Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Grunnskulen, - prosjekt betre læringsresultat

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Grunnskulen, - prosjekt betre læringsresultat"— Utskrift av presentasjonen:

1 Grunnskulen, - prosjekt betre læringsresultat
FrP/H ser fram til vidare implementering av Kvalitetsplanen for Oppvekst og Kultur. Arbeidet i 2013 bør fokusera på læringsresultat. Kvaliteten på undervisninga og korleis vi organiserer skulekvardagen er avgjerande for kva læringsutbytte den einskilde elev sit att med frå grunnskulen i Os. Resultata frå nasjonale prøvar syner diverre at Os kommune kjem dårlegare ut enn ynskt. FrP/H vil difor setja fokus på dette gjennom eit eige prosjekt; Prosjekt betre læringsresultat. Prosjektet bør organiserast som eit delprosjekt under Kvalitetsplanen for Oppvekst og Kultur, og strekkja seg over ein 5-7 års periode slik at ein får målt effekt av prosjektet. FrP/H syner elles til planlagt seminar om temaet i jan/feb. som det naturlege startpunktet for prosjektet. I løpet av 1. halvår ber koalisjonen også om at administrasjonen legg fram ein samla tiltakspakke for å betra læringsresultata i Os. Tiltaka bør delast i; a) tiltak som kan gjennomførast innan eksisterande økonomisk ramme for området og b) tiltak som krev tilførsel av nye midlar. Tiltakspakken bør vera eit resultat av interne prosessar der politikarane, tilsette, tillitsvalde og leiing innan Os-skulane arbeider saman for å fremja målsettingar og aktuelle tiltak. Eksterne krefter, t.d. frå kommunar som over tid har hatt betre læringsresultat enn Os, bør også trekkjast inn i arbeidet. Det er avgjerande at vi får ein fordomsfri og open debatt om stoda i Os-skulane, og kva tiltak som kan bidra til å betra læringsresultata. Tenesteutvalet får ein sentral rolle i arbeidet som politisk styringsgruppe for arbeidet.


Laste ned ppt "Grunnskulen, - prosjekt betre læringsresultat"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google