Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

OPPSUMMERINGSSAMLING ELEVVURDERING 28. april 2009 SKULEEIGARS TANKAR OM VEGEN VIDARE.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "OPPSUMMERINGSSAMLING ELEVVURDERING 28. april 2009 SKULEEIGARS TANKAR OM VEGEN VIDARE."— Utskrift av presentasjonen:

1 OPPSUMMERINGSSAMLING ELEVVURDERING 28. april 2009 SKULEEIGARS TANKAR OM VEGEN VIDARE

2 Elevundersøkelsen 2007:  31,31 % av 10. klassingane i Volda seier dei veit kva som krevst for å oppnå dei ulike kompetansemåla i dei aller fleste eller mange fag  37,10 % av 7. klassingane og 34,31% av 10. klassingane seier dei veit kva dei skal lære i dei fleste fag  14,29 % av 7. klassingane og 18% av 10. klassingane meiner at lærarane fortel dei kva dei skal gjere for å bli betre i faga

3 Mål for skuleåret 2009-2010  Vurderinga i Voldaskulen skal fremje læring og utvikling  Skulane skal vere godt rusta til å imøtekome forskrift til opplæringslova sine krav i forhold til undervegs- og sluttvurdering

4 § 3-1 Rett til vurdering  Elevar i offentlege grunnskolar ……, har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet. ……  ….Det skal leggjast vekt på å gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane. Det skal også leggjast til rette for at elevane kan gjere god eigenvurdering.  Skoleeigaren har ansvaret for at elevane får oppfylt rettane sine.

5 § 3-2 Formålet med vurdering  Formålet med vurdering i fag er å fremje læring og uttrykkje kompetansen til eleven, ved slutten av opplæringa i faget. Vurderinga skal gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane.  Undervegsvurdering skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven betrar kompetansen sin i fag.

6 § 3-11 Undervegsvurdering  Undervegsvurdering skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven betrar kompetansen sin i fag, jf.  § 3-2. Undervegsvurderinga skal gis løpande og systematisk og kan vere både munnleg og skriftleg…….

7 § 3-12 Eigenvurdering  Eigenvurderinga til eleven skal vere ein del av undervegsvurderinga. Eleven skal delta aktivt i vurderinga av eige arbeid, eigen kompetanse og eiga fagleg utvikling, jf. opplæringslova §§ 2-3 og 3-4.

8 § 3-15 Halvårsvurdering i orden og i åtferd for elevar (NY!!)  Halvårsvurdering i orden og i åtferd er ein del av undervegsvurderinga. Det skal givast halvårsvurdering utan karakter i orden og i åtferd i heile opplæringsløpet.  Frå 8. årstrinnet skal det givast halvårsvurdering også med karakter i orden og i åtferd.

9 Viktige moment i vurdering for læring:  Tydelege mål – Elevane må vite kva som skal lærast, altså målet for det dei arbeider med  Vurderingskriterium – Elevane må vite kva det blir lagt vekt på når det dei arbeider med skal vurderast  Eigenvurdering – Bidrar til at elevane får kjennskap til kva dei allereie kan og kva dei kan jobbe meir med  Kameratvurdering – Elevane lærer å gi konstruktive tilbakemeldingar og samarbeide med kvarandre  Tilbakemeldingar/Framovermeldingar – Informasjon frå lærar som viser vegen vidare i læringsprosessen  Heimen deltakande – Utviklingssamtalen og god kommunikasjon

10 Å vurdere vil seie å sjå kor elevane er, for å finne ein god måte å gå vidare på. Eller frå elevane si side: Å vurdere vil seie å sjå kor eg er, for å finne ein god måte å gå vidare på. Frå presentasjonen ”Læring i praksis” av Bjørndal skole

11 Elevsitat: ”Når vi vet mål og kriterier for det vi skal jobbe med bruker vi hodet når vi jobber. Før var jeg bare opptatt av å bli ferdig med alle oppgavene på a- plan. Uten å tenke på om jeg hadde lært noe.” Elev ved Bjørndal skole

12 Inside the Black Box - frå ei stor engelsk undersøking om vurdering i regi av Department of Education and Professional Studies  Retting og karaktersetjing har for stor plass, medan nyttig rettleiing i forhold til læringsprosessen har for liten plass.  Vurderinga vektlegger i for stor grad måling og samanlikning. Særleg elevar med svak kompetanse lærer at dei ikkje meistrar, noko som igjen fører til mangel på motivasjon. Frå presentasjonen ”Læring i praksis” av Bjørndal skole

13  Lærarane må ha kompetanse i elevvurdering og korleis ein utviklar kriterium.  Lærarane og skulen må ha eit gjennomtenkt opplegg for korleis resultata av elevvurderinga blir brukt.  Lærarane må samarbeide om arbeidet med elevvurdering. Samarbeidet må foregå både på skular og mellom skular.

