Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Profesjonsforsking ved HSF - framlegg til strategiar Innstilling frå ei arbeidsgruppe November 2005.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Profesjonsforsking ved HSF - framlegg til strategiar Innstilling frå ei arbeidsgruppe November 2005."— Utskrift av presentasjonen:

1 Profesjonsforsking ved HSF - framlegg til strategiar Innstilling frå ei arbeidsgruppe November 2005

2 Visjon: Kunnskap i praksis Større fokus på studentanes læringsprosessar gjennom praksis Utnytte HSFs fortrinn m.o.t. oversyn og nærleik til studentar, utøvarar og felt Utvikle eit sett av prosjekt som byggjer opp under den vitskaplege delen av profesjonsutdanningane Trekkje prosjektresultat inn i undervisninga på fleire nivå Byggje fellesarenaer for dei som arbeider med profesjonsproblemstillingar ved HSF Marknadsføre og vidareutvikle sterk profesjonstilknyting som ein kvalitet ved HSF

3 Arbeidsform Møter: Tre møte: 7.april, 29.juni, 28.september. Medlemer hatt møte med Oddbjørn Bukve, Wenche Fossen og Svein Heggheim Møte med Agnes Landstad, Vestlands- forsking Medlemer i arbeidsgruppa: Georg Arnestad Ingrid Fossøy Øyvind Glosvik Randi Skår Inger Johanne Solheim

4 Ingen tradisjonell rapport Utvalet legg berre fram denne presentasjonen Kort og oversiktleg Enkel måte å lage eit fellesprodukt Ikkje utforma med tanke på framlegging for styre Forma knytt til eit håp om innhaldet vert lese

5 Innhald Bakgrunn – overordna problem- stillingar Definisjon av profesjon Oppfatningar vi legg til grunn for kva profesjonsforsking er Prioriteringar ALI Prioriteringar AHF Prioriteringar ASF Prioriteringar AØS Framlegg til felles strategiar og tiltak frå 2006 Samarbeid med Vestlandsforsking

6 Bakgrunn – overordna problemstillingar HSF må klargjere kva ein vil leggje i omgrepet ”profesjonsfagleg fou”, På kva for delar av dette feltet høgskulen har best (oppdragsretta) kompetanse, og korleis denne best kan utviklast og konverterast i fou- prosjekt. HSF må gjennomføre eit klargjeringsarbeid om kva ein vil med mogleg satsing på profesjonsfagleg fou. (Henta frå innstillinga frå arbeidsgruppa som vurderte VF/HSF-samarbeid)

7 Ingen sirkulære definisjonar ”Profesjonsforsking er aktivitet utført av tilsette ved ein profesjonsavdeling” ”Profesjonsfagleg fou er fou utført av profesjonsfagleg personale”

8 Profesjonsdefinisjonen HSF Faste klientar, problem eller brukarar Yrkesutøvarar, profesjonelle Akademisk forsking, grunn- gjeving/forankring/ kunnskapsutvikling Alment aksepert ”monopol” på klient, problem eller brukar Systematisk forsking som legitimerer ”monopolet” Stabile, tydelege og aksepterte ”monopoljobbar” for studentane

9 Profesjonsutdanningar ved HSF Sjukepleie Vernepleie Barnevernspedagog Førskulelærar Lærarutdanning Sosionom Profesjonsorienterte utdanningar: Master i organisasjon og leiing Musikkterapi Master i spes.ped Kvifor desse utdanningane? Følgjer av profesjonsdefinisjonen

10 Ulike metaspørsmål definisjonen reiser for HSF Korleis underviser vi profesjonsutøvarane? Korleis organiserer vi feltnær undervisning? I kva grad følger vi med i forskingsfronten? I kva grad bidreg vi med input frå felt til forsking? I kva grad tilbyr vi profesjonsutøvarane oppgradering av kunnskap? I kva grad klarar vi sjølve å utvikle vår eigen kunnskap? Korleis organiserer vi tilhøvet til profesjonsutøvarane? Korleis sikrar vi at undervisninga vi driv faktisk er kunnskapsbasert?

