Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

PwC Vanylven Utvikling AS Strategisk plan 2010 - 2013 Åheim (Steinar Slagnes)

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "PwC Vanylven Utvikling AS Strategisk plan 2010 - 2013 Åheim (Steinar Slagnes)"— Utskrift av presentasjonen:

1 PwC Vanylven Utvikling AS Strategisk plan Åheim (Steinar Slagnes)

2 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS 2 Innhald 1. Samandrag 2. Bakgrunn 3. Utviklingsanalyse a.Folketalsutvikling b.Næringsstruktur og sysselsette c.Vanylven og regionen d.Utviklingsmoglegheiter i næringslivet e.Kommunen si rolle som tilretteleggar 4. Strategisk plan 2010 – 2014 a.Innleiing b.Organisering c.Visjon og mål d.Utviklingsprogram - Nærings- og arbeidskommunen e.Utviklingsprogram - Bustad- og trivselkommune f.Utviklingsprogram - Vanylven og regionen Vedlegg: Detaljert handlingsplan 2010

3 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS 3 1. Samandrag På neste side er det gitt ein oversikt over målsetjing og strategiar for kvart av utviklingsprogramma. I kapittel 3 vert det vidare gjort greie for rolledelinga i i omstillingsarbeidet. Vanylven Utvikling AS har hovudansvaret for å følgje opp den strategiske planen, medan kommunen har eit delansvar for utviklings- programmet Bustad- og trivselskommunen. I vedlegg har ein teke inn ein handlingsplan for dei 4 åra i planperioden. Denne handlingsplanen vil bli kontinuerleg oppdatert etter kvart som det vert gjort vedtak om å setje i gong nye prosjekt innanfor dei ulike strategiane. Handlingsplanen gjer det vidare oversiktleg å følgje med på framdrift og resultatoppnåing i planperioden. I tillegg til denne 4 års strategisk plan vert det utforma meir detaljerte handlingsplanar for det enkelte år. Det vert vidare naturleg å ha ein revisjon av denne strategiske planen etter to år. Handlingsplanane tar opp i seg alt lokalt utviklingsarbeid både av meir generell karakter og som følgje av kommunen sin spesielle omstillingsstatus. Planen har altså i seg aktivitetar som skal finansierast både av omstillingsmidlar og kompensasjonsmidlar. Strategiske planen for Vanylven Utvikling AS skal vere styrande for omstillingsarbeidet i perioden 2010 – Planen bygger på den strategiske utviklingsanalysen som var utforma hausten Strategisk utviklingsanalyse byggjer igjen på kommuneplanen til kommunen. I arbeidet med den strategiske utviklingsanalysen gav eit breitt utval med representantar frå næringslivet og lokale offentleg styresmakter nyttige innspel. Utviklingsanalysen er såleis godt forankra hjå dei viktigaste aktørane i omstillingsarbeidet. Strategisk plan har følgjande oppbygging: I kapittel 2 ser ei nærare på utvikling i folketal, nærings- struktur, sysselsetting, regional integrasjon og utviklings- moglegheitene til næringslivet. Dette kapittelet er såleis ei oppsummering av den strategiske utviklingsanalysen og viser kva som er hovudutfordringane til kommunen. I kapittel 3 vert det gjort greie for mål og strategiar i omstillingsarbeidet. I tillegg til utviklingsanalysen byggjer dette kapittelet på evalueringar av omstillingsarbeidet så langt. I den strategiske planen er det utforma 3 utviklingsprogram: -Nærings- og arbeidskommunen -Bustad- og trivselskommune -Vanylven og regionen

4 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS 4 1. Samandrag Visjon og overordna mål Visjonen er at Vanylven skal vere blant Norges fremste miljøkommunar i vidaste forstand, med fokus på trivsel, vekst og berekraftig utvikling Det overordna målet er å bidra til at Vanylven utviklar seg til ein livskraftig kommune med attraktive lokalsamfunn og eit robust, nyskapande og effektivt næringsliv som bidrar til lokal, regional og nasjonal verdiskaping. Organisering, verkt ø y og metodar Rolleavklaring: Vanylven Utvikling AS og Vanylven kommune Verktøy og metodar: Prosjektstyring og prosjektleiarprosessen (PLP), samt rapportering og evaluering av måloppnåing Utviklingsprogram Bustads- og trivselskommune Mål: Auke folketalet: til om lag til om lag Det er eit delmål at kommunen skal få ein netto auke i Innbyggar talet i aldersgruppa 25 til 40 år med 10 personar per år. Strategiar: 1. Omdømmebygging og profilering 2. Lokalsamfunnsutvikling 3. Mottak og integrering av nye innbyggarar 4. Kulturliv og lokale møteplassar Nærings- og arbeidskommunen Mål: Auke tal arbeidsplassar: til om lag til om lag Det er eit delmål at 40 % av dei nye arbeidsplassane skal krevje høgare utdanning. Strategiar: 1. Grunderkommunen Vanylven 2. Møteplassar og nettverk 3. Kompetansebygging og kvalifisering 4. Robust næringsstruktur / styrka utviklingsevne 5. Rekrutteringstiltak Vanylven og regionen Mål: Auke talet innpendlarar: til om lag til om lag 250 Tal utpendlarar skal vere stabilt i høve til i dag (om lag 450 utpendlarar) Strategiar: 1. Betre kommunikasjonsløysingar 2. Regional samhandling 3. Førebuing Stadt Skipstunnel

