Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Konferanse om kunnskapsløftet 23. og 24. mars 2006 Grunnlaget for verksemda i skulen ligg i læreplanen. Følgeleg vert det viktig å ha kompetanse på dette.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Konferanse om kunnskapsløftet 23. og 24. mars 2006 Grunnlaget for verksemda i skulen ligg i læreplanen. Følgeleg vert det viktig å ha kompetanse på dette."— Utskrift av presentasjonen:

1 Konferanse om kunnskapsløftet 23. og 24. mars 2006 Grunnlaget for verksemda i skulen ligg i læreplanen. Følgeleg vert det viktig å ha kompetanse på dette feltet for å styrke læraridentiteten. Læreplankunnskap er meir enn å ha innsikt i læreplanen. Eg vil peike på følgjande tre felt: praksisfeltet, dvs. gjennomføring av undervisninga. institusjonsfeltet, dvs. overføring av læreplanteori til praksisfeltet. Utvikling av lokale læreplanar er her ei sentral oppgåve. teorifeltet, innsikt i læreplantenking og læreplanforsking. Det er viktig å ha kunnskap om desse nivåa så sant vi ikkje skal vere ”funksjonspedagogar” – (formidle andre sine tankar og meiningar utan å ha ei sjølvstendig grunngjeving om eiga undervisning) Opp mot funksjonspedagogen vil vi ha lærarar som kan grunngi si undervisning og dei val som vert gjort, som er reflektert og sjølvstendig i si yrkesrolle. Didaktisk kompetanse. Læreplanen gir retning for heile skulen si verksemd. Her finn vi prinsippa som er lagt til grunn for kunnskapssynet og elevsynet vi skal arbeide etter. Innanfor rammene av klare, forpliktande kompetansemål – læreplanens generelle del, læreplanane for fag og læringsplakaten – blir det det eit ansvar for personalet ved skulen å bestemme kva innhald og arbeidsmåtar som skal takast i bruk, og korleis opplæringa skal organiserast for at elevane skal kunne arbeide sytematisk mot måla. Her blir didaktisk kompetanse heilt sentralt. Didaktisk kometanse vert først og fremst utvikla gjennom arbeid med undervisningsproblematikken, arbeid med mål, innhald, vurdering, læringsaktivitetar og didaktiske føresetnader som elevføresetnader, lærarføresetnader og fysiske, sosiale og kulturelle førestnader.

2 Den profesjonelle lærar Læreplankunnskap: Teorifeltet Institusjonsfeltet Praksisfeltet Retninga for arbeidet i skulen: Mål – innhald –arbeidsmåtar –vurdering Vi treng lærarar som kan grunngi si undervisning og dei val som vert gjort, som er reflektert og sjølvstendige i si yrkesrolle, og som er i stand til å arbeide i eit forpliktande samarbeid. ELEVROLLA - LÆRINGSVEGEN Vite – forstå – kunne – ville - velje

3 Skulen si hovudgrunngjeving: Arbeidet med kunnskap Hovudinnhaldet i skulekvardagen er undervisning og oppseding, læring og utvikling. Det er derfor viktig at vi er medvitne dei faglege og sosiale prosessane. Skulen si hovudoppgåve er først og fremst å møte elevane med tilrettelagt og tilpassa undervisning. Kvifor skal vi ha lærarar i skulen? Fordi dei er spesialistar på læringsprosessen.

4 TIMSS og PISA det er forventa at skulen skal verte flinkare til å styrke elevane si faglege utvikling dei sosiale prosessane er føresetnader for dei faglege

5 Læraren som førelesar, forteljar, rettleiar og samarbeidspartnar. Variasjon gjennom ulike arbeidsmåtar.Heile repertoaret av aktivitets- og læringsformer skal takast i bruk: - reseptive - reproduktive - produktive Læring gjennom teoretisk arbeid, fysisk aktivitet, praktisk og estetisk verksemd.

6 Den viktigaste av alle pedagiske oppgåver er å formidle til barn og unge at dei stadig er i utvikling, slik at dei får tillit til eigne evner. Gjennom felles skulering og erfaringsutveksling har det utvikla seg eit sentralt pedagogisk prinsipp som lærarane ved Haramsøy skule står samla om: At alle elevar dagleg får erfare at dei lukkast og opplever framgong. Lærestoff, organisering og arbeidsmåtar må tilpassast elevane sine føresetnader.


Laste ned ppt "Konferanse om kunnskapsløftet 23. og 24. mars 2006 Grunnlaget for verksemda i skulen ligg i læreplanen. Følgeleg vert det viktig å ha kompetanse på dette."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google