11 Definisjonen avgrensar profesjonsforsking mot andre forskingsområde Disiplinorientert forsking retta mot konkret kunnskapsutvikling (klinisk orientering, naturvitskaplege analyser, sosiologiske analyser av befolknings- strukturar, organisasjonsforsking osv.) Næringsretta forsking (analyser av næringsliv, konkrete problemstillingar, evalueringar) Deler av tematisk satsing: Lokalforsking, bygdeutvikling ANI og AØS har etter definisjonen kkje profesjonsutdanningar i porteføljen, men kan gjennomføre relevant profesjonsforsking

12 Likevel flytande grenser mot andre fag- og forskingsområde Generell brukarorintering i offentleg sektor, fokus på førstelinetenesta Kommuneutvikling, organisasjonsutvikling i offentleg sektor, velferdsorganisering Profesjonsetikk, folkehelse Kunnskapsutvikling mellom fag og praksis som generelt tema Småskalaproblemstillingar (småkommunar, småsamfunn)

13 Profesjonsforsking og – profesjonspraksis Konkret forsking og utviklingsarbeid Handlingsteori mellom yrkes- utøvarane Generell bruksorientert samfunns- forsking Teoriutvikling i samfunns- og omsorgsforsking ”grunnforsking” Profesjons- forskingsfeltet Konkret kunnskaps- behov – dette problemet Kva er relevant teori for dei generelle problema i feltet

14 Akademisk, tradisjonell kunnskapsutforming Handlingsorientert kunnskap mellom praktikarar Konkrete, spesielle problem Abstrakte, generelle problem To kunnskapsdimensjonar ligg under 3 4 1 2

15 Akademisk, tradisjonell kunnskapsutforming Handlingsorientert kunnskap mellom praktikarar Kontekst- avhengig Kontekst- uavhengig To kunnskapsdimensjonar 3 4 1 2

16 Akademisk, tradisjonell kunnskapsutforming Handlingsorientert kunnskap mellom praktikarar Kontekst- avhengig Kontekst- uavhengig Teoretisk grunngjeving: To kunnskapsdimensjonar i profesjonane 3 4 1 2

17 Akademisk, tradisjonell kunnskapsutforming Handlingsorientert kunnskap mellom praktikarar Kontekst- avhengig Kontekst- uavhengig Døme: Profesjonananes idear om organisasjon og leiing Heltar og heltinner Bindestreks- teori Adm. org. Organisasjonsfag som praksis

18 KonkretAbstrakt Utfordringa for organisasjonsfaga Praksis i organisasjon og leiing Teori om organisasjon og leiing Korleis kan vi bruke tekst for å la vårt eige fag komme til nytte for andre fag enn org.teori, samfunnsfag osv.. (profesjonsutdanningar) Erfaring Dogme Refleksjon Teori/Hypotese

19 KonkretAbstrakt Kva skal vi med ”teori”? Praksis i organisasjonar Teoriar om organisasjon og leiing Erfaring Dogme Refleksjon Teori

20 Kunnskapsforvaltninga: Som ein praksis mellom utøvarar tett kopla til eit problem, klientar, spesielle organisasjonar eller noko liknande konkret og problemorientert Opplæring – meisterlæring, on-the-job- training, overføring av handtverk og taus kunnskap. Laugstenking Som forvaltning av eit abstrakt fagspråk fjernare frå fagfelt, tema, eller problem. Kunnskapsforvaltning som ein rutinemessig ivaretaking av fagtermar og idear, gjerne innanfor eit paradigme eller forskingsprogram Universitets- og høgskuleutdanning. Sertifisering gjennom eksamensformer som syner kontroll over abstrakt fagspråk

21 Kunnskapssyn Kontekstavhengig: Knytt til konkrete problem, faste situasjonar, kategeoriar og problem eller klientar. Ein profesjon består av kunnskap om eit sett av kontekstar og kva som er korrekt handling i kvar kontekst. Kontekstuavhengig: Kunnskap oppfatta som uavhengig av situasjonar og kategoriar. Handlar om å ha eit metaspråk som gjer at du ser korleis situasjonar vert skapte heile tida, og at kontekst- kaping og tolking er ein like viktig del av kunnskapings- prosessane som å kjenne att eksisterande kontekstar

