Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

KOMMUNEREFORMA – GJENNOMGANG INTENSJONSAVTALAR

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "KOMMUNEREFORMA – GJENNOMGANG INTENSJONSAVTALAR"— Utskrift av presentasjonen:

1 KOMMUNEREFORMA – GJENNOMGANG INTENSJONSAVTALAR

2 KOMMUNEREFORMA – GJENNOMGANG INTENSJONSAVTALAR
Alternativet Sogn kommune Balestrand, Vik, Leikanger og Sogndal Kva seier intensjonsavtalen?

3 KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG INTENSJONSAVTALE SOGN
Sogn kommune skal vere eit regionalt tyngdepunkt og ein motor for utviklinga i regionen. ha kraft i seg til å trekke til seg nye offentlege og private verksemder og folk. vere klar til å ta nye oppgåver og yte nye tenester til innbyggjarane. ha vekst i folketalet og talet på private og offentlege arbeidsplassar.

4 KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG INTENSJONSAVTALE SOGN
Ein er samd om å styrkje lokalt engasjement, medverknad og det lokalpolitiske arbeidet. Dette skal skje gjennom frivillige lag og organisasjonar. Kommunen skal involvere grendeutvala, lag og organisasjonar i utviklinga av kommunen.

5 KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG INTENSJONSAVTALE SOGN
Kommunen skal ha brukarnære, daglege og stadbundne tenester der innbyggjarane bur. Dette gjeld mellom anna barnehage, skule, sjukeheim, heimetenester, helsetenester. Tenestene skal vere gode, likeverdige og kostnadseffektive. Vi er samde om å sikre kommunale arbeidsplasser og tenestetorg/sørviskontor i alle eksisterande kommunehus.

6 KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG INTENSJONSAVTALE SOGN
Nokre kommunale tenester er ikkje stadbundne og kan lokaliserast friare i heile kommunen, jf.vedlegg. Ikkje stadbundne tenester skal fordelast til eksisterande kommunesentra. Kommunen skal sikre ei utvikling i heile den nye kommunen ved å bygge vidare på dei styrkar og føremoner vi har, og støtte opp om Leikanger som administrasjonsstad

7 KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG INTENSJONSAVTALE SOGN
Ei styrkja samfunns- og næringsutvikling er den viktigaste effekten av ein større kommune. Dette gjeld folketals- og næringsutvikling, kultur og samferdsel. Vi skal styrke samferdsla i heile regionen ved å: prioritere tunnel gjennom Vikafjellet, styrke ferjetilbodet i Balestrandregionen, arbeide for rassikring og utbygging av riks- og fylkesvegar i kommunen,

8 KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG INTENSJONSAVTALE SOGN
prioritere ny veg Hella – Leikanger prioritere ny bru Dragsvik – Hella og flytting av kai frå Hella til Verken prioritere riksveg 5 med ny bru over Sognefjorden, styrka kollektivtilbodet inkl. pendlarrute Vik – Leikanger - Sogndal prioritere breidbandsutbygging og bruk av IKT.

9 KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG INTENSJONSAVTALE SOGN
Arbeidsgjevarpolitikk Vi skal ha høg grad av medverknad både på lokalt og sentralt nivå, både under etablering av og i den nye kommunen. Kommunesamanslåing er ei verksemdsoverføring etter arbeidsmiljølova. Det vil ikkje bli gjennomførd oppseiingar som følgje av kommunesamanslåinga. Medarbeidarar vil kunne få nye oppgåver og ny arbeidsplass. Fellesnemnda bør inngå ein omstillingsavtale med dei tilsette sine organisasjonar.

10 KOMMUNEREFORMA – GJENNOMGANG INTENSJONSAVTALAR
Alternativet Sognefjord kommune og Høyanger Balestrand, Høyanger og Hyllestad/ Balestrand og Høyanger Kva seier intensjonsavtalane?

11 KOMMUNEREFORMA - GJENNOMGANG INTENSJONSAVTALAR HØYANGER/HYLLESTAD
Hovudmålet med samanslåinga er å skipe ein vekstkraftig og attraktiv ny kommune. Delmåla er å: Skape attaktive bu-, arbeids- og oppvekst- og fritidsområde i alle delar av kommunen Arbeide for kommunale tenester med høg kvalitet der folk bur Styrke folkevald styring, brei deltaking og involvering Byggje ein kompetent, effektiv og attraktiv kommuneorg. Ha felles legevakt samt ambulanseberedskap i heile kommunen

12 KOMMUNEREFORMA - GJENNOMGANG INTENSJONSAVTALAR HØYANGER/HYLLESTAD
Vi skal satse på landbruk, næringsmiddelindustri, fjordbasert næring, reiseliv, grøn energi og industri. Vi skal arbeide for positiv folketals- og næringsutvikling i heile kommunen. Vi skal arbeide for å sikre og styrkje tilbod om vidaregåande utdanning i Balestrand og Høyanger. Vi skal utnytte potensialet «Sognefjorden».