5 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS 5 3. Utviklingsanalyse a. Folketalsutvikling Vanylven kommune hadde pr 1. januar innbyggjarar. Dette er ein nedgang på 90 personar i den siste 10-årsperioden (1999 til 2009). Til dette må det merkast at kommunen i 2001 fekk overført ca. 380 innbyggjarar frå Sande kommune ved grensejustering. Dette inneber at den reelle nedgangen i perioden er på om lag 470 innbyggjarar, noko som er ein nedgang på omlag 13 %. Kommunen har hatt negativt fødselsoverskot dersom ein ser samla på perioden 2000 til Det er likevel ei stor netto utflytting som er hovudårsaka til folketalstilbakegongen dei siste 10 åra. Det er særleg unge vaksne (aldersgruppa 20 til 40 år) som flyttar frå kommunen Hovudutfordringa er å snu trenden i høve til unge vaksne i alderen år, der fråfallet synes å vere størst. Denne gruppa er særs viktig for kommunen, då det er denne aldersgruppa som i hovudsak får born og dermed sikrar etterveksten i kommunen, samstundes som dette er ei gruppe i arbeidsfør alder. Å legge til rette for folketalsauke vert difor ei prioritert oppgåve i omstillingsarbeidet. ÅrFolketal 1.januar Fødsels- Overskot Innflytting UtflyttingNetto flytting Folkevekst *) 27 *) 52 *) -25 *) -34 *) Figur 1: Folketalsutvikling Figur 2: Oversikt over fødselsoverskot og netto flytting. *) Per 2. kvartal 2009

6 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS 6 3. Utviklingsanalyse b. Næringsstruktur og sysselsette Figur 3 viser utvikling i tal på sysselsette innan ulike sektorar i perioden Det har vore ein moderat nedgang i tal sysselsette innan jordbruk og industri og ein tilsvarande auke innan helse- og sosialtenestar, medan det innan transport, varehandel og byggje- og anleggsverksemd har vore ein viss oppgong. Vanylven kommune har ein variert næringsstruktur der ein ikkje kan seie at det er enkelte næringar som utmerkar seg sterkt. Figur 3: Utvikling i sysselsette i ulike næringar Figur 4: Utvikling i arbeidsløyse Figur 4 viser at det har vore ein nedgang i arbeidsløysa i kommunen. Fordelinga mellom menn og kvinner har vore stabil frå 2005 til 2008, men ein observerar ei negativ utvikling for menn frå slutten av 2008 og fram til august Kommunen har ikkje hatt ein nedgong i tal arbeidsplassar som samsvarer med folketalsnedgongen. Næringslivet i kommunen melder vidare tilbake at det er vanskeleg å rekruttere medarbeidarar.

7 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS 7 3. Utviklingsanalyse c. Vanylven og regionen Vanylven er ein desentralisert kommune, med innbyggjarane busett i mange ulike bygder av varierande storleik. Kommunen kan karakteriserast som ein arbeidsmarknad.Vanylven kommune tilhøyrer vidare ein større bu- og arbeidsregion. Det er i dag ein del pendling til og frå nabokommunar. Dei største kommunane når det gjeld pendling inn frå andre kommunar til Vanylven er Selje, Volda og Herøy. Innpendling til kommunen har vore rimeleg stabil frå 2002 til Dei største utpendlingskommunane frå Vanylven kommune er Ålesund, Sande og Ulstein. Figurane under illustrerar fordelinga mellom kommunane. Figur 5: Største innpendlingskommunar Figur 4: Største utpendlingskommunar Når det gjeld dei største utpendlingskommunane har det vore ein klar auke i talet på pendlarar til kommunane Ålesund og Ulstein, medan talet på pendlarar til andre kommunar har vore etter måten stabil. Inn- og utpendling seier noko om kor integrert kommunen er i regionen. Til større arbeidsmarknad ein kommune tilhøyrer til meir attraktivt vert det å bu i kommunen. Det vert difor viktig at det vert lagt til rette for ei tettare integrering med kommunane i regionen.