22 1.Taus lokal kunnskap om konkrete, spesielle vanskar/klientar/ grupper av klientar/regionar – kontekstavhengige løysingar – Epistemisk regionalisme? Kuriøs, men av liten interesse? 2.Konkrete ”oppskrifter” i faget. Profesjonelle modellar for problemløysing med stor relevans for faget. Døme: sosialt arbeids fokus på ugifte mødre med rusvanskar. Handsaming av demente. Gjer faga til profesjonar med sjølvstendig kunnskapsproduksjon, men denne har liten relevans for andre fagområde 3.Lokal kunnskap om generelle, kontekstuavhengige løysingar av generell interesse for andre, men eksisterer ikkje i abstrakt språk som kan formidlast utanfor praksisfeltet (og knapt nok der). Døme: Korleis erfaringar med rettleiing av sosialklientar kan brukast i samband med coaching? Også taus..? korleis legitimere, gjere synleg? 4.Fagområdets bidrag til almenne problemstillingar gjennom abstrakte, teoretiske ressonnement om pleie, velferd, sosiale vanskar. Knyter fagområdet til andre vitskapar. Døme: Fattigdomsforskinga

23 Gjer at profesjonsforsking kan ha fire ulike retningar 1.Analyser av praksisteori – studere korleis yrkesutøvarane arbeider for å løyse konkret problem. Gjere taus kunnskap synleg gjennom vitskaplege metodar 2.Bidra til kunnskapsutvikling gjennom prosjekt i feltet - i møtet med brukarar. Utvikle konkrete løysingar på definerte problem 3.Generell teori- og teknikkutvikling med relevans for profesjonsutøvarar, brukarar, klientar/ problem 4.Generell forsking utan konkrete bruksformål, men der formålet er teori- og kunnskapsutvikling som først og fremst skal utvikle abstraksjonane og metarefleksjonen i den aktuelle profesjonen

24 Innanfor ei satsing på profesjonsforsking har dekanane ved HSF signalisert ei prioritering Eitt eller eit fåtal forskingsprosjekt knytt til kjernen av fagområda (pedagogikk, sjukepleie, sosialt arbeid) som grunnlag for langsiktig satsing i form av akkvisisjon, ny prosjektutvikling Tiltak som opprettheld og stimulerer langsiktige og konstruktive samspelsarenaer med praksisfelta i regionen Eit utval høgskulepedagogiske tiltak som set fokus på profesjonsutøvaranes læringsprosessar

25 Kva betyr prioritering? Prioritering i denne samanheng betyr å rydde i den båsen vi kallar profesjonsforsking Det handlar ikkje om å ekskludere eller fjerne anna fagleg aktivitet eller å nedprioritere disiplinorientert forsking eller tematisk forsking frå HSF eller avdelingane. Organisering av mål- og tiltak på avdeling- snivå rundt tre tema: Prioritering av forsking Tiltak retta mot praksisfelta Høgskulepedagogiske tiltak

26 Prioriterte forskingstiltak, ALI Koplingar mellom vitskapsfag, lærarutdanningsfag og skulefag gjennom følgjande prosjekt –Skriftspråkskifte frå nynorsk til bokmål. Refleksjon og strategi i skulen (dr.grad). –Læringssamtalen. Læring gjennom kommunikative prosessar (dr.grad). –Fysisk fostring i skulen (dr.grad). –Om kombinasjonsstudenten på desentralisert og delvis nettbasert førskule- og allmennlærarutdaning. Evaluering av DNETT. –Styrking av praksis i lærarutdanninga. (Formål: å styrke den faglege og pedagogiske kvaliteten i allmennlærarstudiet, bygd på sentrale prinsipp som yrkesretting, heilskap, fleksibilitet og progresjon). –d-math. Utvikle database med matematisk lærestoff. Styringssystem som grunnlag for å setje saman kurs for spesifikke målgrupper. (HSF, Høgskulen i Buskerud, Universiteta i Bratislava, Praha og Madrid). –Grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring. –Perspektiv på læring og eleven i læringsmiljøet. (Læringsstrategiar, tilpassa opplæring). –Lærande skular. Skuleutvikling som leiarutfordring (Dr.gradsprosjekt)

