Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Opplæringslova.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Opplæringslova."— Utskrift av presentasjonen:

1 Opplæringslova

2 http://www.youtube.com/watch?v=dMdTBep3W9c&feature=related

3 Lov- og avtalesystemet Tariffavtalar HovudtariffavtalenSæravtalar Sentrale SGS/SFS Lokale særavtalar Barnehagelova Opplæringslova Arbeidsmiljølova Ferielova Folketrygdlova Arbeidstvistlova Lover PartarStortinget Del A Forhandlingsordningar Del B Medråderett, rettar og plikter m.m. Hovudavtalen

4 Kvifor skulere i desse lovene? Lovene med forskrifter inkl. rammeplan og læreplanverket er det rettslege grunnlaget for skulen og barnehagen Kunnskap om lov og forskrifter er eit viktig grunnlag for godt tillitsvaldarbeid Bruke lov og forskrift som ei kjelde til å ivareta medlemmene sine interesser og Utdanningsforbundet sin politikk

5 Kor finn eg gjeldande lover og forskrifter? www.lovdata.no

6 Kva regulerer opplæringslova? Formålet med opplæring Rett og plikt til opplæring Gratisprinsippet og nærskuleprinsippet Retten til spesialundervisning Innhald og vurdering i opplæringa Elev- og foreldremedverknad

7 Kva regulerer opplæringslova? Organisering av opplæringa og leiing, funksjonar og læremidlar Elevane sitt skulemiljø Personalet i skulen Kommunen sine plikter Statleg tilsyn og kontroll

8 §1.Tilpassa opplæring og tidleg innsats 1-3 Tilpassa opplæring og tidleg innsats Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven. På 1. til 4. årstrinn skal skolen sørgje for at den tilpassa opplæringa i norsk eller samisk og matematikk mellom anna inneber særleg høg lærartettleik og særleg er retta mot elevar med svak dugleik i lesing og rekning.

9 § 5.1 Rett til spesialundervisning Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.

10 § 8 Organisering 8-2. Organisering av elevane i klassar eller basisgrupper I opplæringa skal elevane delast i klassar eller basisgrupper som skal vareta deira behov for sosialt tilhør. For delar av opplæringa kan elevane delast i andre grupper etter behov. Klassane, basisgruppene og gruppene må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. Klassen eller basisgruppa skal ha ein eller fleire lærarar (kontaktlærarar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen eller basisgruppa og dei elevane som er der, mellom anna kontakten med heimen

11 § 9-1 Leiing Kvar skole skal ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing. Opplæringa i skolen skal leiast av rektorar. Rektorane skal halde seg fortrulege med den daglege verksemda i skolane og arbeide for å vidareutvikle verksemda. Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar. Rektorar kan tilsetjast på åremål. Departementet kan etter søknad gjere unntak frå reglane i andre ledd og gi høve til andre måtar å organisere leiinga på.

12 § 9 a Elevane sitt skulemiljø 9a-1. Generelle krav Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Elevane sin arbeidsmiljølov – kan vera nyttig for oss i høve ressursar, rom, fysiske rammer…

13

14 § 10-1 Kompetansekrav for undervisningspersonell Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i grunnskolen og i den vidaregåande skolen, skal ha relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Departementet gir nærmare forskrifter om krav til utdanning og praksis for den som skal tilsetjast i undervisningsstillingar på ulike årssteg og i ulike skoleslag.

15 Forskrift til Opplæringslova – kap. 14 Kap 14.2 Krav til kompetanse ved tilsetjing i undervisningsstilling - Førskolelærarutdanning, jf. nasjonal rammeplan, og minst 60 studiepoeng vidareutdanning innretta på undervisning på barnetrinnet - Førskolelærarutdanning, jf. nasjonal rammeplan, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg - Allmennlærarutdanning, jf. nasjonal rammeplan - Faglærarutdanning i praktiske og/eller estetiske fag

16 F § 14.2 5-7 årstrinn Allmennlærarutdanning, Faglærarutdanning, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng - Yrkesfaglærarutdanning, jfor undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng Universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng Førskolelærarutdanning, jf. nasjonal rammeplan, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarende minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg.

17 F § 14.2 8-10 årstrinn Allmennlærarutdanning, Ved tilsetjing for undervisning i faga norsk, matematikk eller engelsk må vedkommande ha minst 60 studiepoeng relevant utdanning for tilsetjingsfaget – Faglærarutdanning, og yrkesfaglærarutdanning som barnetrinnet - Universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning. Ved tilsetjing for undervisning i faga norsk, matematikk eller engelsk må vedkommande likevel ha minst 60 studiepoeng relevant utdanning for faget -

18 § 10-4 Utlysing av stillingar Undervisningsstillingar og rektorstillingar skal lysast ut offentleg. Kravet om slik utlysing gjeld ikkje for stillingar som er ledige for eit kortare tidsrom enn seks månader, eller når arbeidsgivaren skal tilby stillinga til ein arbeidstakar eller tidlegare arbeidstakar i verksemda med heimel i arbeidsmiljøloven §§ 14-2 om førerett til ny tilsetjing og 15-7 om oppseiingsvern.

