Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

1 Kvalitet i opplæringa – om tilpassa opplæring (KIO) Høgskulen i Volda.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "1 Kvalitet i opplæringa – om tilpassa opplæring (KIO) Høgskulen i Volda."— Utskrift av presentasjonen:

1 1 Kvalitet i opplæringa – om tilpassa opplæring (KIO) Høgskulen i Volda

2 2 Tabell nr. 1: Korleis er kvalitet i undervisninga forstått og praktisert i skulen? TemaområdeProblemstillingInformantar/ aktørar Metodiske tilnærmingar/ Fokusområde Tilpassa opplæring i skuleutvikling: Korleis kommunar og skular arbeider og prioriterer med tanke på å utvikle kvaliteten på opplæringa innafor tilpassa opplæring Kva rolle har skuleeigarane og skuleleiarane hatt for å utvikle tilpassa opplæring som del av den kollektive kulturen i skulen? Skuleeigar Skuleleiarar I: Representativ studie: Spørjeskjema, intervju II: Nærstudie: Intervju og observasjon: 1)Kollektive kulturar og tilpassa opplæring i skulane Tilpassa opplæring i undervisning: Lærarane si planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa På kva grunnlag blir mål, innhald og arbeidsmåtar utforma? Korleis vurderer lærarane sjølv denne utforminga? Kva karakteriserer innhald og arbeidsmåtar i undervisninga? Lærarar 3., 6. og 9. trinn. I: Representativ studie: Spørjeskjema, intervju og observasjon II: Nærstudie: Intervju og observasjon: 1)Læreplan og læremidla sin plass i tilpassa opplæring 2)Undervisninga i norsk, matematikk og engelsk Utbytte av tilpassa opplæring: Foreldre og elevar sine erfaringar og vurderingar av opplæringa Kva syn har elevar og foreldre på mål, innhald og arbeidsmåtar i opplæringa i skulen? Elevar Foreldre 3., 6. og 9. trinn I: Representativ studie: Spørjeskjema, intervju og observasjon II: Nærstudie: Intervju og observasjon: Alle elvar og utvalde elevgrupper: 1)Elevar som får spesialundervisning 2)Elevar som er språklig minoritet

3 3 Vitskapleg publisering Ein artikkel i internasjonale tidsskrift med referee frå den kvantitative undersøkinga, ein artikkel frå kvart av temaområda og ein artikkel som presenterer heilskapen i prosjektet. Alle forskarane skal vere medforfattar på minst ein artikkel i denne kategorien. Artiklar i norske og nordiske vitskaplege samanhengar i tidsskrift, antologiar og bøker. Kvar av deltakarane skal vere medforfattar på minst ein artikkel eller publikasjon innanfor denne kategorien.

4 4 Heimeside Det er nettopp starta ei eiga heimeside for prosjektet: www.hivolda.no/kiowww.hivolda.no/kio

5 5 Tilbakemelding til alle skulane i prosjektet. Skulane som er med i den første delen av prosjektet vil få ein eigen tilstandsrapport, der resultata frå skulen saman med hovudresultata blir lagde fram. I del 2 vil skulane få munnleg tilbakemelding i form av kurs og seminar frå dei delprosjekta dei er med på.

6 6 Lærarutdanninga Presentasjon og drøfting av resultata i to lærarutdanningar som vi samarbeider med (Høgskulen i Vestfold og Universitetet i Stavanger). Drøftingane inkluderer både dei tilsette i lærarutdanninga og øvingsapparatet. Planlagt til vår 2009.

7 7 Kunnskapsløftet Høgskulen i Volda driv eit nokså aktivt arbeid innan Kunnskapsløftet. Det vil bli lagt opp til eit samarbeid med prosjektskulane i Kunnskapsløftet om resultatformidling og drøfting av konsekvensar av forskingsresultata. Dette vil bli gjort årleg. Det er etablert eit samarbeid med eit av prosjekta i ”Program for skoleutvikling”.

8 8 Nordplus Fagmiljøet er med i eit Nordplussnettverk innanfor inkluderande skule, med samarbeidspartar ved Universitet i København, Reykjavik, Göteborg og Stavanger. I mange samanhengar er inkludering og tilpassa opplæring nokså synonyme. Forskinga vi her omtalar er derfor svært interessant for dette nettverket, som vil få høve til å diskutere den inngåande.

9 9 Nettverk for tilpassa opplæring Høgskulen i Volda har delt leiaransvar med Høgskulen i Hedmark når det gjeld Nasjonalt nettverk for tilpassa opplæring i Utdanningsdirektoratet. Det vil vere naturleg å ta opp og presentere både prosjektideane og resultata der.

10 10 Nettverk for skuleutvikling Høgskulen i Volda er med i Nasjonalt nettverk for skuleutvikling i Utdanningsdirektoratet. Det vil vere naturleg å ta opp og presentere både prosjektideane og resultata der.


Laste ned ppt "1 Kvalitet i opplæringa – om tilpassa opplæring (KIO) Høgskulen i Volda."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google