27 Samspelstiltak, ALI Forum for skule- og barnehageutvikling. (Eit samarbeid mellom Fylkesmannen, Fylkeskommunen, Utdanningsforbundet, regionen, KS og HSF). Barnehagekonferansen. (Årleg. Målgruppe: alle som arbeider i barnehage eller som har planleggings- og forvaltningsansvar i forhold til barnehagesektoren). Lærarstemne. (Årleg. Målgruppe: lærarar, skuleleiarar og skulepolitikarar). ”Den kulturelle skulesekken”. (Nasjonal satsing der målet er å få til møte mellom profesjonell kunst og skulen). Døme; konferanse (ALI) der alle kommunane i S. og Fj. var representerte.

28 Samspelstiltak forts. ALI Samarbeid med yrkesfeltet, yrkesretting og kunnskapsutvikling i lærarutdanningane. Lærande nettverk i matematikk. Delte stillingar mellom HSF og Fylkesmannen i S. og Fj. Kompetansekatalogen for grunnskulen og barnehagane i S. og Fj. Barn, unge, fysisk aktivitet (Idrettskonferanse). Rettleiarnettverket (Fylkesmannen, HSF). RENATE-satsinga. Rekruttering til realfaga. (Samarbeid med NTNU). Nettverk i høve til fådelt skule. ”Nytt på nytt”, oppfølging av nyutdanna lærarar og førskulelærarar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

29 Høgskulepedagogiske tiltak, ALI Kollegabasert rettleiing. (Med utgangspunkt i case. Bruk av video som verktøy for utvikling og kvalitetssikring av undervisninga). Opplæring av nytilsette. Fremje profesjonsperspektivet i studieplanar, fagplanar og i undervisninga generelt. Tekstanalysar av studentarbeid. Alternativ pedagogikk, mangfald av tilnærmingar. Utprøving av nye praksismodellar. (Caseskular og casebarnehagar). Forum for profesjonsfaglege drøftingar (avdelingsvis og på tvers av avdelingar).

30 Prioriterte forskingstiltak AHF Meistring og livskvalitet ved kronisk og alvorleg sjukdom -Livskvalitet før og etter kirurgisk behandling av overvekt (mastergrad og dr.grad tilknytta FSS sin regionsfunksjon for behandling av sjukleg overvekt) -Helserelatert livskvalitet, kreftrelatert stress, sosial støtte og oppleving av samanheng hjå unge vaksne med kreftdiagnose (mastergrad) -Pasienterfaringar ved kronisk obstruktiv lungesjukdom og rehabilitering med fokus på livskvalitet og meistring (dr.grad) Kvalitetssikring av klientretta verksemd -Oppfylging av personar med kreft (dr.grad) -Kvalitetsutviklingsprosjekt i praksis knytta til pleie og omsorg, sjukepleiar sin kompetanse og dokumentasjon av sjukepleie (førstelektorprogram) Kunnskapsbasert profesjonsutøving -Sjukepleieleiing i dei reformerte sjukehusa. Sjukepleieleiaren sitt ansvar i høve kompetanseutvikling i sjukehus (mastergrad) -Kvalifisering til sjukepleieprofesjonen – samhandling mellom utdanning og yrke. Ein studie av korleis sjukepleiarar lærer og brukar kunnskap (dr.grad)

31 Samspelstiltak, AHF Helse Førde: a) regionfunksjon for behandling av sjukleg overvekt b) lærings-og meistringssenter Førde kommune: Samarbeid om etablering av undervisningssjukeheim Årdal kommune: Samarbeid om kvalitetsutviklingsprosjekt i eldreomsorga Fylkesplanen 2005-2008. AHF representert i arbeidsgruppe som skal operasjonalisere og prioritere mellom ulike mål i planen.