8 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS 8 3. Utviklingsanalyse d. Utviklingsmoglegheiter i næringslivet Landbruket i kommunen har allereie gjennomgått store strukturelle endringar ved etablering av samdrift og større einingar. Auka spesialisering og produksjon av nisjeprodukt kan vere viktige for denne næringa i framtida. Kombinasjonen jordbruk og reiseliv har også eit potensiale. Fiskeri- og havbruksnæringa satsar i dag på auka spesialisering og ny miljøretta teknologi, noko som også kan gje kompetansearbeidsplassar i kommunen i framtida. Det er viktig å halde fram med denne satsinga og hjelpe bedriftene med å skaffe naudsynt kompetanse. Handel og tenesteyting er viktig i kommunen då dei gjev ringverknader i form av betre bustadmiljø, samtidig som det kan gje fleire kvinnearbeidsplassar og betre moglegheiter for at begge ektefellar kan få jobb i kommunen. Innanfor tenesteyting er det også mange arbeidsplassar som krev høgare utdanning. Det blir viktig for kommunen å satse på denne typen kompetansearbeidsplassar i tida som kjem både innanfor privat- og offentleg tenesteyting. I utviklingsanalysen vart naturressursar og natur vurdert som eit konkurransefortrinn for næringane bergverk, landbruk, fiske/havbruk, vindkraft og reiseliv. Når ein skal sjå på kva utviklingsmoglegheiter Vanylven kommune har, er det klart at industri og bergverk også i framtida vil vere viktig for kommunen. På kort sikt er det avgjerande at kommunen har eit sterkt industrimiljø. -Det er naudsynt å leggje tilhøva til rette for at North Cape Minerals AS også i framtida kan vere ein viktig næringsaktør og arbeidsgjevar i kommunen. -Det er sentralt at kommunen kan hjelpe arbeidsgjevarane i deira rekrutteringsprosess. Det vil være naudsynt med bustadar for tilflyttarar, og infrastruktur i form av skular, barnehagar. Foredling og matproduksjon er ei næring med tradisjonar i kommunen. Hofseth AS ei relativt nyetablert bedrift i denne næringa i kommunen og er svært viktig for utviklinga av næringsmiddel industrien i kommunen, både gjennom si eksisterande verksemd og gjennom dei nye prosjekta som selskapet arbeider med.

9 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS 9 3. Utviklingsanalyse e. Kommunen si rolle som tilretteleggar Kommunen har i stor grad fått positiv tilbakemelding med omsyn til basistenestar som skule, barnehage og liknande. Når det gjeld kommunal næringsstruktur er det lagt til rette areal, men det tek tid å finne folk som ynskjer å drive næring der. På dette området har det kome fram kritikk av kommunen sine prioriteringar. Dette kan dels skuldast usemje om prioriteringar, men også dels forklarast med manglande informasjon frå kommunen sin side. Det er ei utfordring for kommunen å byggje ein ”kommunal identitet”. Det har mellom næringsdrivande og innbyggarane vore lite fokus på kommunen som eining. Det er naudsynt med eit tettare samarbeid om utvikling av større prosjekt, både mellom næringsdrivande og kommunen. Det har vore vanskeleg å få næringslivet til å delta i prosjektarbeid. I det vidare næringsarbeidet i kommunen er det viktig at næringslivet har ei sentral rolle i å leggje linjene og fremme prioriteringar. Dette for å skape større motivasjon for omstillingsarbeidet.

10 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS Strategisk plan 2010 – 2013 a. Innleiing I 2004 stod Vanylven kommune overfor ein stor omstillingsprosess etter at kommunen mista om lag 360 arbeidsplassar i perioden 2000 – 2004, som tilsvarar over 25 prosent av arbeidsplassane i kommunen. Dette skuldast omstrukturering i den tidlegare statlege verksemda Olivin. I tillegg opplevde ein omstruktureringar og nedleggingar innan skipsbyggingsindustrien og meieridrift. Situasjonen var sterkt medverkande til at kommunen søkte og fekk tildelt omstillingsstatus, og det blei også utarbeidd ein strategisk utviklingsanalyse i årsskiftet til hjelp i det omstillingsarbeidet ein stod framfor. Kommunen sin omstillingsstatus har no vart i 5 år og varer fram til Målsettingane i den strategiske utviklingsanalysen ved starten av omstillingsarbeidet var å styrkje næringslivet gjennom følgjande prioriteringar: Styrke eksisterande arbeidsplassar Utvikle etablerarkultur og nettverk Legge tilhøva til rette for nye næringar og skape et meir allsidig næringsliv Gjere kommunen meir attraktiv for ungdom og framtidig busetting Balansert satsing mellom næring og kommunale teneste Utvikle gode kommunikasjonsløysningar / hurtigare og betre kommunikasjonar mot dei største regionale sentra Målet for omstillingsprosessen var å auke talet på arbeidsplassar og at Vanylven framleis skulle vere ein god kommune å bu i. Desse måla er delvis nådd. Eksisterande arbeidsplassar er i noko grad robuste, samstundes som det har komme både nye arbeidsplassar og noko ny verksemd i kommunen. På den andre sida har det vore ei negative utvikling i folketalet, særleg i aldersgruppa 20 til 40 år, jf kapittel 3. Kommunen har følgjeleg framleis store utfordringar. Basert på evalueringar og analyser av omstillingsarbeidet så langt må den overordna kursen justerast slik: Omstillings-/utviklingsinnsatsen bør i sterkare grad ”spissast” mot dei utviklingstiltaka som mest effektivt kan skape langsiktig og robust vekst i Vanylven (og regionen). Prioriteringane i den ordinære kommunale aktiviteten i Vanylven må i enno sterkare grad rette seg mot same mål og strategiar som det ”smale” næringsutviklingsarbeidet. Næringsutviklingsarbeidet må få ein sterkare regional fokus. Denne strategiske planen skal bidra til at kursen vert justert i tråd med dette.

