Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

BRATTEBERG SKULE ● Ein lærande organisasjon i utvikling ● Prosjektskule 2006-2008.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "BRATTEBERG SKULE ● Ein lærande organisasjon i utvikling ● Prosjektskule 2006-2008."— Utskrift av presentasjonen:

1 BRATTEBERG SKULE ● Ein lærande organisasjon i utvikling ● Prosjektskule

2 Naturen omgir oss på alle kantar! Bratteberg skule Volda

3 Fakta om Bratteberg skule ● Praksissskule ● 205 elevar ● Fulldelt barneskule med to parallellar på mellomsteget ● 37 tilsette ● Deltakar i prosjektet «Kunnskapsløftet- fra ord til handling»

4 Mål for arbeidet ved Bratteberg skule Vi vil utvikle ein vi-skule som fremjar læringstrykk i eit inkluderande miljø der medviten bruk av ressursar blir eit verktøy. Vi vil dokumentere det vi gjer og synleggjere at vi er mønsterbrytarar, slik at erfaringar og kompetanse kan vidareførast til andre skular og skuleeigar.

5 Hovudutfordring «....utvikling av læringsmiljøet og organisering av det slik at det best mulig fremmer læring, for elever og for personalet som profesjonelt fellesskap» (Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringen )

6 Aksjonslæring som teoretisk referanseramme Mål/grunnlag Planlegging Gjennomføring Observasjon metode Mål/nytt grunnlag Refleksjon Evaluering

7 Læring hos personalet

8 Ein føresetnad mot målet om optimal læring..... Ein må arbeide strukturert med læring på ulike nivå i organisasjonen

9 Læring hos personalet forts. Bratteberg skule legg vekt på... ● å legge til rette for gode prosessar med felles fokus ● at heile kollegiet tek del i arbeidet med kompetanseheving ● utvikling av delekultur i kollegiet ● utvikling av samarbeidskultur i kollegiet ● bevisst bruk av lærarane si fellestid ● kollegarettleiing ● å kople teori og praksis ● tydeleg leiing ● god informasjonsflyt i organisasjonen

10 Læring hos personalet, forts. ● Vi har hatt seminar med Scana Volda og Sparebank 1 Volda Ørsta ● Vi ynskjer å lære av andre organisasjonar som har drive strukturert utviklingsarbeid ● Venndiagrammet oppsummerer kva som er likt og ulikt for Bratteberg skule og Scana Volda

11 Sosialt fellesskap er viktig

12 Den daglege refleksjonen Det er ikkje nødvendigvis viktig å gjere noko nytt, men å vere bevisst kva ein gjer og kvifor ein gjer det!

13 Læring hos elevane

14 Vi legg vekt på arbeidet med ● å utvikle eit godt læringsmiljø ● elevmedverknad ● å lære og bruke ulike læringsstrategiar ● å bruke IKT som verktøy i alle fag

15 Læring hos elevane, forts. Føresetnader for motivasjon og god læring er... ● tydelege reglar og rutinar som er felles for alle ● gode lærebøker ● gode læremiddel ● datautstyr som er oppdatert og fungerer ● nulltoleranse for mobbing ● variasjon i undervisninga ● engasjerte lærarar ● godt samarbeid heim - skule

16 Læringsstrategi- ein definisjon Ein framgangsmåte eit menneske nyttar når det medvite går inn for å løyse ei oppgåve eller lære noko nytt. Ein nyttar ulike framgangsmåtar med utgangspunkt i dei føresetnadane ein har til å planleggje, gjennomføre og evaluere eiga læring. I omgrepet læringsstrategi ligg tanken om at eleven er aktiv i eigen læreprosess. Målet er å oppnå læring med forståing.

17 Læring hos elevane - «læringstrappa» ● Bratteberg skule har ein plan for kva strategiar ein skal lære kvart år ● Læringsstrategiar og alternative læringsformer utgjer ein heilskap ● Målet er at elevane skal gjere eigne strategival på 7.årssteg

18 Læraren som undervisar og rettleiar

19 SmartBoard ● Ei digital tavle med mange bruksområde ● 5. og 7.årssteg har starta utprøving av tavla ● Lærarar og elevar ser denne som eit motiverande og funksjonelt verktøy!

20 Delprosjekt på team ● Teama vel fokus med utgangspunkt i resultatmål for ein periode ● Elevane er aktive i læringsprosessen ● Vi deler erfaringar med kvarandre

21 Midtvegs i prosjektet- erfaringar Korleis få til implementering av nye tiltak?

22 Implementering, forts. ● Ta utgangspunkt i arbeidet med elevane (skulekvardagen) ● Synleggjere praksis/ legge til rette for delekultur ● «Rydde tid» til heile prosessen ● Delegere ansvar ● Etterspørje tiltak som er i gong ● Tydeleg leiing ● Tett samarbeid mellom plangruppe, team og leiing (Skape legitimitet)

23 Vidareføring av god praksis ● Kollegiet må i fellesskap verte einige om visjon og mål for framtida ● Vi må formulere realistiske resultatmål og milepælar ● Vi må halde fram med å bruke metodar innanfor prinsippet om aksjonslæring

24 Bratteberg skule vil.... ● Skape endringskultur ● Vidareføre god praksis ● Bryte med mønster som ikkje fungerer ● Auke motivasjonen for læring ● Legge til rette for rutinar og strukturar som fremjar vidare utvikling av skulen som lærande organisasjon!


Laste ned ppt "BRATTEBERG SKULE ● Ein lærande organisasjon i utvikling ● Prosjektskule 2006-2008."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google