32 Samspelstiltak, AHF forts. Regionalt partnarskap for folkehelsa (Fylkesmannen). AHF deltek med representant i gruppa som skal drøfte og koordinere folkehelsearbeidet i Sogn og Fjordane Rettleiarnettverket (Fylkesmannen og HSF) Årleg tverrfagleg konferanse. Møtestad på tvers av ulike sektorar og faglege tradisjonar. Utgir årbok Samarbeidsorganet mellom Helse Vest RHF og høgskulane i regionen SKUR, Statens kunnskaps-og utviklingssenter for helhetlig rehabilitering. Samarbeidsmøter

33 Høgskulepedagogiske tiltak, AHF Fremje fagleg profil i læringsmål og undervisning Utprøving av praksismodellar (alternativ praksismodell for studentar i praksis ved Førde sentralsjukehus) Utvikle metodar for læring av praktiske ferdigheiter i sjukepleiesenter på skulen Kollegabasert rettleiing og opplæring av nytilsette Lærarrolla i praksis – utfordringar og muligheiter Implementering av nyare lærings-og vurderingsformer (inkludert bruk av Classfronter som støttesystem) Forum for profesjonsfaglege drøftingar (avdelingsvis og på tvers av avdelingar)

34 Prioriterte forskingstiltak, ASF ” Sosialt arbeid i nye kontekster – en studie av sosialarbeideres kunnskapsanvendelse og yrkesutøvelse ved lokale arbeids- og velferdskontor”. Doktorgradsprosjekt Geografiundervisning i Norden - lærebokanalyse, læreplananlyse og diskurs om legitimering Dr.gradsprosjekt Utviklingsarbeid i små og mellomstore kommunar – fokus på førstelinetenesta

35 Samspelstiltak, ASF Utviklingsarbeid mellom høgskulen og dei nye arbeids-og velferdsforvaltningane Undervisningssjukeheim i Årdal kommune – kompetanseutvikling og kvalitetssikring – (AHF) Deltaking i Fylkesmannen sine samlingar: –rusfagleg forum –kommunalt forum for psykisk helsearbeid i kommunane –nettverksamling i sosial- og helsetenesta

36 Samspelstiltak, ASF forts. Delta i eit nasjonalt team i eit internasjonalt samarbeidsprosjekt: Quality in the Best Interests of the child Hospitering/deltidsstilling Fylkesmannen/ASF Rettleiarnettverk (Fylkesmannen, HSF)

37 Høgskulepedagogiske tiltak, ASF Evaluering av praksisopplæringa i profesjonsutd. –kvalitetsikring av pensum og førebuing til yrket Praksisstudentar i utviklingsarbeid i kommunane Trekke studentane inn i prosjekt i regi av faglærarane Fokus på studentane sin relasjonelle kompetanse

38 Prioriterte tiltak, AØS Forskingsprosjekt Samanlikning av læringsprosessar i sosial- og helsestellet. Doktogradsprosjekt Samspelstiltak Organisering av velferdsforvaltninga. Utviklingsarbeid knytt til dei nye einingane for sosial- og velferd Økonomistyring i skular

39 Høgskulepedagogiske tiltak, AØS Masterutdanninga i organisasjon og leiing i som leiarutdanning på tvers av HSFs profesjonsutdaningar –Trekkje forskingsprosjekt ved ALI, ASF og AHF sterkare inn i undervisninga –Utvikle metodar for undervisning av heiltids masterstudentar –Samarbeid med andre masterutdanningar i undervisning –Tekstforming i masteroppgåver

40 Framlegg til sju fellestiltak 1.Praksisstudentar inn i fagprosjekt 2.Studentane møter yrkeslivet 3.Utvikling av HSFs lærarolle 4.Profesjonsfokus i studieplanane 5.Profesjonsaktivet som tema for fagdag 6.Utlysing av professoratet i profesjonsforsking på nytt 7.Felles forskings- og utviklingsansvarleg

41 1. Praksisstudentar inn i fagprosjekt Mål: I større grad nytte praksisstudentane som ressursar i fagprosjekt Styre dei mot fagleg interessante problemstillingar Systematisere rapporteringa deira Utvikle metodar for tekstanalyse av studentarbeida Publisere på bakgrunn av studentarbeid Arbeidsform: Arbeidsgruppe på tvers utviklar metodar. Setje i gong og evaluere pilotprosjekt