11 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS Strategisk plan 2010 – 2013 b. Organisering Sjølve føremålet med omstillingsarbeidet er at ein kommune basert på ein definert situasjon vert gitt ein tidsavgrensa periode til å gjennomføre ekstraordinære tiltak for å utvikle nye lønsame arbeidsplassar. Erfaringar frå ulike omstillingsprosjekt viser at ei klargjering av roller og ansvar er avgjerande for at ein skal lukkast i omstillingsarbeidet. Kommunen har delegert deler av ansvaret for omstillingsarbeidet til Vanylven Vekst KF, som frå 2010 blir slått saman med Vanylven Næringsråd og arbeidet skal vidareførast under Vanylven Utvikling AS. Vanylven Utvikling AS er eit nyskipa selskap med føremål å vere kommunen sitt ordinære nærings- og tiltaksapparat. Selskapet har som oppgåve å vere næringslivet og kommunen sitt felles organ for langsiktig utvikling av næringslivet. Det skal være eigd med 60 % av næringslivet i Vanylven, og 40 % av Vanylven kommune. Selskapet har som målsetting å bygge nettverk mellom bedriftene. Vanylven Utvikling AS si rolle som langsiktig samarbeidspartnar /nettverksbyggar kan verte verdifull for kommunen når næringslivet sjølv har kontrollen over kva som gjerast i selskapet og dermed føler eit større eigarskap og motivasjon for prosjektarbeidet. Kommunen si rolle i omstillingsarbeidet kan summerast opp slik: Er eigar av omstillingsprosjektet og har ansvar for å fastsetje overordna planar for omstillingsarbeidet Overordna ansvar for å planlegge, gjennomføre og prioritere midlar til tiltak innanfor utviklingsprogrammet - Bustad og trivselskommunen. For nokre av tiltaka skal dette skje i samarbeid med Vanylven Utvikling AS. Vanylven utvikling AS si rolle i omstillingsarbeidet kan summerast opp slik: Utarbeide utkast til strategi for omstillingsarbeidet Utarbeide årlege handlingsplanar for omstillingsarbeidet bygd på overordna strategisk plan Planlegge, gjennomføre og prioritere midlar til tiltak innanfor utviklingsprogramma -Nærings- og arbeidskommunen -Vanylven og regionen

12 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS Strategisk plan 2010 – 2013 c. Visjon og mål Grunnleggande føringar for utviklingsarbeidet Alt næringsarbeid i Vanylven skal bygge på følgjande tre grunnleggande føringar: KOMPETANSE: Systematisk satsing på å utvikle og bygge opp kompetanse i næringslivet i kommunen – med spesiell fokus på kvinner og ungdom. SAMARBEID: Etablering av samarbeidsstrukturar og lagspel i næringslivet – med spesiell fokus på kvinner og gründarar, SYNLEGGJERING: Bygge og formidle kunnskap om Vanylven sine unike verdiar og næringsprofil både i kommunen og utanfor. Visjon Vanylven skal vere blant Norges fremste miljøkommunar i vidaste forstand, med fokus på trivsel, vekst og berekraftig utvikling. Mål Det overordna målet er å bidra til at Vanylven utviklar seg til ein livskraftig kommune med attraktive lokalsamfunn og eit robust, nyskapande og effektivt næringsliv som bidrar til lokal, regional og nasjonal verdiskaping. Utviklingsprogram Vanylven Utvikling AS skal fram mot 2020 ha fokus på følgjande 3 utviklingsprogram: Vanylven som nærings og arbeidskommune Målet er å auke talet arbeidsplassar i kommunen slik: til om lag 1 550* til om lag Det er eit delmål at 40 % av dei nye arbeidsplassane skal krevje høgare utdanning. Vanylven som bustad- og trivselskommune Målet er å auke folketalet i kommunen slik: til om lag 3 600* til om lag Det er eit delmål at kommunen skal få ein netto auke i innbyggartalet i aldersgruppa 25 til 40 år med 10 personar per år. Vanylven og regionen Målet er å auke talet innpendlarar slik: til om lag til om lag 250 Tal utpendlarar skal vere stabilt i høve til i dag (om lag 450 utpendlarar) *) Ein har sett mål for dei enkelte strategiane også seinare i dette kapittelet. Desse delmåla for den enkelte strategi blir i sum noko høgare enn måla presentert i dette avsnittet. Årsaka til dette er at strategiane til dels vil kunne overlappe kvarandre.

13 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS Strategisk plan 2010 – 2013 d. Vanylven som nærings og arbeidskommune Ansvar: Ansvarleg for utviklingsprogrammet nærings og arbeidskommunen vil vere Vanylven Utvikling AS Strategiar: Ein vil arbeide med følgjande strategiar innanfor dette utviklingsprogrammet. 1. Gründerkommunen Vanylven Intensjon Sterkt gründerfokus i skuleverket Fokus på ungdom og kvinner Skape gode vilkår for gründarar som vil etablere seg Verkemiddel / prosjekt Lage ein plan for utvikling av gründerkultur - Gründerkommunen Vanylven Bli meir synlege og aktive som Hoppid.no-kontor Utvikle næringshage-/inkubatormiljø Etablere eiga ”gründerklasse” i vidaregåande skule / entreprenørskapsline Mål Vanylven skal ha dei beste vilkåra for gründarutvikling og nyetableringar i regionen. Dette skal resultere i 10 bedriftsetableringar innan 2013 som skal skape 30 lønsame arbeidsplassar.

