkløyper − Lærarar skal få betre oversikt i bruk av teknologiske hjelpemidler − Materiell vert utvikla av Lesesenteret og Skrivesenteret


Laste ned ppt "Tom Rune Kongelf Ny rammeplan for barnehagar kvar står vi? Styrarnettverket 4.november 2015."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google