42 2. Studentane møter arbeidslivet Mål: Utvikle praksisnære undervisnings- former med relevans for yrkeslivet Setje større fokus på overgangen mellom studie- og yrkesliv Følgje opp studentane etter avlagt eksamen – faste undersøkingar Systematisk utvikling av praksisformene i lys av ny teknologi og nye arbeidsformer Utnytte undervisningssjukeheimane og sjukepleiesenteret Setje i gong forskingsprosjekt om drilling av praksismetodikk går på kostnad av refleksjon

43 3. Utvikling av HSFs lærarrolle Opprette eit forum for profesjonsfaglege spørsmål (fysisk og elektronisk) Større fagleg fokus i studieleiarsamlingane Utvikle kollegabasert rettleiing internt Oppmuntre til og støtte alternative, pedagogiske framgangsmåtar Søkelys på vår eigen kunnskapsbruk: Korleis utnyttar vi dr.gradene våre i form av kunnskapen? Kva kunnskap manglar vi for å ta i bruk studentaktive læringsformer? Mål: Setje søkelys på dei fagtilsettes sjølvoppfatning og institusjonens støtte til fagpersonalet

44 4. Profesjonsfokus i studieplanane Mål: Oppdatere alle profesjonsretta studieplanar Gjennomgang av dei delar av studieplanane som handlar om profesjonstenking og yrkesførebuing for studentane Oppdatering av mål, metodar og pensum Oppretthalde og vidareutvikle symbolske markeringar og overgangar i profesjonsutdanningane

45 Organisert som forskingskonferanse – plenum og sesjonar Skikkelege presentasjonar av utvalde prosjekt frå avdelingane i plenum Sesjonar med tema som: Høgskulepedagogikk, praksisorganisering, feltnære forskingsmetodar 5. Profesjonsaktivet som tema for fagdagar Eige seminar for master- og doktorgrad- studentar med profesjonsfokus i tilknyting til fagdag Mål: Utvikle fagdagen som fellesarena for fagtilsette med interesse for profesjonsaktivitetar

46 Mål: Få tilsett ein person i profesjonsprofessoratet Stillingsomtale utvikla i samband med oppstart av masterstudiet i organisasjon og leiing Omgjer første ledig stilling ved ein av avdelingane Knyte formelt til masterstudiet i organisasjon og leiing Fagleg leiar for eit utval profesjonsfaglege prosjekt ved alle avdelingar 6. Professoratet i profesjonskunnskap

47 7. Felles forskings- og utviklingsansvarleg for ei profesjonssatsing Mål: Prioritere det faglege fokuset i utviklinga av profesjonsutdanningane Intern deltidsstilling knytt til iverksetjing av tiltak 1-5 over nokre år Vere ein fagleg ressurs for dekanane i spørsmål knytt til profesjonsforsking Vere eit fagleg, eksternt kontaktpunkt Støtte fagpersonale i pedagogisk utviklings- arbeid retta mot studentar i praksis

48 Samarbeid med Vestlandsforsking? Vestlandsforsking og HSF drøftar samanslåing av forskingsaktivtetar. Prioriterte forskingsområde i 2006: –Reiseliv – felles forskingsleiing –IKT – samarbeid om undervisning og fagleg utviklingsarbeid Eventuelt profesjonssamarbeid berre som diskusjonstema første år. Førebels i form av gjensidig informasjonsutveksling om prosjektutvikling og marknadssignal

49 Avslutning: Tenk over…..kor mange studentar har HSF? –Kor mange av desse søkte seg til oss pga trekk ved profesjonsutdanningane våre?..kor mange tilsette har HSF? –Kor mange av desse underviser berre ved profesjonsretta studium og kan ikkje tenkje seg noko anna?..kvifor kan vi ikkje svare på dette? –Kor ofte snakkar vi om desse tinga i det heile tatt?


Laste ned ppt "Profesjonsforsking ved HSF - framlegg til strategiar Innstilling frå ei arbeidsgruppe November 2005."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google