Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Spesialundervisning i vgo KPMG-rapport Forvaltningsrevisjon 2012 Overleveringsmøte 12.2.13.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Spesialundervisning i vgo KPMG-rapport Forvaltningsrevisjon 2012 Overleveringsmøte 12.2.13."— Utskrift av presentasjonen:

1 Spesialundervisning i vgo KPMG-rapport Forvaltningsrevisjon 2012 Overleveringsmøte

2 Hovudproblemstilling: I kva grad har spesialundervisninga i vidaregåande skule i Møre og Romsdal fylkeskommune effekt? Underproblemstillingar: a)I kva grad opplever elevar/foreldre og skolar at elevar som mottar spesialundervisning i vidaregåande skular får realisert sitt potensial for læring og utvikling? b)I kva grad forbetrar elevar som mottar spesialundervisning sine karakterar i skulen? c)I kva grad etterlever fylkeskommunen krava til tildeling og oppfølging av spesialundervisning, inkludert kva er årsaker og konsekvensar ved eventuell mangelfull etterleving? 2Overleveringsmøte

3 Hovudkonklusjonen er: Spesialundervisninga i vidaregåande skule i Møre og Romsdal i hovudsak fungerer godt og har god effekt. Denne konklusjonen bygger mellom anna på følgjande grunnlag:  Effektane av spesialundervisninga er ”ganske gode”.  Spesialundervisninga er godt tilpassa elevane sine behov og at dei har utvikla seg og blitt flinkare som følgje av spesialundervisninga.  Karakterutviklinga til elevar viser i hovudsak stabilitet (karakter vert uendra), med ein svak positiv tendens (fleire elevar har positiv utvikling enn negativ utvikling).  Fleirtalet (55 %) fullfører spesialundervisninga med full kompetanse. På enkelte yrkesfaglege studieretningar er det opp mot 100 %.  Krava i Opplæringslova vert i hovudsak følgt. Hovudinntrykket er at det vert arbeida strukturert med sakshandsaminga på alle nivå, og at det over tid har vore systematisk fokus på forbetring av arbeidet. 3Overleveringsmøte

4 Gjennomgangen viser samtidig  at krava til tildeling og oppfølging av spesialundervisning ikkje vert følgt på alle område,  at verken elevar/foreldre eller skular er eintydig positive med omsyn til opplevd effekt av spesialundervisninga, og  at karakterutvikling og andre målbare effektindikatorar heller ikkje viser eit eintydig positivt bilete 4Overleveringsmøte

5 Det er systematiske avvik mellom dei sakkunnige tilrådingane og enkeltvedtaka ved skulene, det er ikkje i seg sjølv lovstridig. Ingen av dei avvika som er identifisert, er nærmare grunngitt. Praksis på dette området er altså i strid med revisjonskriteria. Avvika gjeld normalt ikkje avvik i konklusjon om rett til spesialundervisning, men avvik i utforminga av innhald, organisering og omfang. Enkeltvedtaka er i dei fleste tilfella mindre konkrete og samtidig meir standardiserte enn tilrådingane i dei sakkunnige vurderingane. Forklaringane til dette varierer noko frå skule til skule, men ein klar fellesnemnar er at enkeltvedtaka vert tilpassa eksisterande (ordinært) undervisningstilbod. 5Overleveringsmøte

6 På bakgrunn av dei grunngjevingane som er oppgitt frå skulane og pp- tenesta gjennom svar på spørjeskjema og i intervju, er det vidare grunnlag for å konkludere med at det reelle undervisningstilbodet som vert gitt til elevar med enkeltvedtak om rett til spesialundervisning i ein del tilfelle reelt sett ikkje er spesialundervisning. Tilbakemeldingar frå elevar og foreldre viser og at dei som er misnøgde med tilbodet dei mottar, opplever at dette i liten grad er spesielt tilpassa eleven sine individuelle behov. I sum vert desse funna vurdert slik at nokre elevar ikkje får forsvarleg utbytte av spesialundervisninga fordi tiltak i for stor grad er standardisert og grensar opp mot ordinær, tilpassa opplæring. 6Overleveringsmøte

7 Spesialundervisning? Tilpassa opplæring? 7Overleveringsmøte

8 Fylkesrevisjonens TILRÅDING: 1.Halde fram med det gode arbeidet med å vidareutvikle rutinane for tilmelding og oppfølging. På bakgrunn av gjennomgang av sakshandsaminga (kapittel 2.3), vert det peikt spesielt på følgjande område med forbetringspotensial: a)Involvering av elev og foreldre i alle trinn i prosessen b)Fokus på samanheng mellom enkeltvedtak og IOP c)Fokus på samanheng mellom IOP og rapportering – rapporteringa ser i mange tilfelle ut til å vere lite vektlagt/lite gjennomarbeidd. Rapporteringa skal gje ei grundig vurdering av korleis tiltaka som er sett i verk fungerer. 8Overleveringsmøte

