Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Velkommen til kurs Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane 22.10.2015.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Velkommen til kurs Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane 22.10.2015."— Utskrift av presentasjonen:

1 Velkommen til kurs Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane

2 Endringar i kompetanseforskrifta Barnesteget: For å undervise i norsk, samisk, norsk teiknspråk, matematikk eller engelsk på barnetrinnet krevst det at vedkommande har minst 30 studiepoeng som er relevante for faget. Ungdomssteget: For å undervise i norsk, samisk, norsk teiknspråk, matematikk eller engelsk på ungdomstrinnet krevst det at vedkommande har minst 60 studiepoeng som er relevante for faget. For å undervise i andre fag på ungdomstrinnet krevst det at vedkommande har minst 30 studiepoeng som er relevante for faget. Dette gjeld ikkje for valfaga, utdanningsval og arbeidslivsfag. For dei som før 1. januar 2014 hadde tilfredsstillande kompetanse etter dagjeldande krav for tilsetjing i undervisningsstilling, eller har fullført tidlegare allmennlærarutdanning etter 1. januar 2014, gjeld ikkje kravet om 30 relevante studiepoeng i andre fag.

3 Overgangsordning? Regjeringa har som mål at alle skolar skal kunne fylle dei foreslåtte krava i matematikk, engelsk, norsk innan det har gått 10 år. Den statlege satsinga på vidareutdanning er trappa opp for å leggje til rette for at kompetansekrava kan fyllast. Ein periode på 10 år vil vere nødvendig for å kunne vidareutdanne lærarar som ikkje fyller krava i dag, og for å kunne byggje tilstrekkeleg kapasitet og kvalitet i vidareutdanningstilboda. Det går fram av Lærerløftet at regjeringa derfor meiner at det unntakshøvet som skoleeigarane har i dag, bør førast vidare i denne perioden. Det er da sikta til det høvet skoleeigarane har til å fråvike kravet om relevant kompe- tanse i under visningsfag etter opplæringslova § 10-2 fjerde ledd.

4 Oppl.lova kap 10-2 Krav om relevant kompetanse i undervisningsfag gjeld ikkje for den som er mellombels tilsett etter § 10-6 eller etter arbeidsmiljølova, 2 eller den som er tilsett på vilkår etter § 10-6a.§ 10-6 eller etter arbeidsmiljølova, 2 eller den som er tilsett på vilkår etter § 10-6a. Skoleeigar kan, så langt det er nødvendig, fråvike kravet om relevant kompetanse i undervisningsfag i tilfelle der skolen ikkje har nok kvalifisert undervisningspersonale i faget. Det må takast stilling til dette for kvart skoleår.

5 Kva skjer no? Utdanningsforbundet har fullt fokus mot politisk miljø for å få endra kravet om tilbakeverkande kraft Udf skal i samtalar med KS for å diskutere utfordringane Er KS villige til å ta forventa ansvar som arbeidsgjevar? Korleis handtere dette på best mogleg måte?

6 Problemstilling/ døme ung.skule Gunnar; 60 st.p., Lena; master, Arnhild; 30 st.p., Ivar; 15 st.p KlasseTidlegare ordningNy ordning 8AGunnar 8BArnhildGunnar 9AArnhildLena 9BIvarLena 10ALenaGunnar 10BLena

7 Kva krav og tiltak må Utdanningsforbundet jobbe for? Må komme i dialog med skuleansvarleg på kommunenivå og rektor for å drøfte problemstillingane Lærarar som må ta tilleggsutdanning pga tilbakevirkande kraft, må få dette fullfinansiert! ikkje som ein del av kompetansestrategien der læraren bidreg med 25 %. Lærarar som ikkje lengre har nok godkjent kompetanse til å undervise i aktuelle fag, må prioriterast til studieplassane. Det må utarbeidast ein plan for kompetanseheving på den enkelte skule

8 Tariff 2016 Landsmøtearbeid denne hausten gjer til at ein ikkje vil klare å få ein organisatorisk behandling lik den vi hadde for to år sidan Ekstrem kort tidsplan Landsmøtevedtak vil vere styrande for kva problemstillingar sentralleddet sender ut Klar 20. november Lokallaga må legge opp til handsaming på ”medlemsnivå”! Kall derfor inn til klubbmøte/medlemsmøte no Lokallaget må sette eigen frist for klubbane Pass på å få med alle aktuelle tariffområde Innan 01. januar må lokallaga sende inn oppsummerte innspel frå klubbane

9 Landsmøte 2015 lm2015.udf.no delegasjonsmøter fylkesårsmøte/ fylkesråd streaming besøk i lokallaga


Laste ned ppt "Velkommen til kurs Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane 22.10.2015."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google