19 § 10-5 Val mellom fleire søkjarar Når ein må velje mellom fleire søkjarar til den same stillinga, skal det leggjast vekt på utdanning og praksis, kva undervisningsbehov tilsetjinga skal ta sikte på å dekkje, og kor kvalifisert søkjaren elles er for stillinga.

20 Kapittel 13 Ansvaret til kommunen, fylkeskommunen og staten Plikt til å sørge for opplæring Frukt og grønt Musikk og kulturskole Alt om SFO er her

21 Kap.14 Tilsyn og kontroll Statleg tilsyn med kommunane og private skular – delegert til fylkesmannen http://www.fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=1136 Kommunalt tilsyn – elevar som ikkje går på skule – heimeundervisning

22 F § 1.1 Rett til fysisk aktivitet Elevar på 5.-7. årstrinn skal jamleg ha fysisk aktivitet utanom kroppsøvingsfaget. Tilsaman skal dette utgjere 76 timar innanfor 5.-7. årstrinn, jf. fag- og timefordelinga. Skal opplevast positivt for alle Reglane om individuell vurdering i kapittel 3 og reglane om krav til pedagogisk kompetanse for undervisningspersonale i kapittel 14 gjeld ikkje. Elles gjeld opplæringslova med tilhøyrande forskrifter.

23 Lekser og slikt http://www.utdanningsforbundet.no/Hovedmeny/Grunnskole/Fag-og- utdanning/Andre-artikler/Lekser-i-skolen/http://www.utdanningsforbundet.no/Hovedmeny/Grunnskole/Fag-og- utdanning/Andre-artikler/Lekser-i-skolen/

24 F §1A Leksehjelp i grunnskulen Alle elevar på 1.-4. årstrinn har rett til leksehjelp, jf. opplæringslova § 13-7a. Formålet med leksehjelpa er å gi eleven støtte til læringsarbeidet, kjensle av meistring, gode rammer for sjølvstendig arbeid og medverke til utjamning av sosiale forskjellar i opplæringa. Leksehjelpa er ikkje ein del av opplæringa til eleven, men skal sjåast i samanheng med opplæringa. Det totale omfanget leksehjelp på 1.-4. årstrinn skal til saman vere minimum 8 timar kvar veke. Kvart årstrinn skal ha minimum ein time leksehjelp per veke. Kommunen avgjer korleis dei resterande timane fordelast mellom trinna. Kommunen har ansvar og veljar organisering

25 F § 1.A Leksehjelp Kommunen plikter å sørgje for forsvarleg tilsyn med elevane i leksehjelpa. Gruppa må ikkje vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg Leksehjelpa skal vere gratis for eleven

26 F Kap.2 Rapportering og evaluering Skolebasert vurdering Nasjonale undersøkelser Prøver, utvalsprøver, andre undersøkingar

27 F § 3. Vurderingsforskrift 3.1 generelle føresegner -Formålet med vurdering i fag er å fremje læring undervegs og uttrykkje kompetansen til eleven, lærlingen og lærekandidaten undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget. Vurderinga skal gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane, lærlingane og lærekandidatane.

28 Meir om vurdering Viktige omgrep: Undervegsvurdering Halvtårsvurdering i fag Kompetansemål i fag

29 Rettar i § 3. § 3-8. Dialog om anna utvikling Eleven, lærlingen og lærekandidaten har rett til jamleg dialog med kontaktlæraren eller instruktøren om sin utvikling i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket. § 3-16. Kravet til dokumentering av undervegsvurderinga Frå 8. årstrinnet skal alle elevar kvart halvår få halvårsvurdering med karakter i fag og i orden og i åtferd dokumentert skriftleg. Fråvær skal også dokumenterast kvart halvår. Det skal kunne dokumenterast at undervegsvurdering er gitt, jf. § 3-11 til § 3-15. 3-38. Rett til dokumentasjon Alle som har fullført grunnopplæringa, har rett til å få opplæringa dokumentert. Elevar som har gått gjennom delar av opplæringa, har krav på å få denne dokumentert

30 Rettar Eleven, lærlingen og lærekandidaten har minst éin gong kvart halvår rett til ein samtale med kontaktlæraren eller instruktøren om sin utvikling i forhold til kompetansemåla i faga. Samtalen kan gjennomførast i samband med halvårsvurderinga utan karakter, jf. § 3-13 og i samband med samtalen med foreldra etter § 20-3 og § 20-4.

31

32 F § 20.3 Foreldresamarbeid Skolen skal halde kontakt med foreldra gjennom opplæringsåret. Skolen skal i starten av kvart opplæringsår halde eit foreldremøte der foreldra informerast om skolen, innhaldet i opplæringa, medverkinga til foreldra, rutinar og anna som er relevant for foreldra. Foreldra har minst to gonger i året rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg, og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om utviklinga til eleven i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket. Eleven kan vere med i samtalen med foreldra. Når eleven har fylt 12 år, har han eller ho rett til å vere med i samtalen. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter § 3-11 tredje ledd og halvårsvurdering i fag etter § 3-13.


Laste ned ppt "Opplæringslova."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google