9 Nettstad til hjelp i arbeidet med Tilråding nr 1. -Veileder til opplæringsloven side 42 -PPT – Rutinar og prosedyrar - Flytskjema side 8 - Mal nr 1 – Ped.rapport side 23 - Mal nr 2 – Tilmelding PPT vgo side 24 - Mal 4-1A – Sakkyndig vurdering del 2 side 27 og 28 Korleis fungerer dette? 9Overleveringsmøte

10 Fylkesrevisjonens TILRÅDING forts: 2. Setje i verk tiltak for å forbetre sakshandsaminga for dei avvika frå regelverket som er identifisert Det er behov for å vidareutvikle praksis for utforming av enkeltvedtak med omsyn til grunngjeving av avvik frå dei sakkunnige vurderingane. Ved ei slik endring av praksis vil alle involverte partar få tydelegare informasjon om kva undervisningstilbod eleven faktisk vil få. 10Overleveringsmøte

11 Fylkesrevisjonens TILRÅDING forts: 3. Styrke dialog og kommunikasjon med sentrale aktørar om grensegangen mellom spesialundervisning og ordinær tilpassa opplæring Dette er ein diskusjon som bør femne breitt og inkludere skuleeigar, skulane med skuleleiinga, elevar, foreldre og pp-tenesta. Arbeidet som allereie pågår med å utvikle samarbeidet mellom skulane og pp-tenesta på systemnivå, jf. handlingsplanarbeid som omtalt i kapittel 2.2, framstår som sentralt for å kome vidare i spørsmåla nemnt over. Ettersom det ikkje er sterke tradisjonar for denne typen samarbeid, er det viktig at begge partar legg best mogleg til rette og nyttar nødvendige ressursar for å utvikle samarbeidet i denne retninga. 11Overleveringsmøte

12 Spesialundervisning i vgo 1.Halde fram med det gode arbeidet med å vidareutvikle rutinene for tilmelding og oppfølging, med følgjande områder for forbedringspotensiale: a) Involvering av elev og foreldre i alle trinn i prosessen b) Fokus på samanheng mellom enkeltvedtak og IOP c) Fokus på samanheng mellom IOP og rapportering. 2.Setje i verk tiltak for å forbete sakshansaminga på dei avvika frå regelverket som er identifisert. Dette gjeld grunngjeving av avvik frå sakkunnig vurdering. 3.Styrke dialog og kommunikasjon med sentralet aktørar om grensegangen mellom spesialundervisning og ordinær tilpassa opplæring. 12Overleveringsmøte

13 Spesialundervisning i vgo Er det mogeleg å redusere omfanget av spesialundervisning utan at det går ut over elevane sine rettar, jf. Opplæringslova? Kva er dei viktigaste føresetnadene for å styrke den tilpassa opplæringa og redusere behovet for spesialundervisning? I kva grad kan ein lære av kvarandre i arbeidet med spesialundervisning/ tilpassa opplæring, på tvers av skular og fagretningar? 13Overleveringsmøte

14 Spesialundervisning i vgo Framdriftsplan for oppfølging av rapporten: Rektormøte ◦Gruppearbeid ◦Bestilling på å ta med dette til vidare dialog i skolane der også PPT må være involvert Overleveringsmøte spes.ped.ansvarlege på skolane Sak til utdanningsutvalet om på kva måte konklusjonane og anbefalingane i rapporten og fylkestingets vedtak blir følgd opp. Leiarmøte PPT Vidareutvikle samarbeidet mellom PPT og skolane, jfr handlingsplan Kvalitetsikring av grunngjevingar i enkeltvedtak – avvik frå sakkunnige vurdering - Hausten Overleveringsmøte

15 Spesialundervisning i vgo Kvalitetsikring av samanheng mellom enkeltvedtak og IOP – Hausten 2013 Dagskonferanse med deltakarar frå skole og PPT for å styrke dialogen om grensegangen mellom spesialundervisning og ordinær tilpassa opplæring – Hausten 2013 Kvalitetssikring av samanheng mellom IOP og rapportering – Sommer/høst 2014 Ser de behov for anna oppfølging? 15Overleveringsmøte


Laste ned ppt "Spesialundervisning i vgo KPMG-rapport Forvaltningsrevisjon 2012 Overleveringsmøte 12.2.13."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google