14 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS Strategisk plan 2010 – 2013 d. Vanylven som nærings og arbeidskommune 2. Møteplassar og nettverk Intensjon Betre samhandling med virkemiddelapparatet (IN. MR fylke og KRD) Byggje nettverk mot næringsmiljø i regionen Legge til rette for betre samarbeid mellom verksemdene i kommunen Verkemiddel / prosjekt Vesentleg sterkare involvering i regionale næringsklynger Deltaking på ”marknadsplassar” for næringsetablering (connect-miljø) Etablere tettare samarbeid med destinasjonsselskapa i Ålesund/Sunnmøre og Nordfjord/Stryn Mål Etablering av lokale nettverk og deltaking i regionale og andre nettverk skal styrke grunnlaget for vekst og utvikling i Vanylven. Dette skal bidra til at det vert skapt 20 nye lønsame arbeidsplassar innan Kompetansebygging og kvalifisering Intensjon Auke kompetansen til næringslivet i kommunen slik at konkurransekrafta til næringslivet aukar. Verkemiddel / prosjekt Etablere Vanylvsakademiet som arrangør av kompetansegjevande tiltak Auke samhandlinga med FoU-miljø Kartlegge kompetansebehov i næringslivet (Vurdere kompetanseområde og foreslå kompetansegjevande tiltak. Dette vil skje gjennom prosjektet SMB utvikling.) Vurdere grunnlaget for ei trainee-ordning Kartlegge behovet for internasjonaliseringstiltak (Dette vil skje gjennom prosjektet SMB utvikling). Mål Gjennom Vanylvsakademiet og andre tiltak auke kompetansen i regionen. Arrangere minst 20 kompetansegjevande tiltak gjennom Vanylvsakademiet med 200 deltakarar innan 2013

15 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS Strategisk plan 2010 – 2013 d. Vanylven som nærings og arbeidskommune 4. Robust næringsstruktur / styrka utviklingsevne Intensjon Profesjonalisering og effektivisering av næringsutviklingsarbeidet Bidra til auka verdiskaping og knoppskyting i eksisterande verksemder Bidra til betre samhandling mellom sentrale aktørar i området Bidra til utvikling av ein lokal ”leiarkultur” (kompetanse og kapasitet) gjennom mellom anna Vanylvsakademiet Bidra til å utvikle næringane: -bergverk og industri, -næringsmiddelproduksjon, -reiseliv, -landbruk, -vindkraft, -fiskeri- og havbruksnæringa og -tenesteytande næringar (både privat og offentleg) Styrke Vanylven som etableringsstad for ny verksemd (privat og offentleg) Strategiske alliansar med regionale/nasjonale kompetansemiljø Arbeide for å betre tilgangen på risikokapital 4. Robust næringsstruktur / styrka utviklingsevne (framhald) Verkemiddel /prosjekt Gjennomføre SMB-utvikling Lage ein marknadsstrategi for Vanylven som etableringsstad for ny næringsverksemd Forstudium for å kartlegge utviklingsmoglegheitene for landbruksbasert forretningsutvikling. fiskeri og havbruk, foredling og mat produksjon (næringsmiddelindustri), kulturbasert forretningsutvikling, geologibasert forretningsutvikling og vindkraft Forprosjekt innafor reiseliv med utgangspunkt i forstudiet om dette (Kaizen). Kultivering av elvane i kommunen med tanke på reiselivsnæringa Ta initiativ til nyetableringar innafor handel og tenesteyting, også offentleg tenesteyting Mål Utvikle ein meir robust næringsstruktur og styrka utviklingsevne. Målet er at det skal skapast 100 nye arbeidsplassar innan 2013 og at ein får 10 bedriftsetableringar innan 2013.

16 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS Strategisk plan 2010 – 2013 d. Vanylven som nærings og arbeidskommune 5. Rekrutteringstiltak Intensjon Vise bredda i interessante arbeidsplassar i kommunen og regionen slik at personar vel å flytte til kommunen Verkemiddel/prosjekt Rekrutteringstiltak retta mot studentar og utflyttarar Arrangere lokal næringslivsdag / ”Treffpunkt Vanylven” Mål Synleggjere mangfaldet i det lokale (og regionale) næringslivet og dei mulegheitene ein har til å finne seg interessant arbeid. Målet er at 20 personar flyttar til kommunen innan 2013.