13 KOMMUNEREFORMA - GJENNOMGANG INTENSJONSAVTALAR HØYANGER/HYLLESTAD
Ei styrkja samfunnsutvikling skal vi oppnå gjennom: Å arbeide for betre infrastruktur internt og inn til kommunen ved å styrka ferjetilbodet i regionen, nye bru over Sognefjorden, utbygging av riks- og fylkesvegar i kommunen, styrka kollektivtilbodet, breibandsutbygging og bruk av IKT Å arbeide for at reisetida mellom tidlegare kommunesenter vert maksimalt 1 time i den nye kommunen Å tilrettelegge for at pendletid til nærliggande bu- og arbeidsområde vert makimalt 1 time

14 KOMMUNEREFORMA - GJENNOMGANG INTENSJONSAVTALAR HØYANGER/HYLLESTAD
Ei samfunnsplanlegging som legg til rette for vekst i heile kommunen Styrka administrative funksjonar innan nærings- og utviklingsarbeidet, inkl. ei samling av næringsarbeidet og å utvikle ein felles metodikk for nærings- og utviklingsdarbeidet. Utnytte eit samla næringsfond strategisk i heile kommunen Andre framtidsretta næringar Identiteksskapande aktivitetar Aktivitetsbasert næringsliv

15 KOMMUNEREFORMA - GJENNOMGANG INTENSJONSAVTALAR HØYANGER/HYLLESTAD
Vi er samde om å ha kostnadseffektive tenester ut frå tilgjengelege økonomiske ressursar. Vi skal: Arbeide for gode fyrstelinetenester i skular, barnehagar, pleie og omsorg, helse og kulturtilbod. Brukarnære og daglege tenester skal ytast frå der dei er no Vere ein aktiv samfunns- og næringsutviklar og etablere møteplassar, partnarskap og samhandling Arbeide for å utvikle handel- og reiselivsnæringa. Sikre god kvardagsorganisering med sørvistorg som har nødvendige tenester

16 KOMMUNEREFORMA - GJENNOMGANG INTENSJONSAVTALAR HØYANGER/HYLLESTAD
Dei eksisterande kommunale oppgåvene vert inndelte i tre kategoriar: Oppgåver og tenester som skal løysast/gjevast der dei no er lokaliserte Klare rådhusoppgåver i den nye kommunen Oppgåver som kan ligge utanfor rådhuset Vi er samde om at kommunesenteret vert lagt til Høyanger. Vi legg til grunn at dette på sikt vil tene alle deler av den nye kommunen.

17 KOMMUNEREFORMA - GJENNOMGANG INTENSJONSAVTALAR HØYANGER/HYLLESTAD
Prinsipp for lokalisering av kommunale tenester Vi er samde om å ha gode, likeverdige og kostnadseffektive tenester til innbyggjarane. Vi skal ha brukarnære, daglege tenester der innbyggjarane bur. Lokalisering av desse tenestene vert ikkje endra som følgje av ei samanslåing av dei tre kommunane. Nokre kommunale tenester er ikkje stadbundne og kan lokaliserast friare i heile kommunen. Ein viser elles til vedlegg om funksjonsfordeling

18 KOMMUNEREFORMA - GJENNOMGANG INTENSJONSAVTALAR HØYANGER/HYLLESTAD
Arbeidsgjevarpolitikk Alle tilsette sine noverande rettar vert akseptert i ein ny kommune i samsvar med lov- og avtaleverk Alle tilsette vil få tilbod om stilling i den nye kommunen i tilsvarande storleik og tidsperiode som ein har i noverande kommune. Dersom det blir overtalige, vil den nye kommunen gje tilbod om anna passande arbeid i rimeleg avstand Dei tilsette vil framleis vere sikra pensjonsordning gjennom KLP og SPK


Laste ned ppt "KOMMUNEREFORMA – GJENNOMGANG INTENSJONSAVTALAR"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google