Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Innvandrarar som ressurs for lokal samfunnsutvikling

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Innvandrarar som ressurs for lokal samfunnsutvikling"— Utskrift av presentasjonen:

1 Innvandrarar som ressurs for lokal samfunnsutvikling
Alle kommunar og lokalsamfunn har mål om å auke folketalet. Kommunestyra vedtek mål i samfunnsplanen, og så set vi i gang med tilflyttingsprosjekt og omdømme og slagord og glansa brosjyrer og messer og alt mulig rart. Og håper at folk skal kome flyttande (og aller helst heim ) Det virkar ikkje. Og vi er forunderlig lite opptatt av det som faktisk virkar…. Sjå på dette: Innvandrarar som ressurs for lokal samfunnsutvikling Eivind Vartdal Ryste, seksjonsleiar – Stranda 27/9-16

2 Innvandring gir folketalsvekst
Denne figuren viser folketalsutviklinga i Møre og Romsdal frå årtusenskiftet til og med Sidan 2006 har vi hatt ein historisk høg folkevekst. Den er skapt av innvandring. Det er noko nytt for oss.

3 Innvandrararbefolkninga i Møre og Romsdal: 3-dobling på ti år
Vekst på personar i Året før 2240 personar. Noko utflating, men framleis historisk høgt.

4 Møre og Romsdal er på 12-plass i andel innvandrarar i befolkninga
Møre og Romsdal er på 12-plass i andel innvandrarar i befolkninga. Oslo soleklart størst med 32 %. Det er flest innvandrarar i kommunane der industrien har hatt sterk vekst

5 Topp 10 landbakgrunn jan.16 2/3 kjem frå Europa, 19% frå Asia
Prosentvis vekst i andel frå Afrika

6 Innvandrarbefolkninga er ung
46,2 % kvinner totalt Fleirtal av menn frå Europa og Afrika, fleirtal kvinner frå Asia Innvandringa skal ikkje ha skulda for kvinneunderskotet i fylket! Bidrar til å motvirke forgubbing: kvar 5. i alderen år er innvandrarar

7 Dei fleste kjem for arbeid
Vi ser at veksten i arbeidsinnvandringa flatar ut. Vekst i flyktningar er ikkje tydeleg enno.

8 Høg sysselsetting i innvandrarbefolkninga
Vår innvandrararbefolkning ligg i landstoppen når det gjeld deltaking i arbeidslivet. Legg merke til at innvandrarane frå «Vesten» har høgare deltaking i arbeidslivet enn summen av befolkninga. Gruppe 1: EU/EFTA, Nord-Amerika, Australia og New Zealand Gruppe 2: Asia, Tyrkia, Afrika, Latin-Amerika, Europa utenom EU/EFTA, Oseania utenom Australia og New Zealand

9 Innvandring gir oss nødvendig arbeidskraft og sikrar folketalsvekst,
Klarer vi å omsette dette til ressursar i lokal samfunnsutvikling? Tek vi integreringsutfordringane på alvor? Prosjektet «Arbeidsinnvandring til Vestlandet» har vist at kommunane i liten grad tek innvandring og integrering på alvor. Fokuset er på dei «få» flyktningane som er finansiert. Arbeidsinnvandrarane får lite merksemd. Men Kva så?

10 Integrering er vanskeleg....
Asylsøkjar? Flyktning? Arbeidsinnvandrar? Familiegjenforent? Introduksjonsprogram? Stor skilnad i rettigheiter og finansiering! Arbeidet med flyktningar og asylsøkjarar er finansiert med statlege midlar. Innvandrarar utanfrå EØS har også rett på språkkurs. Arbeidsinnvandrarar har ingen rett på språk/kulturopplæring, og det finst heller ikkje finansiering til å dekkje det. Må betale sjøl eller få det dekt av arbeidsgivar Integrering kostar pengar, men utanforskap kostar meir!

11 – LUK og Bolyst Sette innvandring og integrering på dagsorden 9 utviklingsprosjekt som omfattar 13 kommunar siste tre åra Modellar for språkopplæring Tilpassing av kommunale tenester Fritidsaktivitetar Bustad Kompetansekartlegging

12 «Innvandrarar» er ei meget mangfoldig gruppe
Språk er nøkkelen! Kulturskilnadane er undervurdert - skepsis til myndigheitene Vanskeleg å få varige tiltak inn på skrantne kommunebudsjett - men treng det koste meir å gjere ting annleis?

13 2016 – 2 mill til «inkluderande lokalsamfunn»
NordicID – nyskapande hurtigløp for språkopplæring. Utprøving og potensielle arbeidsplassar på Nordmøre Haram – språktrening i bedrift med fagbrev som mål Volda – synleggjering av innvandrargründerar Sunndal – etablererlab/småjobbsentral Ungt Entreprenørskap – verktøy for integrering Vi har god dialog med Imdi, fylkesmannen, kultur, PoA

14 Fylkesplan

15 Kva skal vere fylkeskommunen sin rolle?
«Fylkeskommunene må mer på banen i bosettings- og inkluderingsarbeidet. Fylkeskommunen kan gi arbeidet strategisk retning, mobilisere ulike sektorer, samordne og koordinere virkemiddelbruken regionalt.» Det er snakk om å gi fylkeskommunen større ansvar for

16 Integrering er lokal samfunnsutvikling
Planlegging Språk og kultur Deltaking i demokratiske prosessar Arbeidsliv og fritidsaktivitetar Offentlege tenester Oppvekst og utdanning Og alt det andre………… Fylkeskommunen møter integreringsutfordringar der vi tilbyr tenester til folket: i vidaregåande skule, i tannhelsetenesta, i kollektivtrafikken Og så

17 Vi treng ein strategi Kartlegge aktørar og oppgåver
Kvar er det «hol» i systemet? Korleis tilpassar vi våre tenester? Korleis blir integrering ein del av vårt regionale utviklingsarbeid? Korleis få med resten av laget? Frå kortsiktige prosjekt til langsiktig planlegging og varige tiltak


Laste ned ppt "Innvandrarar som ressurs for lokal samfunnsutvikling"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google