17 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS Strategisk plan 2010 – 2013 e. Bustad og trivselskommunen Ansvar: Ansvarleg for utviklingsprogrammet bustad og trivselskommunen vil vere Vanylven kommune. Nokre av tiltaka vil bli gjennomført i tett samarbeid med Vanylven Utvikling AS. Strategiar: Ein vil arbeide med følgjande strategiar innanfor dette utviklingsprogrammet. Sandvikdalen (Liv Fluevåg) 1. Omdømmebygging og profilering Intensjon Betre omdømmet til kommunen mellom innbyggarane i kommunen, spesielt fokus på ungdom og foreldre Betre omdømmet til og profilere kommunen i regionen / landet slik at fleire vel å flytte til kommunen Verkemiddel / prosjekt Implementere profileringsvedtaket lokalt i kommunen slik at plassar, vegar, attraksjonar, offentlege bygningar m.m. blir skilta i samsvar med profilen, og dermed er med på å skape identitet og trivsel Lage ein samla plan for marknadsføring, profilering og omdømmebygging Vurdere samarbeid mellom det lokale næringslivet og Vanylven kommune om felles profilering Andre identitetskapande tiltak Mål Betre internt/lokalt omdømme og ekstern synleggjering av Vanylven. Dette skal medføre at 100 personar vel å flytte til kommunen innan 2013.

18 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS Strategisk plan 2010 – 2013 e. Bustad og trivselskommunen 2. Lokalsamfunnsutvikling Intensjon Styrke identiteten til kommunen og staden ein bur på gjennom tettstadutvikling og bygdeutvikling Skape forankring i heile kommunen for utviklingsarbeidet Legge til rette for attraktive bustader/bustadområde/hytteområde m.m. Verkemiddel / prosjekt Avslutte dagens ”Bulyst-prosjekt” og forankre det vidare arbeidet i lokalmiljøa Ta initiativ til attraktive bustadmiljø og nye marknadstilpassa bustader for utleige Vidareføring av planlagde bustadprosjekt Bidra til bygdeutviklingsprosjekt ved å identifisere, ansvarleggjere og gi økonomisk stønad til lokale utviklingsaktørar Lage ein plan for utvikling av kommunesenteret Fiskå Mål Styrke identiteten til kommunen og forankringa av utviklingsarbeidet. Legge til rette for at attraktive bustadtomter og bustader er tilgjengleg. Gjennom dette bidra til at færre flyttar frå kommunen og for tilflytting slik at kommunen får ein folketalsvekst i perioden fram til 2013 på 100.

19 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS Strategisk plan 2010 – 2013 e. Bustad og trivselskommunen 3. Mottak og integrering av nye innbyggjarar Intensjon Ta godt i mot tilflyttarar slik at dei vert godt integrert i lokalsamfunnet Verkemiddel / prosjekt Lage plan for mottak og integrering av nye innbyggjarar Velkomstbrev og pakke med informasjon om lokalsamfunnet skal delast ut til nye innbyggjarar i kommunen Det skal arrangerast velkomstfest for tilflyttarar for å fremje rask integrering. Vidare skal det arbeidast for å etablere ein fast møteplass for tilflyttarar Nye innbyggjarar i kommunen skal få tilstrekkeleg informasjon om lokalsamfunnet Offentlege tenester skal vere tydeleg skilta og ha informasjon på fleire språk Mål Målet er at alle innbyggarane vert tekne i mot på ein god som sikrar god integrering og trivsel. Målet er at alle som flyttar til kommunen vel å bli verande i kommunen. 4. Kulturliv og sosiale møteplassar Intensjon Vanylven skal utvikle ein heilskapleg profil for kultursatsing, med fokus på kystkultur Legge til rette for at kulturtilboda i kommunen kan utviklast i samarbeid med næringslivet, kulturbasert forretningsutvikling Verkemiddel / prosjekt Etablere eit kystkultursenter Etablere ein kunstnarverkstad for lokale/regionale kunstnarar Arrangementutviklig Mål Strategien skal bidra til auka mangfald i kulturlivet og fleire nyetablerte verksemder som er kulturbaserte. Dette skal også styre reiselivsnæringa i kommunen. Bidra til å styrke omdømmet til kommunen samstundes som det vert skapt 10 nye arbeidsplassar innan 2013.

20 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS Strategisk plan 2010 – 2013 f. Vanylven og regionen Ansvar: Ansvarleg for utviklingsprogrammet Vanylven og regionen vil vere Vanylven Utvikling AS. Strategiar: Ein vil arbeide med følgjande strategiar innanfor dette utviklingsprogrammet. 1. Betre kommunikasjonsløysingar Intensjon Betre kommunikasjonsløysingane i regionen, m.a. -Kystvegen -Godstransportløysingar -Stad skipstunnel -Fastlandsamband Åram - Voksa Verkemiddel / prosjekt Medvirke til etablering av eit selskap som får som særskilt oppgåve å arbeide for å få ei bru over Rovdefjorden så snart som mogleg, som eit av dei første og viktigaste delprosjekta av Kystvegen Arbeide for tidlegare oppstart av bygging av Stad Skipstunnel enn det som er føresett i NTP Arbeide for realisering av fastlandssambande Åram – Voksa Arbeide for betring av godstransporttilbodet spesielt i nordre delen av kommunen Mål Få betre kommunikasjonsløysingar som gjer at Vanylven vert integrert i ein større bu- og arbeidsmarknad.

