Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Natur, miljø og teknikk i ny rammeplan for barnehagen Døme på korleis fagleg pedagodisk studium i naturfag med miljølære kan vektlegge natur, miljø og.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Natur, miljø og teknikk i ny rammeplan for barnehagen Døme på korleis fagleg pedagodisk studium i naturfag med miljølære kan vektlegge natur, miljø og."— Utskrift av presentasjonen:

1 Natur, miljø og teknikk i ny rammeplan for barnehagen Døme på korleis fagleg pedagodisk studium i naturfag med miljølære kan vektlegge natur, miljø og teknikk i både teori og praktiske aktivitetar

2 Samspelet i naturen

3 Barnehagen skal arbeide for at barna: opplever naturen og undring over mangfaldet i naturen. opplever glede ved å ferdes i naturen og får grunnleggande innsikt i natur, miljøvern og samspelet i naturen. får røynsle med og kunnskapar om dyr og planter og korleis dei er avhengige av kvarandre og verdien som dei har for matproduksjonen. lærer å sjå, undre seg, eksperimentere, systematiserer, sette ord på og samtale om fenomen i den fysiske verda. Får røynsler med korleis teknikk kan brukast i leiken og i kvardagslivet.

4 Oppleve naturen og undring over mangfaldet i naturen Uteaktivitetar i skog og mark. Oppleve skogen og trea. Lære om dei mest vanlege trea, plantane, lavane og moseteppa. Sjå på og lære om fuglar, lytte etter fuglelydar. Sjå på og lære om insekt på blomar. Leite etter smådyr (edderkoppar og midd) i skogen sitt botnesjikt. Finne karakteristiske steinar i området. Lytte etter sildrande elvar og fossedrag. Lære litt om det levande og det ikkje-levande i skogen og samspelet i naturen.

5 Oppleve glede ved å ferdes i naturen og får grunnleggande innsikt i natur, miljøvern og samspelet i naturen Turar oppover i terrenget. Finne utsiktsplassar og stader for matpause. Samtale om det som ein ser, endringar sidan sist ein var der, skyene, nedbøren, vinden. Bli glade i naturen og dermed også utvikle evner og vilje til å ta vare på den og verne om den. Samspel i naturen på ulike nivå, t.d. vasskrinsløpet og menneske, bjørka og flugesoppen, marihøna og bladlusa, gulsildra og fyllittsteinen.

6 Få røynsle med og kunnskapar om dyr og planter og korleis dei er avhengige av kvarandre og verdien som dei har for matproduksjonen Husdyr og nytteplanter. Kva treng plantene for å vekse? Kva treng grasetarar t.d. haren, hjorten og sauen for å vekse? Kva kjem maten frå som finst i butikkane og korleis har den blitt laga?

7 Lære å sjå, undre seg, eksperimentere, systematiserer, sette ord på og samtale om fenomen i den fysiske verda Vatn i ymse former og leik med desse (vanleg rim, frostrim,hagl, dunsjø, fokksnø, kornsnø, rennesnø, firnsnø, is, ferskvatn, saltvatn, reint vatn, skittent vatn, vatn i gassform). Flyte og søkke, insekt som går på overflatehinna osv.osv. Luft er noko og den er svært viktig for livet og klimaet. Lyd, lys og statiske elektrisitet (alt dette i torevêr). Variasjonar gjennom året, tilpassingar til årstidene.

8 Få røynsler med korleis teknikk kan brukast i leiken og i kvardagslivet (t.d. ved å bruke ting ein finn i naturen) Flyte/søkke (barkbåtar, stein). Krafta i vatnet (demning, kvernkall). Reinse vatn (filtrere skittent vatn). Vatn i ymse former (snøleikar). Sveve i lufta (blad, ballongar og papirfly). Kraft i lufta (blåsing, blåserøyr). Lydar (seljefløyte, spele på kam). Lys, lysfargar og pigmentfargar (speglar,lommelykter, vassfargar). Elektrisitet (gnikke kam mot tøy) Sjå på planter og insekt med handluper. Sortere bladtypar frå tre, lage dyr av konglar, lage og leike med dokker og leikebilar.


Laste ned ppt "Natur, miljø og teknikk i ny rammeplan for barnehagen Døme på korleis fagleg pedagodisk studium i naturfag med miljølære kan vektlegge natur, miljø og."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google