14 Sjekkliste for sjølvrefleksjon Les utsegna og bestem kvar du sjølv er i din praksis.  Grønt lys: Dette er vanleg i min/elevane mine sin praksis  Gult lys: Dette gjer eg/elevane av og til  Rødt lys: Dette har eg/elevane mine ikkje begynt å arbeide med enno

15 Lærar si eigenvurdering Eg har god dialog med føresette slik at dei får oversikt over kompetansemål og kvar eleven står i forhold til dei Det er vanleg at elevane samtalar med medelevar om si eiga og andre si læring Elevane kan sjølv beskrive kvar dei er i si eiga læring, kvar dei skal og korleis dei skal kome dit Elevane deltar aktivt i vurderingsprosessane og har god oversikt over si eiga læring gjennom å bruke ulike former for sjølvevaluering Eg gir elevane klare og konstruktive tilbakemeldingar for å hjelpe dei vidare i læringa deira Eg bruker informasjonen eg får frå vurderinga som blir gjort som grunnlag for vidare plan- og tilrettelegging Før elevane set i gang med eit arbeid som skal vurderast klargjer eg læringsmål og kriterium for elevane og kommuniserer dei med eit språk elevane kan forstå Rødt lys Gult lys Grønt lys Klasseromspraksis

16 Vurdering for læring er synleg i klasseromet dersom elev saman med lærar kan:  setje ord på kva som skal lærast  beskrive kva som har blitt lært i etterkant av ein læringsprosess  praktisere kameratvurdering undervegs i læringsprosessen  gjere eigenvurderingar og setje seg mål  presentere kva dei sjølv har lært til andre og få tilbakemelding på det Frå Current and Cross-currents av Anne Davies 2004

17 Læring gjennom utvikling  Erfaringsdeling sjå gode eksempel på god praksis drøfte praksis med andre lærarar tid, støtte, rettleiing

18 Læring gjennom utvikling forts.  Spreiing vil ta tid stadig fokus på erfaringsdeling  Utfordringar vurdering for læring er ikkje berre ei ”teknisk” utfordring, men like mykje ei sosial og personleg utfordring forsterke vurderinga FOR læring og minske vurderinga AV læring

19  Eleven har rett til vurdering for å vite kor han/ho står i høve kompetansemåla, og få dette dokumentert  Skulen må vite kvaliteten på opplæringa, dokumentere dette og ta ansvar for utvikling og betring  Kommunen må støtte enkeltskular i sitt kvalitets- utbetringsarbeid og i prosessen kunne rapportere i høve tilsyn frå Fylkesmannen for den samla skulen

20  Lærarane må: setje klare krav og forventningar til kva elevane skal lære  Rektorane må: vurdere samanhengen mellom pedagogisk praksis og elevane sitt utbytte av opplæringa stille krav til læringsresultata og læringsmiljøet ved skulen  Skuleeigarane må: støtte skulane i deira utbetringsarbeid setje krav til rektorane om resultat

21 Skuleavdelinga ønskjer at skulane skal:  ha vurdering som ein integrert del av alt læringsarbeid  involvere elevane i eigenvurdering  gje eleven tilbakemelding som fører han/ho vidare i arbeidet  ha tiltru til at alle elevar kan utvikle seg  ta elevane med på samtaler om resultat frå kartleggingar og eventuelle sentrale prøver  samarbeide på skular og mellom skular  kommunisere dette til heimen

22 Sjekkliste for sjølvrefleksjon Les utsegna og bestem kvar du sjølv er i din vurderingspraksis.  Grønt lys: Dette er vanleg i min/elevane mine sin praksis  Gult lys: Dette gjer eg/elevane av og til  Rødt lys: Dette har eg/elevane mine ikkje begynt å arbeide med enno

23 Skulen/årssteget/teamet si eigenvurdering Vi har god dialog med føresette slik at dei får oversikt over kompetansemål og kvar eleven står i forhold til dei Det er vanleg at elevane samtalar med medelevar om si eiga og andre si læring Elevane kan sjølv beskrive kvar dei er i si eiga læring, kvar dei skal og korleis dei skal kome dit Elevane deltar aktivt i vurderingsprosessane og har god oversikt over si eiga læring gjennom å bruke ulike former for sjølvevaluering Vi gir elevane klare og konstruktive tilbakemeldingar for å hjelpe dei vidare i læringa deira Vi bruker informasjonen vi får frå vurderinga som blir gjort som grunnlag for vidare plan- og tilrettelegging Før elevane set i gang med eit arbeid som skal vurderast klargjer vi læringsmål og kriterium for elevane og kommuniserer dei med eit språk elevane kan forstå Rødt lys Gult lys Grønt lys Klasseromspraksis


Laste ned ppt "OPPSUMMERINGSSAMLING ELEVVURDERING 28. april 2009 SKULEEIGARS TANKAR OM VEGEN VIDARE."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google