21 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS Strategisk plan 2010 – 2013 f. Vanylven og regionen 2. Regional samhandling Intensjon Tettare integrering av den regionale arbeidsmarknaden Skape næringsutvikling gjennom samarbeid mellom bedrifter i regionen Verkemiddel / prosjekt Arbeide for deltaking i næringsklynger Arbeide for konkrete samarbeidsprosjekt med næringslivet på Søre Sunnmøre og i Nordfjord Betre informasjon om næringslivet i Vanylven til regionkommunane - og vice versa Betre tilrettelegging for pendling til/frå nabokommunane Felles rekrutteringsframstøt overfor studentar/utflyttarar utanfor regionen Formål Regional samhandling skal medføre at Vanylven kommune vert tettare integrert i den regionale bu og arbeidsmarknaden. I tillegg skal samhandlinga medføre auka aktivitet i næringslivet gjennom samarbeid med andre bedrifter i regionen. Denne strategien skal derfor bidra til auka inn- og utpendling og auka tal arbeidsplassar i Vanylven. 3. Førebuing på Stad Skipstunnel Intensjon Gjennom god førebuing bidra til at næringslivet i Vanylven får størst mogleg effekt Stad Skipstunnel. Verkemiddel / Prosjekt Forstudie/analyse av utfordringar/mulegheiter for næringslivet i Vanylven kommune. Mål Planlegge 10 tiltak for å få størst mogleg effekt av Stad Skipstunnel.

22 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS 22 Vedlegg Detaljert handlingsplan (Dette er eit levande dokument som viser prosjektportefølja til Vanylven Utvikling AS)

23 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS Handlingsplan Utviklings- program StrategiProsjektMålsetjingAnsvarProsjekt- periode KostnadStatus Næring og arbeids- kommunen Gründer- kommunen Vanylven Plan for utvikling av grüderkulturLage handlingsretta plan som skal bidra til å skape gründerkultur. Vanylven Utvikling AS 2010 Oppfølging av forstudie gründerkultur gjennom forprosjekt og hovedprosjekt Få günderbaserte nyetableringar. Ulike gründere i samarbeid med vanylven Utvikling AS Vurdere om det let seg gjere å få etablert gründerklasse / entreprenørlinje på vidaregåande skule Avklare om det er moglege å få etablert dette studietilbodet. Vanylven Utvikling AS 2010 Vurdere behov for etablering av næringshagemiljø, samt kostnader ved ei slik etablering BehovsavklaringVanylven Utvikling AS 2011 Møteplassar og nettverk Vanylven Utvikling AS og næringslivet i kommunen skal ta initiativ til samarbeid overfor Regionale næringsklynger, Marknadsplassar for næringsetablering og Regionale destinasjonsselskap. Der ein får positiv respons skal ein vurdere etablering av eigne prosjekt Bidra til at næringslivet i kommunen får sterkare nettverk Vanylven Utvikling / nærings- livet Løpande oppgåve.

24 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS Handlingsplan Utviklings- program StrategiProsjektMålsetjingAnsvarProsjekt- periode KostnadStatus Næring og arbeids- kommunen Kompetanse- bygging og kvalifisering Etablere Vanylvsakademiet og gjennomføre kompetansegjevande tiltak etter egen plan. Gjennomføre minst 20 kompetanse- gjevande tiltak for 200 personar innan Vanylven Utvikling AS Vurdere grunnlaget for egen traineeordning for bedriftene i Vanylven Avklare om det er moglege å få etablert dette studietilbodet. Vanylven Utvikling AS 2010 Robust næringsstruktur / styrka utviklingsevne SMB Utvikling (forstudie)Gjennomføre forstudium i 30 verksemder Vanylven Utvikling AS 2010 SMB utvikling (forprosjekt)Gjennomføre forprosjekt i 20 verksemder. Vanylven Utvikling AS / Bedriftene SMB utvikling (hovudprosjekt)Gjennomføre hovudprosjekt i 15 verksemder. Dette skal skape 50 arbeidsplassar Bedriftene

25 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS Handlingsplan Utviklings- program StrategiProsjektMålsetjingAnsvarProsjekt- periode KostnadStatus Næring og arbeids- kommunen Robust næringsstruktur / styrka utviklingsevne Korleis gjere Vanylven attraktiv som etableringsstad for ny næringsverksemd ? (Marknadsstrategi) Utforme handlings- retta strategi som gjer at ein får 10 etableringar innan 2013 Vanylven Utvikling AS 2010 Kartlegge utviklingsmoglegheitene gjennom forstudium for: Landbruksbasert forretningsutv. Fiskeri og havbruk Foredling og mat produksjon Kulturbasert forretningsutvikling Geologibasert forretningsutv. Vindkraft Få ei vurdering av moglegheitene og kva tiltak ein bør setje i verk innanfor dei ulike områda. Vanylven Utvikling AS 2010 – 2013 Gjennomføre forprosjekt innanfor reiseliv med utgangspunkt i forstudien til Kaizen. Legge til rette for positiv utvikling innanfor reiseliv slik at det vert skapt fleire arbeids-plassar innan reiseliv. Vanylven Utvikling AS / Reiselivs- bransjen 2010 – 2013 Kultivering av elvane i kommunen (forstudium for å vurdere moglegheitene for å få til ei vellukka kultivering, samt kostnader og finansiering) Skape auka trivsel for innbyggarane i Vanylven og attraksjonar for reiselivet i kommunen. Vanylven Utvikling AS 2010 Kultivering av elvaneGjennomføre tiltakElveigar- lag 2011 – 2013

26 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS Handlingsplan Utviklings- program StrategiProsjektMålsetjingAnsvarProsjekt- periode KostnadStatus Næring og arbeids- kommunen Rekrutteringstiltak Gjennomføre rekrutteringstiltak retta mot studentar og utflyttarar (t.d. rekrutteringsmesse) Få 10 personar til å flytte til kommunen Vanylven Utvikling AS Årleg Arrangere lokal næringslivsdag / ”treffpunkt Vanylven” Få 10 personar til å flytte til kommunen Vanylven Utvikling AS Årleg Bustad og trivsels- kommunen Omdømmebygging og profilering Implementere profileringsvedtaket lokalt i kommunen slik at plassar, vegar, attraksjonar, offentlege bygg m.m. vert skilta i samsvar med profilen. Skape identitet og trivsel Kommunen Lage plan for marknadsføring, profilering og omdømmebygging Legge til rette for systematisk forbetring av profil og omdømme Kommunen med støtte frå Vanylven Utvikling AS 2010 Lokalsamfunns- utvikling Sette i gong og gjennomføre bygdeutviklingsprosjekt for dei ulike bygdene i kommunen Auka identitet og legge grunnlag for tilflytting Bygdene med støtte frå Vanylven Utvikling AS Lage plan for utvikling av kommunesenteret Fiskå Auka identitet og legge grunnlag for tilflytting Fiskå- samfunnet med støtte frå Vanylven utvikling AS

27 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS Handlingsplan Utviklings- program StrategiProsjektMålsetjingAnsvarProsjekt- periode KostnadStatus Bustad og trivsels- kommunen Lokalsamfunns- utvikling Forstudie – nye attraktive bustadfelt Kartlegge korleis kommunen kan tilby fleire attraktive tomter. Kommunen2010 Forstudie – bustader for utleigeKartlegge korleis ein skal kunne tilby utleigebustader til nye innbyggarar. Kommunen2010 Mottak og integrering av nye innbyggarar Lage plan for mottak og integrering av nye innbyggarar Lage ein plan som systematiserer arbeidet med å ta godt i mot nye innbyggarar Kommunen2010 Gjennomføre tiltaka i plan for mottak og integrering av nye innbyggarar, her under velkomstpakke, velkomstfest, informasjon om lokalsamfunnet m.m. Målet er at flest mogleg som flyttar til kommunen vert buande fordi dei vart motekne på ein god måte. Kommunen2010 – 2013

28 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS Handlingsplan Utviklings- program StrategiProsjektMålsetjingAnsvarProsjekt- periode KostnadStatus Bustad og trivsels- kommunen Kulturliv og sosiale møteplassar Forstudie – kystkultursenterKartlegge kva som må til for å få etablert eit kystkultursenter Kommunen2010 Forstudie – kunstnarverkstadKartlegge kva som må til for å få etablert ein kunstnarverksemd for kunstnarar i regionen. Kommunen2010 Forstudie – arrangement utvikling Kartlegge kva arrangement som kan gjennomførast og kven som skal vere ansvarlege Kommunen2010 Vanylven og regionen Betre kommunikasjons- løysingar Etablering av bruselskap Rovdefjorden Kartlegge kven som kan vere medeigarar og etablere selskapet. Vanylven Utvikling AS 2010 Arbeide for tidlegare oppstart av bygging av Stad Skipstunnel enn det som er føresett i NTP Framskunde oppstart byggearbeid Vanylven Utvikling AS Arbeide for realisering av fastlandssambande Åram – Voksa Framskunde beslutning om oppstart Vanylven Utvikling AS Arbeide for betring av godstransporttilbodet spesielt i nordre delen av kommunen Få betre godstransporttilbod Vanylven Utvikling AS

29 Strategisk plan Vanylven Utvikling AS Handlingsplan Utviklings -program StrategiProsjektMålsetjingAnsvarProsjekt- periode KostnadStatus Vanylven og regionen Regional samanhandling Vert dekka av prosjekt under - Møteplassar og nettverk - Rekrutteringstiltak Vanylven Utvikling AS 2010 Førebuing Stad Skipstunnel Forstudie / analyse av utfordringar /muligheiter for næringslivet i Vanylven kommune knytt opp til Stad Skipstunnel. Gjennomføre ei kartlegging / analyse som gjer at ein kan arbeide systematisk med muleg nærings- og samfunnsutvikling knytt til Stad Skipstunnel Vanylven Utvikling AS 2010 Oppfølging av analysen om moglegheiter i samband med Stad Skipstunnel ved å gjennomføre konkrete tiltak. Gjennomføre konkrete utviklingsprosjekt knytt til Stad Skipstunnel Næringslivs aktørar i samarbeid med Vanylven Utvikling AS 2011 – 2013


Laste ned ppt "PwC Vanylven Utvikling AS Strategisk plan 2010 - 2013 Åheim (Steinar Slagnes)"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google